Frå Utgåve 2-17
Skrive av Anne Sverdrup-Thygeson

Mållaust liv har òg ei meining

Jorda er heim for kanskje så mange som ni millionar artar, inkludert menneska. Kvifor finst så mange av dei, kva gjer dei, og kva skjer når menneska tek over stadig større delar av områda deira?


Mangfald er bra. Kulturelt mangfald, religiøst mangfald, politisk mangfald – alt dette er teikn på ei moderne, dynamisk og tolerant verd. Kva så med det biologiske mangfaldet? Eit slikt mangfald er ikkje berre bra, men er sjølve grunnmuren og livsgrunnlaget for oss menneske: Det biologiske mangfaldet gjev oss mat, fiber, energi og medisinar. Det reinsar vatn, regulerer temperaturen og er naturen sitt eige vaktmeisterkompani. På kjøpet får vi rike naturopplevingar.

Samstundes er det overraskande mykje vi ikkje veit. Spørsmål som til dømes kvifor vi har ein så stor rikdom av ulike livsformer, samstundes som dei «sterkaste» av dei heile tida utkonkurrerer dei «svake», er eit paradoks biologar har grunna på sidan Darwins dagar.

Dei siste tiåra har dette brått blitt endå viktigare å forstå. Lenge har menneska teke gratistenestene frå naturen som sjølvsagde. Men i dag står menneska bak ei utrydding av artar i eit tempo som langt overgår ein naturleg utdøyingsrate, og som er med på å påverke det finurlege samspelet i naturen. Dess meir biologane kan seie om kva for konsekvensar dette har for overlevinga vår, velferda og utviklinga, dess større er sjansen for at vi kan endre åtferda vår medan det enno er tid. Då er det også viktig at folk flest veit meir om biologisk mangfald, kva det er, og korleis det heng saman med ditt og mitt liv.

 

LIVET UNDER DEG

Sjå for deg ein blåbærskog. På bakken under deg veks blåbærlyngen tett: Blåbærblomane er matstasjon for humler og bier, og får søt nektar i byte mot bestøving. Ser du den vesle grøne larva som jafsar i seg blåbærblad? Det er ein blåbærmålar. Om litt vil larva sjølv bli livsviktig proteintilskot for ein nyklekt og svolten storfuglkylling. Og når hausten kjem, blir resten av blåbærplantane sikringskost for elgen.

Eit økosystem er altså eit system av heimar – heimane til alle dei levande organismane på ein stad.

Og der, djupt nede i blåbærlyngen, ligg ei roten låg – ei gran har stupt og ligg no mjukt i den grøne lyngen. Ein fuktig, mørk ange av jord og sopp stig opp frå låga og ber vitnesbyrd om eit rikt biologisk mangfald. For her, i ròten ved, finst utruleg nok ein tredjedel av alle artane i skogen. Fleire tusen soppartar strekker lange og usynlege sopptrådar gjennom det daude treet og løyser ut næring. Lav og mose dekker bordet med mjuke, grøngrå matter på overflata. Det heile blir til ein buffé der insekt og anna småkryp kan hyggje seg med å ete – både trevirket, soppen og kvarandre. Og som soppen er småkrypa også mange. Tusenvis av bleike billebarn, fotlause flugelarver og myldrande maur. Saman sørger dei for at næringa som var låst i treet slepp fri, slik at nye tre og plantar kan spire og få næring. Når vinteren kjem, kryp nokre av dei ned i jorda for å vente på ein ny vår. Djupt i mørkeret er dei heller ikkje åleine, for ingen stader på jorda er organismane pakka så tett saman som i jord. I ei teskei med jord kan det vere fleire levande ting enn det er menneske på planeten, om vi tel med bakteriane. Og alt dette er biologisk mangfald.

 

EIT SYSTEM AV HEIMAR

Å forklare biologisk mangfald er ikkje vanskeleg, men det er heller ikkje alltid så enkelt. Den enkle versjonen er at biologisk mangfald er summen av alt liv i naturen, men skal vi få litt betre tak på omgrepet, bør vi sjå nærare på tre sentrale komponentar, som alle inngår i omgrepet: mangfaldet av økosystem, artar og genetiske variasjonar innanfor artane, og dessutan dei økologiske samanhengane mellom desse.

Fyrst mangfaldet av økosystem. Forstavinga øko kjem frå gresk og tyder «heim». Eit økosystem er altså eit system av heimar – heimane til alle dei levande organismane på ein stad, saman med dei ikkje-levande faktorane i miljøet som omgjev dei, som til dømes næring, temperatur eller nedbør.

Det finst ei mengd ulike økosystem på jorda – alt frå regnskog til høgfjell, frå havbotn til ørken. Alle økosystema byr på mange ulike levestader, og alt som lever der, verkar heile tida saman, med kvarandre og med jord og vatn. Før snakka biologane om balansen i naturen, som om det var eit statisk system. I dag veit vi at økosystema heile tida utviklar seg vidare, i eit evig komplekst samspel. Samstundes ligg termodynamikken sine lovar i botnen for det heile: Energi kan korkje oppstå eller forsvinne. Dei grøne plantane er på eit vis solenergi i fast form, bygd om til biomasse. I økosystema blir biomasse bygd opp og broten ned i evige sirklar, og slik flyt også energi gjennom systemet. Dette bind dei ulike økosystema saman. Skog, fjell, hav og ørken er alle ein del av det store samspelet – som i sum utgjer biosfæren, den tynne huda som utgjer den levande delen av jorda vår, lik skalet på eit eple.

Dei fleste har ein idé om kva ein art er: Ein art er ei samling individ som kan få fruktbare avkom i lag. Elg er ein art, kjøttmeis og hestehov likeins. I røynda er ikkje omgrepet fullt så enkelt, for når vi beveger oss bortanfor dei kjende artane, finn vi organismar som formeirar seg med knoppskyting eller berre ved å dele seg i to, som amøbar eller visse soppar. Men vi let det liggje.

Eit rikt mangfald av artar betyr at vi har mange ulike artar til stades. Men det er viktig å vite at for å måle mangfaldet av artar er det ikkje berre å telje dei, for talet på artar åleine kan skjule heilt vesentlege nyanser. Både kor mange det er av kvar art, og kva for artar som faktisk er til stades, er heilt avgjerande for korleis systemet fungerer.

Den tredje komponenten i omgrepet biologisk mangfald er mangfald av arvestoff. Vi veit at alle individ innanfor ein art ber med seg eit unikt arvestoff i form av ein lang, ihopsnurra tråd av deoksyribonukleinsyre, meir kjent som DNA. I kroppen din måler DNA-et i ei celle heile 220 cm – om du kunne vikle det ut. DNA er livet si kokebok – i genane ligg oppskrifta på eit menneske, til dømes, eller på ei kjøttmeis. Men alle menneske er ikkje like innbyrdes. Nett slik du kan variere muffinsoppskrifta di – set til litt kanel, eller bitar av sjokolade –, nett slik vil alle individa innanfor ein art variere. I genane ligg potensial for tilpassing. Om ein art har eit rikt genetisk mangfald, har han meir å spele på når miljøet endrar seg; han kan lettare tilpasse seg endringar i klima, til dømes. Det er eit viktig poeng i møte med klimaendringar.

 

KOR MANGE ARTAR FINST DET?

Dei tre komponentane økosystem, artar og genar er alle delar av det biologiske mangfaldet. I hovudsak er det artane som oftast får mest merksemd, fordi det er dei det er lettast å sjå med det blotte auget og dermed lettast å telje. Men det er faktisk ikkje så enkelt, det heller.

Forskarane er ikkje eingong samde om kor mange artar som finst (Caley et al.). Berre at det er mange. Tala strekker seg frå ein halv million til ein billion – 1 000 000 000 000 – artar. Mykje av skulda for dei vilt sprikande tala kan vi gje til dei minste blant oss, mikroorganismane. Dette er levande vesen som er såpass små at vi ikkje kan sjå dei utan mikroskop: bakteriar og mikroskopiske soppar, algar og eincella dyr. Og slike som vi ikkje kan sjå, er også vanskelege å telje. Det siste vitskapelege anslaget seier at vi har om lag 8,7 millionar artar (Mora et al. 2011) – utanom bakteriane, vel å merke. Tek vi med dei, kan vi leggje til endå ein milliard (Locey & Lennon 2016).

Sjølv om vi ikkje veit nøyaktig kor mange artar som finst, er vi heilt sikre på at vi berre har kartlagt og gjeve namn til ein liten del av dei. Per i dag er om lag 1,5 millionar artar kjende og beskrivne i databasen Catalogue of Life – ein internasjonal database som har som mål å beskrive alle kjende artar på jorda. Vi veit også at dei aller fleste artane på kloden er små, og nesten alle er insekt og andre småkryp. Vi lever ikkje på The Planet of the Apes, men snarare på The Planet of the Bugs – planeten til småkrypa. Over halvparten av alle kjente artar er insekt.

Ein snau tredjedel er plantar og sopp av ymse slag. Resten er i hovudsak andre småkryp enn insekt – edderkoppdyr (som midd og edderkoppar), krepsdyr (som reker og hoppekreps), og blautdyr (som sniglar og muslingar). Store dyr som til dømes fugl, fisk og pattedyr – dyr som fyller TV-skjermen i kvar einaste BBC- eller NRK-produksjon som dreier seg om natur – utgjer berre usle tre prosent av artsmangfaldet på kloden.

 

KVIFOR SÅ MANGE ARTAR?

Spørsmålet om kvifor det finst så mange artar på kloden har fått biologar til å klø seg i hovudet i lang tid. Korleis kan ei mengd ulike artar leve saman på same stad, for eksempel i regnskogen? Kvifor vil ikkje den best tilpassa arten utkonkurrere alle andre, slik at dei minst levedyktige forsvinn? Det er jo det som er Darwins lære i eit nøtteskal – tilværet er eit evig kappløp, der den best tilpassa overlever.

For å forstå korleis så mange artar kan leve saman på same plass, må vi innom omgrepet nisje. I økologien er ikkje ein nisje ein fast fysisk plass, som ein nisje i ein vegg eller ein mur. Det er snarare eit tenkt, dynamisk og mangedimensjonalt rom som forklarar korleis ein organisme utnyttar og brukar tilgjengelege ressursar i sameksistens med andre artar.

Dersom to artar har nøyaktig same nisje, vil dei konkurrere i same matfat. Ein slik konkurranse har to moglege utfall: anten døyr den eine ut, eller dei to artane tilpassar seg litt ulike nisjar. Tenk deg to fugleartar i same skog, som begge et same insekt. Om den eine av dei finn føda si på bakken, medan den andre leiter på trestammane, eller den eine er dagaktiv, medan den andre er nattaktiv, vil dei ha litt ulike nisjar. Då blir konkurransen mindre, og det er større sjanse for at dei kan sameksistere.

I genane ligg potensial for tilpassing. Om ein art har eit rikt genetisk mangfald, har han meir å spele på når miljøet endrar seg.

Ein slik prosess med såkalla nisjedifferensiering har gått føre seg sidan livet oppstod, og sidan 3,5 milliardar år er eit forholdsvis langt tidsløp, er den stadige utviklinga ein vesentleg del av forklaringa på artsrikdomen på jorda. Den gjev oss også ei forklaring på kvifor så mange artar er sjeldne: Det finst ei mengd ulike tilpassingar og nisjar – ulike ting å ete, på ulike stader og til ulike tider. Dei aller fleste slike tilpassingar er temmeleg sære. Dei gjev ikkje moglegheit for å breie seg ut over store areal, i talrike populasjonar. Difor er det frå naturen si side meir vanleg å vere sjeldan enn å vere vanleg. Ifølge den anerkjente biologen Kevin Gaston høyrer ikring 90 til 95 prosent av alle individ på kloden til mellom 20 og 25 prosent av alle artane som finst. Eller, for å seie det på ein annan måte: Nokre få artar er svært vanlege – dei finst «overalt», og så er det veldig mange av dei der dei finst. Resten, om lag tre fjerdedelar av alle artar, er sjeldne.

Nisjedifferensiering åleine strekk ikkje til som einaste forklaring på det høge talet på artar, og at så mange av dei er sjeldne. Nokre gonger kan ein ny art utvikle seg på ein isolert stad, som ei øy. Slik får vi ein art som er vanleg lokalt, men som berre finst der. Andre gonger finst artar over store område, men alltid i låg tettheit. Då kan dei klare seg ved at dei kjem og går på kvar enkelt lokalitet. Dette gjeld for eksempel den sjeldne sommarfuglen prikkruteveng, som lever i eit sett av små enger spreidde ut over store landskap på Åland i Finland.

Andre artar klarer å halde stand i låge populasjonar, utan å kome og gå. Som trea i regnskogen: Her lever hundrevis av artar saman på få kvadratmeter utan at vi kan sjå korleis dei skil seg i nisjetilpassing. Dette har lenge vore eit lite mysterium. No peiker ny forsking på at slik sameksistens av likearta tre i tropisk skog kan hende blir styrt av sjølvregulerande mekanismar som både gjer dei sjeldne og samtidig hindrar at dei døyr ut (Comita et al. 2010). Akkurat korleis det verkar, har ikkje forskarane full oversikt over. Kanskje er det slik at det hopar seg opp med naturlege fiendar i jorda rundt eit bestemt treslag, som sopp og småkryp som angrip dette eine treslaget. Ein slik mekanisme reduserer sjansen for at nye plantar av same art overlever i nærleiken, men gjev rom for andre tre.

 

FRÅ STAMME TIL SIVILISASJON

La oss så vende blikket mot menneska. Vi er òg del av det biologiske mangfaldet. Ein gong var vi jamstilte med alle dei andre artane. Det meste av tilværet som homo sapiens har vore ein kamp, slik det er for andre dyr. Ein kamp for å skaffe mat, for å pare seg, overleve rovdyr og uvêr. Det var tøft, og difor var vi fåe.

Men noko endra seg. Den israelske historikaren Yuval Harari peiker på den kognitive utviklinga som eit vasskilje (Harari 2014). For 70 000 år sidan lærte menneska seg å snakke om kvarandre, til kvarandre. Vi lærte å abstrahere, å planlegge, å tenke på noko som kunne bli. Det gav moglegheit for avansert samarbeid mellom individa, ulikt det vi finn hos andre artar.

Grunnlaget for sivilisasjonar var lagt. Vi fekk jordbruksrevolusjonen, og folketalet auka. Vi lærte oss å gje kunnskap vidare i skriftleg form. Vi fekk framvekst av byar og ein industriell revolusjon. Folketalet skaut i vêret, og vi trong etter kvart meir av alt – meir plass, meir ferskvatn, fleire ressursar. Brått var menneska blitt mange, og urørt natur var borte. Vi er komne til menneska sin tidsalder: antropocen (Svensen 2016). Den heftige klassereisa til mennesket har sidan hatt ein gjennomgripande påverknad på det biologiske mangfaldet på jorda: Vi har endra meir enn halvparten av jordas overflate – vi har dyrka opp eit areal på størrelse med Sør-Amerika. I tillegg bruker vi eit areal om lag på størrelse med Afrika til beitedyra våre. Og dei er mange.

Sett at vi vog alle pattedyra som lever på landjorda – både dei ville pattedyra, husdyra våre, og oss sjølve. Kva trur du veg mest? Svaret er ganske sjokkerande: Husdyra våre utgjer meir enn to tredjedelar av denne biomassen. Vi menneske åleine utgjer ein snau tredjedel til. Og dei ville pattedyra – alt frå elefantar og ekorn til moskus og markmus – utgjer knappe to prosent av den totale biomassen.

Og vi påverkar på alle nivå: Menneska har endra meir enn halvparten av jorda si landoverflate gjennom jordbruk, beite og nedbygging. Kvart år flyttar menneska meir masse enn alle verdas elvar og skred. Det siste hundreåret har vi dobla mengda av nitrogen og fosfor i jordsmonnet gjennom bruk av kunstgjødsel, og utsleppa av CO2 er større no enn nokon gong dei siste 66 millionar åra. Vi har produsert og slengt frå oss så mykje plast at restane kjem til å finnast i sedimenta i generasjonar framover. Om vi ikkje snur utviklinga, vil det vere meir plast enn fisk i havet i 2050.

Presset på det biologiske mangfaldet kjem frå eit stadig aukande folketal og frå vår måte å leve på. Gjennom øydelegging av leveområde, uvitug hausting og flytting av artar, i tillegg til forureining og klimaendringar, har resten av det biologiske mangfaldet på kloden fått svi.

Også i Noreg omformar vi landskapet og øydelegg leveområde for plantar og dyr. Den norske offentlege utgreiinga om økosystemtenester frå 2013 (NOU 2013) trekker fram endringar i arealbruk som den viktigaste påverknaden på norske økosystem. Dei nemner døme som urbanisering, hyttebygging, nedbygging av matjord og etablering av ny fornybar energi, både utbygging og overføring av straum. I landbruket fører intensiveringa i det industrielle landbruket og opphøyr av tradisjonell drift til at blomsterenger, kantsoner og åkerholmar forsvinn. Det meste av skogane er flatehogde etter den andre verdskrigen, og naturskogen er erstatta med planta industriskog.

 

EI SJETTE MASSEUTRYDDING

Biologar er no overtydde om at utdøyingsratane for artar er høgare enn det som er vanleg. Artar forsvinn i eit tempo som er hundre, kanskje tusen gonger raskare enn normalt (Pimm et al. 2014).

Artar har alltid kome og gått, og dei aller fleste artar som har funnest i dei 3,8 milliardane åra det har vore liv på planeten, er utdøydde. Kanskje ikkje så rart, tenkjer du: 3,8 milliardar år er frykteleg lang tid. Og jorda har langt ifrå alltid vore ein stabil og hyggeleg stad å bu.

Reiser vi tilbake i tid, lenge før menneska oppstod, finn vi fem store utdøyingshendingar. Den siste, og mest kjente, fann stad for 65 millionar år sidan. Det var den tida dinosaurane og mange andre landdyr takka for seg, etter at ein meteoritt slo ned med eit brak i det området som no er Mexico. Mange biologar meiner no at vi er inne i ei sjette masseutdøying. Men denne gongen er det menneska sjølve som er meteoritten.

Det blir snakka mykje om at artar døyr ut, og sjølvsagt er det ille – det er bokstaveleg tala spikaren i kista for arten det gjeld. Men det er ikkje i augneblinken der det aller siste individet av ein art takkar for seg, at vi ser effekten av at arten ikkje lenger er blant oss. Den effekten kjem lenge før. Moglegheitene for å redde ein art blir òg reduserte i takt med at individa blir færre. Difor er det kanskje endå viktigare å rette søkjelyset mot bestandsreduksjonar, altså det at det blir mange færre individ av ein art, enn mot utrydding av artar. Og vi veit at mange artar har gått kraftig tilbake berre i vår levetid.

Før europearane kom til Afrika på 1500-talet, kan det ha vore meir enn 20 millionar elefantar på savannane. I 1979 var det 1,3 millionar att. Berre dei siste sju åra har talet på dei gått attende med minst 30 prosent, og i fjor viste kartlegginga at det er mindre enn ein halv million elefantar att i Afrika (Chase et al. 2016). Tjuvjakt for å skaffe elfenbein er ei viktig årsak, men også øydelegging av leveområde og klimaendringar gjer sitt. Om trenden held fram, kan den siste elefanten vere borte innan 20 år.

Alle artar er viktige, men nokre er viktigare enn andre. Biologane kallar desse spesielt viktige artane for nøkkelartar.

Og det gjeld ikkje berre store og sjeldne dyr langt borte. Ein studie frå 25 europeiske land viser at frå 1980 til 2009 har det blitt 420 millionar færre fuglar i Europa (Inger et al. 2015). Med andre ord: ein femtedel færre fuglar, på berre tretti år. Det aller meste av tilbakegangen kjem av at vanlege fugleartar – som gråsporv, stare og songlerke – har gått kraftig tilbake, og forskarane bak studien trur sprøytemiddel og ei generell intensivering i jordbruket kan vere årsaka.

Det står ikkje betre til med dei små artane heller – insekt og dei andre som er naturens små tannhjul, og som får økosystema til å snurre som dei skal. Frå 1970 til 2010 blei menneskepopulasjonen på kloden dobla. I same periode blei populasjonane av virvellause dyr – insekt og andre småkryp – redusert til nesten det halve, viser forsking (Dirzo et al. 2014). Forklaringa er tap av levestader og klimaendringar.

Generelt er små populasjonar av artar sensitive. Tilfeldige hendingar får mykje å seie når det er få individ i gruppa. Saman med innavl endrar dette samansetninga av genar i populasjonen og aukar sjansen for at individa som blir fødde, er dårleg tilpassa – dei får færre avkom og har høgare dødelegheit, og slik minkar talet på individ endå meir, og populasjonen blir endå meir sensitiv. Det er dette som blir kalla the extinction vortex – ein negativ, nedgåande spiral som til slutt endar i utdøying.

 

NOKRE ARTAR ER VIKTIGARE ENN ANDRE

Når artar går tilbake og til slutt forsvinn, vil effekten avhenge av kva for art det gjeld. For artane har ulike roller i eit økosystem. Dei som har følgt med på TV-serien Anno, har fått ei påminning om korleis handverkarane i mellomalderen blei organiserte i laug. Folk i skreddarlauget var dei einaste som dreiv med saum, medan bakarlauget hadde jobben med å fikse ferske brød til alle i landsbyen. Og ting hang saman: Skaffa ikkje bøndene ull, og vov ikkje vevarane tøy, kunne heller ikkje skreddarane sy klede.

Slik er det også i naturen. Ulike laug av artar har ulike jobbar som ikkje utan vidare kan gjerast av andre. Også her er det mange samband og samanhengar på kryss og tvers.

Det var ille i mellomalderen om den dyktigaste smeden i landsbyen forsvann – men endå verre om landsbyen skulle miste både ein smed, ein bakar og ein snikkar på éin gong. Også i naturen er effekten av artstap større dersom artar forsvinn frå fleire av «hovudlauga» på éin gong. Dessutan har nokre artar heilt spesielle roller å spele på naturens scene. For å vri på Orwells utsegn: Alle artar er viktige, men nokre er viktigare enn andre. Biologane kallar desse spesielt viktige artane for nøkkelartar. Ein nøkkelart er ein art som har ei unik og avgjerande rolle i funksjonen til eit økosystem. Artane på toppen av næringsnettet er ofte nøkkelartar, og forskinga har talrike døme på at om ein slik art går kraftig tilbake, kan effektane forplante seg ned gjennom heile systemet.

Også sjeldne artar kan vere viktigare enn kva vi har trudd til no. Gjengs oppfatning, også blant biologar, har vore at artar som det berre finst nokre fåe av i eit økosystem, sjeldan har viktige roller i systemet. Men i det siste har fleire nye studiar vist nett det motsette: På tvers av ulike økosystem er sjeldne artar overrepresenterte blant artar som har unike økosystemfunksjonar (Mouillot et al. 2013). Om vi tek opp parallellen til mellomaldersamfunnet, kan det sjå ut til at sjeldne artar oftare tilhøyrer små, men viktige laug, og gjer jobbar som ikkje så lett kan gjerast av andre i samfunnet.

Det som skjer i våre dagar, er nettopp at sjeldne og spesialtilpassa lokale artar forsvinn, medan vanlege artar som trivst overalt, breier seg ut og tek over plassen – godt hjelpte av menneska som, medvite eller ikkje, flyttar dei med seg. Økosystema blir meir like på tvers av geografien (Socolar et al.). Slik forsvinn unike, lokale artar og tilpassingar.

 

KVIFOR TRENG VI MANGFALDET?

Kvifor treng vi å vite dette? Kan vi ikkje berre køyre på, med nye, firefelts motorvegar, meir intimkirurgi og ein oval shopping-weekend til ein europeisk hovudstad i ny og ne? Så kan alle desse millionar av artar passe seg sjølve? Om vi ikkje treng ulven, fordi han ikkje gjev noka verdiskaping – som ein politikar nyleg uttala –, kva i all verda skal vi då med sniglar og spretthalar? Ein heil del, faktisk. Anten vi likar tanken eller ikkje: Det er eit faktum at velferda vår heng tett saman med det biologiske mangfaldet.

Dette er eit ganske nytt felt innanfor forskinga, som særleg skaut fart etter det store, globale miljømøtet i Rio i 1992. No veit vi mykje meir (Braat & de Groot 2012, Cardinale et al. 2012, Chapin et al. 2000, Hooper et al. 2012, Hooper et al. 2005):

Vi veit at tap av mangfald reduserer kor effektivt dei økologiske samfunna kan fange ressursar og produsere biomasse (Cardinale et al. 2012, Tilman et al. 2014). Dette er sentral kunnskap når vi veit at nett denne biomassen er grunnlag for avlingar og det vi får på middagsbordet. Vi veit også at redusert mangfald påverkar korleis biomassen kan brytast ned igjen. Og om nedbrytinga ikkje fungerer, blir næringsstoffa låste fast og kan ikkje gje ny produksjon.

Vi får også stadig meir støtte for at eit utarma biologisk mangfald gjer økosystema mindre stabile over tid (Cardinale et al. 2012, Oliver et al. 2015). Mekanismane er fleire – blant anna vil det vere slik at i eit system med høgare biologisk mangfald vil det vere fleire artar som har ulike sterke sider. Der ein art veks best i kjølige somrar, kan ein annan briljere når sommarsola steiker. Når artar går tilbake eller blir utrydda, får naturen færre variantar å spele på, og vi står dårlegare rusta i møte med både naturlege svingingar og menneskeskapte endringar.

Ein ting er å vite dette, at meir biomangfald gjev betre eller meir av ein funksjon. Noko anna er å forstå sjølve forholdet mellom dei to faktorane – korleis ser det ut?

 

KOR LENGE GÅR DET BRA?

Det kan verke som om naturen har sørgt for å ta ein slags backup av mange artsfunksjonar, slik at ein jobb kan gjerast av fleire ulike artar. I så fall vil vi ikkje – iallfall ikkje i starten – merke så stor effekt av at artar døyr ut. Men så, når både dei originale artane og backupen er borte, kan effekten brått bli stor. Tenestene som artane leverer, til dømes produksjon av biomasse, reinsing av vatn eller nedbryting, kan bli kraftig redusert eller endra (Oliver et al. 2015).

Fleire nye, eksperimentelle studiar har sett nærare på dette, og i 2012 oppsummerte ei forskargruppe meir enn 600 slike forsøk som testa samanhengen mellom talet på artar og økologiske funksjonar (Cardinale et al. 2012). Dei fann at samanhengane mellom artane er ulike i ulike system, men hovudtrenden er likevel at det er ein svak effekt av å miste dei første artane, men så ei meir eller mindre tydeleg endring og forverring av artsfunksjonane ved vidare artstap.

I verste fall kan heile økosystem tippe over til ein ny tilstand (Scheffer et al. 2001). Skog kan bli savanne, eller endå verre, ørken. Fargerike og artsrike korallrev, bygde opp av koralldyr i tett samarbeid med små algar over tusenvis av år, kan gå frå å vere fiskebarnehage for ein fjerdedel av all fisken i havet til å bli daude kalkstrukturar. Det er dette som er i ferd med å skje på Great Barrier Reef utanfor Australia, det største korallrevet i verda nett no (Knaus et al. 2017).

Har vi, ein art blant 9 millionar andre, moralsk rett til å frådømme andre artar deira sjølvstendige rett til å leve ut deira livspotensial?

Så kanskje er nokre artar overflødige, men korleis skal vi vite kva for artar det er? Å utrydde artar er litt som å fjerne ein og ein skrue frå eit småfly. Det går antakeleg greitt å fly når du har fjerna ein, og kanskje nokre til. Men på eit eller anna tidspunkt går det frykteleg gale. Og det er på høg tid at vi tar konsekvensane av denne kunnskapen. Som ei sentral forskargruppe konkluderte alt for fem år sidan: «Analysane våre viser tydeleg at det å miste lokale artar i omfang har like store konsekvensar for økosystemet som den direkte effekten av diverse globale miljøutfordringar som har skapt stor internasjonal uro og utløyst ei rekke gjenopprettingstiltak» (vår omsetting). Tap av biologisk mangfald er med andre ord ein minst like viktig faktor som klimaendringane og treng ei tilsvarande høg lokal og global prioritering (Tilman et al. 2014).

Å redusere bestand og utrydde artar, bygge ned økosystema og redusere genetisk mangfald, handlar sjølvsagt ikkje berre om nytteverdi for oss menneske. Det er også eit spørsmål om etikk og moral. Har vi, ein art blant 9 millionar andre, moralsk rett til å frådømme andre artar deira sjølvstendige rett til å leve ut deira livspotensial? Har vi, som berre har vore her på kloden dei siste 200 000 åra, rett til å klippe av greiner på evolusjonstreet – slik det har vakse sakte fram frå urhavet over endelause 3,8 milliardar år?

Vi veit at biologisk mangfald er alt livet på kloden. Så langt vi kjenner universet, er vår planet den einaste plassen med slikt liv. Å verne om det biologiske mangfaldet er difor ei moralsk plikt, vil mange meine. Og det er vår livsforsikring, fordi vi som menneske ikkje kan klare oss utan.

På utedassen nedanfor tømmerkoia frå barndomssomrane mine var det hengt opp eit dikt av Einar Skjæraasen med teiknestift på plankeveggen. No, etter at eg har jobba i skjeringspunktet mellom menneske og biologisk mangfald i ei årrekkje, slår ei av dei kjente strofene meg som ei treffande oppsummering av temaet om biologisk mangfald: «Mållaust liv har og ei meining / du lyt sjå og tenkje på.»

Så enkelt, og så vanskeleg.

 

KJELDER:

Braat, L. C. & de Groot, R. (2012). The ecosystem services agenda: bridging the worlds of natural science and economics, conservation and development, and public and private policy. Ecosystem Services 1: 4–15.

Caley, M. J., Fisher, R. & Mengersen, K. (2014). Global species richness estimates have not converged. Trends in Ecology & Evolution 29: 187–188.

Cardinale, B. J., Duffy, J. E., Gonzalez, A., Hooper, D. U., Perrings, C., Venail, P., … Naeem, S. (2012). Biodiversity loss and its impact on humanity. Nature 486: 59–67.

Chapin, F. S., Zavaleta, E. S., Eviner, V. T., Naylor, R. L., Vitousek, P. M., Reynolds, H. L., … Diaz, S. (2000). Consequences of changing biodiversity. Nature 405: 234–242.

Chase, M. J., Schlossberg, S., Griffin, C. R., Bouche, P. J., Djene, S. W., Elkan, P. W., … Sutcliffe, R. (2016). Continent-wide survey reveals massive decline in African savannah elephants. PeerJ 4: e2354.

Comita, L. S., Muller-Landau, H. C., Aguilar, S. & Hubbell, S. P. (2010). Asymmetric Density Dependence Shapes Species Abundances in a Tropical Tree Community. Science 329: 330–332.

Dirzo, R., Young, H. S., Galetti, M., Ceballos, G., Isaac, N. J. B. & Collen, B. (2014). Defaunation in the Anthropocene. Science 345: 401–406.

Harari, Y. N. (2014). Sapiens: A Brief History of Humankind Hardcover. Harvill Secker, London.

Hooper, D. U., Adair, E. C., Cardinale, B. J., Byrnes, J. E. K., Hungate, B. A., Matulich, K. L., … O/'Connor, M. I. (2012). A global synthesis reveals biodiversity loss as a major driver of ecosystem change. Nature 486: 105–108.

Hooper, D. U., Chapin, F. S., Ewel, J. J., Hector, A., Inchausti, P., Lavorel, S., … Wardle, D. A. (2005). Effects of biodiversity on ecosystem functioning: A consensus of current knowledge. Ecological Monographs 75: 3–35.

Inger, R., Gregory, R., Duffy, J. P., Stott, I., Voříšek, P. & Gaston, K. J. (2015). Common European birds are declining rapidly while less abundant species' numbers are rising. Ecology Letters 18: 28–36.

Knaus, C. og Evershed, N. (2017). Great Barrier Reef at 'terminal stage': scientists despair at latest coral bleaching data. Henta frå The Guardian, https://www.theguardian.com/environment/2017/apr/10/great-barrier-reef-terminal-stage-australia-scientists-despair-latest-coral-bleaching-data

Locey, K. J. & Lennon, J. T. (2016). Scaling laws predict global microbial diversity. Proceedings of the National Academy of Sciences 113: 5970–5975.

Mora, C., Tittensor, D. P., Adl, S., Simpson, A. G. B. & Worm, B. (2011). How Many Species Are There on Earth and in the Ocean? PLOS Biology 9: e1001127.

Mouillot, D., Bellwood, D., Baraloto, C., Chave, J., Galzin, R. & Harmelin-Vivien, M. e. a. (2013). Rare Species Support Vulnerable Functions in High-Diversity Ecosystems. PLoS Biology 11.

NOU (2013). NOU Norges offentlige utredninger 2013: 10 Naturens goder om verdier av økosystemtjenester.

Oliver, T. H., Heard, M. S., Isaac, N. J. B., Roy, D. B., Procter, D., Eigenbrod, F., … Bullock, J. M. (2015). Biodiversity and Resilience of Ecosystem Functions. Trends in Ecology & Evolution 30: 673–684.

Pimm, S. L., Jenkins, C. N., Abell, R., Brooks, T. M., Gittleman, J. L., Joppa, L. N., … Sexton, J. O. (2014). The biodiversity of species and their rates of extinction, distribution, and protection. Science 344.

Scheffer, M., Carpenter, S., Foley, J. A., Folke, C. & Walker, B. (2001). Catastrophic shifts in ecosystems. Nature 413: 591–596.

Socolar, J. B., Gilroy, J. J., Kunin, W. E. & Edwards, D. P. (2016). How should beta-diversity inform biodiversity conservation? Trends in Ecology and Evolution.

Svensen, H. H., Eriksen, T.H., og Hessen, D.O. (2016). En røff guide til antropocen. Nytt Norsk Tidsskrift 33: 71–83.

Tilman, D., Isbell, F. & Cowles, J. M. (2014). Biodiversity and Ecosystem Functioning. Annual Review of Ecology, Evolution, and Systematics 45: 471–493.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram