Frå Utgåve 2-18
Skrive av Knut Aastad Bråten

Ein kresen nase

Eg er følsam for lukt. For gode og vonde lukter. Ikkje sjeldan er det lukta som grip meg: Lukt er stemningsskapande, og er med på å setje tonen i møte med andre menneske.

 

Knut Aastad Bråten er redaktør i Syn og Segn. 

 

Google gir råd om det meste. Kvardagar og alt som har med livet å gjere. Ei slags Klara Klok – ho vi spør dei gongene vi står fast. Om lukt, til dømes. Eit klikk, og eg kan velje mellom tusenvis av artiklar om luktfjernar og luktesalt, om dårleg lukt i underlivet, i bilen, på badet, i nasen, i skoa, eller i kjøleskap. For ikkje å gløyme dårleg lukt av urinen.

Lukt opptek oss. Den gode lukta, aller mest, men òg den problematiske, det som luktar vondt, som vi avskyr, og som det knyter seg skam til.

Luktesansen hjå menneska er viktig, men ikkje den viktigaste. Syn og høyrsel har stor betydning for oss i det daglege. Luktesansen i mindre grad. Det betyr ikkje at han er uviktig. Luktesansen er følsam og nøyaktig. Han skil mellom reint og ureint, mellom lukter det knyter seg fare eller ikkje fare til. Lat att augo. Kjenn lukta av rotne egg og bederva kjøt, av ammoniakk og kaustisk soda. Eller av røyk og eld. Luktesansen er ein reiskap vi styrer kvardagane våre etter.

Luktesansen er kroppens eige varslingssystem – og ein del av kulturen, kva vi er opplærte til å like og ikkje. Eit slags kulturelt kompass som er med på å definere luktene innanfor eller utanfor. Fjøslukt er greitt i fjøset, men ikkje inne. Andre lukter knyter det seg status til, og dei gjev anerkjenning. Og motsett: gjer meg flau og usikker. Lukta av gamal sveitte høver ikkje i teselskapet. Eksklusive dropar er sjølvsagt i moteverda, men ikkje blant tilsette i helsesektoren. «Denne osten er aldeles nydeleg», seier kelneren overtydande. Men sjølv om osten er dyr, smakar han forferdeleg. Lukt er biologi og kultur på same tid.

Og difor knyter det seg ambivalente kjensler til lukt. Ei mikroduft kan skilje mellom den gode stemninga og total audmjuking. Eit kompliment gjer meg glad og fornøgd. «Så godt det luktar av deg.» Og fyller oss med skam dei gongene det ikkje gjer det – eller eg kjenner eimen av vond lukt – av andre. Rosande ord om gode lukter er til for å delast. Sjeldan høyrer vi det motsette: Dei vonde luktene manglar eit språk, gjer oss tause og stille.

Lukter kjem, og dei forsvinn – men ikkje for godt. Innanfor nasen, godt gøymt i kroppslege minnekammer, finst eit finmaska system av sanseceller som kodar det som fer forbi, som sender signal til hjernen, og som like kjapt set deg i stemning.

Apropos stemning: Som linerla er lukta av gjødsel eit sikkert vårteikn. Møk, altså – som i skrivande stund blir spreidd over markene, som fyller hus og bygd med ei krevjande lukt du aldri slepp unna – og som, når regnet har gjort sitt – gjev liv til alt som veks og gror, og som gjer at vi på seinsommaren kan rope ut «så godt det luktar av denne enga» – utan eigentleg å ha skjønt noko som helst då det stinka som verst. Bygdas markør. Bygdas odør.

Nasen og luktesansen set oss i stemning, og får oss til å hugse. Gardungane med den stramme fjøslukta, Viggo med dei dampande foreldra. Av bestemor lukta det Lano og Spenol. Steikte kjøtkaker. Var det ei god lukt? Var det ei vond lukt?

Då er det annleis med hus og bygningar. Kafeen. Svømmehallen og biblioteket. Eller dei gongene eg set nasen innom fjøsdøra på den nedlagde stølen. Eg pustar inn – og trekker til meg luktene frå ei anna tid. Dei sit her enno, i veggane.

Det slo meg her om dagen kor godt det luktar av notidsmenneska. Parfyme og kremar, sjampo og balsam. På restaurantar og butikkar står det ein vegg av kjemisk framstilte lukter av blomar og sitrusfrukter, av lyng og lær. Jamvel på treningssentera rundt om i landet luktar det godt. Det skapte overskrifter då Thomas møtte opp med ei uvaska treningsjakke. Han fekk refs fordi det lukta av han. «Det kan ikke bli sånn at det ikke er rom for litt kroppslukt på et treningssenter», fortalde han til VG då historia vart kjent.

Den moderne tida luktar godt, og har skapt ein ny standard – med kresne nasar – for kva som er akseptable og ikkje akseptable lukter. I 2016 brukte vi 580 millionar kr på dufter, skriv Kosmetikkleverandørenes forening. Fleire blir ramma av intoleranse for parfyme og sterke dufter. Heile ein av fem kjenner seg plaga av parfymelukt frå andre, skriv Astma- og allergiforbundet. Blir det for mykje godlukt? Må det lukte godt av oss heile tida?

Eg er oppteken av personleg hygiene og at eg luktar godt. Eg vaskar meg kvar dag, sjølvsagt. Grundig. Kanskje i meste laget? Det gjekk så gale at eg måtte kjøpe ein spesialsjampo for sart hud. Kroppen var i ferd med å tørke ut, tolte ikkje dei sterke kjemisk framstilte produkta.

Si tid, si lukt. Nostalgikarane bryr seg sjeldan om fortidsluktene, men noko fortel meg at luktene var annleis før i tida. Kva lukta det av kleda til oldemor på det gamle fotoet? «Eg veit at mor kokte såpe, av feitt, kaustisk soda og dropar med lavendel», fortel far. Kva ho tenkte om reinhald og lukt, veit eg ikkje. Vaske seg gjorde ho, men eg kan aldri hugse at ho dusja.

Eilert Sundt var etnolog og skreiv om det sosiale stellet i landet. I Om Rensligheds-Stellet i Norge (1869) skriv han om vaskeskikkane: «Den almuesmand, som ikke vasker sig om lørdagen heller, overtræder skikken og gjør sig skyldig i grovt sluskeri.» Knut Hermundstad skriv i Ættararv (1950) at «det vart eit sers ureinsleg hus um dei gjekk med underkledi lenger enn ei veke». Og det var det same om kleda var bøtte, berre dei var reine, fortel ein slektning.

Berit på Pynte var skysskjerring og serveringsdame, busett på ein plass langs Den bergenske kongevegen. I den vesle stova tok ho imot gjestene, underheldt og fortalde historier. Ein av dei, journalist Anders Stilloff, let seg imponere, men noterte at Berit «stod opplagt ikke på noen intim fot med såpe og vann, og hennes en gang svarte vadmålsskjørt bar mange merker efter kampen for tilværelsen». Kva ho lukta, kan vi berre spekulere i. At ho lukta, er openbert.

Då den nye norske staten vart til i 1905, fekk Thor von Ditten i oppgåve å organisere det nye utanriksdepartementet. Frå Slottet kom det signal om at dronninga nødig ynskte utanriksminister Løvland til bords, skriv forfattaren Tor Bomann-Larsen. Ditten noterer: «Jeg forstaar, ti den fete gris transpirerer noe forskrekkelig.» (Vintertronen 2008)

Ingen ynskjer å lukte. Iallfall ikkje vondt. Men kanskje spelar den kresne notidsnasen min meg eit puss. Har vasken og dei gode duftene gjort oss skjøre og sårbare for naturlege lukter? Omsynet til dei gode luktene har blitt ei tvangstrøye. Tek mykje merksemd. Og difor let eg det stå til, iblant. Som til dømes når eg dreg til fjells. Det er godt å kvile kroppen for sjampo og søte dufter. Eg justerer vasken til eit minstemål – og nyt i staden lukta av naturlege Knut. Godt for kroppen, godt for sjela.