Frå Utgåve 2-17
Skrive av Runar Jordåen

Arktisk homokamp

Då ein organisert homokamp starta i Noreg i 1950, var det i eit samfunn som både kriminaliserte likekjønna seksualitet og såg det som djupt forkasteleg. Før dette hadde knapt nokon våga heva røysta. Eitt av særs få unntak var ein ung, radikal lærar i ei lita bygd i Nord-Troms.

 

På byrjinga av 1920-talet kom den unge altaværingen Alf Martin Jæger til bygda Oksfjordhamn i Nord-Troms. Medan han budde her, skreiv han to små romanar om livsvilkåra for unge menn som elska andre menn. Trass i ein tragisk tone skil bøkene seg frå det som tidlegare hadde vore skrive om temaet, ved at alternative og meir positive utfall blir antyda.

 

STRENGEN BRAST

Den første boka, kortromanen Strengen brast frå 1923, handlar om Leif Wang, ein ung mann som kjem som lærar til ei lita bygd nordpå og her forlovar seg med ei ung jente ved namn Agnes. Jæger lar oss følgja Leif sin indre kamp – han er glad i Agnes, men det er noko som ikkje stemmer.

På ein vandretur møter han ein kar ved namn Øistein. Dei møtest på ei hytte på fjellet, skjerma frå bygda og samfunnet, og Øistein er opptatt av at folk ofte snakkar om ting dei ikkje har greie på. Leif svarer at det bur så mykje rart i ei menneskesjel. Og han held fram: «En handling kan av andre mennesker betragtes som synd uten at den behøver at være det.» Etter eit linjeskift og tre tankestrekar kjem følgjande setning: «Den natten laa Øistein og Leif i samme køie.»

Me får ikkje vita meir om relasjonen mellom dei to mennene. Leif vender attende til bygda, og etter kvart bryt han forlovinga med si Agnes, «som dog var av en anden natur end ham», fordi han ikkje vil byggja ekteskapet på ei løgn. I kjølvatnet av brotet søkk Leif ned i tankar, han legg ut på ei reise, og boka endar med at hovudpersonen kastar seg over bord frå Hurtigruta.

Strengen brast kom ut på eit relativt nyetablert forlag, Norske forfatteres forlag, Walter Øverland, som var kjent for å vera eit lågterskeltilbod for unge, uetablerte forfattarspirer. I Arbeiderbladet si melding av Strengen brast blei forfattaren presentert som uferdig, men talentfull: «Han har uten tvil et ikke litet lyrisk talent; men det må ha sin tid til uthamring og full nyttiggjørelse.»[1]

Det homoseksuelle motivet i boka er ikkje heilt eksplisitt, men antydningane er sterke nok. I Balsfjord, der Jæger hadde vore lærar før han kom til Oksfjordhamn, skapte utgivinga ikkje liten brudulje. Jæger hadde vore forlova med ei jente der, folk las boka som ein nøkkelroman, kjende seg att i handlinga. Den forlatne kvinna var rasande.

 

BARNDOM OG BAKGRUNN

Alf Martin Jæger var ikkje heilt ukjend før 1923. I Arbeiderbladet blei han presentert som ei velkjend røyst i arbeidarpressa som frå tid til anna hadde levert «skildringer og prosadikt fra det store eventyrland der nord under midnattsolen».

Jæger var finnmarking, fødd i Alta i 1895 som «uekte» son av smeden Martin Aleksander Jæger frå Hammerfest og småbrukardottera Anne Katrine Mikkelsen frå Øvre Alta. Her vaks Jæger opp på eit småbruk saman med mora og besteforeldra. Alta var ei fleirkulturell bygd, med sterke samiske og kvenske innslag. Alf Martin hadde sjølv kvensk bakgrunn på morssida og kunne forstå litt av språket.[2]

Alf Martin var glad i skulen og likte best faga norsk og historie. Han abonnerte på Børnetidende og las «indianerhefter» og bøker som blei selde av omreisande forhandlarar. Han var mest glad i klassisk barnelitteratur som han fekk tak i på skulebiblioteket, blant anna Onkel Toms hytte.[3]

 

«GREPET AV DEN SOCIALISTISKE LÆRE»

Alf Martin Jæger skriv ein stad om korleis han «som ganske ung blev […] grepet av den socialistiske lære. Det var ikke mindst det frisind og den toleranse som bekjendere av socialismen viste anderledes tænkende jeg følte mig tiltalt av».[4] Avgjerande for denne utviklinga var at han tidleg kom i kontakt med Ellisif Wessel, legefrue i Kirkenes og glødande sosialist.

Me anar korleis det frisinnet og den toleransen som trekte Jæger mot sosialismen hos han også blei knytt til denne dragninga mot ein ven og kamerat.

Hennar og mannen sin heim blei ein institusjon for nordnorsk arbeidarungdom med tilknyting til venstresida. Ein av desse var Alf Martin Jæger, som fekk sleppa til med fleire små prosatekster i tidsskriftet Ellisif Wessel redigerte, Klasse mot klasse. Allereie her finn me antydningar til det temaet som skulle dominera forfattarskapen til Alf Martin Jæger. Dei einsame unge mennene hans hadde ein tendens til å trekka ut i naturen, slik me ser i denne tydeleg Walt Whitman-inspirerte passasjen frå 1915:

Jeg var alene. Ensom vandret jeg i skogene. Ensom… Og da lengtet jeg efter en fortrolig ven og kamerat. Og jeg ønsket at menneskene vilde lære aa holde av hverandre. Og jeg tænkte hvor deilig vilde livet ha været dersom alle var lykkelige og frie.[5]

Me anar korleis det frisinnet og den toleransen som trekte Jæger mot sosialismen, hos han også blei knytt til denne dragninga mot ein ven og kamerat: Sosialismen lovde ikkje berre materiell velstand, men bar også bod om ei framtid av lykke og fridom – også for Jæger sine plaga og grublande unge protagonistar.

 

«Å ARBEIDE FOR NORDLANDS BARN»

Den nordnorske bondestanden og arbeidarklassa var på byrjinga av 1900-talet i høg grad fødd inn i noko dei skulle bli verande i; avstanden til eit trygt og godt mellomklassetilvære var enorm. Men nokon fekk likevel høve til å legga ut på ei klassereise. Lærarskulane var eit springbrett for dette, men heller ikkje ei slik utdanning var utan vidare vidopen for folk frå små kår. For Jæger ser det ut for at kontakten med Wessel var avgjerande; ho skal ha hjelpt han økonomisk slik at han kunne byrja på lærarskulen i Tromsø, der han fullførte utdanninga si i 1918.

Allereie i 1917 fekk han eit vikariat ved Bomstad skule i Balsfjord, og i eit brev til skulestyret her i 1918 skreiv han at det kunne vera tungt å vera lærar nordpå, «en færdes jo blant ugjestmidle og halvvilde folkeslag».[6] Samstundes opplevde han det som eit kall å «arbeide for Nordlands barn», og han var levande opptatt av ein skule som sette borna i sentrum. «Bort med riset!» skreiv han i Nordlys i 1919 og karakteriserte dei som støtta pryling av «stakkars værgeløse barn», som umenneskelege og grufulle.[7]

Jæger skreiv titt og ofte i arbeidarrørsla sine aviser, og i Nordlys blei han fast bokmeldar i ei årrekkje. Han skreiv reiseskildringar, kom med poetiske bidrag og lyrisk naturprosa, og han deltok i ymse debattar om tidsaktuelle tema. Men det temaet som gjennomsyrar alle romanane han gav ut, har eg førebels ikkje funne spor etter i avisskriveria. Det var vel av ein slik art at han fann det best å ty til fiksjonen.

 

ODD LYNG

Strengen brast ser ikkje ut til å ha fått stor merksemd i nasjonale medium, men det er vel ikkje usannsynleg at den bruduljen som blei skapt i Balsfjord, i det minste gav gjenlyd i resten av landsdelen. Dette hindra ikkje Jæger frå å ta det heile eit hakk vidare i den neste romanen, som kom allereie året etter. Boka Odd Lyng utbroderte det homoseksuelle temaet i tydelege ordelag.

Ein roman om ung, likekjønna kjærleik kunne ikkje få ein lukkeleg slutt i 1924, det hadde vore for provoserande.

Hovudpersonen Odd Lyng kjem frå ei bygd i Nord-Noreg, men når me blir introduserte for han, er han i byrjinga av 20-åra og arbeider som journalist i Tromsø. Her treffer han Carsten Ulve, ein ung mann rundt dei 20. Dei innleier eit venskap, og me følgjer Odd medan han utviklar varme kjensler for Carsten. Det heile kulminerer under ei kinoframsyning, passande nok av ein film om «den perverse, ødelagte Caligula» og Romarrikets forfallstid. Jæger let hendene til dei to unge mennene møta kvarandre, og forteljaren kommenterer: «Hvis de hellige engler som vi læste om da vi var barn, hadde kunnet skue ind i Odds sjæl den kvelden, vilde de trykket sine hænder mot sine ansigter og vendt sig bort blussende av skam» (s. 24).

Biletet av desse hendene som møttest i ein kinosal i Tromsø, er kanskje den første nokolunde sympatiske skildringa av kjærleik mellom menn i norsk litteratur. Odd og Carsten si famlande og ganske uskuldige tilnærming i kinomørket er nok til at Odd blir kasta ut i fortviling og sjølvransaking. Han søker seg bort frå Tromsø, og i resten av boka følgjer me han i eit forsøk på å flykta frå eigne kjensler. Som i mykje av litteraturen frå denne tida opnar det seg ingen dører for ein realisert, likekjønna kjærleik. Men i motsetning til mykje av det andre som stod svart på kvitt, låg ikkje vekta hos Jæger på det håplause i homoseksualiteten i seg sjølv, men på dei ytre hindringane, som her uttrykt i ein av Lyngs indre monologar:

Men naar en nu engang er slik at en ikke kan bli tilfredsstillet uten netop [gjennom] det som menneskene har laget love imot, skal en da ikke ha lov til at følge sin naturs krav? Nei, en skal leve og lide. En skal lutres i en skjærsild – i et helvede her paa jorden. En skal være en forsagende asket som ikke forgriper sig paa andre mennesker (s. 55).

Odd gir etter mykje om og men til slutt uttrykk for sin kjærleik til Carsten i brevs form. Det heile endar dårleg; tilsvaret, der Carsten gjengjelder kjenslene, kjem dagen etter at Lyng på tragisk vis har gjort ende på lidingane sine. Ein roman om ung, likekjønna kjærleik kunne ikkje få ein lykkeleg slutt i 1924, det hadde vore for provoserande.

 

«AT HUSE HOMOSEKSUELLE TANKER»

At ein ung, nordnorsk folkeskulelærar kunne skriva ei bok som Odd Lyng i 1924, er ganske så oppsiktsvekkande. Rettnok har boka ein tragisk utgang som fortel oss at homoseksualiteten ikkje har livsens rett under dei eksisterande samfunnstilhøva. Men boka peiker tydeleg på det urimelege i dette. Skildringa av kjærleiken mellom Odd og Carsten er prega av sympati. Der homoseksualitet hadde vore tema i norsk skjønnlitteratur før 1924, hadde det vore innhylla i dekadanse; det kunne bli brukt som ein skrekkeffekt eller som eit symptom på undergang.[8] Odd Lyng var derimot ein fortvila, men relativt sympatisk ung mann med eit kjensleliv som støytte mot normene i samfunnet.

Jæger viser korleis Odd let seg prega av eit samfunn som undertrykker og kriminaliserer kjenslelivet hans. Etter at han dreg frå Tromsø, får han jobb i ei mindre arbeidaravis ein annan stad i Nord-Noreg. Her treffer han ein mann som er ein god del eldre. Dei blir fulle og går til sengs saman. Dagen etter reflekterer Odd over kva konsekvensar dette kunne ha for han. Han leitar i fortida, men finn ikkje noko anna tilfelle der lystene hadde ført til «graverende» handlingar. Då hadde han vel ikkje grunn til å frykta noko?

For at huse homoseksuelle tanker kunde da ikke være forbrydersk. Og likevel var det et ord som daglig stod for hans blik.

Sædelighetsforbrydelse [9]

Jæger uttrykker slik den frykta mange menn, som elska andre menn levde med på byrjinga av 1900-talet, frykta for avsløring, skandale og, i ytste konsekvens, for rettsvesenet.

Avisene omtalte ofte likekjønna seksualitet som ein variant av «sedelighetsforbrytelser», men frå kring 1906–1907 blei også det meir spesifikke og på dette tidspunktet nye omgrepet «homoseksualitet» brukt. Eit døme på dette er i Bergen i 1909, då ein av byens fremste borgarar blei avslørt for å ha forhold til unge menn. Arbeidarpartiet si dagsavis i byen, Arbeidet, gav saka brei dekning gjennom fleire veker, og overskrifta «homoskandale» lyste mot lesarane.[10] Samankoplinga av «homo» og «skandale» skulle dominera medieomtalen av likekjønna seksualitet til langt inn i etterkrigstida.

Jæger uttrykker slik den frykta mange menn som elska andre menn levde med på byrjinga av 1900-talet, frykta for avsløring, skandale og, i ytste konsekvens, for rettsvesenet. 

§ 213 i straffelova av 1902 gjorde sex mellom menn i prinsippet ulovleg: Paragrafen sa at utuktig omgang mellom menn kunne straffast med fengsel inntil eitt år. I praksis var det likevel svært sjeldan paragrafen blei brukt, påtale skulle berre skje når «almene hensyn» kravde det, definert som tilfelle der den eine parten var under 21 år eller der det på annan måte var vekt «offentlig forargelse». Paragrafen blei likevel oppfatta som eit avgjerande hinder for større aksept for homoseksualitet.

Likekjønna seksualitet hadde tradisjonelt blitt oppfatta som noko som handla om umoral: Fram til slutten av 1800-talet rådde eit system der likekjønna seksualitet blei rubrisert under omgrepet «sodomi» og oppfatta som ei syndig og kriminell handling. Men dette byrja no å bli utfordra av ein ny forståingsmåte, boren fram av psykiatrien: Den nye nemninga «homoseksualitet» handla om ein biologisk-psykologisk tilstand, ein arveleg eigenskap som førte til ein androgyn veremåte og ein avvikande seksualitet. Ideen om «seksuell legning» var slik fødd.

 

HOMOSEKSUALISME PÅ NORDNORSK

Den nye homoseksualitetsdiskursen førte ikkje berre til sjukleggjering og behandling. I Tyskland oppstod det rett før hundreårsskiftet ei rørsle for homoseksuelle der fødd sånn-argumentet blei brukt i arbeidet for avkriminalisering og større samfunnsmessig aksept. Frontfiguren for den tyske rørsla og det som gjerne blei kalla «homoseksualismen», legen Magnus Hirschfeld, såg på homoseksuelle som ein av fleire variantar av det han kalla kjønnslege eller seksuelle mellomtypar («sexuelle Zwischenstufen»), ofte popularisert under omgrepet «det tredje kjønn». Slagordet hans var «gjennom vitskap til rettferd»: fundamentet for den politiske kampen var kunnskapen om homoseksualitet som medfødd.

Odd Lyng kan seiast å vera eit innlegg i den same kampen som hadde fått eit organisert uttrykk i Tyskland, eit norsk bidrag til homoseksualismen, om ein vil. Passande nok markerer også boka første gong omgrepet «homoseksuell» første gong blei brukt i eit norsk skjønnlitterært verk. Jæger let dessutan Lyng forstå homoseksualiteten som noko ibuande, «sin naturs krav», og han reflekterer over om det kan vera ei følgje av dårleg innverknad i oppveksten eller «slegtsarv». «Gud, hvorfor skapte du mig som mand og gav mig en kvindes hjerte?» kunne Odd spørja i hirschfeldsk ånd.

Det var langt frå den pulserande storbyen Berlin til ei fattigsleg skulestove i Oksfjordhamn. Men historia om Jæger fortel oss at dei nye seksualpolitiske ideane hadde større rekkevidde kulturelt og geografisk enn det har vore vanleg å tru.

 

HERMAN BANG OG OSCAR WILDE

Korleis hadde så Alf Martin Jæger tileigna seg desse ideane? Kjeldene gir oss ikkje noko godt svar, men han kan ha funne inspirasjon i litteraturen. Framstillingar av den nye psykiatriske og sexologiske kunnskapen om homoseksualitet var ikkje utan vidare tilgjengeleg for allmugen, men ei bok som populariserte dette tankegodset, Det sexuelle Spørgsmaal av den sveitsiske sosialreformatoren og legen Auguste Forel, var gitt ut på norsk i 1913. Kan henda hadde Jæger òg fått intellektuelle impulsar i legeheimen Wessel i Kirkenes. Om dei to romanane var baserte på eigne kjensler og erfaringar, er det heller ikkje umogleg at Jæger har kjent til likesinna og utveksla erfaringar og kjensler med desse. Bøkene inneheld i alle høve referansar som avslører kjennskap til omgrep og tematikk. Ved eitt høve blir Odd samanlikna med den homoseksuelle danske forfattaren Herman Bang. Og Odd funderer på når menneska kjem «saa langt at de slutter at straffe for slike «forbrydelser» som Wilde blev dømt for» (s. 99).

Det ser ikkje ut til at Odd Lyng fekk særleg merksemd i samtida. Medan Arbeiderbladet omtalte debuten året før, har eg ikkje funne spor av den andre og nokre hakk meir velkomponerte romanen hans her. Kanskje var temaet denne gongen for tydeleg skildra.

Dei to romanane frå 1920-talet har ein tydeleg tendens: Det er opplagt at Jæger har ønskt å setja problem under debatt. Men debatten ser ut til å ha uteblitt; me kan berre spekulera på korleis bøkene har blitt mottatt.

 

SER DU EN STJERNE

Som Strengen brast kan òg Odd Lyng ha blitt lesen som ein nøkkelroman. I Tromsø bibliotek sitt eksemplar av boka har nokon skrive på stadnamn i margen med blyant. Nokon kan også ha kjent att forfattaren i Odd, sjølv om det ikkje er ein rein nøkkelroman (Odd Lyng var til dømes journalist og målar, ikkje lærar og forfattar). Sånn sett er det forbløffande at skriveria ikkje ser ut til å ha fått sosiale og yrkesmessige konsekvensar for Jæger: Han har endåtil vore såpass omtykt at han etter kvart blei vald inn i både skule- og kommunestyret i Skjervøy.

I 1935, 40 år gammal, gifta Alf Martin Jæger seg med lærarinna Aagot Josefsen (1896–1964) frå Helgøya i Karlsøy. Han beskreiv henne seinare som «en begavet kvinne» som var sosial engasjert og hadde interesse for litteratur.[11] Alf Martin og Aagot var blant dei evakuerte frå Nord-Troms i 1944, noko Jæger skreiv om i fleire avisartiklar.

Jæger bidrog utover 1930- og 1940-talet framleis hyppig med reiseskildringar, bokmeldingar og anna stoff i avisspaltene, men noka ny bok let venta på seg. Først i 1950 kom romanen Ser du en stjerne. Boka handlar om tolvåringen Sigfred, som blir glad i den jamaldrande Waldemar. Hovudpersonen er skildra som ein kjenslevar gut som erkjenner at han ikkje er som andre gutar, og som langsamt innser at kjenslene han har for Waldemar, ikkje er gjensidige. Slik sett er me igjen på det tragiske sporet. Men boka endar ikkje som romanane frå 1920-talet med sjølvmord, og om Sigfred er annleis og forelskinga ulykkeleg, er ikkje dermed håpet ute. Boka endar med desse linjene: «Men brant det ikke bak alle tåker en evighetsstjerne – en lykkestjerne – også for Sigfred» (s. 92).

 

«AAPENLYS AGITASJON»

Ein av dei som hadde lagt merke til Ser du en stjerne, var ein ung mann ved namn Rolf Løvaas (1923–1996). Han var nyvald formann i den norske avdelinga av Forbundet av 1948, ein skandinavisk homoorganisasjon. Han skreiv til Jæger og roste boka og forfattaren sin «dristighet». Jæger svarte at han var glad for dei rosande orda, men gjekk ikkje med på at han var spesielt dristig.[12] Han ville ikkje melda seg inn i Forbundet, men uttrykte støtte og håp om at det fekk driva si verksemd i fred for styresmaktene. I eit seinare brev uttrykte han seg noko meir tvilande – at eit slik forbund kunne føra til isolasjon: «Var det ikke bedre at der ble drevet aapenlys agitasjon for aa faa vekk denne lovparagrafen som er en skam for en kulturstat.»[13] Han trudde mange kunne tenka seg å skriva under på eit opprop mot paragrafen, slik det var skjedd i Tyskland for ein mannsalder sidan.

Korrespondansen enda etter fire brev, og det ser ikkje ut til at Jæger har engasjert seg meir i saka. Forbundet sitt danske medlemsblad, Vennen, var han ikkje særleg imponert over, det var for mykje «jammer og klynken» i eit forum som burde vera eit kampskrift, meinte han.[14]

Dei to romanane frå 1920-talet har ein tydeleg tendens: det er opplagt at Jæger har ønskt å setja problem under debatt. Men debatten ser ut til å ha uteblitt.

Jæger hadde knytt sin fascinasjon for sosialismen til det frisinnet og den toleransen han meinte å finna hos sosialistane. Men det var ingen politiske retningar eller parti som markerte noka offisiell støtte for større frisinn og toleranse andsynes seksuelle minoritetar i Jæger si levetid. Arbeidarrørsla kunne tvert om i mange samanhengar stempla homoseksualitet som eit uttrykk for borgarleg dekadanse som samfunnet måtte vernast mot. Nokre få personar med tilknyting til venstresida hadde likevel heva røysta og tatt til orde for avkriminalisering, dette gjaldt til dømes Karl Evang – ein person Jæger også nemnde som ein potensiell støttespelar for Løvaas og Forbundet.

Då Jæger skreiv breva til Løvaas, var han lærar i Ersfjord i Senja. Nokre år seinare busette han og Aagot seg på Røkland i Saltdal i Nordland. Aagot døydde her i 1964, Alf Martin tre år seinare.

 

SKEIV HISTORIE

Alf Martin Jæger sin forfattarskap var i stor grad gløymd før Jan Olav Gatland trekte han fram på byrjinga av 1990-talet. Og lite har vore kjent om livet hans, trass i at han var ein av svært få som våga å heva røysta mot straff og undertrykking av likekjønna seksualitet før 1950.

Jæger sitt engasjement sette ingen spor i form av lov- og haldningsendringar, men bøkene hans kan ha nådd nokon av dei det gjaldt. Dei både reflekterte og spreidde ein ny måte å forstå seksualitet på som på slutten av 1900-talet blei den dominerande – tanken om seksuell legning som medfødd.

Alf Martin Jæger var eksepsjonell ved at han skreiv ope om seksualitet på ein måte som lett måtte få folk til å spekulera på hans eige kjensleliv. Han tok i bruk ein argumentasjonsmåte som ein elles assosierer med Berlin og andre storbyar, og som seinare skulle utgjera eit fundament for den norske homorørsla.

Jæger hadde sin bakgrunn frå eit nordnorsk småbrukarsamfunn som var djupt prega av kulturmøta mellom det samiske, kvenske og norske. I bøkene hans finn me ambivalente haldningar til dette; folket og naturen i nord blei vekselvis romantisert og stereotypisert. På same vis blei homoseksualiteten framstilt på ein ambivalent måte: Odd Lyng blir framstilt som ein sympatisk ung mann, som ei kunstnarsjel som var «litt naragtig og for meget ‘kunstner’ i sin klædesdragt» (s. 22). Kinoscenen framstiller homoseksuell kjærleik på ein øm og sympatisk måte, men samtidig flimrar det over lerretet scenar av perversitet og dekadanse …

Om me skal forstå vår eiga tid og den historiske bakgrunnen for henne, trengst det ei forståing for og ein kritisk refleksjon over den nære fortida. I dette biletet høyrer også historia om korleis seksuelle identitetar i løpet av 1900-talet har oppstått og endra seg. Betre kjennskap til denne historia vil også gjera oss i stand til kritisk å reflektera over forteljingar og førestillingar om «vår vestlege» historie som ibuande open for seksuelt mangfald. Historia om Alf Martin Jæger fortel oss om ei einsleg røyst mot eit samfunn som sette svært strenge rammer for korleis kjønn og seksualitet kunne uttrykkast.



NOTAR:

[1] Arbeiderbladet 16.01.1924.

[2] Arbeiderbladet 08.08.1928.

[3] Norsk etnologisk granskning (NEG), svarskjema nr. 17554.

[4] Arbeiderbladet 17.10.1923.

[5] Klasse mot klasse III, s. 26.

[6] Interkommunalt arkiv i Troms: Balsfjord kommune: 215. Balsfjord skolestyre, arkiv 1918–23: Brev frå Alf Martin Jæger datert 1. juli 1918.

[7] Artikkelen kom også på trykk i andre arbeidaraviser, her sitert frå Bratsberg-Demokraten 09.10.1919.

[8] Lars Rune Waage, Skrekkens grenser. Seksualitet og tekstualitet i Sigurd Mathiesens forfatterskap. Dr. avhandling, Universitetet i Agder.

[9] (s. 107).

[10] Sjå t.d. Arbeidet 15., 18. og 19. mai 1909.

[11] Brev frå Jæger til Elna Eide Nilsen 10.01.1966 (digital kopi hos underteikna).

[12] Skeivt arkiv: Rolf Løvaas privatarkiv: Alf Martin Jæger til Rolf Løvaas 27/2 1951.

[13] Ibid: AMJ til RL 7/3 1952.

[14] Skeivt arkiv: Rolf Løvaas privatarkiv: Alf Martin Jæger til Rolf Løvaas 7/3 1952.

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797