|
|
 |
Frå Dag Solstads ytringar til innvandrarars rett til nynorsk (3/08): |
 | | Last ned høgoppløyst versjon |
I det ferske nummeret av Syn og Segn er det eit vidt spenn i tema, frå ei nærlesing av dei tre siste tekstane av Dag Solstad, til amerikansk høgreside og norsk språkpolitikk. Agnes Ravatn har også gjort eit småfrekt og lesverdig intervju med forlagsdoldisen Sverre Tusvik.
|
Om nødvendigheita av å uttrykke seg utidsmessig. Dag Solstad taler der Armand V. teier. Dag Solstads roman om Armand V. fekk fin mottaking og Brageprisen, men det vart bråk om essaya hans om Brand og ytringsfridom. Dei tre tekstane heng nøye saman: Solstad taler der Armand V. teier. Solveig Brandal har gjort ei nærlesing av Solstads siste roman sett opp mot dei to essaya som provoserte så mange.
Varm sjølvironi, kalde sarkasmar - og andre perler for svin - Ein identifiserer seg med forfattarane sine, ikkje med forlagsleiinga. Også å seie nei til etablerte forfattarar er vanskeleg. Å ha rygg nok til å tåle å bli lagd for hat i to år av ein forfattar. Men nokre av gongene det har skjedd, har forfattarar komme til meg etterpå og takka og sagt at både konsulenten og eg hadde rett. Ein må ikkje bli venner med forfattarane, seier forlagsredaktør Sverre Tusvik i eit intervju med Agnes Ravatn.
Alkohol, grammatikk og folk flest Heilt sidan 1890-åra har det vore halde lokale folkerøystingar i Noreg – om val mellom nynorsk og bokmål og sal av brennevin, vin, mjød og øl. Heile tida med røysterett også for kvinner. Framstegspartiet synest å ynskja eit meir omfattande direkte demokrati: nett som i Sveits, men nesten lausrive frå norske røynsler og lærdomar, skriv Magnhild Meltveit Kleppa.
Nynorsk for nye nordmenn? Nynorsk passar ikkje for utlendingar, er det mange som framleis synest å meine. Kultur-departementet gjer no framlegg om å opne for fritak frå mållova for minoritets-språklege i offentlege stillingar. Da risikerer dei å ta opp att tabben med å gi minoritetsspråklege elevar fritak frå sidemål, skriv Stephen J. Walton.
Andre artiklar i Syn og Segn nr 3/08: Margit Ims: Bøker og børs, kritikk og kapital, tradisjon og endring. Byportrett av Frankfurt am Main
Anne Karin Torheim: Når alt kjem til alt, var det lett å drepe mor mi. Om Alice Sebold.
Fredrik F. Heffermehl: I spora etter eit folkemord. Ei reise gjennom Tyrkia til Armenia.
Sverre Tusvik Kristin Bakken og Edvard Hoem: Norsk Ordbok - ein kulturskatt for framtida.
Rói Patursson: Jord. Gjendikta av Lars Moa.
Friedrich Schiller: Til gleda. Gjendikta av Johannes Gjerdåker
Janne Marie Fatland: Dikt
Linda Cartridge: Fotoportrett
|
< Tilbake |
|
 |
| |
Syn og Segn nr 4/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 3/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 2/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 1/2008 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 4/2007 |
|
|
|
|
| |
Syn og Segn nr 3/2007 |
|
|
|
|
| |
|
|
|
|
|
| |
|
|
|
|
|
|
|