Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ein skjult litteratur

Kvart år blir det skrive bygdebøker for titals millionar kroner. Bøkene er god butikk – og annleis litteratur. Men kva veit vi om dei – og korleis kan dei gje svar til liva våre i dag?

Skrive av Knut Aastad Bråten

Knut Aastad Bråten er redaktør i Syn og Segn. Foto Cathrine Dokken.

Eg hugsar ikkje kvifor eg byrja å interessere meg for bygdehistorie og ættesoge den gongen. Eg var 13 år, eller 15. Kanskje hadde eg fått ei eksistensiell oppvakning, eit ønske om å vite meir om meg sjølv. Kor kjem eg frå? Kven har forma meg? Kven er eg, eigentleg?

Det var ikkje mange bøker i heimen der eg vaks opp, men bygdebøker hadde vi. Og dei vart lesne. Valdres Bygdebok V vart gjeven ut i 1964 og kom i to bind – og var ei innføring i dei sosiale og kulturhistoriske strukturane i bygda: Her var emne om skulekvardag og idrettsliv, om folkemusikk, forsamlingshus og husstell. Og om jord og skog, gardsnamn, kristenliv, husflid og bygdekunst. Slike ting. Ei anna bygdebok i reolen var Gardar og slekter i Vestre Slidre, ei gards- og ættesoge utgjeven fyrste gong i 1979. Her kan du følgje dei lange linene og slektene tilbake i tid. Her er tusenvis av namn, fødselsår og når dei døydde. Og kven som drog ut av bygda, og skapte sitt eige liv, ein annan stad.

Kanskje er ikkje bygdebøkene store litterære meisterverk, men bøkene er underhaldande, gjev innsikt – og er med på å gje innhald til min eigen identitet. Men kva slags type litteratur finn vi i bygdebøkene? Bøkene om kulturhistoriske emne er forteljande og analytiske i forma. Språket er farga av forfattaren og dei språklege grepa han eller ho vel. Gards- og ættesogene skil seg ut og er i røynda ei systematisert framstilling av kyrkjebøker, folketeljingar, skifte og andre kjelder: Her er nøktern og stram oppramsing av namn og årstal, tabellar og statistikk over mengde dyr og dyrka mark. Dessutan ber gards- og ættesogene i seg eit viktig likskapsprinsipp: Alle skal med.

Dei fyrste bygdebøkene vi kjenner til i Noreg, vart skrivne på slutten av 1700-talet, og var topografiske skildringar. Pionerane Edvard Bull (1881–1932), og seinare Andreas Holmsen (1906–1989) – med fleire – var med på å gje auka merksemd til lokalhistoriske emne, og lokalhistorie som vitskapleg disiplin. Frå 1960-talet tok kommune, historielag og museum initiativ til å skrive om bygda, gardane og slektene i sine kommunar. Slektshistorielag og historielag bidrog med kunnskap og dugnadsinnsats som grendekontaktar, korrekturlesarar og bildeinnsamlarar. Det folkelege engasjementet var stort.

Utover på 70-talet skjer ei profesjonalisering av arbeidet. Bygdebokforfattarane er ikkje lenger pensjonistar og hobbyhistorikarar, men har relevant utdanning, og brei vitskapleg tilnærming til arbeidet, fortel direktør Knut Sprauten ved Norsk lokalhistorisk institutt. Nokre av dei er utdanna historikarar, eller dei er etnologar. I dag er mellom 150 og 200 engasjerte som forfattarar av lokalhistoriske emne, seier Sprauten. Og kvart år brukar Kommune-Noreg mellom 40 og 50 millionar kroner på produksjon av bygdebøker.

Det var ikkje berre bygdebøker eg las då eg var yngre, men òg den nære slektningen til bygdeboka: gardsboka. Ei gråbrun bok, utgjeven i 1950. I motsetnad til dei teksttunge bygdebøkene gjev gardsboka, eller Norske Gardsbruk, som ho heiter, kortfatta opplysningar om garden og eigaren. Her er bilete av husa på tunet, oversikt over talet på husdyr, dyrka mark og produktiv skog, namnet på eigar, kjerring og ungar. Eit nyttig oppslagsverk – ikkje minst for den nysgjerrige nabokona. Gardsboka var sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør. 

Gardsboka var sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør. 

Innhaldet i bygdebøkene eller i gardsboka er kan hende smalt og marginalt, tenkjer du. Nedslagsfeltet utanfor bygda er naturleg nok ikkje stort. Samstundes er fenomenet slektsgransking, gards- og bygdehistorie noko som interesserer og engasjerer stadig fleire av oss. Kanskje ikkje så rart? Den urbane historia i Noreg er relativt kort. Ikring 1900 budde nær 70 prosent av oss på gardar og i bygder. «Heime» var alltid ein plass langs ein vestlandsfjord, eller på eit småbruk mot himmelsynet. Er det difor lokalhistorie og bygdebøker framleis er så populære?

Teknologi gjer historia nærverande på andre måtar enn tidlegare. I staden for å gå omvegen om bygdebøkene eller sladreboka kan du i dag gå direkte til kjeldene sjølv. Med enkle tastetrykk kan du grave deg ned i digitale versjonar av kyrkjebøker og folketeljingar. Då 1910-folketeljingane vart tilgjengelege i 2011, vart det 31. januar same året registrert heile 1 647 000 unike besøk hjå serveren i Digitalarkivet, skreiv Aftenposten (11.2.11). Satsinga lokalhistoriewiki frå 2008 har per august i år over 32 000 unike artiklar og nær 135 000 bilete. Landslaget for lokalhistorie er medlemsorganisasjon for ikring 400 historielag med til saman 80 000 medlemmer. Lokalhistorie, slekt og ættesoge fengjer.

Sosiologen Zygmunt Bauman kallar tida vi lever i, for den flytande moderniteten: Kulturar, tradisjonar, haldningar og verdiar endrar seg, blir oppløyste, finn nye former, blir det sagt. Men moderniteten er òg paradoksal. Kompleks. Er interessa for gard, ætt og lokalhistorie ein motreaksjon mot dei globale oppløysingstendensane? Menneske har ikkje røter, men føter – og kan bevege seg fritt, er det nokon som seier. Det gjev oss moglegheit til å sjå framover – men òg til å vende blikket bakover, til vår eiga fortid, til oldemor og oldefar og plassen der dei ein gong vaks opp.

I bygdebøkene finst ein flora av spennande emne om det meste, men her er sjeldan artiklar om det ubehagelege eller vanskelege, som til dømes seksualitet, om å stå utanfor, om mobbing eller kvinnehistorie. Er det fordi kjeldematerialet om desse emna er snautt, eller ynskjer ikkje bygdebokforfattarane å ta tak i tabua og det underkommuniserte?

«Å arbeide med slektshistorier er ikkje berre store slektstre og tusenvis av årstal. Bygdebøkene fortel om kvardagsliv før i tida, og korleis samfunnsstrukturane har vore med på å forme menneska og bygdene», seier bygdebokforfattar Harald Hvattum i Nord-Aurdal.

Bygdebøkene er som titteskåp og døropnarar inn i vår nære og fjerne fortid, og dei er viktige kulturhistoriske bidrag til forteljinga om Noreg – ei forteljing om dei andre historiene. Vår historie. 

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar