Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva betyr Gud for deg, Didrik Søderlind?

Eg tenkjer på Gud som ei interessant førestilling, skapt av menneske, delvis i samklang med det som finst i menneska, reint biologisk. Det handlar til dømes om evna til å ha overskridande opplevingar, det Freud omtaler som oseankjensla.

Eg samtaler mykje med religiøse menneske og prøver å forstå dei. Og då må du også prøve å forstå gudsførestillingane deira. Som livssynshumanist må eg kunne leve saman med folk som har ei anna tru enn eg. Eg trur eg har vore ateist heile livet, men eg synest at religion også har positive sider ved seg.

Sjølv har eg ikkje noko bilete av gud. Skal eg snakke om det, må eg vise til truande menneske sine gudsbilete. Og blant dei gudsbileta som finst, framstår Gud definitivt ikkje som berre god. Det er sjølvsagt typisk for humanistar å vere interesserte i dei problematiske sidene ved religionen. Nokre trur at eg er ateist fordi eg ikkje har møtt den rette guden, men eg har no sett på det som finst innanfor ulike religionar, konfesjonar og teologiar. Og eg har ikkje funne noko eg kan akseptere. Eg har eit naturalistisk grunnsyn.

Nokre trur at eg er ateist fordi eg ikkje har møtt den rette guden.

Min ateisme handlar om ei grunnleggande oppleving av at det ikkje finst nokon gud. Den har vore der heile livet. Eg har prøvd å kvitte meg med det i periodar, men det er slik eg er. Eg trur religion handlar om kva ein har vakse opp med, og om kva omgrep ein brukar, og rett og slett også om kva strukturar ein har i hjernen, sjølv om det kanskje blir veldig reduksjonistisk å seie det slik. Det handlar ikkje om at eg ikkje har hatt den rette opplevinga. Som fast gjest i gudshus i over 30 år har eg hatt mange positive opplevingar med religion, og eg oppsøker gudshus jamleg.

Eg hadde ein periode i 20-åra då eg såg på meg sjølv som heidning og deltok i blot. Eg har også vore innom ulike bønnepraksisar, faste praksisar og chanting. Alt dette er det jo interessant å utforske også som ikkje truande. Det at eg er ateist, betyr ikkje at eg ser ned på truande menneske. Eg mislikar dum tru, men eg mislikar også dum ateisme. Då tenkjer eg til dømes på ateistar som patalogiserer gudstru. Statsateisme hatar eg som pesten. Det er like ille som prestestyre. Og eg hatar når kritikk mot islam og jødedom glir over i konspirasjonstenking og rasisme. Religionskritikk er bra, rasisme er definitivt ikkje det.

Didrik Søderlind, rådgivar for livssyn i Human-Etisk Forbund og forfattar.

- ANNONSE -
Exit mobile version