Frå Utgåve 2-17
Skrive av Karl Egil Johansen

Puritanarar, pietistar og alkoholen

Mange trur at fråhaldsrørsla er eit særnorsk fenomen, oppfunnen av pietistar på Vestlandet. Det stemmer slett ikkje. Kampen mot styggedomen tok til ein heilt annan stad – i USA.

 

Etter andre verdskrigen gjekk den amerikanske sosiologen og antropologen David Rodnick i gang med eit storstila studium av europiske land og kulturar. Eitt av resultata var boka The Norwegians: A Study In National Culture (1955). På Vestlandet besøkte Rodnick blant anna Ålesund. Noko av det han la merke til, både i byen og omlandet, var den restriktive haldninga til alkohol. Fulle folk var sjeldan å sjå i gatene, og dei som tok seg ein dram, gjorde det helst heime og ute av syne for naboens vaktsame auge. Rodnick kopla dette fenomenet til at dei hadde ei religiøs eller kristeleg orientering.[i]

Dette var inga ny oppdaging eller nytt særtrekk ved Ålesund og Sunnmøre. Slik var det også i andre område der den pietistiske lekmannsrørsla la rammene for kultur og levemåte. Særleg på Vestlandet og blant læstadianarar i Nord-Noreg var desse to tinga nært kopla. I ein av dei mest refererte artiklane i Syn og Segn si historie, sosiologen Gabriel Øidnes artikkel «Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet» i 1957, skriv Øidne at det var vanskeleg for kystfolket på Vestlandet å klare seg berre med dei ti bod. Som eit ellevte bod ville dei gjerne supplere med dette: «Du skal ikkje nyte alkohol».[ii] Sjølv dei som ikkje hadde sin faste gang på bedehuset eller på andre måtar signaliserte kristen tru og livsstil, var prega av dette. Få av dei som kjende trong til ein tår, drakk openlyst. I staden fann dei seg eit ærend i kjellaren eller i løa, der dei hadde gøymt bort dei «ulovlege» drikkevarene.

Som eit ellevte bod ville dei gjerne supplere med dette: «Du skal ikkje nyte alkohol.»

I eit historisk perspektiv er likevel fråhaldstanken eit relativt nytt fenomen, og heller inga sunnmørsk eller vestlandsk «oppfinning». Lenge såg verken den katolske eller protestantiske kyrkja på alkoholbruk som noko problem. Drukkenskap vart rett nok ikkje godteke, men det vart forklart meir som mangel på sjølvkontroll hos den enkelte enn som eit samfunnsproblem. Av reformatorane skal særleg Martin Luther ha hatt eit betydeleg forbruk av øl. Dei nye åndsretningane som på slutten av 1500-talet og 1600-talet, fyrst puritanismen på engelsk, kalvinsk grunn, og seinare pietismen på tysk, luthersk grunn, fann heller ikkje noko negativt i bruk av alkohol. Tvert om vart øl, som det vart konsumert mest av, rekna som ein særleg sunn og næringsrik drikk, på tysk «flüssiges Brot». I mange byar og tettbygde område var dessutan drikkevatnet så forureina at ølet av den grunn var nødvendig.

 

«THE GOOD CREATURE OF GOD»

Dei som utvandra til USA, tok med seg denne haldninga. Då Arabella, flaggskipet i den elleve skip store Winthrop Fleet, i 1630 førte nokre av dei fyrste puritanarane frå England over til USA, var øl den viktigaste drikkevara. Med seg frakta dei 10 000 gallon eller ca. 38 000 liter øl, forutan malt for ekstra brygging om bord og ikkje så lite brennevin. Og det meste skal ha blitt konsumert før passasjerar og mannskap, truleg ein stad mellom 250 og 300 personar, nådde hamn i Massachusetts sju veker seinare.[iii] Det betyr i så fall eit gjennomsnittleg ølkonsum på minst eit par liter dagleg per person, og då er brygging av øl om bord ikkje medrekna. No må det seiast at ølet på den tida varierte i styrke, og med eit slikt konsum kan vel neppe ølet på Arabella ha vore av det sterkaste slaget.[iv] At born også vart serverte øl, peikar i same lei.

Rom i USA kom til å bli eit symbol på europeisk kolonialisme, mens whisky vart marknadsført og oppfatta av forbrukarane som ein særleg patriotisk drikk.

Det store ølkonsumet heldt fram i Amerika. Det meste drakk ein i heimane i samband med måltida. Men ikkje berre der: Då engelske puritanarar i 1636 grunnla eit college for utdanning av prestar i Harvard, det som etter kvart vart til Harvard University, skal eit bryggeri som skulle sørge for øl til studentane, ha vore ein av dei fyrste bygningane. Nokre tiår seinare gav den puritanske presten Increase Mather, rektor og sjefsadministrator ved institusjonen, ut eit skrift der han åtvara mot drukkenskap, men like fullt hevda at alkohol var ei god Guds gåve: «Drink is in itself a good creature of God, and to be received with thankfulness.»[v] Etter kvart, og særleg mot slutten av 1700-talet, kom det også til ein kraftig auke i brennevinsforbruket i USA. Dette hadde ein heilt spesiell grunn.

Tradisjonelt hadde det meste av brennevinskonsumet i USA vore rom. No tok whisky gradvis meir over. Det hadde samanheng med koloniseringa vest for Appalachane, særleg av Pennsylvania, Ohio og Kentucky. Den grøderike jorda her førte til ein veldig auke i produksjonen av mais og kveite. Før det i 1825 vart opna ein kanal mellom Lake Erie og Hudson River, var det på grunn av fjella vanskeleg å transportere dette kornet tilbake til dei folkerike statane på austkysten. Transportvanskane gjorde at farmarane, mange av dei innvandrarar frå Skottland og Irland, tok til å produsere whisky av kornet, ei vare som var lettare og billegare å transportere. I desse områda vest for Appalachane fann dei alt dei trong til ein slik produksjon: i tillegg til korn ei overflod av vatn og rikeleg med brensel til destillasjonsapparata. Produksjonen vart så stor at whiskyprisen kom ned i 25–50 cent for éin gallon (3,8 liter).[vi] Med ei dagsløn på éin dollar kunne såleis dei dårleg betalte arbeidarane på farmane dagleg kjøpe minst fire–fem liter whisky. Utanom vatn var whisky det billegaste ein kunne drikke, billegare enn både te og kaffi.[vii]

Overgangen til whisky hadde også ein litt annan grunn. I USA drakk ein dels importert rom frå Storbritannia, dels var rommen eigenprodusert av importert melasse. Men under den amerikanske sjølvstendekrigen 1775–1783 stogga Storbritannia alle forsyningar til USA av både rom og melasse. Dette nasjonale aspektet førte til at rom i USA kom til å bli eit symbol på europeisk kolonialisme, mens whisky vart marknadsført og oppfatta av forbrukarane som ein særleg patriotisk drikk.[viii] Etter sjølvstendekrigen la dessutan amerikanske styresmakter høge avgifter på importen av både rom og melasse, noko som sjølvsagt fordyra rom endå meir samanlikna med whisky.

 

WHISKY-OPPRØRET I PENNSYLVANIA

No slapp heller ikkje whiskyprodusentane unna skattlegging. Skatten var dels uttrykk for eit ønske om å skape konkurransevilkår i samsvar med vilkåra for dei innanlandske produsentane av rom, som hadde blitt hardt råka av avgiftene på importert melasse. Men framfor alt hadde «whiskyskatten» samanheng med den enorme statsgjelda USA hadde etter sjølvstendekrigen. Alexander Hamilton, USAs fyrste finansminister og ein svært handlekraftig politikar, tvinga i denne situasjonen gjennom ei skattlegging av den aukande whiskyproduksjonen. Dette førte til kraftige reaksjonar, ikkje berre hos produsentane, men også hos forbrukarane. Det vart både klaga på at dette ikkje var i pakt med den frie, amerikanske konstitusjonen, og at skatten var usosial – rikfolket kunne framleis nyte sin dyre madeira, mens fattigfolk hadde mist sin billege whisky.[ix]

Protestane fekk sitt kraftigaste uttrykk under det såkalla Whisky-opprøret i Pennsylvania. Det heile starta straks skatten var innført i 1791. I oktober det året vart ein skatteinspektør dregen ut av senga og brennemerkt med glødande jern. I åra etter vart fleire inspektørar mishandla. I juli 1794 fekk ein av dei brent ned huset sitt. Nokre veker seinare samla ein stor styrke av væpna opprørarar seg i nærleiken av Pittsburgh. Fyrst etter at finansminister Hamilton fekk overtalt presidenten, George Washington, til å sende ein føderal styrke på 13 000 mann mot opprørarane, gav dei seg. Over hundre mann vart skulda for høgforræderi, men det var vanskeleg å finne vitne og prov for kva som hadde skjedd. To vart likevel dømde til døden, men benåda av presidenten, som nok hadde større sympati med opprørarane enn finansministeren. I alle høve starta Washington sitt eige whiskybrenneri etter at han var gått av som president (!).[x] I 1802 vart elles den upopulære whiskyskatten fjerna, etter tilråding frå den dåverande presidenten, Thomas Jefferson.

Den lette og billege tilgangen til whisky utkonkurrerte ikkje berre rom som det mest populære brennevinet. Det førte samtidig til ein auke i det totale konsumet. Utrekningar tyder på at det årlege konsumet av alkohol i 1790 låg på vel tre gallon, eller nærmare 12 liter, per innbyggjar, det meste frå brennevin. I 1830 hadde dette auka til 3,9 gallon, eller 14,7 liter, eller om lag tre gonger forbruket i USA i dag.[xi] Mens alkoholsvakt øl også hadde blitt gjeve til borna, var det aukande brennevinsforbruket i all hovudsak eit vaksenfenomen. Blir borna haldne utanfor og forbruket fordelt på alle frå 15 år og oppover, slik det er vanleg i dag, aukar gjennomsnittet til 7,1 gallon, eller ca. 27 liter rein alkohol per innbyggjar.[xii] Så mykje er det ikkje blitt drukke i USA verken før eller seinare. Av andre land det finst tal for, låg Frankrike og særleg Sverige endå høgare.[xiii] Det var denne utviklinga, med skadeverknader som vart stadig meir openberre, som gjorde at alkoholspørsmålet vart ei brennbar sak i USA, og etter kvart også i andre land.

 

FRÅHALDSTANKEN TEK FORM

Alt i 1606 hadde parlamentet i England vedteke ei lov som gjorde drukkenskap og overstadig drikking straffbart. I lovgjevinga for koloniane kom liknande føresegner. Tanken om eit absolutt forbod mot alkohol var likevel enno fjern. Det gjaldt å kontrollere og avgrense skadeverknadene – ikkje forby. Dette vart gjort med lisensordningar som regulerte talet på og typen av utsal. I tillegg vart det i enkelte område innført reglar for kor mykje alkohol det var lov å skjenke ut til kvar enkelt. I nokre koloniar fekk ikkje vanedrankarar lov til å kjøpe alkohol i det heile.

Med det aukande brennevinskonsumet på slutten av 1700-talet tok enkelte til å hevde at drikkinga ikkje berre var skadeleg for dei få, men for alle. Den mest kjende talsmannen for dette var ein lege i Pennsylvania, Benjamin Rush, som i 1784 gav ut ein pamflett der han gjorde greie for dei fysiske og mentale skadeverknadene av alkoholbruk. Rush skilde her mellom alkohol framstilt ved destillasjon, det vil seie brennevin, og svakare, alkoholhaldige drikkevarer framstilte ved gjæring, altså øl, sider og vin. Mens dei siste var næringsrike og nyttige, hadde brennevinet både akutte og langvarige skadeverknader, også for dei som ikkje drakk seg rusa, hevda Rush. I tillegg kom sosiale skadeverknader som fattigdom og kriminalitet. Rush ville derfor ha eit totalforbod mot brennevin.[xiv]

Somme meinte rett nok at eit forbod ikkje var nødvendig – måtehald måtte vere nok.

Med sin akademiske, vitskaplege stil nådde Rush ut til ein del med utdanning i høgare sosiale lag. Noka større tilslutning blant folk flest fekk han derimot ikkje. I 1789 konkluderte han med at argumentasjonen måtte bli meir moralsk. I åra etter fekk han stadig fleire prestar til å ta opp saka, ikkje berre ved å preike mot drukkenskap, men mot all bruk av brennevin. Det synte seg å vere eit klokt trekk – emosjonelle, moralske appellar hadde større effekt enn vitskaplege argument. Etter kvart vart det såleis danna ei rekkje foreiningar mot bruken av brennevin. Somme meinte rett nok at eit forbod ikkje var nødvendig – måtehald måtte vere nok.[xv] Øl, vin og sider var framleis «freda» som ufarlege drikkar, meir som eit grunnstoff eller forstadium til alkohol, i motsetning til alkohol framstilt ved destillasjon. Fyrst i 1820-åra synte kjemiske forsøk at dette ikkje var tilfelle.

 

FRÅ MÅTEHALD TIL «TEETOTALISM»

I heile denne perioden heldt auken i alkoholforbruket fram. Det la grunnlaget for andre og meir radikale organisasjonar. Den største og viktigaste var American Temperance Society, seinare American Temperance Union, danna i 1826. Denne organisasjonen skulle bli særdeles suksessrik og viktig. I 1835 var talet på foreiningar åtte tusen, med ca. fem millionar medlemmer, tolv prosent av den kvite befolkninga i USA på det tidspunktet. I staten New York var fleirtalet av legane og 85 prosent av prestane medlemmer.[xvi] I utgangspunktet var føremålet det same som Benjamin Rush hadde gått inn for, fråhald frå brennevin. Men dette synte seg i liten grad å hjelpe folk som hadde problem med å kontrollere alkoholforbruket. For dei nytta det ikkje å slutte med brennevin så lenge dei fritt kunne nyte øl og vin. Alt i byrjinga i 1830-åra gjekk derfor enkelte lokale foreiningar inn for teetotalism, fråhald frå alle typar alkohol. Denne tanken vann også fram på delstatsnivå, og på ein stor kongress i New York i 1836 gjorde også American Temperance Union vedtak om dette.[xvii]

Ein annan totalistorganisasjon var The Washingtonian Movement, danna i 1840. Namnet var til ære for George Washington, men kan ikkje ha hatt noko med Washington sitt standpunkt til alkohol å gjere – jf. brenneriet han starta etter at han gjekk av som president. Det spesielle for denne organisasjonen var at initiativet kom frå seks alkoholikarar i Baltimore, som kjende trong til eit fortruleg fellesskap der dei kunne støtte og hjelpe kvarandre. The Washingtonian Movement likna med andre ord på Anonyme Alkoholikarar, som vart danna nesten hundre år seinare.[xviii] Det kom også til andre organisasjonar. Samla reknar ein med at mellom fire og fem millionar amerikanarar skreiv under på totalfråhaldsløftet fram mot 1850. Samtidig minka det gjennomsnittlege forbruket av rein alkohol per innbyggjar til det halve, frå ca. fire gallon i 1830 til ca. to gallon i 1850.[xix]

Denne utviklinga er av mange historikarar blitt kopla til The Second Great Awakening, den kristne vekkinga som tok til i USA i 1790-åra og varte fram til ca. 1840. I alle høve sokna dei fleste både av leiarar og vanlege medlemmer i fråhaldsorganisasjonane til protestantiske kyrkjesamfunn, reformerte eller lutherske. Argumentasjon for fråhald var også sterkt prega av bibelske bilde og metaforar. Mens den puritanske rektoren ved prestecolleget i Harvard, Increase Mather, hadde sett på alkohol som Guds gode gåve, omtalte trusfellane hans to hundre år seinare alkohol som ein demon eller djevelens verk.

Argumentasjon for fråhald var også sterkt prega av bibelske bilde og metaforar.

No var likevel ikkje fråhaldssaka berre eit protestantisk fenomen. I desse åra slutta også katolikkar opp om kampen mot alkoholen. Det gjaldt i USA, og det gjaldt i andre land, ikkje minst i Irland. Ein irsk prest, Theobald Matthew (1790–1856), blir faktisk rekna som den kanskje fremste fråhaldsagitatoren nokosinne. Skal ein tru opplysningane om dette, så klarte «The Apostle of Temperance», som han blir kalla i katolsk samanheng, å få halve den irske befolkninga til å skrive under på fråhaldsløfte.[xx] Utanom Irland gjennomførte Matthew også store og suksessrike kampanjar i England, Skottland og USA. Forklaringane har variert. Som person har Matthew såleis blitt framstilt både som ein karismatisk messiasfigur og som ein moderniseringsagent.

 

KVINNENES KROSSTOG

Det høge medlemstalet i fråhaldsorganisasjonane kom mykje av at dei tidleg opna for at kvinner kunne bli medlemmer, dels i fellesforeiningar med menn, dels i eigne foreiningar. I fleire statar, særleg i nordaust, var kvinnene etter kvart i fleirtal. Både sosialt og elles hadde desse kvinnene svært ulik bakgrunn. Felles var ein sterk moralsk indignasjon og tru på at fråhald frå alkohol var redninga frå alt vondt: fattigdom, familievald og samfunnsoppløysing. Dette gav eit veldig potensial for å rekruttere mange som elles ikkje var så opptekne av samfunnsspørsmål. I ein større studie blir det hevda at fråhaldssaka førte til ei politisering av kvinnene i USA som langt overgjekk mobiliseringa som skjedde både i kampen mot slaveriet, og seinare i kampen for kvinneleg stemmerett.[xxi]

Kvinnene var ikkje berre mange. Dei var også dei mest pågåande, for ikkje å seie militante. Vinteren 1873–1874 sette dei i verk ein omfattande aksjon, kjent som Woman’s Temperance Crusade. Aksjonen, som skal ha vore den største kvinneaksjonen i USA på 1800-talet, starta spontant i småbyen Fredonia i staten New York, men spreidde seg til over 30 statar og meir enn 900 lokalsamfunn. Mønsteret var det same overalt. Det vart fyrst arrangert store demonstrasjonstog i gatene før kvinnene samla seg utanfor alkoholutsala, særleg dei såkalla «saloons». Her talte dei, her song dei salmar, og her bad dei, før dei invaderte lokala for å overtale eigarane til å slutte med alkoholsalet. Mottakinga varierte, men til tider vart kvinnene mål for steinkasting, rotne egg og bederva øl frå rasande eigarar og gjester som sette liten pris på damebesøket.

Den mest militante var Carry Nation (1846–1911), oppvaksen i små kår i Kentucky og utan særleg utdanning. Igjen og igjen invaderte ho alle slags lokale der ho trudde det vart selt alkohol. Med song og bøn, med taler og appellar, prøvde ho som andre kvinner å få eigarane til å slutte med alkoholsalet. Det spesielle med Carry Nation var eit meir handfast våpen – ei øks – som ho brukte til å knuse inventar og alt som fanst av drikkevarer. Skadeverket medførte fengselsopphald og dryge bøter. Bøtene vart betalte med honorar for foredrag ho heldt – og ved sal av små suvenirøkser! Sjølv vart ho fleire gonger utsett for drapsforsøk. Samtidig med denne kampen mot alkohol kjempa Carry Nation også hardt for kvinneleg stemmerett.[xxii]

Det spesielle med Carry Nation var eit meir handfast våpen – ei øks – som ho brukte til å knuse inventar og alt som fanst av drikkevarer.

Som ei følgje av kvinnekrosstoget mot alkohol vart det danna ein eigen fråhaldsorganisasjon for kvinner, Woman’s Christian Temperence Union.[xxiii] Denne organisasjonen fekk etter kvart internasjonal spreiing, særleg til engelskspråklege land, men også til Skandinavia, der ein tok namnet Kvite Band, etter eit kvitt band som vart brukt som symbol. Kvinnekrosstoget mot alkohol i 1873–1874 innleia elles ein ny fase i fråhaldskampen. Frå å vere ei sak med søkjelys på forbrukarane eller konsumentane, retta no kampen seg i hovudsak mot dei som selde alkohol. Målet var ikkje berre å få stengt saloonane, men å få slutt på alt sal av alkohol.

 

KAMPNE FOR TØRRLEGGING

Tanken om å få stengt alle kraner var ikkje ny. Allereie i 1851 vedtok staten Maine å forby all produksjon og sal av alkohol. Men dette møtte sterk motstand, særleg i arbeidarmiljøa i den største byen Portland, som hadde mange irske innvandrarar. I 1855 var stemninga under denne Portland Rum Riot blitt så oppøst at styresmaktene, på same måte som under Whisky-opprøret i Pennsylvania, sende militære troppar mot demonstrantane. Dei skaut jamvel med skarpt mot folkemengda, med det resultatet at ein mann vart drepen og sju såra. Dette var i 1855. Året etter, i 1856, vart forbodet oppheva.[xxiv]

Under borgarkrigen i 1860-åra kom forbodsspørsmålet meir i bakgrunnen. Men så snart krigen var over, vart kravet reist på ny og med større tyngde. I 1869 kom det eit eige forbodsparti, The Prohibition Party, under leiing av metodistpresten John Russel. Sjølv om medlemmene i dei protestantiske kyrkjene var for forbod, var dei fleste lite villige til å bryte med dei gamle partia sine, anten dei var republikanarar eller demokratar. I tillegg var forbodspartiet splitta i synet på mange andre saker, noko som til tider lamma partiarbeidet. Ei ny og meir radikal plattform i 1890-åra gjorde partiet endå mindre attraktivt for konservative kyrkjefolk. Partiet stilte også eigen kandidat ved presidentvala, men fekk aldri meir enn eit par prosent av røystene.[xxv]

Forbodspartiet var altså ingen suksess. Det var derimot ein ny organisasjon, danna i 1893, Anti-Saloon League (ASL), ei av dei mest vellukka pressgruppene i amerikansk historie. I motsetning til forbodspartiet var ASL berre oppteken av denne eine saka: å få slutt på alkoholsalet. Ein annan forskjell var forholdet til kyrkjene og presteskapet. Mens talsmenn for forbodspartiet heldt klar avstand til desse, etablerte ASL eit tett samarbeid. Dei gjekk så langt som til å erklære seg som «the Church in Action against the Saloon». I byrjinga var tre fjerdedelar av leiarane prestar, og blant funksjonærane utgjorde dei ein endå større del. Etter 1900 vart rekrutteringsgrunnlaget til leiarskapen utvida, men framleis utgjorde prestane den største gruppa.[xxvi]    

 

PRAGMATISME OG POLITISK PRESS

ASL gjekk direkte på kandidatane til dei store partia og spurde dei om deira haldning til forbodsspørsmålet. Svara vart publiserte, med tilråding om å stemme på dei, eller det motsette dersom svaret ikkje fall i smak. Ofte var demokratane og republikanarane så jamstore at desse tilrådingane var nok til å vippe resultatet den vegen dei ønskte. Dette gjaldt også interne val i partia.[xxvii] ASL brydde seg mindre om kandidatane var fråhaldsfolk for sin eigen del. Det var heller ikkje noko absolutt krav til medlemmene i organisasjonen. Strategien var med andre ord svært pragmatisk. Mykje av arbeidet skjedde lokalt med det mål å tørrleggje flest moglege lokalsamfunn. Først når ASL kjende seg rimeleg trygg på vinne fram med standpunktet sitt, kom kravet om avrøystingar og forbod på delstatnivå. Slik bygde dei seg gradvis opp, utan å risikere tilbakeslag som tapte avrøystingar lett kunne føre med seg.[xxviii] 

Trass i det mislukka forsøket med forbod i 1850-åra var Maine den fyrste staten som gjorde vedtak om forbod i denne fasen av forbodskampen. Det var i 1884. Fem år seinare, i 1889, følgde Nord-Dakota. I åra 1907–1909 gjorde seks statar til slike vedtak, alle i sør: Oklahoma, Tennessee, Georgia, Alabama, North Carolina og Mississippi. I stor grad var dette statar som, i tråd med ASL sin strategi, var blitt tørrlagde lokalt før forbodet vart nedfelt i lovgjevinga på delstatnivå. I alle sørstatane og i mange statar i det vestlege USA hadde forbodspolitikken oppslutning både på landet og i byane, mest i middelklassen. I dei folkerike statane i nordaust, derimot, var haldninga i byane mindre eintydig. Særleg innvandrarar frå Sør- og Aust-Europa, som samla seg i byane og utgjorde ein stor del av arbeidarklassen, var sjeldan fråhaldsfolk. Samtidig var haldningane i middelklassen litt på gli. Veksande velstand gjorde at puritanske verdiar som hardt arbeid og nøysemd kom under press. Stadig fleire kopla det gode liv til større forbruk, meir fritid og nyting av tilværet. Amerikanske historikarar har brukt omgrepet «kulturell modernisme» (cultural modernism).[xxix]

Særleg innvandrarar frå Sør- og Aust-Europa, som samla seg i byane og utgjorde ein stor del av arbeidarklassen, var sjeldan fråhaldsfolk.

Trass i forbod i ein del statar steig såleis det gjennomsnittlege alkoholforbruket i USA, frå sju–åtte liter rein alkohol for alle frå 15 år og oppover på slutten av 1800-talet, til 9,4 liter i 1910.[xxx] Til forskjell frå tidlegare vart det no drukke mest øl. Mens 4/5 av alkoholforbruket i 1870 kom av brennevin, stod øl for heile 3/5 i 1915. Sjølv om ein framleis låg langt under forbruket tidleg på 1800-talet (27 liter i 1830), tok forbodsfolket dette som eit illevarslande teikn og signal om at ein aukande del av folket såg fullstendig tørrlegging som ein utopi. Utfallet av ein del folkerøystingar skapte også uro. Sjølv om dei fleste statane der veljarane fekk seie meininga si, sa ja, vart det nei i fleire avrøystingar i store, folkerike statar. Dette gjaldt ikkje berre i nordaust, men også i California på vestkysten.

 

FORBOD MOT FLEIRTALSVILJEN?

Mykje kan tyde på at forbodsfolket aldri hadde eit fleirtal i det amerikanske folket bak seg. I alle fall forstod fråhaldsfolket at det ville bli vanskeleg å få fullt gjennomslag over heile USA for ei gradvis tørrlegging gjennom lokale og statlege forbod. Frå 1913 skifte derfor ASL strategi: No var kravet eit nasjonalt alkoholforbod. Å rette merksemda mot den enkelte folkevalde synte seg å vere ein suksessformel også her. Så kan ein sjølvsagt stille spørsmålet: Kvifor valde så mange i Kongressen – som sjølve ofte ikkje var fråhaldsfolk eingong – å gje etter for presset og lobbyverksemda til ASL?

Stigninga i alkoholforbruket etter 1900 var moderat, men synest likevel å ha skremt ein del politikarar, særleg auken i alkoholrelaterte sjukdommar og skadar. Amerikanske historikarar meiner likevel at dette ikkje kan ha vore avgjerande. Men alkoholspørsmålet vart kopla til eit anna fenomen i perioden: framgangen og radikaliseringa av amerikansk arbeidarrørsle. Denne radikaliseringa gav seg utslag i organisasjonar som Industrial Workers of the World, danna i Chicago i 1905, og tilspissa konfliktar mellom arbeid og kapital. I høgare sosiale lag kopla mange desse fenomena: arbeidarklassens alkoholforbruk og konfliktane i arbeidslivet. Tanken var at alkoholbruken gjorde arbeidarane kravstore og konfliktorienterte. Det handla om frykt. Undersøkingar i samtida synte nemleg at arbeidarhushalda brukte ein mindre del av inntektene til alkohol enn andre sosiale lag.[xxxi]

Når ASL fekk slikt gjennomslag, var det også fordi motparten deira, alkoholprodusentane, var splitta og ikkje klarte å samle seg om ein felles strategi. Særleg distanserte bryggeria seg frå brenneria og hevda at øl, i motsetning til brennevin, nærmast var ein fråhaldsdrikk. Dei fråskreiv seg også ansvaret for overdriven skjenking i saloonane, sjølv om bryggeria åtte mange av desse. Samtidig vart forbodstanken styrkt av dei spesielle forholda under fyrste verdskrigen. Det gjaldt både det moralske aspektet, at ein måtte vere disiplinert og edrueleg i ein så alvorleg situasjon for landet, og det som hadde med matforsyninga å gjere. Det siste gjorde at det vart innført forbod mot destillasjon, i tillegg kom reduksjon av alkoholprosenten i øl, kortare opningstider for alle som selde alkohol, og forbod mot å servere alkohol nær militærbasar og til folk i uniform.[xxxii]

 

«THE MAN WHO TURNED OFF THE TAPS»

Forbodsfolket hadde i desse åra mange taleføre agitatorar. Ein av dei mest hardslåande var vekkingspredikanten William Ashley «Billy» Sunday (1862–1935). Etter ein svært suksessrik karriere som profesjonell baseballspelar vart han omvend og knytt til Chicago KFUM, der han fyrst assisterte ein kjend, eldre predikant. I 1903 vart han sjølv ordinert til prest i den presbyterianske kyrkja i Chicago. I si forkynning brukte han ofte metaforar frå baseballspelet, og det synte seg snart at mange ville lytte til den tidlegare baseballstjerna. Møtefrekvensen var formidabel – det blir hevda at han i alt skal ha halde om lag 20 000 taler. Særleg var han aktiv frå 1910 til 1920, og i nesten all si forkynning hamra han laus på alkoholen: «Eg går til ein familie som er i oppløysing, og spør: ‘Kva var grunnen?’ Drikking! Eg går fram til ein dødsdømt ung mann ved skafottet og seier: ‘Kva førte deg hit?’ Drikking! Kor kjem alt elende, sorg og korrupsjon frå? Det er alltid frå drikkinga. Whisky og øl er heilt greitt på sin plass, men plassen er i helvete.»[xxxiii]

Den fremste talsmannen og lobbyisten før innføringa av forbodet var likevel ein sakførar frå Ohio, Wayne B. Wheeler (1869–1927), de facto leiar av ASL i åra før forbodet. I barndomen hadde han blitt skada under arbeid heime på familiefarmen – ein arbeidar som var så rusa at han ikkje hadde kontroll på høygaffelen, kom til å stikke unge Wheeler i foten. Denne hendinga sette sine spor. Frå han som ungdom kom med i ASL, vart kampen mot alkohol altoppslukande i livet hans. I 1915 flytte Wheeler til Washington for å auke presset mot styresmaktene. Presset var så uthaldande og gav slike resultat at somme har omtalt det som wheelerism. Men slett ikkje alle tykte om Wheeler si verksemd. I ei av dei mest lesne bøkene om forbodet blir det teikna eit svært negativt bilde. Wheeler blir her kalla ein fullstendig omsynslaus manipulator med kontroll over seks kongressar og to presidentar, den myndigaste og mektigaste enkeltpersonen i USA i denne perioden («the most masterful and powerful single individual in United States»).[xxxiv]

«Whisky og øl er heilt greitt på sin plass, men plassen er i helvete.»

William Ashley «Billy» Sunday

Prinsippet om forbod vart vedteke av Kongressen i desember 1917 som det 18. tillegget til den amerikanske grunnlova. Forbodet gjaldt både produksjon, sal, transport, import og eksport av «intoxicating liquors». Stemmetala i Representanthuset var 282 for og 128 imot. Nokre fleire demokratar enn republikanarar stemte imot, men det var ingen stor skilnad på partia. Blant demokratane stemte 141 for og 64 imot, blant republikanarane 137 for og 37 imot (i tillegg kom nokre uavhengige representantar). Vedtaket var likevel ikkje gyldig før det var blitt ratifisert av 2/3 av alle statane. Det skjedde då Nebraska, som nummer 36 av 48 statar, ratifiserte grunnlovstillegget i januar 1919.

 

STRIDLYNT LUTHERANAR AV NORSK OPPHAV

Ei eiga lov gav detaljerte forskrifter for korleis prinsippet skulle utformast og implementerast i praksis. Ei slik lov, National Prohibition Act, vart vedteken i oktober 1919.[xxxv] Sjølv om Wayne Wheeler blir rekna for å vere sjefsarkitekten, vart denne lova snart kjend som The Volstead Act, etter formannen i justiskomiteen i Representanthuset, Andrew Volstead (1860–1947), som hadde ført lovteksten i pennen. Som Wheeler hadde han drive som sakførar før han vart dregen inn i politikken. I den nemnde boka om forbodet får Volstead ein nesten like nådelaus dom som Wheeler. Det heiter at Volstead var ein «obskur republikanar» og «ein stridlynt lutheranar av norsk opphav» («a dour Lutheran of Norwegian origin»)[xxxvi]. Volstead hadde altså norske røter. Faren hadde utvandra frå garden Vrålstad i Drangedal i Telemark, mora frå Oslo.

Den 17. januar 1920 var det såleis slutt på alt alkoholsal i USA. Norskætta Volstead og hans våpenbrør i kampen for forbod hadde store forventningar til kva dette kom til å bety. Sjølv om forbodet nok hadde sine positive sider, som forbodsfolket gjerne framheva, tok det likevel ikkje lang tid før både han og andre forkjemparar for forbod måtte innsjå at forbodet hadde store skadeverknader, blant anna, eller kanskje fyrst og fremst, ein akselererande kriminalitet. Under den store depresjonen kom det dessutan fram kor mange arbeidsplassar som var gått tapt i bryggeriindustrien og i brenneria. I 1933 vart derfor forbodet oppheva. Andre land som innførte forbod, mellom dei vårt eige, gjorde også mange negative erfaringar. Lengst stod forbodet på den grøne øya vest i havet, Færøyane. Ved ei folkerøysting her i 1907 gjekk heile 96 prosent av færøyingane inn for forbod – eit forbod som stod seg heilt til 1997. Men det er ei anna historie.


NOTAR:

[i] D. Rodnick, The Norwegians: A Study In National Culture. 1955: 102.

[ii] G. Øidne: Litt om motsetninga mellom Vestlandet og Austlandet. Syn og Segn, nr. 3 1957: 4–5. Øidne brukar ikkje sjølv omgrepet «det ellevte bodet». Opphavsmannen til dette omgrepet er professor Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda, i artikkelen Region, kultur og økonomi. Nord-Vestlandet 1850–1975, i Nord-Vestlandet – liv laga? (red. H. Gammelsæter, O. Bukve, A. Løseth) Ålesund 2004: 30.

[iii] J.S. Blocker Jr, American Temperance Movements. Cycles of reform. Boston 1989: 3.

[iv] Om ølbrygging fram til 1500-talet, sjå Lexikon des Mittelalters. 2. Stuttgart 1999: 136–137.

[v] I. Mather, Wo to Drunkards. Her sitert etter M.E. Lender and J. Kirby Martin, Drinking in America. A History. New York–London 1982: 1.

[vi] Ein viss skilnad var det likevel. På Dei britiske øyane var produksjonen av whisky basert på bygg som råstoff, i USA på mais og kveite. Produksjonsmåten var også litt ulik. Blant anna vart den britiske byggwhiskyen basert på såkalla «malting», ein prosess som får kornet til å spire (– av dette namnet maltwhisky) og destillert to gonger, mens den amerikanske kornwhiskyen (grainwhisky) berre vart destillert éin gong.

[vii]Alcohol and Temperance in Modern History. An International Encyclopedia. Volume I. (J. S. Blocker Jr., D. M. Fahey and I.R. Tyrell, Editors). Santa Barbra, California 2003: 23.

[viii] W.J. Rorbaugh, The Alcoholic Republic. An American tradition. New York/Oxford 1979: 81.

[ix] Rorbaugh 1979: 56.

[x] Rorbaugh 1979: 55.

[xi] Blocker Jr. 1989: 10.

[xii] Rorbaugh 1979: Appendix One, Table 1.1, s. 232–233. Sjå også Dictionary of American History 2003, http://www.encyclopedia.com/topic/temperance_movements.aspx

[xiii] For Sverige sin del finst det eit overslag for 1829 på heile 46 liter rein alkohol per innbyggjar, eller over 80 liter, om vi fordeler kvantumet på alle frå 15 år og oppover. I eit verk om svensk alkoholpolitikk heiter det rett nok at dette overslaget byggjer på «ett bräckligt material» og er svært usikkert. Forsiktigare overslag tyder på at forbruket kring 1850 var minimum 20 liter per innbyggjar, eller ca. 36 liter for dei frå 15 år og oppover. I så fall låg også dette betydeleg over det amerikanske forbruket. S. Nycander, Svenskarna och spriten. Alkoholpolitikk 1885–1895. Malmø 1996: 16.

[xiv] Blocker Jr. 1989: 7.

[xv] Rorbaugh 1979: 45–46. og 191–192.

[xvi] Blocker Jr. 1989: 13.

[xvii] Blocker Jr. 1989: 20.

[xviii] M.A. Maxwell, The Washingtonian Movement, i Quarterly Journal of Studies on Alcohol. Vol 11. 1950: 410 ff.

[xix] Rorbaugh 1979. Appendix one. Table  A.1.1: 232.

[xx]Alcohol and Temperance in Modern History. An International Encyclopedia. Volume II. 2003: 402–404.

[xxi] C.G. Murdock, Domesticating Drinking. Women, Men and Alcohol in America 1870–1940. Baltimore 2002: 9.

[xxii] https://global.britannica.com/biography/Carry-Nation

[xxiii]Alcohol and Temperance in Modern History. An International Encyclopedia. Volume II.2003: 679–685.

[xxiv] Blocker JR. 1989: 30–34.

[xxv]Alcohol and Temperance in Modern History. An International Encyclopedia. Volume II.2003: 493–495.

[xxvi] Blocker Jr. 1989: 102–103.

[xxvii] C. García-Jemeno, The Political Economy of Moral Conflict: An Empirical Study of Learning and Law Enforcement under Prohibition, i Econometrica. Journal of Econometric Society. Vol. 84 No.2 (March 2016): 516.

[xxviii] Blocker Jr. 1989: 104–105.

[xxix] Blocker Jr. 1989: 110.

[xxx] Rorbaugh 1979: Appendix One, Table 1.1, s. 232–233.

[xxxi] Blocker Jr. 1989: 117.

[xxxii] Blocker Jr. 1989: 117–118.

[xxxiii] https://nowtheendbegins.com/pages/preachers/billy-sunday.htm

[xxxiv] E. Behr, Prohibition. The 13 Years that changed America. London 1997: 59.

[xxxv]Alcohol and Temperance in Modern History. An International Encyclopedia. Volume I. 2003: 114, Volume II. 2003: 707 ff.

[xxxvi] Behr 1997: 82.

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797