Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kunst som protest

Av Ingunn Lunde

Politisk engasjerte kunstnarar og forfattarar i dagens Russland

Ingunn Lunde (f. 1969) er professor i russisk ved Universitetet i Bergen og professor II ved Universitetet i Tromsø. Dette året har ho forskingsopphald ved Wissenschaftskolleg zu Berlin. Lunde har nyleg gitt ut boka Digital Russia: The Language, Politics and Culture of New Media Communication (2014) saman med Michael Gorham og Martin Paulsen.

Ein julidag i 2012 står Pjotr Pavlenskij framfor Kazan-katedralen i St. Petersburg med attsydd munn. Han er kunstnar, og dette er ein kunstnarleg protestaksjon. Kva vil han seie oss? Kva kan han seie, der han står med munnen forsegla med store sting? Det er truleg betre å spørje: Kva for refleksjonar gjer vi oss når vi ser han?

Politisk kunst og kunstnarlege protestaksjonar nyttar eit eige språk, meiner Pjotr Pavlenskij. Kva slags språk? Eit språk som får oss til å reflektere sjølve. Eit språk som verkar implisitt. Når vi samstundes ser at dei eksplisitte verkemidla er ekstreme, kan vi spørje oss om vi ikkje står overfor eit paradoksalt uttrykk. Ei indirekte ytring som inviterer til eigen refleksjon, akkompagnert av eit ekstremt provoserande eksplisitt uttrykk. Til saman blir det skapt eit uttrykk som skil seg radikalt frå meir ordinære protestformer som demonstrasjonstog, slagord, politiske pamflettar, debattinnlegg, osb. Denne radikale aksjonsforma har nokre trekk som ser ut til å ha ein særleg tradisjon i Russland.

Før vi ser nærare på denne tradisjonen, må det seiast at dette ikkje er den einaste måten kunstnarar og forfattarar demonstrerer eller engasjerer seg politisk på i dagens Russland. Vi kan òg finne døme på meir tradisjonelle aksjonar og ytringar. Men i eit land og samfunn der ordet, talen og språket i høg grad er underlagt sensur og sjølvsensur, og samstundes står i ein lang og sterk ideologisk tradisjon, kan det sjå ut til at mange kunstnarar føler at dei må gripe til verkeleg radikale middel for å nå fram med bodskapen sin.

Ansvarsestetikk

Kultureliten i Russland, og ikkje minst forfattarane, har i hundreår dyrka ein særeigen ansvarsestetikk. På grunn av mangelen på fri presse og ytringsfridom spelte litteraturen i sovjetperioden, og til ein viss grad også på 1800-talet, ei viktig rolle i samfunnsdebatten, gjennom å skildre sosiale, kulturelle, religiøse og politiske tilhøve. Forfattarane har lenge hatt høg status i Russland. Ikkje berre har dei sjølve dyrka forfattarrolla, dei har også blitt godt støtta av kulturpolitiske institusjonar og har nytt godt av særskilde privilegium, vel å merke så lenge dei følgde den sosialrealistiske doktrinen.

Synet på forfattaren som forvaltar av sanninga blei spissformulert av Aleksandr Solsjenitsyn i talen han sende til Stockholm i samband med at han ikkje fekk forlate heimlandet sitt for å ta imot Nobelprisen i litteratur i 1970: «Kven kan gi menneskeheita eitt einaste verdisystem som avgjer kva som er vonde og kva som er gode gjerningar? […] Propaganda, tvang og vitskapelege bevis er makteslause. Men heldigvis finst eitt middel. Vi har kunsten; vi har litteraturen.»[1]

På 1990-talet mista russisk litteratur mange av desse funksjonane og fekk dermed ein radikalt annan status. Kvifor? Først og fremst av di kommersialiseringa av litteraturen skapte eit heilt nytt tilhøve mellom produksjon og etterspurnad, men òg av di det russiske folket vart skuffa over intelligentsiaen. Kultureliten hadde spela ei aktiv rolle under perestrojkaperioden sist på 80-talet, men takla ikkje den påfølgjande pluraliseringa på kulturfeltet som blant anna innebar ein massiv pågang av populærlitteratur, først omsett, sidan russisk. For då sensuren fall og publiseringsmarknaden vart friare, var det ikkje berre Pasternak og Solsjenitsyn som byrja kome ut i Russland, men også ein brokete straum av alt frå nyreligiøse traktatar til sexmanualar. I staden for å sjå fragmenteringa som ei mogelegheit til å oppnå ei større sosial nyansering, var det mange som såg utviklinga eintydig som høgkulturens fall. Og medan omsette kriminalromanar og science fiction gjekk som varmt kveitebrød på den russiske bokmarknaden, oppstod det ein til dels veldig motstand mot alt som var nytt, blant dei intellektuelle. Det må òg seiast at forventningane til intelligentsiaen var skyhøge, for russarane var godt vande med litteratur og kunst som tok ansvar og viste veg.

Men det var ikkje berre det at kunstnarane ikkje dugde eller takla dei nye tilhøva. Fleire av dei tok eit medvite val og meinte at ein måtte fri seg, hardt og brutalt, frå banda til ansvarsestetikken. Berre slik kunne litteraturen og kunsten bli kunst for kunsten si eiga skuld, og såleis meir verdifull frå eit estetisk synspunkt. Den mest radikale formuleringa av dette standpunktet finn vi hjå Viktor Jerofejev i essayet «Gravøl over sovjetlitteraturen» frå 1990: «I Russland har forfattaren ofte vore kalla til å oppfylle fleire plikter samstundes: han skal vere prest så vel som advokat, sosiolog, ekspert på spørsmål om kjærleik og ekteskap, økonom og mystikar. Han har i den grad vore alt mogeleg at han ofte ikkje har vore forfattar i det heile.»[2]

1990-talet vart såleis ei tid med mykje kunst for kunsten si eiga skuld, eksperimentering i nye former og ny fridom utan sensur. Men i takt med den politiske, økonomiske og samfunnsmessige utviklinga på slutten av 90-talet og byrjinga av 2000-talet vart den postsovjetiske kulturen etter kvart også prega av resignasjon og motløyse – ikkje minst av di det politiske engasjementet mangla i kunsten.

Derfor er det interessant at russiske kunstnarar og forfattarar har løfta røysta dei siste åra og byrja å engasjere seg meir politisk, fleire av dei med særleg søkelys på menneskerettar. Vi skal sjå nærare på fire døme, to forfattarar og to performance-kunstnarar.

Nobelpriskandidaten

Dersom Russland i dag har éin kandidat til nobelprisen i litteratur, må det vere Mikhail Sjisjkin, fødd 1961. Sjisjkin skriv på russisk, men har sidan 1995 budd og arbeidd i Sveits. Han er kjend for to store romanar, begge omsette til norsk: Venushår (2005) og Brevboken (2010). Som forfattar står Sjisjkin i den klassiske litterære russiske tradisjonen og vidarefører denne tematisk så vel som språkleg. Han vik ikkje unna for «dei store spørsmåla» – om liv og død, sanning og løgn, røyndom og fantasi. Stilsikkert og pregnant skriv han eit språkleg utmeisla, musikalsk vakkert russisk. Med originale strukturelle grep, språkleg kreativitet, biletrikdom og litterære allusjonar krev romanane hans mykje av lesarane sine, men dei gir òg mykje attende.

Sjisjkin er ein av dei forfattarane som har gått ut og sagt si kritiske meining om Putins Russland. Norske lesarar vil kjenne att namnet hans frå artiklar i Aftenposten og Klassekampen. Han vart for alvor kjend for sitt samfunnsengasjement då han i 2013 trekte seg som representant for den russiske delegasjonen ved den store amerikanske bokmessa BookExpo. Han skreiv eit ope brev der han «nektar å representere eit land der makta er i hendene på eit kriminelt, korrupt regime og der staten utgjer ein pyramide av tjuvar, der val er vorte ein farse, der domstolane tener makta og ikkje lova, der vi har politiske fangar, der statleg fjernsyn har prostituert seg, der ein gjeng av svindlarar innfører sinnssjuke lovar som set oss alle attende til mellomalderen – eit slikt land kan ikkje vere mitt Russland».[3]

Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Visepresseministeren sa han var forbausa, men la til at slikt fort kan hende når emigrantforfattarar bur for lenge i utlandet. Sjisjkin får no ikkje lenger stønad frå fondet som støttar utgivingar av russisk litteratur i omsetjing, men elles er ikkje slike protestar direkte farlege for forfattarane. Som Sjisjkin sjølv seier, «eg er ikkje på første side av lista over Putins fiendar, heller ikkje på andre eller tredje».[4] Med andre ord, medan du tidlegare kunne bli sett i fengsel for det du skreiv, er litteraturen no så marginalisert i samfunnet at styresmaktene kan tillate seg å ignorere han.

Men heldigvis hindrar ikkje dette forfattarane i å engasjere seg. Noko av det interessante med Sjisjkin er at han ikkje berre brukar forfattarposisjonen sin til å meine noko om tilhøva i politikk og samfunn utanfor kunsten, altså skrivinga; han filosoferer òg kring skrivinga og språket si rolle i samfunnet på meir indirekte, men samstundes radikale, måtar. «Diktatorar kjem og går», sa Sjisjkin i eit dansk intervju i 2013, «det einaste sanne våpenet er orda. […] Alle lesarar vil når alt kjem til alt lese og forstå orda sjølve. Derfor skriv eg til dømes aldri om Putin. Putin vil halde opp å eksistere og er derfor berre interessant for journalistar som lever for morgondagens avis.» Sjisjkin kallar dette for «den falske tida». Kunsten er den sanne tida: «Ein kunstnar», seier Sjisjkin, «kan ta det viktigaste frå den falske tida med seg over i den sanne tida, som er kunsten si tid.»[5] Samstundes seier han at det å skrive er å kjempe med og mot språket. Kvifor? «Av di det russiske språket på ei og same tid er skapar av og skapt av røyndomen i Russland, er det ei form for eksistens, det er det totalitære medvitet sin kropp.»[6]

Men kva rolle spelar litteraturen dersom forfattaren må kjempe med og mot det totalitære språket? «Den russiske litteraturen er ikkje ei eksistensform for språket, det er ein måte å eksistere på i Russland for eit ikkje-totalitært medvit», svarar Sjisjkin.[7] Eg trur Sjisjkin her meiner at stor kunst, stor litteratur kan bryte med det ideologiserte språket, avkle språket den totalitære dimensjonen og formidle sanning på eit anna nivå. Dette liknar eit klassisk dissident-standpunkt, slik vi såg det i Solsjenitsyn-sitatet innleiingsvis. Det er eit faktum at språklege ideologiar står sterkt i totalitære samfunn, og Russland si sovjetiske fortid gjer at ideologisk språkbruk er noko mange russarar, og kanskje særleg forfattarar, reagerer sterkt på.

L’enfant terrible

Ein forfattar som har gått lenger og meir brutalt til verks for å bryte med det sovjetiserte, ideologiserte språket (som lever i beste velgåande), er Vladimir Sorokin, Russlands enfant terrible eller «litterære monster», som han òg er blitt kalla. Sorokin er ein av forfattarane som tidleg på 90-talet ihuga følgde Viktor Jerofejev si oppmoding om å late litteraturen vere litteratur.

I tekstar som – ifølgje han sjølv – ikkje skal forståast bokstaveleg, men metaforisk, vrenger Sorokin ut all den vondskap og vald som sovjetsystemet kunne representere. Samstundes bryt han med dei tradisjonelle skrivemønstera i klassisk russisk litteratur gjennom dristige formeksperiment og ekstrem språkleg kreativitet. Verka framstår for mange som ein sterk provokasjon, med hemningslause valdsskildringar, grenseoverskridande vulgærspråk og utfordrande sex-scener.

I 2006 fekk vi likevel oppleve ein ny Sorokin. Romanen En opritsjniks dag (norsk utgåve 2008) er ein antiutopi med handlinga lagd til 2028, men kan langt på veg tolkast som ein satire over Putins Russland. Den tidlegare apolitiske forfattaren sa i eit intervju med Der Spiegel i 2007 at «borgaren i meg er vakna». Litteraturen skal ikkje vere nokon behageleg lenestol, men skal vekkje eller sjokkere folk.[8] Å sjokkere eller provosere er likevel ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å setje hjernen i rørsle. Målet er å stille spørsmål, kritiske spørsmål.

Inntil nyleg var ikkje Sorokin ein som skreiv avisartiklar eller lèt seg intervjue av fjernsyn for å kommentere den politiske situasjonen, krisa i Ukraina eller annan aktuell tematikk, slik Sjisjkin gjer. Men 12. august i år slo han til med ein kraftfull artikkel om situasjonen i Ukraina, publisert på mellom anna tysk, russisk, engelsk og norsk (Dagbladet), umiskjenneleg sorokinsk i stil og metaforbruk: «Majdan-revolusjonens blå-gule sperma har gjort sin mandige gjerning, til eksplosjonene av lysgranater, blussene fra Molotov-cocktailer og plystringen fra snikskytterkuler. Russland, som i løpet av denne hete måneden satt klistret foran en overopphetet TV, ble befruktet. I hennes enorme skjød begynte et nytt liv å røre på seg: det frie Ukraina.»[9]

Samstundes vert allusjonane til Putins Russland stadig sterkare i verka hans. Sorokin gjer det ein fiksjonsforfattar kan tillate seg, han skriv dystopiar, framtidsscenario, der han bruker den språklege fantasien sin for å skildre korleis Russland vil sjå ut dersom det får vidareutvikle seg slik det har gjort dei siste åra, månadene og vekene. Framtidsvisjonane til Sorokin er dystre. Han koplar gjerne element frå fortida, til dømes den brutale livgarden og det hemmelege politiet til Ivan den fælslege, med element frå ei hyperteknologisk framtid, og skildrar eit samfunn der makt, korrupsjon og brutalitet herskar, medan mellommenneskelege relasjonar er reduserte til eit minimum.

Dei dystopiske samfunnsskildringane til Sorokin, som også kjem fram i den siste romanen hans, Tellurija (2013), har vorte skremmande aktuelle. Parallellane er sjølvsagt ikkje alltid eksakte. Men kunsten skildrar – ofte i hyperbolske bilete – ein røyndom som kan få oss til å stoppe opp og reflektere over sider ved vår eiga samtid.

Performance-kunstnaren

Lat oss vende attende til kunstnaren med attsydd munn. Pjotr Pavlenskij, ein av dagens mest profilerte performance-kunstnarar og aksjonistar i Russland, er fødd i 1984 og har ei ufullført utdanning som biletkunstnar bak seg. Han er kjend for ekstreme aksjonar og for å ha ei heilt klår oppfatning av kunsten si oppgåve. Kunsten skal ikkje vere dekorasjon eller forteiing, men blottleggje korleis stoda er. Pavlenskij er òg særs oppteken av det personlege ansvaret kunstnaren har. Ein blir kunstnar, seier han, «når ein er sterkare enn likesæla og sløvleiken. Eg trur ikkje ein kunstnar kan eksistere utan å ta stilling».[10]

Biletet eg viste til innleiingsvis, er frå ein støtteaksjon 23. juli 2012 for dei fengsla medlemmane av det feministiske kunstnarkollektivet Pussy Riot, som blei verdskjende då dei framførte ei pønkebøn i Kristus Frelsar-katedralen i Moskva 21. februar same år. Under støtteaksjonen stod Pavlenskij framfor Kazan-katedralen i St. Petersburg med munnen attsydd og heldt opp ein plakat med teksten «Pussy Riot var ei gjentaking av Jesus Kristus sin aksjon». Poenget var å syne at behandlinga av Pussy Riot ikkje er i samsvar med fundamentale kristne verdiar. Han protesterte mot mangelen på openheit, mot sensur og undertrykking av den frie kunsten og ytringsfridomen.[11]

Andre aksjonar har minst like brutale uttrykk: 3. mai 2013 la Pavlenskij seg sjølv naken inn i eit nøste av piggtråd, og 10. november same år nagla han seg sjølv gjennom pungen fast til Den raude plassen, også der naken. Kva får ein ung kunstnar til å gripe til så radikale verkemiddel?

Pavlenskij gir alltid korte forklaringar til aksjonane sine. Naglinga til Den raude plassen kallar han «ein metafor for apatien, den politiske likesæla og fatalismen i det moderne russiske samfunnet». Piggtrådaksjonen viser «mennesket sin eksistens i eit undertrykkjande rettssystem, der kvar rørsle vil framkalle ein grufull reaksjon frå rettsinstansen, som borar seg inn i kroppen til individet».[12]

Den kjende kuratoren og kunstkritikaren Marat Gelman kallar denne aksjonen for «den kunstnarlege ekvivalenten til å setje fyr på seg sjølv» – ein aksjon mana fram av desperasjon og vonløyse. Det er ein bodskap til samfunnet, meiner Gelman – «vi er alle i same situasjon, vi er trengde opp i eit hjørne, valet står mellom å emigrere, gå i fengsel, eller gå med dei som har makta».[13]

Kven er forløparane for Pavlenskij og andre radikale performance-kunstnarar i dag? Dels er dei urgamle, dels er dei heilt nye. Russland har eldgamle tradisjonar med heilage dårar som kler seg nakne og talar makta midt imot, men også lange periodar der alternative, kunstnarlege protestar måtte haldast skjult. Etter kvart gjekk mange av dei under, som etter perestrojka, i ein tilstand av apati og resignasjon. Ein av dei nyare, direkte forløparane for Pavlenskij er aksjonsgruppa Vojna (danna 2006), som nokre av Pussy Riot-medlemmane hadde bakgrunnen sin frå. Vojna, som tyder krig, var ei gruppe aktivistar (diktarar, kunstnarar, studentar) kjende for ei rekkje radikale aksjonar, som då dei 14. juni 2010 måla ein gigantisk penis på ei av bruene i St. Petersburg. Som kjent hevar desse bruene seg om natta, slik at penisen bokstaveleg tala blei ståande midt i synet til dei som denne natta var på jobb i hovudkvarteret til FSB, den russiske tryggingstenesta, like overfor brua. Dette stuntet fekk prisen Innovatsija, ein russisk ekvivalent til Turnerprisen.

To av medlemmane i Vojna, Marija Aljokhina og Nadezjda Tolokonnikova, er blitt verdskjente. 17. august 2012 vart dei, saman med Ekaterina Samutsevitsj, funne skuldige i pøbelstrekar og dømde til to års fengsel. Bakgrunnen var ein pønk-performance i Frelsarkatedralen i Moskva 21. februar: «Jomfru Maria, jag bort Putin!»

Pønkkollektivet

Det feministiske kunstnarkollektivet Pussy Riot blei stifta i oktober 2011. Hovudprosjektet deira var å bruke samtidskunstens uttrykksformer til politisk protest og kamp for rettane til seksuelle minoritetar. Ei gruppe på rundt ti unge jenter gjennomførte ei rekkje aksjonar på sentrale stader som metroen i Moskva eller Den raude plassen, der dei opptredde anonymt i fargerike finlandshetter.

Målet med aksjonen i Kristus Frelsar-katedralen var å setje søkjelyset på dei tette banda mellom makteliten og den russisk-ortodokse kyrkja og særleg patriark Kirill I. Patriarken «burde tru på Gud, og ikkje på Putin» song jentene, og antyda at kyrkja si framstilling av Putin som Russlands frelsar stod i ein solid personkulttradisjon.

Det interessante er ikkje berre den uttala kritikken, men òg måten han vart framført på. Jentene song nemleg ikkje berre ein song der oppe framfor ikonostasen, eit område i kyrkja der kvinner tradisjonelt ikkje har tilgang. Dei gjorde knefall og korsa seg: songen var ei bøn til Guds moder. I retten viste Tolokonnikova direkte til den eldgamle jurodstvo-tradisjonen innanfor austkyrkja, dei heilage dårane som i ekte eller påteken galskap talte tsaren midt imot, kledde seg nakne, avslørte hykleri og maktmisbruk. Den heilage dåren er den som ustraffa kan seie at keisaren er utan klede. Ved å ta i bruk kyrkja sine symbol, ritual og jurodstvo-figuren ville jentene ta attende den ortodokse tradisjonen, som dei meiner blir misbrukt gjennom det nære samarbeidet mellom patriarken og Putin.

Takka vere sosiale medium kom aksjonen snart til å gå verda rundt. Under domfellinga koka nettet over av #pussyriot-tvitring, og i live-overføringar kunne alle sjå den djupe ironien i at den ståande forsamlinga i rettssalen – eit forvrengt bilete av den ståande kyrkjelyden i ei ortodoks gudsteneste – lydde andaktsfullt medan dommaren gjentok ord som kosjtsjunstvo (blasfemi) og mrakobesie (obskurantisme).

Assosiasjonane til heilage dårar i aksjonen til Pussy Riot kan minne om nakenheita, piggtråden og naglinga hjå Pjotr Pavlenskij. Eller om dei hemningslause valdsskildringane hjå Sorokin. Pavlenskij sjølv seier at det først var under rettssaka mot Pussy Riot-jentene at han forstod at kunsten måtte gå radikalt til verket. «Eg byrja å sjå på andre folk og undra meg over at dei ikkje gjorde noko. Då forstod eg at ein ikkje må vente på andre folk. Du må ta saka i eiga hand.»[14]

Dei radikale og dei lågmælte

Vi har no sett på eit knippe døme og kan spørje oss: Kvifor så radikalt? Eller jamvel grotesk, vulgært? Som nemnt har kunsten i det postsovjetiske Russland fått ei marginal stilling. Det er opplagt at ein må ta sterke verkemiddel i bruk. Mangelen på menneskerettar og den politiske situasjonen er svært alvorleg. Ein kan òg hevde at det er protestkunsten si oppgåve å tøye grensene, om det så er for å vise veg, skremme makthavarane eller rive folk ut or likesæla.

Det er jamvel ein stor kontrast i karakteren mellom verkemidla som Pussy Riot-jentene tek i bruk – sveltestreik, ope brev frå fengselet – og dei fabrikkerte klagemåla og tiltaka statsapparatet kan setje i verk. Under OL vart to av Pussy Riot-medlemmane, som då oppheldt seg i nærleiken av Sotsji, arresterte dagleg og haldne i arrest i opptil ti timar, og dei vart tidvis behandla svært dårleg. Klagemålet var tjuveri. I Moskva og St. Petersburg har vi våren 2014 sett døme på at folk under fredelege demonstrasjonar har vorte arresterte for ingenting. Verkemidla her var lågmælte. Folk sleppte duer, nokre hadde plakatar med «Nei til krig» eller «Fred for verda», og nokre få ropte «Nei til krig». Ein lingvistkollega eg kjenner, hadde ikkje nokon plakat, ho stod heilt stille utan å rope. Men ho hadde ei lita fredsdue på jakkeslaget. Ho vart også arrestert.

Pavlenskij høyrer ikkje til dei lågmælte. Den siste aksjonen hans fann stad 23. februar i år, då han og tre andre aktivistar laga til ein «Majdan» i sentrum av St. Petersburg, bygde barrikadar, sette fyr på bildekk og tromma med stokkar på metallplater. Aksjonen fekk namnet «Svoboda» – fridom. I manifestet for aksjonen seier Pavlenskij: «Brennande bildekk, ukrainske flagg, svarte flagg og drønnet av stokkeslag på jern – dette er frigjeringa og revolusjonen sin song. Hendingane på Majdan er irreversible og trengjer inn i hjartet til Imperiet. Kampen mot imperialistisk sjåvinisme held fram. Vi kjempar for fridomen vår og fridomen deira.»[15] I tida etter har protestane stilna, og fleire kritiske røyster forlèt no Russland.

Notar: 

[1] Aleksandr Solsjenitsyn, 2004, Nobelevskaja premija, Moskva, s. 21.

[2] Viktor Jerofejev, 1990, «Pominki po sovetskoj literature», Literaturnaja gazeta, 4. juli.

[3] www.theguardian.com/books/2013/mar/07/mikhail-shishkin-russia-us-book-expo

[4] Intervju i Information, 13. september 2013, www.information.dk/471946

[5] www.information.dk/471946

[6] Mikhail Sjisjkin, 2013, «En revolusjon for Russlands ord», overs. av Marit Bjerkeng, Samtiden 76.

[7] Sjisjkin 2013.

[8] Intervju i TimeOut Moskva, 14. oktober 2007, www.timeout.ru/msk/feature/1737

[9] Vladimir Sorokin, 2014, «Russland, svanger med Ukraina», Dagbladet 12. august.

[10] Intervju i The Guardian, 4. februar 2014, www.theguardian.com/artanddesign/2014/feb/05/petr-pavlensky-nailed-scrotum-red-square

[11] www.gazeta.ru/social/news/2012/07/23/n_2449497.shtml

[12] www.gazeta.spb.ru/1188796-0/

[13] www.theguardian.com/artanddesign/2014/feb/05/petr-pavlensky-nailed-scrotum-red-square

[14] www.theguardian.com/artanddesign/2014/feb/05/petr-pavlensky-nailed-scrotum-red-square

[15] grani.ru/Politics/Russia/activism/m.225213.html

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar