|
|
 |
Syn og Segn kåra til årets tidsskrift! |
For fjerde gong har årets tidsskrift blitt kåra i regi av Norsk tidsskriftforening. Ein uavhengig fagjury har komme fram til at Syn og Segn er Årets tidsskrift 2010. Det heile blei feira med prisutdeling og festivitas på Litteraturfestivalen på Lillehammer onsdag 26. mai
|
| > Les meir |
|
Nytt nummer av Syn og Segn er ute no! |
Salet av Orkla Media skapte store bølgjer i 2006. Styreleiar Stein Erik Hagen svikta då det gjaldt som mest, og konsernsjef Dag J. Opedal pressa gjennom salet til Mecom. I ettertid er fleire aviser blitt tappa for eigenkapital og ressursar, skriv Kjetil Haanes Syn og Segn nr. 2 |
| > Les meir |
|
Orkla Medias siste dagar |
Som tillitsvald stod Kjetil Haanes midt i krigen då Orkla Media vart seld til britiske Mecom i 2006. Han gjekk til kamp mot konsernsjef Dag J. Opedal og styreleiar Stein Erik Hagen i Orkla. For første gong fortel Haanes kva som skjedde dei siste dramatiske dagane i Orkla Medias 23-årige historie.
Av Kjetil Haanes
|
| > Les meir |
|
Leiar Syn og Segn 2/10 |
Mediestøtte til fleire
I løpet av få år har det skjedd ein revolusjon innan media. Det handlar først og fremst om at Internett tek over på nesten alle felt. Opplaget for papiravisene har gått dramatisk ned, og annonsenedgangen i dei kommersielle tv-selskapa medfører dårlegare programtilbod. I tillegg har vi fått sosiale medium som Facebook, Twitter og liknande. Det er i dette uoversiktlege landskapet det regjeringsnedsette Mediestøtteutvalet skal manøvrere. |
| > Les meir |
|
Frå blogg til fengsel - kreative utvegar i Russland og Kaukasus |
Når ytringsfridomen blir innskrenka, må kritiske røyster finne nye metodar for å nå fram med alternative bodskapar, skriv Ane Tusvik Bonde i Syn og Segn nr. 2/10
Av Ane Tusvik Bonde
|
| > Les meir |
|
Heilt heim - Syn og Segn 1/10 |
Syn og Segn nr 1/10 er ute med mange aktuelle artiklar. Agnes Ravatn har intervjua den sprelske 70-års jubilanten Einar Økland, medan Mette Karlsvik har vore på Island og skrive om krisa, Björk og eit kunstprosjekt med dugnadsand. Ola E. Bø skriv om godt scenespråk, og Sverre Tusvik gledar seg til den nye rettskrivingsnorma er på plass. |
| > Les meir |
|
Moderne liv på bygda - Syn og Segn 4/09 |
I Syn og Segn nr 4/09 har Bjørn Amland skrive om utvatninga av norsk u-hjelp. Hilde Kvalvaag har gått i fotspora til Virginia Woolf i Sussex. Oddleiv Apneseth har dokumentert bygdelivet i Jølster i kvardag og fest. Den originale skribenten Bjørn Hatterud skriv om Volvo 240, bilen som er sjølve sosialdemokratiet på hjul.
|
| > Les meir |
|
Fascismen veks i Europa - Syn og Segn 3/09 |
Dei siste ti åra har dei høgreekstreme etablert seg som ei politisk kraft å rekne med i Europa, skriv Daniel Pool, redaktør i det anti-rasistiske magasinet Expo. Jan Landro skriv om Jon Fosses imponerande forfattarskap og Paul Bjerke problematiserer at journalistar har gitt seg sjølv rett til å bryte folkeskikken utan at nokon kontrollerer at pressas samfunnsoppdrag blir utført.
|
| > Les meir |
|
Syn og Segn 2/09: Frå Storfjorden til Chelsea Hotel |
Astor Furseth skriv om den dramatiske Tafjordulukka, og faren for at at det kan skje igjen. Hilde Kvalvaag har skrive eit interessant portrett av legendariske Chelsea Hotel i New York. Duoen Agnes Ravatn og Kjersti Rorgemoen har vore i Finland på jakt etter den finske sjela. Anne Viken har skrive artikkelen "Den store imagestrabasen", der ho kritiserer Sogn og Fjordane for klisjebruk og jåleri når dei skal lokke unge folk til fylket.
|
| > Les meir |
|
Frå norske S-lag til krigen i Gaza (1/09) |
 | | Last ned høgoppløyst versjon |
Media kan ikkje vere krigsmål, skriv Kjetil Haanes i siste Syn og Segn. Bjørn Hatterud meiner at dei gamla S-laga bør få stå, dei er monument over moderniseringa av norske tettstader på syttitalet.
Les også Sofi Oksanen sine to essay om feminismens fallitt i aust og at nostalgien med kommunisme ikkje er så ufarleg som mange vil ha det til.
|
| > Les meir |
|
|
 |
| |
Syn og Segn nr 4/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 3/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 2/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 1/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 4/2007 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 3/2007 |
|
|
|
|
| |
|
|
|
|
|
| |
|
|
|
|
|
|
|