Frå Utgåve 1-18
Skrive av Knut Aastad Bråten

Råd til ein folkevald

Kva er viktig å hugse på for dei som vil utrette noko i lokalpolitikken?

 

Knut Aastad Bråten er redaktør i Syn og Segn. 

 

Det er kommuneval, og ein kar i nominasjonsnemnda vil ha meg med. «Du seier vel ja?» Eg er i starten av 20-åra og er utan politisk erfaring. Lokalpolitikk er ikkje mi greie. Kanskje er eg fordomsfull overfor han og ho som engasjerer seg så inderleg vel, og som flyg på møte kvar kveld? 

Kva visste eg eigentleg om lokalpolitikk den gongen?

Eg har tidlegare skrive om lokalpolitikk og om gleda over å vere del av kommunestyret. Neste år er det kommuneval, og mange ynskjer å vere med – eller dei lèt seg overtale til å vere såkalla listefyll. Kommunepolitikken engasjerer 11 000 lokalpolitikarar i landet kvart år. Mange av dei er ferske og utan erfaring. Kva er viktig å hugse på for ho som skal bli lokalpolitikar?

Heilskap: Kommunepolitikk er heilskap og heile samfunn og omfattar alle sidene av livet til dei som bur i kommunen. Sakene er både enkle og omfattande, lokale og nasjonale, mange av dei er av prinsipiell karakter. Lokalpolitikaren må makte å balansere og sameine perspektiv som ikkje går i hop av seg sjølv, sjå det universelle i det nære, tenkje tidlaust om det timelege. Kven var det som snakka om å tenkje glokalt? Her er regelmessig gjennomgang av planar og delingssaker, byggjesaker og klagesaker. Og diskusjonar om eigedomsskatt, busetjing av flyktningar, sjukefråvær og innspel frå hytteeigarane. Lokalpolitikaren driv sjeldan eksklusiv sektorpolitikk. Lokalpolitikk er å meine noko om alt, tvinge seg til å forstå og å ta stilling til saker som du i utgangspunktet aldri hadde meint å ta stilling til.

Forankring: Dei politiske prosessane er … langdryge og skil seg frå tempoet elles i samfunnet. Politikken blir styrt etter eit planverk og gjeld for mange, mange år av gangen. Er ikkje dei spenstige ideane dine forankra i planverket, seier du? Gløym det. Spontanpolitikk finst ikkje. Dei politiske prosessane snirklar seg framover i 30 kilometer i timen. Det blir ikkje revolusjon i Noreg med ein slik fart – dei konsensussøkjande prosessane hindrar det.

Kan vi gjere det på enklare måtar, lurer eg på.

«Politikk er for alvorleg til å bli overlate til politikarar», sa Charles de Gaulle. Alvoret reflekterer arbeidet vi held på med, og kva lokalpolitikken i røynda er tufta på: Politikarane forvaltar ressursane til fellesskapen. Dei skal tene borgarane og ta avgjersler på deira vegner. Slikt stiller høge krav til forankring. Alle skal med, og dei skal lyttast til. Eldreråd, naboar eller Fortidsminneforeininga. Det tek tid å samordne innspela og å ta tilstrekkeleg omsyn. Formalitetane set tolmodet på prøve, men er eit naudsynt tryggingsnett for å sjå til at det går rett føre seg.

Debatt: Eg har gjort det til ein fast rutine å meine noko på møta. Eller å stille spørsmål til ordføraren. Det er spennande å vere del av eit ordskifte. Nokon kallar det ein rus.

Temperaturen i kommunestyret blir kva du gjer det til. I einskilde saker er det lange debattar – med ikkje alltid, og ikkje med alle. Engasjementet er ikkje jamt fordelt. Her finst ho som flyg på talarstolen alltid. Og dei som aldri gjer det. Eg undrar meg over dei siste. Kvifor lèt dei anledninga til å meine noko viktig gå frå seg? Er terskelen for å uttrykkje seg for høg? Mange verkar redde for å seie noko feil eller å stille det dei trur er dumme spørsmål.

I ei sak på NRK 2. februar i år utfordrar ordførar Hedda Foss Five (Ap) krava i kommunelova og stengjer like godt dørene til dei offentlege møta. Grunn: «Ikke alle politikere takler oppmerksomheten like bra.» Ho får refs av Siri Gedde-Dahl i Pressens Offentlighetsutvalg: «Jeg kan godt forstå at de som er nye i politikken, kan synes det er uvant med åpenhet, men de må fort forstå at det er en del av den politiske virksomheten.»

Kommunestyret treng engasjerte menneske som ser verdien av å diskutere, som ynskjer å styrkje den demokratiske samtalen både i og utanfor kommunestyret.

Førebilete: Verda er full av sjølvoppnemnde førebilete og blir fylt opp med nye kvar dag. Ofte lurer eg på kva dei gjer der, alle saman. I 2015 kåra nettstaden Medier24 Sophie Elise Isachsen til den mektigaste kvinna i Medie-Noreg. Ho er eit førebilete for mange med store ambisjonar om å nå ut til folket, som ho skriv på bloggen sin. Kva slags førebilete ho ynskjer å vere, kjem ikkje klart fram. Uredde meiningar, kanskje?

For litt sidan arrangerte nokre av oss møte om den demokratiske samtalen. Det fekk meg til å tenkje på politikarane. Kva slags førebilete er dei? Kva slags førebilete skal dei vere?

Vaksne politikarar er ikkje alltid gode førebilete, dessverre. #metoo har synt manglande rutinar for handtering av krenkjande seksuell åtferd – og delar av innsida i eit maktpolitisk spel der toppane brukar ufine middel for å presse kvarandre ut. I heimkommunen er hersketeknikkar ein ikkje ukjend del av den politiske kvardagen. Kven vil vere med i slike forum?

Lokalpolitikarane kan ikkje vere feilfrie eller perfekte. Men dei må vise normal moral og etikk, vere til å stole på, opne om det politiske arbeidet, nokon å sjå opp til. Lokalpolitikarane er spydspissane i det lokalpolitiske arbeidet, og garantistar for eit levande og engasjert folkestyre. Dei er bindeledd mellom den offentlege forvaltninga og sivilsamfunnet. Det forpliktar – og difor må dei gå føre, vise ansvar.

Ombod: No og då tek innbyggjarar kontakt med meg for å dele bekymringar og tankar. Det er eg glad for. Politikarane er ombod for innbyggjarane og skal lytte til innbyggjarane og det dei har på hjartet. Sanningsgehalten i bekymringane kan vi ikkje alltid gå god for, det er det ordføraren gjennom rådmannen i kommunen som må gi oss svaret på. Som politikar er eg fri til å la vere å lytte til innspel frå innbyggjarane, eller eg kan bringe dei vidare til dei politiske foruma som finst. Samvitet mitt seier at eg bør gjere det siste.

Korleis du gjer det? Snakk med innbyggjarane i kommunen din, spør dei korleis det er å bu der, lytt til dei som tek kontakt, ver open for det dei har å kome med, ikkje møt innbyggjarane med ein vegg av svada og formalitetar, men snakk til dei slik at dei forstår deg – og ver ærleg nok til å seie meininga di dei gongene du er usamd.