Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ibsen og det norske – Tuktemeister og byggmeister

Det er ei gamal tru, at Ibsen er unational, at han hev lite heimkjensle, lite samhug med folke sitt. Men at han hev drøymt store draumar um dette folke, og paa desse draumarne bygt mang ei varm von, det skynar me ikkje.

Arne Garborg

Ein nordmann seier sjeldan «eg vil». Han seier: «eg tenkjer paa»; «eg lyt»; «eg fær vel»; «det vert vel til det», og kva dei elles heiter, desse meir elder mindre upersonlege elder passive vendingar, som liksom skyv andsvare ifraa ein sjølv og av paa andre, elder paa tilhøvi, so at ein alltid hev ei bakdør opi, um ein vil sleppa ifraa sitt fyretak att, elder einkvar aa skulda paa, um ein ikkje fær framgang med det.

Eit godt norskt ordtak seier; naar orde er sagt, er mannen fast. Difor vrid nordmannen seg for å seia dette bindande orde. Han vil gaa laus. Det er so vondt aa ta paa seg eit andsvar, aa gjera noko av soleis, at no er det avgjort, og ingen veg framum elder attende meir. Han likar seg ikkje, utan han veit at han kan snu elder koma utanum, naar han ser det knip; aa setja heile si kraft inn paa ei sak, so at no gjeld det eit av tvo: vinna elder tapa, – det er so reint for vaaglegt.

Ein slik mann vil helst tena baade Gud og mammon. Paa alle kantar vil han ha tvo herrar; og han vil halda seg til den eine og ikkje gjera seg uvener med den andre. For det kan koma den dagen, daa den andre og kan vera god aa ha. Det vert eit liv paa von og vaagan. Han sit i livsbaaten sin og seier: dit og dit vilde eg helst av. Men han tek ikkje styre. Han lét seg driva og sit og undrast paa kor det vil taka land, so finn han seg i det, men bannar straum og vind, som ikkje likso godt kunde ha ført han til grønare strender. Like ned i dei minste kvar dags ting vil han helst lata alt gaa som det kan, og ikkje gjera noko av, fyrr han vert nøydd til. For han vil kje ha skuldi, um noko gjeng gale.

Eit godt norskt ordtak seier; naar orde er sagt, er mannen fast. Difor vrid nordmannen seg for  å seia dette bindande orde. Han vil gaa laus.

Dette late drag i vaart folkelynne vil dei forklaara av ei gamal «lagnadtru» (fatalisme), som hev havt magt gjenom lange tider: folk trudde at alt var laga elder avgjort fyreaat, so det ikkje nytta for oss aa vilja elder avgjera. Me fekk berre «sjaa», korleis det «var laga», og retta oss etter det. Det var helder faarlegt aa setja sin vilje upp imot lagnaden.

Det som i alle tilfelle er visst, det er, at eit folk som er lamt elder veikt i viljen, vil tapa i tevlingi med dei som hev meir aandeleg kraft. Det kunde daa verta oss eit spelegt lyte, at me hev so lite vilje-mod.

Dette saag Henrik Ibsen. Og i si fyrste mann doms dikting sa han oss det paa ein maate so det visst ikkje so lett vert gløymt.

Det er ei gamal tru, at Ibsen er unational, at han hev lite heimkjensle, lite samhug med folke sitt. Men at han hev drøymt store draumar um dette folke, og paa desse draumarne bygt mang ei varm von, det skynar me ikkje minst av den sorg og harm, som brenn og bryt i hans veldige kvad um vaar aandelege armod. Fagre maa vonerne ha vore, naar vonbrote kunde ta han so sterkt. –

At folke hadde vorte lamt paa viljen, det var den djupe grunn til all vaar stakkarsdom, «bristen, som margstjal hele dette land». Ibsen vilde vaaga den freistnad aa «hele bristen». Han visste at lækjedomen ikkje kunde verta linn elder lett; slike rotsaar maa skjerast og brennast. Men han aatte den kvasse kniv og den brennande stein; og fekk han oss ikkje ut i den aalvors herding, som krigen i 1864 hadde vorte for oss, so var han ikkje raadlaus for det; han steig fram som folkelækjar med nationale straf fekvad, der spotten skjer og harmen svid, so me kjenner det enno.

Fyrst kom Brand, harmfull og sterk, profetisk dømande og tuktande; sidan Peer Gynt, der Brands harm er umbytt med spott, og der det heile hev samla seg og djupa seg ut og gjev Ibsens grunntankar meir i samanheng en noko anna av diktverki hans. De unges forbund kan me og rekna med her; Steensgaard er Peer Gynt som norsk politiker i vaar tid. Alt hjaa denne «lykkejægeren» er halvt og laust; og med all tale um folke tenkjer han berre paa seg sjølv, so han aldri vaagar noko heilt elder stort, men grev som reven mange vegar og hol til bøle sitt, so han alltid kan ha utveg paa ein kant, um det skulde gaa gale paa den andre. Og endaa gjeng han seg i glefsa, som denne sjølvsjuke rekne klokskap alltid gjer, – hjaa Ibsen som i live.

Foto:Herbert Grambihler/Unsplash

Etter den forklaring me fær i Peer Gynt, skulde vaar norske vilje-sjukdom ha sin grunn i det smaasyn som fylgjer sjølvhugen. Peer Gynt ser ikkje lenger en til sitt ytre sjølv og sine smaae batar. Hans sanne sjølv, menneskje i han, som skulde binda han saman med andre menneskje, ja med menneskja i det heile, og soleis gjeva live hans innhald og meining, og reisa for han dei krav og dei store vål, som røyner viljen og skapar personlegheit, – dette hans sanne sjølv er avsovna. Han er «bare Peer og Peer, og ikke noget andet og heller ikke mer». Daa han soleis aldri naar inn paa dei djupare livsgrunnar, vert heile live hans upp i smaajaal og smaatull; han hev aldri stort aa vinna, og kan daa helder aldri vaaga stort; so folnar den viljen burt, som aldri fær freista seg.

Soleis livde nordmannen i lange tider, meiner diktaren, kvar for seg, tuslande med kvar sine smaae hugsmaal, utan noko av dei større uppgaavor, som eit folkelegt samliv gjev. Dei vart kvar seg sjølv nok, gløymde samanhengen med ein større mannheim, vart eit «fattigfolk ved stranden med et skillingspræg af Gud», og tyktest ikkje lenger kunna vera med i det store menneskelege samarbeid. Me er so smaae, me er so arme, sa dei, og drog seg unda fraa alt som kunde koma til aa krevja offer av dei. Dei hadde so nok kvar med seg. Som presten seier i gravtalen yver han stakaren som sjølv hadde gjort seg ufør til hærtenesta:

«Han var en kortsynt mand. Udover ringen af dem ham nærmest stod, han intet saa.

For ham lød meningsløst, som bjelders klingen, de ord, som malmfuldt skulde hjerter naa. Folk, fædreland, det lysende, det høie,

stod stedse slørt af taager for hans øie.»

So maatte daa folke verta til det det no var: eit folk som hadde gløymt av aa vilja.

Peer Gynt, som fyrst og fremst er bilæte paa folke, sumlar, med all sin sjølvhug, seg sjølv so reint burt, at han til sist ikkje er anna en ein «hempeløs knap, en blankslidt skilling», som korkje Vaarherre elder hinmannen kan gjera noko med, og som altso maa «i støbeskeen», der han skal «smeltes om», «gaa over i massen», «støbes sammen med Per og Paal til noget nytt». (Her hev eg stundom kome til aa tenkt paa Ibsens skandinavisme. Det var ei tid daa, at mange saag vaar einaste von i ein «samrøringspolitik».)

Det som frelser han er, at han etter dei mange krokvegar og vildringar likevel til sist finn

heim att til seg sjølv, til det som var hans liv og livs gjerning, og at han i anger tek dette sitt sanne liv upp, – i anger for di det no er för spillt

«O alvor! O aldrig kan det leges om!

O angst! her var mit keiserdom.»

Og hans ungdoms beste draum tek han i fang, og han finn forsoning. – Enno var her hugven dings von, meinte diktaren.

Med dei nemnde diktverk hadde Ibsen sagt sitt ord som national tuktmeister. Um han

hadde venta at folke skulde vakna ved rope hans, so fekk han sjaa at han hadde misteke seg; folke priste sin nye stordiktar og nytta han ut i sin politiske partistrid; men drog elles paa akslerne aat hans «negativisme», og «kunde ikkje forstaa kva han vilde».

«Jeg slynged paa rim et klokkeklemt over landet ud; der blev ingen skræmt,»

skreiv Ibsen spottande. Han hadde for det fyrste ikkje meir aa seia sine landsmenn; han slo seg ned i utlande og vilde vera aaleine.

Men no, i 1898, snart ein mannsalder seinare, 
ved Ibsens 70-aarsfest, var det ein ung nord 
mann som skreiv til den gamle skalden og sa, at 
det mykje var av honom han hadde lært aa
vaaga heilt og vilja fast; Fridtjof Nansen heitte
Foto: Paulo Chiabrando/Unsplash

denne nordmannen. Og kven veit. Det magt fulle aalvor, den sterke mannshug, som liver og gløder i desse Ibsens dikt, hev vore som ein elektrisk straum, som kan ha gjort meir en me enno rett veit til aa vekkja oss av vaar vilje dvale. Dei av oss, som fekk sin ungdom gjenomglødd av denne eldstraum, vil vel ofte ikkje sjølve kunna greia ut, kor mykje dette kan ha styrkt dei. Men er det som me trur, at det viser seg teikn til vaknande manndom og

fastare vilje i folke, so kan Ibsen ein dag faa meir av æra for dette en me hev tenkt; for der er

ei magt, som enno ikkje er rekna ut, i «mande viljens quantum satis». –

Visst er det, at inst inne var Ibsen ei byggjande kraft og ingen «negativist». Av hug for det store og sanne hadde han spotta det smaae og uegte; men daa hans «ord var sagt», samla han

seg heilt paa sitt arbeid som kunstnar og «byggmeister».

Det gjeld hjaa Ibsen ikkje fyrst og fremst um aa vera «vond» elder «god»

Mangt eit fint verk hev han bygt, og mangt eit rart verk. Sumt som me alle forstod, og sumt som var mange av oss meir elder mindre fram andt. Diktaren i han hev skapt former som alle bøygjer seg fyre; tenkjaren hev skapt slagord, og vismannen lagt fram tankar og livsrøynder, som det hev vore strid um, og som me visst ikkje alltid forstod. Men «grunnmuren» for alle hans «luftslott», det livssyn som diktarverke hans er bygt paa, det vil me finna er det same all tid, kor mykje so former og slagord kan skifta.

Vera heil og sann, vera elder fulkoma seg sjølv etter si sanning, sprengja seg ut or den tronge sjølvhug og i live for andre finna sitt sanne liv, so tonar det som av understrengjer gjenom all hans dikting, endaa moralist kan me just ikkje kalla han. Det gjeld hjaa Ibsen ikkje fyrst og fremst um aa vera «vond» elder «god»; det gjeld um aa vera til gagns det ein er, vilja med heil hug det ein vil; for Ibsen ser alltid von for den, som er det eine elder det andre «aalvorleg».

Denne tanken, som i seg sjølv skulde vera so klaar, hev meir en noko anna gjort Ibsen «gaatefull» for folk; og enno er det dei som dømer dette hans grunnsyn sjukt elder «dekadent»; Ibsen, seier dei, ser live æstetisk. Men

Ibsen fekk sin ungdoms daap hjaa Søren Kierkegaard, og hans tanke er den gamle kristelige: kald elder varm! den lunkne vil eg utspy av

min munn. Elder som det og er sagt. røvaren stend rike nærmare en farisæaren. Ein kan, etter

Ibsen, vera seg sjølv paa tvo maatar, endefram elder motvendt; er ein det paa den galne maaten, so er det ille nok, men der kan endaa vera raad; – som fanden i Peer Gynt seier, med eit bilæte fraa fotografen;

«Har en sjæl sig fotograferet

i sit levnets førsel ad negativ vei,

saa blir ikke pladen derfor kasseret,

– man sender den ganske simpelt til mig.

Jeg tager den for mig til fortsat behandling,

og ved passende midler sker en forvandling.

Jeg damper, jeg dypper, jeg brænder,

jeg renser med svovl og lignende ingredienser,

til billedet kommer, som pladen skulde give,

nemlig det, som kaldes det positive.»

Der er ein stor sjølvhug, som vil vinna fridom ved uppreist mot livsloverne elder mot Gud. Men syndaren kan til sist, gjenom den liding og anger som alltid vil fylgja «heil», «aalvorleg» synd, koma til seg att, og daa verta heilt og sant god, liksom han fyrr var heilt og sant vond. Men den som var korkje vond elder god, som aldri tok heil avgjerd og heilt andsvar, som livde sjølvlaust paa gjevne forskrifter elder dreiv styreslaust, til han ikkje hadde kratt lenger korkje til vondt elder godt, – um honom gjeld det at

«har man visket halvt sig ud,

da nytter hverken svovl eller kali-lud

Det er elles ikkje so aa forstaa, at desse høge krav skal gjelda for alle. Mot vanlegt kvardags folk er Ibsen rimeleg. Doktoren i Vildänden seier beintfram, at dei bør faa vera i fred for dei «ideale krav». Ei mild, kvardagsleg lukkelære vil her vera høveleg. Lat dei faa ha sine livs lygner i ro, seier han; for dei treng til dei. «Tag livsløgnen fra et gjennemsnitsmenneske, og De tager lykken fra ham med det samme»; og det vilde vera vitlaust gjort, daa denne lukka er det einaste, kvardagsmannen kan skyna elder naa.

Men seg sjølv i sanning finn den høgare aand ut gjenom samhugen, kjærleiken, gjenom det viljuge offer av seg og sitt eigefor andre. I mange bilæte hev Ibsen vist, korleis sjølvhugen fær alt til aa visna, turka inn, sjukna burt; men samhugen er den varme vaar, som gjev alt godt vokster.

Det er hjaa Ibsen kvinna som elskar og i kjær leik gjev sitt liv; ho hev dette eine naudsynlege, som er meir en alt anna, og gjev live storleik og rikdom, kor smaatt og armt det elles kan sjaa ut. Heilt og viljugt kan ho ofra seg for den ho held av, liksom ho og, driftsterk og vill, kan vera heil i det vonde. Difor er det gjerne kvinna som fær rett. Og mot mannen, som lett i sin sjølvhug vavrar seg burt i smaatull og lygn, stend ho hjaa ibsen som den heile og sanne. Tilmed naar ho hev tynt kvinna i seg, og, som Hedda Gabler, er berre dame, held ho noko stort uppe i seg; ho vert dæmonisk i sin sjølvhug.

Ibsen hev med sine diktverk reist mange spurs maal og vakt mykje strid, men vil ikkje vera «prolemdiktar». Naar politiske elder sociale fylkingar vil nytta han ut for sermaali sine, dreg han seg alltid unda. I det heile bryr han seg lite um samfunde. Alt i sine unge dagar vilde han helst leggja «torpedo under arken». Han trur visst ikkje mykje paa samfundsbøting. Sam funde er det upersonlege, uandsvarlege, mugen, mengdi, mannheimen som naturrike, styrt av sociale og historiske lover; det hev si gjerning, og sin vokster. Men det er menneskje, einingen, den einskilde, Ibsen bryr seg um; her er større høgder aa vinna. Og større djupner aa sokna. For diktaren er menneskje det uendelege emne, have, som ein kan ausa av æveleg, og endaa er det alltid like fullt og like friskt. Og vismannen ser i menneskje det som kan verta til meir en høgare natur; for her er ein vilje som hev magt til aa gjera seg fri og gjeva seg sjølv si livslov, lyfta seg til aand. Herifraa, innanifraa, er det daa at alt høgare liv maa skapast. Kjem ein inn paa denne tanken, so vender alle livsspursmaal seg innetter. Det gjeld ikkje lenger aa byggja um «verdi», «samfunde» o.s. fr., men berre um det eine vesle, stille, store; aa byggja seg sjølv, byggja det nye rike i seg sjølv. Og dette rike vil daa, som den største av menneskjesøner hev sagt, vera som surdeigen. –

Ibsen kan ein vel paa ein maate kalla – med dette nye og ikkje vidare gode ord – anarkist; han trur paa frie samanslutningar. Men samstundes bøygjer han seg djupt for all autoritet og gjeng med bringa full av ordensmerke. Han hev aldri vore med paa noko som gjekk dei magthavande imot; men me ser alltid namne hans under loyale innbjodingar til borgarball o. dl. til ære for hans majestæt kongen og annan samfundsrepræsentation. upprørsmann er han daa ikkje, og anarkistarne skal ikkje venta seg for mykje av han. Ibsen er, som so mange aander av dette strenge, einsame slag, rædd mugen, «massen», den utøymde mengd; han hatar agaløysa, vyrdløysa, all laus slept raaskap. Naar han vil lyfta folke, so er det gjenom «kultur og disciplin» (sml. talen hans sist i kvinnesakfesten). Det vil daa vera tanke rett, og likt Ibsen aa krevja ei sterk samfunds magt, som kan aga villskapen og raaskapen og med fast hand temja mugen upp til folk; fridom i hans meining av orde kan det berre vera tala um for dei, som gjenom ein lang og streng skule av tukt hev lært sjølvtukt.

Arne Garborg, malt av Eilif Petersen Foto: Nasjonalmuseet

Artikkelen vart første gong trykt i Syn og Segn i 1898.

- ANNONSE -
Exit mobile version