Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er vi dus, De?

Av Knut Aastad Bråten

Nordmenn seier «du» til alle, «hæ» i staden for unnskyld – og klemmer vilt framande. Har vi trødd over intimitetens grenser?

Knut Aastad Bråten er redaktør i Syn og Segn. Foto Cathrine Dokken.

Dronning Margrethe II av Danmark fyller 75 år i år. Under ein pressekonferanse i samband med åremålet får ho eit spørsmål frå journalist Michael Alsen frå Berlingske Nyhedsbureau. Midtvegs i spørsmålet blir han avbroten – av dronninga. «Undskyld, nu skal jeg ikke være meget sippet, men jeg tror ikke, vi har gået i skole sammen. Jeg tror ikke, vi er dus.»

Det som ikkje skulle skje, skjer: Journalisten slumpar til med eit «du» i staden for «De». Og som om ikkje det er nok, blir han irettesett av dama, sett i forlegenheit for ein heil nasjon. Kanskje er det humoristisk meint? Sympatisk er det ikkje. Dårleg kutyme, spør du meg. Journalisten gjentek spørsmålet. Denne gongen går det greitt.

Opptrinnet fekk meg til å gruble over dis og dus, tiltaleformer, og korleis vi vender oss til kvarandre. Er det naudsynt i dag med reglar for korleis vi snakkar til kvarandre, eller bør høflegheitsfrasene segle sin eigen sjø? Har fråværet av tiltaleformer og samværsreglar viska ut alle grenser for privatsoner og intimitetsgrenser? Og er det greitt?

Nokon synest formalitetar er gøy, superviktig og naudsynt. Andre att gjev blanke, tenkjer at sosial integritet ikkje dreier seg om reglar og etikette, men om å stole på seg sjølv utan å ty til stivna samværsformer. Kvifor flotte seg med ekstravagansen når praten likevel går så lett?

Noreg har vore og er framleis eit egalitært samfunn utan djupe tradisjonar for rangordningar eller titteltradisjonar. Ja visst har det vore klasseforskjellar mellom bønder, embetsmenn og geistlege – og gruppene imellom. Dei sosiale forskjellane finst og fanst. Likevel vart storbonden aldri meir enn for- og etternamnet sitt. Slik det òg var for husmannen.

Dei geistlege har alltid vore noko for seg. I mellomalderen nytta dei sira, som tyder herre, framfor namnet sitt,. Seinare dykkar eksellense, eller nådige herre, heilage prest, salige ditt og velborne datt. Den vesle adelen vart titulert med dei same formularane som dei geistlege, eller som «herr baron», til dømes. Dei kongelege har eg ikkje eingong nemnt.

På eit tidspunkt er tiltaleformene – iallfall blant folk flest – supplert med yrkestitlar, eller sivilstatus som for å tydeleggjere den sosiale forankringa. Ei vandring på kyrkjegarden fortel noko om dette. Her ligg både fylkesagronom, soldat og «læge». Og fru overrettssakførar, men ingen fattiglem, husmann eller grusarbeidar, naturleg nok.

Og i dag? I Noreg brukar vi så å seie aldri tiltaleformer i dagleglivet. Stort sett seier vi «du» til kvarandre. Sjølv er eg berre Knut. Som oftast introduserer eg meg med fornamnet mitt, og særleg om ho eller han eg snakkar med, gjer det same. Om dei andre presenterer seg med alle namna sine, ja, så gjer eg det òg. Kutymen er fleksibel. Eg tilpassar meg.

Eg likar tonen i måten vi vender oss til kvarandre på. Han er avslappa og inviterande. Og han er lik overfor alle, jamvel celebritetane. Trine og Hadia, Knut Arild og Trond: Vi er på hels med den politiske leiarskapen, føler at dei er ein av oss. Og kvifor gjere det meir komplisert enn det må vere? Dessutan treng dei stemmene våre. Det løner seg med andre ord å vere folkeleg. Den joviale tonen kan utløyse ein mogleg gevinst. Og makt. Men det er jo ikkje heilt sant. Ein del kvinner reagerer med sinne dei gongene dei berre blir tiltala med fornamn. Kjønnsdiskriminering og ufarleggjering, seier dei. Kanskje var ikkje ønsket om den joviale tonen så ektefølt likevel?

I heimkommunen min er eg vara til kommunestyre. Møta går greitt for seg, men ein fast prosedyre går att. Ordførar Inger Torun blir stundom irettesett av nokre av representantane fordi ho – no og då – vender seg til dei folkevalde berre med fornamnet deira. Nokon kjenner seg tydelegvis indignerte, og etter ein merknad, ein pause og så ei melding om at det aldri skal gjenta seg, er vi i gang att – under leiinga av ho Inger To … unnskyld, ordføraren.

Ein ting er kva vi seier, noko anna er kva vi gjer. Tiltaleformene heng djupt saman med måtane vi møter kvarandre på. Då eg var liten, var det skikk – iallfall på rom 25 på gamleheimen – å kysse den eldre frua på handa. Ho var sjølvsagt inga gardkjerring som dei andre gardkjerringane. Ho hadde helsa på dronning Maud, fekk vi fortalt. Kutymen har sine forklaringar.

Vi kysser ikkje kvarandre på handa i dag. I staden klemmer vi, kastar oss rundt halsen på kvarandre – både dei vi kjenner og dei meir perifere. Vi er dus i ord og gjerning. Karane noko meir kameratsleg, kanskje? I tillegg til eit dunk på ryggen. Intimitetssonene skrumpar.

Men kanskje blir det for mykje dus og for lite dis? Den norske dusifiseringa får mange av oss til å senke skuldrene, men er òg ei påteken samværsform. Kanskje treng vi å vere meir medvitne om korleis vi omgåst kvarandre? Vi lever i ei grenseoverskridande tid. Intimitetstyranniet blomstrar, særleg på Facebook og Instagram. Grensene for den private sfæren flyt, er uoversiktlege. Det gjer oss òg sårbare. Er det andre måtar å vise varme og høflegheit på?

Personleg likar eg å klemme. Og ofte tek eg initiativet. Men kva med dei gongene andre kastar seg over meg – og eg absolutt ikkje vil? Kanskje luktar det sveitte av meg? Eller eg gløymde dei eksklusive dropane frå Gaultier? Ingen ynskjer å vere til ufrivillig sjenanse for andre.

Ein ting er klemminga. Noko anna er handhelsing, som det blir meir av særleg blant yngre. Mykje av høflegheitskulturen kjem med innvandringa, seier dei. Eit kraftig handtrykk er hjarteleg og ektefølt, og seier noko om ein sterk vilje. Og kanskje like vennskapeleg og varmt som den påtekne klemminga. Dessutan ser vi kvarandre i augo.

Etikette og kutyme er vanskeleg, problematisk og irriterande, meiner mange. Det strir imot ein norsk mentalitet, råderetten eg sjølv har til å bestemme korleis eg skal te meg. Men etikette og reglar er til for å gjere livet lettare. Etikette er å vise omsyn til og respekt for andre menneske. Filosofen Ludvig Wittgenstein snakkar om språkspel, og om språklege spelereglar. Språkspelet deler vi med fleire, men ikkje med alle, slik kutymen varierer frå kultur til kultur. Kanskje treng vi å samle oss om språklege spelereglar som alle kan kjenne seg trygge i? Og er ikkje eit sett av felles normer ein føresetnad for eit velfungerande samfunn?

Kanskje er det plass til båe delar, dis og dus, slik langeleikspelaren Johannes Halden fint kombinerte det? I 1907 var han på Slottet for å spele for det nye kongeparet. Då han skulle gå, oppdaga han at dronninga sat på den stolen der han hadde lagt frå seg vottane sine. Det er då han seier: «Nådige frue og høge moder, må eg be dronninge tukke på føe si så eg får att vøttad’n mine?»

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar