Frå Utgåve 4-17
Skrive av Ida Habbestad

Samisk på eigne måtar

Fleire og fleire unge samiske kunstnarar utfordrar ideen om kva det vil seia å vera samisk. Gjennom forfattarskapen insisterer Sigbjørn Skåden på ikkje å framheva den samiske tradisjonen i det heile. Korleis forstår han den samiske kulturen i dag?

 

Tekst Ida Habbestad | Foto Ingun A. Mæhlum

 

Det er i år 100 år sidan det første samiske landsmøtet vart halde i Trondheim. Møtet har i ettertid blitt rekna som startpunkt for samisk organisasjonsarbeid. Norsk kulturråd har markert jubileet med ein konferanse om samisk kunst og kultur, medan Stortinget har vedteke at ein kommisjon skal granska fornorskingspolitikken som ramma samar og kvenar i Noreg. 

 

– Mykje har skjedd både med samfunnet og med samane sine vilkår sidan landsmøtet i Trondheim. Kva forventningar er knytte til det å vera same i det samiske miljøet i dag, Sigbjørn Skåden?

– Det eksisterer inga unison oppfatning, men Sametinget sine krav til innlemming i valmanntalet seier at den som har ei oppfatning av å vera same, og har minst éin oldeforelder med samisk som heimespråk, er same. Før, då samane hadde avgrensa kjennskap til kvarandre, fann du nok oftare ideen om at ein same er ein som snakkar samisk og held på med reindrift. Med tettare kommunikasjon har ein meir kjennskap til ulike vilkår og har lettare for å sjå at det samiske området er stort, frå Kolahalvøya i aust og til Hedmark i sør. Utviklinga er raus og har skapt ein stor kulturkrins – med eit vidt spenn i kva det kan bety å vera samisk.

Den samiske dynamikken kan fortona seg ulikt i dei forskjellige landa. Ein har blitt behandla dårleg jamt over, men i Noreg vart alle samar i utgangspunktet behandla likt og skulle gjennom den same fornorskingskverna. I Sverige og til dels i Finland vart det ført ein annan type politikk frå staten si side, der ein gjorde skilnad på ulike samiske grupper. Dette har ført til at splittinga mellom samiske grupper i dag kan opplevast sterkare i Sverige og Finland. I Noreg var også Alta-aksjonen på 1980-talet viktig, han gav majoritetsbefolkninga eit meir nyansert blikk på den samiske historia og skapte ei oppleving av at landet har ansvar også for den.

 

– Du er same, og du er forfattar. Kjenner du deg heime i omgrepet «samisk vreide», som er tittelen på Kulturrådet sin årskonferanse om samisk kunst?

– Tittelen tek utgangspunkt i eit kunstverk av den svensk-samiske kunstnaren Carola Grahn og seier noko både om samisk kunst i dag og kunsten i 1970- og 1980-åra. I den tida oppstod den første tydelege politiske samiske motstanden, og kunsten var ein viktig del av dette.

I dag handlar også mykje av kunsten om å yta motstand mot noko utanfor det samiske samfunnet. Men i mellomtida har me hatt ein annan type kunst, som har gått inn i og kritisert også det samiske samfunnet. Kunsten i min generasjon har gjerne handla om identitetsspørsmål og har utfordra ideen om kva det betyr å vera samisk. Me spør: «Er du framleis same om du tek til deg moderne teknologi og lever eit moderne liv: Kor moderne kan du vera?» Eg trur dette har medverka til at det å vera same på eigne premissar er akseptert i dag. Du har hiphop-samar, samar som er homofile, samar som ikkje snakkar samisk – og ei rekkje andre variantar.

Eit slikt mangfald må det stadig vera rom for også innanfor kunsten. Ein kan sjå føre seg ei forventning om at samiske kunstnarar skal vera frontsoldatar i den politiske kampen, og det er synd om nokon tenkjer at kunsten deira i mindre grad blir teken på alvor om han ikkje jobbar direkte med dette.

 

– Korleis har det å vera samisk på eigne måtar kome til uttrykk i ditt eige arbeid med kunst?

– Eg har arbeidd med desse identitetsspørsmåla og forsøkt å opna det samiske litteraturomgrepet. Samisk litteratur har ein lang munnleg tradisjon, men skriftlitteraturen er ung. Den første boka kom i 1910, og det var få forfattarar før 1980-talet. Dermed blir det mogleg å vera den første som gjer ei rekke ting, og for meg har dette handla om nettopp ikkje å framheva den samiske tradisjonen.

Den første boka mi var basert på ein mellomeuropeisk myte om den evige jøden. Boka handlar om ein som lever i eit bondesamfunn, og då ho vart omsett til norsk, var det ikkje att noko av det uttrykket som ein tradisjonelt har oppfatta som typisk samisk. Dette var ikkje kontroversielt i det samiske miljøet, men då eg vart intervjua på Litteraturhuset i Oslo av ein journalist frå Dagens Næringsliv, fekk eg spørsmål om kva som er samisk med dette. Eg var òg den første samiske forfattaren som skreiv ei bok med ein homofil hovudperson. Det vart ikkje sett på som kontroversielt – men det var heller ikkje gjort før.

 

– Like fullt er det i år at dei første homofile representantane er valde inn på Sametinget. Er det eit stykke fram til samfunnet er så ope som du kunne ønskt?

– Det samiske samfunnet har absolutt hatt utfordringar, mellom anna når det gjeld å akseptera og forstå seksuelt mangfald. Det finst ein slags sex-ladd humor, men elles har ein hatt få samtalar om seksualitet og har ikkje snakka ope om kjensler. Det er ein gamal samisk tradisjon å ikkje visa at du er svak. Kanskje kan det òg forklarast med at læstadianismen tok tak i det samiske samfunnet. I heimbygda mi er framleis mange prega av desse konservative haldningane. Men dette er òg ei av årsakene til at mange i min generasjon har kjent behov for å skapa endring. Eg trur at dette allereie har hatt stor effekt.

 

– Med tanke på dei store endringane: Korleis skal ein forstå den samiske kulturen i dag?

– For å seia noko om kva det inneber å tilhøyra samisk kultur i dag, må ein kanskje spørja kvifor nokon framleis opplever det som eit poeng å vera same. Det eine argumentet er knytt til levesett og omtanke for miljøet. Samisk kultur er nær knytt til miljørørsla, og det er ei slik tilknyting ein ser i bølgja av unge kunstnarar som lagar kunst med same energi og mål som på 1980-talet: Miljøspørsmåla har kome på dagsordenen att, i og med det høgna presset på naturressursane i nordområda.

Eit anna viktig argument finst i det emosjonelle, som eg trur sit sterkt hjå dei fleste samar. Det er ikkje nokon djuptfølt nasjonalisme, slik ein er redd for nedover i Europa. Ein må hugsa at samane var mellom dei første gruppene i Noreg som opplevde å bli utsette for kulturell diskriminering, og det å kalla seg same er det motsette av å driva fascistiske idear framover. Dette at undertrykking finst i nær historie, skapar eit tilhøyr. Og det å vera del av ein minoritet er å stå i motstand mot kulturundertrykkande idear. Kanskje er det derfor reaksjonane er så sterke på at finansministeren kledde seg ut i eit indianarkostyme. Spørsmål om å tileigne seg minoritetars kulturuttrykk (appropriasjon) er vanskelege, og eg synest ikkje alltid at den «samiske sida» har rett. Men eg trur òg at det å reagera er med på å flytta verda litt i ei retning der færre vil gjera slikt. Ein kan få merkelappen lettkrenkt, men det er viktig å forsøka å forstå kvifor nokon reagerer.

 

– Når føler du deg minst samisk?

– Det varierer. Eg går ikkje rundt og reflekterer over den samiske identiteten min frå dag til dag, men eg kjenner meg meir i kontakt med det å vera same i kvardagen etter at eg fekk barn. Refleksjonen om kva verdiar eg vil gje vidare, vart brått meir aktuell. Den mest paradoksale situasjonen eg har vore i som same, var då eg køyrde inn i eit reservat i USA. Eg reiste dit i ein urfolkssamanheng, som ein av mange minoritetar, men eg har aldri nokon gong sidan vore så merksam på at eg også er ein kvit, middelaldrande, europeisk mann.

 

– Ein kjenner kanskje ikkje på etnisiteten sin frå dag til dag. Men korleis er det å forhalda seg til omgrepet i ei tid der grensene blir borte, og alle er born av den same planeten?

– Det skjer noko når du blir medviten om at besteforeldra dine vart mishandla. Den samiske kampen handlar ikkje om statsgrenser, men om rom for verdigheit. Det kjennest som ein kamp mot nasjonalisme og for naturen. Mykje av det eg har kjempa for som same, handlar om at ein nettopp ikkje kan generalisera det samiske. Eg har vilja opna desse spørsmåla.

Men i den grad det finst ein slik kollektiv mentalitet, så trur eg det samiske i dag handlar om forholdet mellom menneske og landskap. Svært få verdsborgarar forstår mennesket som ei brikke i økosystemet, i sameksistens med resten av jorda. I praksis og handling – sjå på verdsleiarane våre – vil dei aller fleste plassera mennesket på toppen av verda. Den animistiske religionen, grunnideen i det samiske, er meir audmjuk og nyansert, og han verdset sameksistensen med landskapet fordi ein lever i eit så intimt forhold til det. Dette er, slik eg ser det, den viktigaste årsaka til at det er viktig å bevara dei samiske stemmene – og like eins samiske språk og samisk kultur og identitet.

 

*

 

Dette er Sigbjørn Skåden

  • Fødd 4. januar 1976, bur i Tromsø.
  • Samisk forfattar og kulturarbeidar frå Lánttedievvá (Planterhaug) i Skånland.
  • Debuterte som forfattar i 2004 med det episke langdiktet Skuovvadeddjiid gonagas på forlaget Skániid Girjie.
  • Har også skrive bloggromanen Láhppon mánáid bestejeaddji, skriven som faste blogginnlegg før han vart utgjeven samla i 2007.
  • Gav i 2012 ut faktabarnebok på Cappelen Damm om samar med tittelen Sámit/Samer.
  • Fekk i 2014 Havmannprisen for boka Våke over dem som sover.