Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Bente Riise

Les meir






Redaksjonsråd
Solveig Brandal
Ola E. Bø
Trond Idås
Svein Jacobsen
Ola Mestad
Aud Søyland
Liv Tørres

Syn og Segn 2/09: Frå Storfjorden til Chelsea Hotel

Astor Furseth skriv om den dramatiske Tafjordulukka, og faren for at at det kan skje igjen.
Hilde Kvalvaag har skrive eit interessant portrett av legendariske Chelsea Hotel i New York.
Duoen Agnes Ravatn og Kjersti Rorgemoen har vore i Finland på jakt etter den finske sjela.
Anne Viken har skrive artikkelen "Den store imagestrabasen", der ho kritiserer Sogn og Fjordane for klisjebruk og jåleri når dei skal lokke unge folk til fylket.




Jostein Aarrestad: Euroen ti år. Suksess eller mistak?
Overgangen til fellesvalutaen euro var ei historisk eineståande hending. Ikkje utan risisko. Den aktuelle krisa har sett eurosystemet på uventa prøver. Korleis blir euroen påverka av krisa? Har fellesvalutaen levd opp til forventningane?

Anne Viken: Den store image-strabasen
Når Sogn og Fjordane skal lokke unge til å flytte heim, veltar dei seg i klisjear om det moderne livet på bygda. Marknadsføringa av Sogn og Fjordane er i ferd med å gå frå politisk basert motkultur til kommersiell medkultur.

Hilde Kvalvaag: Chelsea ventar på Stanley. Portrett av eit hotell
"Dette hotellet tilhøyrer ikkje Amerika. Her er det ingen støvsugarar, ingen reglar og inga skam." (Arthur Miller) På Chelsea herskar det magiske over det materielle. Chelsea er eit Atlantis, levande med mytar og legender. Ei legende er at hotellet bidrar til transformasjon og gjenføding.

Astor Furseth: Eit varsla skred
Dei siste fire hundre åra har fem tusen menneske mista livet i skredulukker i Noreg. Dei største ulukkene har vore fjellskred, som Tafjordulukka i 1934. Folk vil helst flytte tilbake til katastrofeområda, trass i risikoen for nye ulukker.

Agnes Ravatn og Kjersti Rorgemoen: Tippekiosken i Kallio
"Klisjeane har villeidd meg til å tru at finnane berre sit og drikk sprit og er deprimerte dagen lang, men eg trur dei er som her på denne tippekiosken: villige til å satse nokre småpengar kvar veke, slik at livet kan ta ei fantastisk vending sjølv om dei er åtti år."

Elles finn du følgjande artiklar i SYN OG SEGN 2/09:

Karin Moe: Sifferets poet. Om Arvid Torgeir Lie
Aud Søyland: Alf Hellevik - nynorsk rormann i femti år
Stephen Walton: Heimemålet i politiet. Ei av-sløring
Jon Andrè Nergaard: Ode til Ivar Skei Musikkhandel
Ole Aastad Bråthen: Tankar om eit smakstyranni. 30 år med einsidig rettleiing i byggjeskikk

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07