Frå Utgåve 1-18
Skrive av Are Lövenörn Svendsen, Tore Nyseter, Kari Killèn

Barnevernet treng eit politisk akuttvedtak

Konkrete erfaringar frå fleire yrkesgrupper i og utanfor barnevernet dokumenterer alvorlege manglar ved rettssikkerheita og kompetansen i barnevernet, i tillegg til ei ueigna organisering. Kva må endrast?

 

Kari Killén (f. 1934), dr.philos, er forskar emeritus ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA med mangeårig klinisk praksis og undervising. Ho er forfattar av lærebøker og tidlegare president i den internasjonale organisasjonen om omsorgssvikt og overgrep mot barn (ISPCAN). Killén er styremedlem i KIB Norge.

Tore Nyseter (f. 1938) er forfattar, skribent og har mange års erfaring frå arbeid og utgreiingar i helse- og sosialsektoren. Han har mellom anna vore tidlegare sosialsjef og leiar av FoU-avdelinga i KS. I dag er han fagutvalsmedlem i KIB Norge.

Are Lövenörn Svendsen (f. 1978) er advokat og fungerande styreleiar i KIB Norge, som er eit nystarta tverrfagleg kompetansenettverk for kvalitet i barnevernet.

 

Ein seier ofte innanfor strafferetten at det er betre å la ti skyldige personar gå fri enn å dømme éin uskyldig. Korleis blir eit slikt prinsipp praktisert i det norske barnevernet? Er det slik at vi tenkjer det er betre å omsorgsplassere eitt barn for mykje enn eitt for lite? Eller tenkjer vi kanskje at det til og med er betre å plassere så mykje som fem eller ti barn for mykje enn eitt for lite?

Kompetansenettverket for kvalitet i barnevernet (KIB) er eit nystarta tverrfagleg kompetansenettverk for nettopp kvalitet i barnevern. Det vart stifta i 2017 og består av advokatar, barnehagelærarar, barnevernsarbeidarar, forskarar, helsesøstrer, legar, psykologar og andre faggrupper med klinisk erfaring. Kort fortalt er KIB bekymra for korleis dei grunnleggjande menneskerettane til norske barn og foreldre blir varetekne, og for mangelen på kompetente tverrfaglege tiltak inn i heimane. To av oss som skriv denne teksten, er òg med i styret i KIB.

Vi er ikkje åleine om å vere bekymra. Som nyleg beskrive i utgreiinga frå barnevaldsutvalet i 2017 og i rapportar frå Helsetilsynet, kjem det fram bekymringar som viser ei rekkje lovbrot frå barnevernet si side. Det er også kjent at det er ei mengd saker som i desse dagar skal prøvast i den europeiske menneskerettsdomstolen, der Noreg er skulda for lovbrot og for ikkje å følgje opp dei grunnleggjande menneskerettane til familien. Vidare veit vi at Noreg nyttar tvangsvedtak ved omsorgsplasseringar hyppigare enn andre nordiske land.[1]

KIB hevdar at omsorgsovertaking og akuttvedtak overfor barn og foreldre i dag blir gjort på sviktande fagleg grunnlag, noko som utilsikta fører til overgrep mot barn og biologiske foreldre. Basert på vår erfaring med ei mengd enkeltsaker, opplever KIB at systemet heller plasserer for mange barn, i staden for å plassere eitt for lite og heller kompensere med hjelp i heimen.

 

BEHOV FOR ENDRING

Det skjønnet som blir utøvd, først av barnevernet og sidan av domstolar, er krevjande og føreset betydeleg kompetanse og tverrfagleg tilnærming. Barnevernet og domstolane skal vurdere og tolke uttrykk i barnevernlova som til dømes «barnets beste», «nødvendig» eller «alvorlige mangler ved den daglige omsorg».

Vi er bekymra for at desse vurderingane blir gjorde i eit miljø prega av frykt og ukritisk tillit: frykt for det ukjende, mellom anna forhold ved foreldra og barna med særskilde behov, frykt kanskje for ein framand kultur, og elles for alle moglege former for omsorgssvikt som kan eller ikkje kan vere til stades. Og så er det den ukritiske tilliten vi møter i alle ledd i prosessen: tillit til staten, til barnevernet, til rettssystemet og til at barnas beste blir vareteke berre viss barna kjem seg bort frå foreldra og blir plasserte hos kompetente fosterforeldre. Barnevernet ville vel ikkje arbeide for å plassere desse barna bort frå foreldra om det ikkje var til «barnets beste» og heilt «nødvendig»?

