Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Rotnar på rot

Av Elin Ørjasæter og Anne-Lise H. Rolland

Dei siste tiåra har jussen blitt meir og meir internasjonalisert: Noreg underordnar seg internasjonalt lovverk, og i ei særstilling står EØS-avtala. 

Elin Ørjasæter (f. 1962) er utdanna samfunnsgeograf og jobbar i dag som fyrstelektor på Markedshøyskolen. Anne-Lise H. Rolland er advokat. Ein lengre versjon av denne teksten finn du i papirutgåva av Syn og Segn.

For tjue år sidan stemte nordmennene – med eit lite fleirtal – nei til EU. Kort tid før melde politikarane oss inn i EØS-samarbeidet, utan tilsvarande folkerøysting. Men visste vi kva EØS-avtala ville bety for norske lover og norsk rettspraksis?

I alle sektorar

Noregs forhold til EU blir nemleg regulert gjennom EØS-avtala. Den seier enkelt sagt at dei same reglane som gjeld for landa i EU, òg skal gjelde for alle EØS-landa innanfor dei sektorane som er omfatta av EØS-avtala.

Innanfor finans og økonomi, arbeidsliv og velferd, helse, distriktspolitikk, energi, miljø og klima, samferdsel, forsking, utdanning, mat, landbruk, fiske, alkohol, likestilling, forbrukarvern, sivil beredskap, grensekontroll, innvandring, politisamarbeid … ja, rett og slett overalt i det norske samfunnet må ein tilpasse reglane. I alle departementa jobbar ein med å inkorporere og halde seg til EU- og EØS-retten, og andre EU-avtaler.

Retten er parkert

Høgsterett er den øvste domstolen i landet, og der sakene skal få si avklaring og dom ved bruk av rettskjelder og bevis. Rettskjelder er mellom anna tidlegare dommar i tilsvarande saker, men òg odelstingsproposisjonar, jamvel diskusjonane i Stortinget når lova blir handsama og laga der.

Men, når EU-direktiva blir implementerte i lovene våre, betyr det at rettskjeldene ikkje lenger er tufta på saker i Noreg åleine og på praksisar her heime, men på internasjonale dommar, på dommar i Luxembourg, og på rettspraksis der i garden. Høgsterett er med andre ord parkert og sett på sidelinja til fordel for EU-domstolen. Arbeidsoppgåvene i Høgsterett dreier seg meir og meir om å tolke lovverket og rettspraksisane i domstolen i Luxembourg.

Ein ting er at EU-lovverket må inkorporerast i norske lover. Men som ein konsekvens av det heile, må Høgsterett bøye seg for nye, skiftande rettspraksisar frå EU-domstolen og ETFA-domstolen. Og dette utan at endringane i rettstilstanden blir behandla i Stortinget eller debattert i norske medium.

Konsekvensen av denne endringa er at norske dommarar, i norske domstolar, må tenke seg fram til utfallet av tilsvarande saker i EU-domstolen. Norske dommarar må òg sette seg inn i rettskjeldene til EU-dommane.

Blir endra

Det kjem stadig nye dommar frå EU-domstolen, og med det endrar rettstilstanden seg. EU-retten er «dynamisk», for å seie det fint. Nokre gonger får det absurde konsekvensar, som til dømes at Høgsterett legg sitt eige arbeid på vent over lang tid fram til EU-domstolen har sagt sitt.

Ein «rein» norsk høgsterettsdom, basert på norske rettskjelder ville normalt – etter norsk praksis – gje ei rettsavklaring for mange år. Om partane så er misnøgde med innhaldet i dommane, kan dei lufte misnøya gjennom demokratiske kanalar her heime – gjennom media, eller lobbe saka si på Stortinget. Men når ein norsk dom no slår noko fast på eit rettsområde, influert av EU-retten, ja, så nyttar det ikkje lenger å kjempe for saka gjennom politisk kamp: Rettstilstanden blir endra – uansett – uavhengig av kva som skjer i Stortinget og dei folkevalde organa våre.

I tillegg er risikoen stor for at dommarane og domstolane blir usikre på kva rettspraksis ein eigentleg skal halde seg til: Dette må ein sjå i samanheng med auken i talet på dommar frå EU-domstolen innanfor alle saksområde – som blir mykje å halde styr på. Resultatet er auka rettsusikkerheit, auka belastning på domstolane her heime, lengre behandlingstid før ei sak blir endeleg avgjord, og ikkje minst: større prosessrisiko.

Større prosessrisiko

Ordet «prosessrisiko» er viktig for å forstå situasjonen til den alminnelege borgar når ho – eller han – ønskjer å prøve saka si for domstolane. Prosessrisiko er risikoen for å tape saka, og å måtte betale saksomkostningane både for seg sjølv og motparten. Og har saka vore innom mange instansar, kan gjelda fort overstige ein million kroner.

Ettersom jussen blir meir internasjonal, har òg prosessrisikoen auka. Den vesle mannen i gata kan risikere at motparten ankar – og ankar. Utfallet av det heile er usikkert – nettopp fordi jussen er ny og dommarane usikre. Dette er eit av dei store problema med internasjonaliseringa av retten. Prosessrisikoen aukar generelt.

Heller inn i EU

Når EU-saka i si tid var så viktig at ho kravde folkerøysting, kvifor vart ikkje EØS-avtala lagd fram for oss før ho vart underteikna? Som alminneleg interesserte borgarar ville vi mykje heller vore EU-medlemmer enn å stå utanfor, dersom vi den gongen hadde visst konsekvensane. Som medlemmar i EU kunne vi ha teke politiske initiativ, og hatt påverknad på EU-lovgivinga.

Og kva har konsekvensane blitt? Jau, lydigheit til internasjonale lover – lover vi ikkje har innverknad over i det heile. Med andre ord: Folkestyret rotnar på rot!

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar