Redaktør:
Bente RiiseSyn og Segn kjem ut med støtte frå Norsk kulturfond og stiftinga Fritt Ord.
Syn og Segn er det tradisjonsrike nynorske allmenn-
kulturelle tidsskriftet. Bladet har prega den politiske, litterære og akademiske samtalen i Noreg gjennom meir enn hundre år. Redaktørrekkja teller namn som Arne Garborg, Molkte Moe, Halvdan Koht og Berge Furre. I 1980 fekk bladet sine første kvinnelege redaktørar, Astrid Brekken og Sigrd Strand.
Redaktøren ønskjer at Syn og Segn skal vere ei tydeleg nynorsk stemme, eit motkulturelt korrektiv i ei stadig meir einsretta medieverd. Ho legg vekt på å gje plass for nye kvinnelege skribentar innanfor ein tradisjonelt mannsdominert skriftkultur.
Syn og Segn blir gitt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Den som tingar Syn og Segn er medlem i Litteraturselskapet, så sant ein ikkje reserverer seg. Medlemmene kan kjøpe bøker frå Det Norske Samlaget med minst 12,5 prosent rabatt.
Bli abonnent!