Systemet kjem ikkje utanom skjønnsvurderingar, til dømes juridiske og faglege, som igjen leier til avgjerder som blir svært alvorlege for dei involverte familiane.

Med denne artikkelen ønskjer vi å belyse tre utvalde område der vi meiner det må gjerast ei endring dersom den grunnleggjande overordna retten til respekt for privatliv og familieliv, etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen, artikkel 8, skal kunne varetakast.

Områda er for det første ei styrking av rettssikkerheita, for det andre auka kunnskap og kompetanse i det utvida barnevernet, og for det tredje ei grundig omorganisering av heile barnevernssystemet. Mindre endringar enn dette vil truleg ende opp som sminke, brannsløkking eller illusjonar. Ansvaret for naudsynte endringar ligg hos statleg fagmyndigheit, utdanningsinstitusjonar, rettssystem og lovgivar.

 

EIT SIKKERHEITSNETT MED STORE HOL

Dersom det skulle vere slik at skjønnet og vurderingane som barnevernstenesta utfører, ikkje er tilstrekkeleg tufta på eit kompetent fagleg grunnlag, er det rettssystemet si oppgåve og fange dette opp og kome med korrigeringar. Rettssikkerheita skal gi familiar og involverte partar høve til å vurdere domstolsavgjerder på førehand. Domstolane skal sørgje for at same framgangsmåte og lovregulerte kriterium blir følgde. I rettssikkerheitsprinsippet ligg også retten til å kunne overprøve ei avgjerd. Kort oppsummert kan ein seie at rettssikkerheita skal gi partane ein «fair trial».

Det er tydeleg at politikarar og lovgivar også har sett utfordringar med rettssikkerheita i dagens praktisering av barnevernssystemet: Eit uttalt sentralt formål med den nye barnevernlova som snart kjem, er nettopp å styrkje rettssikkerheita til barn og foreldre, slik at menneskerettane samsvarer med Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

KIB meiner moglegheita som ei ny lov gir for ei slik endring og betring, skulle vore betre utnytta, i og med at den nye lova ikkje kjem til å endre på fleire av dei faktorane som truar rettssikkerheita i dag.

Advokatane og andre i KIB opplever på si side at rettssikkerheita i barnevernssakene ikkje er tilfredsstillande. I dag er rettssikkerheita i barnevernssaker som eit morkent sikkerheitsnett som sjølv ikkje den mest vågale akrobat ville nytte seg av.

Dei advokatane som jobbar med barnevernssaker for private partar, altså foreldre og barn, opplever at det er vanskeleg å drive advokatfirma med overskot om dei fleste sakene er barnevernssaker. Dette heng saman med honoreringsreglane: Dei gjer at ein advokat for foreldra i realiteten ofte vil jobbe mykje gratis og også for ein brøkdel av kva barnevernet sin advokat blir honorert med per time. Advokatane i KIB meiner betalinga til advokatar som representerer den private parten i barnevernssaker, truar rettssikkerheita, og det tiltrekkjer heller ikkje dei beste advokatane til å jobbe med fagfeltet. For mange fører den store påkjenninga frå dei tunge barnevernssakene, kombinert med dårleg betaling, til at dei gjerne sluttar eller gjer ein slumsete jobb.

Dei viktigaste bevisa i barnevernssakene er parts- og vitneforklaringar. Saman med dokumentbevis og tekniske bevis utgjer desse tre bevistypane grunnlaget for alle avgjerder i rettssystemet. Dersom parts- og vitneforklaringar blei lagra på lydopptak, ville dei vere eigna til å ansvarleggjere alle partar og vitne i ei sak, inkludert sakkunnige psykologar og dommarar.

Det blir ikkje gjort lyd- eller bildeopptak av forhandlingar i dag, korkje i fylkesnemnda eller i retten. I retten er dette – etter tvistelova – noko som skal praktiserast, men i fylkesnemnda gjeld ikkje kapittelet i tvistelova om lyd- og bildeopptak.

Ei stor utfordring for rettssikkerheita i barnevernssaker er det ujamne styrkeforholdet mellom barnevernet på den eine sida, og foreldra på den andre. Det er barnevernet som styrer prosessen. Det er barnevernet som innhentar bevisa, som sorterer bevisa, som skriv ned bevisa, som tolkar bevisa, som presenterer bevisa og i mange tilfelle skaper bevisa gjennom eige arbeid eller med å engasjere andre. Foreldre med anna morsmål får dessverre aldri omset bevisa, og sjeldan hentar dei inn kommentarar eller rettingar frå dei bevisa gjeld. Tillit manglar, og konflikt tiltek. Bevisa aukar. Sjansane til foreldre og barn minkar.

Ikkje berre oppstår problemet med at det er bukken som passar havresekken, men bukken sel av havren til private aktørar.

 

PROSESSEN, EIT TOG UTAN BREMSER

For å greie ut foreldra si omsorgsevne kan det oppnemnast ein sakkunnig psykolog. Dessverre er hovudregelen for fylkesnemnda (første instans i barnevernssaker) at ei oppnemning av sakkunnig psykolog berre skal skje unntaksvis. Får foreldra ikkje medhald i at det skal oppnemnast sakkunnig psykolog, må dei vente med å krevje slik oppnemning til det har vore ei rettsleg overprøving i tingretten. Dei må berre tape saka i fylkesnemnda først.

Etter tap i fylkesnemnda blir barna etter lova straks plasserte utanfor heimen i påvente av at saka kjem i tingretten. Før ei behandling i tingretten har barna gjerne budd utanfor heimen i minst 6–8 månader. I løpet av den tida har dei hatt samvær med foreldra annankvar eller tredjekvar månad, i to til fire timar, gjerne med tilsyn av barnevernet, som skriv rapportar. Foreldra får kanskje heller ikkje snakke morsmålet sitt i samværa, om det ikkje er norsk.

Dersom foreldra skulle vinne saka i tingretten, kan barnevernstenesta anke saka til lagmannsretten. Barna blir verande utanfor heimen fram til saka er rettskraftig, altså ferdigbehandla i rettssystemet.

Når saka kjem til behandling i lagmannsretten, har barna alt budd minst eitt år utanfor heimen. Sjølv om omsorga kanskje blir vurdert til å vere god nok hos foreldra, kan avgjerda bli at barna likevel ikkje kjem heim, fordi barna ikkje vil ha godt av eit brot med nytt miljø med fosterforeldre, ny skule eller barnehage, nye venner, nye aktivitetar osv.

Eitt år seinare igjen kan foreldra krevje ei tilbakeføring av barna. Men på denne tida har avstanden mellom foreldra og barna auka, og tilknytinga til nytt miljø har blitt sterkare og potensielt meir skadeleg å bryte opp frå. Barna skal bu i fosterheim eller institusjon til dei er myndige.

Systemet og prosessen fungerer som eit tog utan bremsar og utan ein ansvarleg person i førarvogna. Når toget først har starta, er det nærmast ustoppeleg. Toget er lasta med gode intensjonar, men er likevel fullt av utilsikta negative konsekvensar. Toget er utan tvil kostbart, både i form av pengar og menneskeverd. Og det er som aktive passasjerar på toget at vi ønskjer å vere ei stemme for vernet av familien som den grunnleggjande byggjesteinen i samfunnet.

Eit konkret forslag til endring og til styrking av rettssikkerheita er altså at det bør skje ei utjamning av maktforholdet mellom partane, slik at partar og prosessfullmektigar i barnevernssaker blir likestilte på alle område. Dette føreset også ei justering av dei økonomiske rammene for advokatane.

Aktørane i rettssalen må ansvarleggjerast ved at lydopptak blir påbode i alle barnevernssaker.

Det må etablerast ei ordning der sakkunnige psykologar og andre fagpersonar deltek tidleg i utgreiings- og rettleiingsprosessar, utan at det blir etablert uheldige band som er eigna til å svekkje tillit og habilitet.

Alle rettslege organ med avgjerdsmyndigheit må strengt krevje at barnevernstenesta følgjer prosessar og lover, som å bruke familie og nettverksplasseringar, bruke tolk, setje inn reelle og tilpassa hjelpetiltak i familien, eller at familien skal bli lovmessig følgd opp etter ei omsorgsplassering. Dersom det førekjem avvik frå barnevernstenesta, skal ikkje det rettslege organet nøle med å krevje at feila blir retta opp, og/eller at saka blir avlyst eller utsett.

 

KVAR ER KUNNSKAPEN?

Når vi veit at barn blir plasserte i fosterheim utan at det har vore gitt førebyggjande hjelp som står i forhold til behova hjå barna og foreldra, og når vi veit at mange barn blir fråtekne verdifulle nettverkspersonar som dei er knytte til, som foreldre, besteforeldre og søsken, alt på sviktande grunnlag, må vi spørje oss korleis dette kan skje. Vår påstand er at slike situasjonar oppstår ved at barnevernssystemet har manglande kompetanse, både når det gjeld forståing og relasjonar.

Endringar av dei langvarige og dokumenterte problema i barnevernet kan ikkje løysast berre ved nye reglar, rettleiingar og tilrådingar. Vi meiner at det er eit stort behov for auka kunnskap og kompetanse i barnevernet. Det betyr likevel ikkje at alt arbeid som blir gjort der, er utilstrekkeleg. Mange barn og foreldre får god nok hjelp. I denne teksten legg vi vekt på behovet for endring som må til for at alle barn skal få god nok hjelp.

Eit barnevern med mangelfull kompetanse, kombinert med formelle maktmiddel overfor familiar, er eit dårleg barnevern. Det fører dessutan til feilaktige avgjerder i fylkesnemnd og rettsapparat som svekkjer rettssikkerheita til barn og foreldre. Kombinasjonen av hjelp, kontroll og makt er problematisk.

Arbeid med utsette barn og familiar der det går føre seg ulike former for omsorgssvikt, vanstell, psykiske og fysiske overgrep, representerer dei mest krevjande, belastande, samansette og kompliserte oppgåvene i velferdssystemet vårt. Dette krev derfor allsidig og tverrfagleg kompetanse – ei heilskapleg tilnærming og relasjonskompetanse. Det er behov for nært samarbeid mellom jordmødrer, helsesøstrer, barnehagetilsette, lærarar, legar og tannlegar – alle som møter barn og foreldre i yrkeslivet sitt. Dei har behov for eit felles forståingsgrunnlag og relasjonskompetanse. Vi spør oss: Kvifor blir ikkje dette praktisert i dag?

Forståing handlar om å kunne bruke den kunnskapen som er tilgjengeleg, for å forstå foreldre, barn, nettverk, og dessutan kulturelle og sosiale forhold. Mange familiar opplever at fleire av desse føresetnadene manglar. Dermed blir kvaliteten på arbeidet svekt, og barnevernet får ikkje tillit.

Ein av dei viktigaste eigenskapane og ferdigheitene hjå tilsette i barnevernstenesta er relasjonskompetanse. Det handlar om å møte barn og familiar med eit positivt kjenslemessig engasjement, dvs. med openheit, tillit, innleving, respekt og audmjukheit. Det krev at eventuelle eigne haldningar, positive og negative fordommar, «synsingar» og «truer» må vike plass for kunnskapsforankra forståing som styrkjer empati. Haldningar og det å vere personleg eigna spelar ei stor og avgjerande rolle.

 

EI KJENSLEMESSIG UTFORDRING

Alle som arbeider med tunge og vanskelege saker der det er snakk om omsorgssvikt, blir kjenslemessig påverka av det. Det påverkar også yrkesutøvarens funksjon og relasjon til barn og foreldre. Integrering av kunnskapar om mellommenneskelege relasjonar føreset ein personleg utviklingsprosess hos utøvarane, der det står sentralt å bli medviten om kva eigne haldningar og livserfaringar betyr for forståing og fagleg funksjon. Dette er inga teoretisk øving.

Dette er arbeid som det blir forventa at nyutdanna menneske, gjerne med avgrensa treårig utdanning og lite livserfaring, skal makte. Det representerer store kjenslemessige og haldningsmessige utfordringar. Yrkesgruppa består stort sett av unge kvinner i stillingar med stor gjennomtrekk. Berre i næringa «institusjonar innanfor barne- og ungdomsvern» er den årlege gjennomtrekksraten høgare enn i det kommunale barnevernet. Høgast er gjennomtrekksraten i verksemder i det kommunale barnevernet med mellom 15 og 20 tilsette. Der er han på heile 40,5 prosent. Det er kanskje ikkje så rart at naudsynt kompetanse manglar når fartstida er så kort.

Ei rekkje undersøkingar, rapportar, evalueringar og dokument frå statleg myndigheit peikar også på dette og understrekar behovet for auka kompetanse. Men her dukkar det opp eit nytt problem. Det meste av det som blir skrive om auka kompetanse av dei som bør ha greie på det, har det til felles at det blir omtala i generelle vendingar, utan at innhaldet i kompetansekravet blir konkretisert. Dermed står vi på staden kvil.

 

LÆRE Å SJÅ OG FORSTÅ

Barnevernet lir av kunnskapsmangel og naudsynt kompetanse. Det er mykje meir kunnskap tilgjengeleg enn den som blir undervist ved undervisningsinstitusjonane her i landet. Det gjeld ikkje berre barnevernssystemet, men alle andre instansar og yrkesgrupper som møter barn og foreldre. Det gjeld jordmødrer, helsesøstrer, barnehagelærarar, barnepleiarar, barnetannlegar, barnevernarbeidarar, fysioterapeutar, legar, lærarar, psykologar, sosionomar og sjukepleiarar. Det finst også gode undersøkingsmetodar, førebyggande, pedagogiske og terapeutiske metodar som baserer seg på denne forståinga, men som ikkje blir nytta.

Forsking og faglitteratur om risiko og omsorgssvikt dokumenterer at omsorgssvikt er resultatet av eit komplekst årsaksforhold der både samfunn og kulturelle forhold, ytre stressfaktorar og samlivsforhold, og dessutan personlegdomsfaktorar hos både foreldre og barn, spelar inn. Kvar tyngda til kvar tid ligg, varierer frå éin familie til ein annan. Det er behov for forståing av foreldre og barn som strevar med liva sine, og hjelpebehova deira er forskjellige.

Forskinga og litteraturen dokumenterer også grundig dei alvorlege konsekvensane omsorgssvikt og overgrep har for barnet, ikkje berre når det gjeld psykisk helse og sosial utvikling, men også somatisk helse, som ungdom, vaksen og i neste generasjon.

Tilknytingsteori er ikkje ein einføtt teori. Han integrerer ei rekkje teoriar: etiologi (læra om dyrs utvikling og overleving), psykodynamisk teori, systemteori, kognitiv teori og utviklingspsykologi. No integrerer tilknytingsteori også hjerne- og traumeforsking. Dette er kunnskap som kan brukast i praksis og som må gå føre standardiserte manualar og byråkratiske retningslinjer.

Ved at barnevernstilsette får auka kunnskap og kompetanse, kan samfunnet i større grad unngå dei to ytterpunkta: på den eine sida plasseringar utanfor heimen og tiltak utan kompetente undersøkingar, og på den andre sida utilstrekkelege eller manglande undersøkingar og reaksjon på omsorgssvikt.

 

BEHOV FOR OMORGANISERING

Dersom den ønskte rettssikkerheita og kompetansen i barnevernet var grunnleggjande til stades, ville det kanskje ikkje vere så avgjerande korleis barnevernet var organisert. Men sidan verken rettssikkerheita eller kompetansen i dag er i nærleiken av å vere tilfredsstillande, er det endå viktigare at barnevernet er organisert på ein måte som kan gjere noko med dei andre manglane.

I 1900 innførte Noreg verjerådslova, som første land i verda med eit offentleg barnevern. Men først i 1953 fekk vi den første barnevernlova. Tidlegare var barnevernet ein del av kriminalpolitikken, og det blei sett på som ein del av samfunnet sitt reaksjonssystem overfor unge lovbrytarar (Bastøy, spesialskular og ungdomsfengsel). No blei det ein del av helse- og sosialpolitikken, og «barnets beste» og «førebyggjande arbeid» blei lansert som det ideologiske grunnlaget. Dette vekte internasjonal merksemd. Men arbeidet blei stort sett handtert av folkevalde organ, utan særleg fagleg bistand.

Det var først i midten av 1960-åra, med den nye sosialomsorgslova, at kommunane ble pålagde å ha eit sosialkontor med fagpersonale som også tok seg av barnevernssaker. Då barne- og ungdomspsykiatrien blei etablert på 1950-talet, var føresetnaden at han skulle hjelpe til i barnevernssaker. Det har ikkje skjedd i særleg grad. Det blei etablert ei eiga barnevernspedagogutdanning som mange meinte reduserte kunnskap og ferdigheiter når det gjeld arbeid med utsette barn og familiar. Ei rekkje utgreiingar om det faglege innhaldet i barnevernet har bore preg av å vere forankra i sosialpedagogisk tenking, noko som også er for snevert.

I 2004 blei det vedteke ei forvaltningsreform i barnevernet som innebar ei statleggjering av det tidlegare fylkeskommunale barnevernet og oppretting av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Barne-, og ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Noko av bakgrunnen var at fylkeskommunane ikkje fungerte slik ein ønskte. Formålet med reforma var å sikre betre fagleg og økonomisk styring, likeverdige tilbod, betre samarbeid og betre tenester, god kvalitet, fagleg vidareutvikling og betre samarbeid med tilgrensande tenester.

Det er fleire grunnar til at barnevernet må omorganiserast. Éin grunn er behovet for førebyggjande arbeid. Vi veit at tidleg hjelp kan hindre belastande rettssaker. Ein annan grunn er behovet for kvalitet i arbeidet med barn og familiar – kvalitet som er uløyseleg knytt til naudsynt kompetanse og det å vere personleg eigna. Mange opplever barnevernet som eit lukka system, utan moglegheit for innblikk og overprøving i prosessane og avgjerdene som blir tekne der. Ein organisasjon utan tilstrekkeleg kvalitetssikring og som tilsynelatande ikkje har dei naudsynte eigenskapane for læring og fornying, er ein organisasjon med ein ukultur som må endrast.

Den mangeårige intensjonen og målsetjinga til barnevernet om førebyggjande arbeid har aldri vore realisert. Årsakene er enkle: Den første er at barnevernet som hjelpande og førebyggjande instans først kjem inn i barnevernssaker når problema blir vanskelege og bekymringsmeldingar ligg føre. Då har gjerne barnet og foreldra hatt det problematisk i månader og kanskje år, og for sein intervenering betyr brannsløkking og ikkje førebygging. Dei instansane som møter dei utsette risikobarna i kvardagen deira, har ikkje hatt tilstrekkeleg opplæring i å sjå risiko- og overgrepssituasjonar. Dei manglar såleis fagkompetansen og er organiserte på måtar som gjer at det er vanskeleg å gripe inn. Det gjeld i særleg grad helsestasjonar, barnehagar, tannhelse og skular.

 

MÅ STARTE NO

Når ein ser på dei samansette problema som barnevernet representerer – alt frå mangelfull kompetanse til svekt rettssikkerheit – er det grunnlag for å hevde at det er naudsynt med ei ny organisering av barnevernsarbeidet i tillegg til nye kompetansekrav. I dag er følgjande instansar involverte i barnevernssaker (saker der barn blir utsette for risikofaktorar): barnevern, barnehagar, helsesøstrer, skule, barne- og ungdomspsykiatri, PPT, vaksenpsykiatri, private aktørar, fosterheimsteneste, helsevesen, sakkunnige, fylkesnemnder, rettsapparat, kriminalomsorg, Bufetat og Bufdir.

Det er KIBs oppfatning at barnevernet må integrerast i eit tverrfagleg familievern. Det vil også gjere det mogleg å satse på førebyggjande arbeid. Det vil innebere ei omfattande reorganisering av heile barnevernsfeltet, offentlege myndigheiter og ikkje minst utvikling av nye læreplanar. Ein slik prosess må starte no, og Stortinget må bidra til at det skjer i samband med den pågåande behandlinga av endringar i barnevernlova.

KIB foreslår til slutt at departementet oppnemner eit kompetent tverrfagleg og internasjonalt utval som skal sjå nærmare på organiseringa og praktiseringa av det utvida barnevernssystemet, mellom anna på kompetanse og rettssikkerheit. Danmark og Sverige har andre erfaringar med barnevern enn Noreg, og fagfolk også frå nabolanda våre bør inviterast til å vere med i ein slik granskingskommisjon.

 

[1] Referanse: Barnevern i de nordiske landene, NOVA-rapport  nr. 2/10