Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Med moralen på middagstallerkenen

Folk greier seg utan raudt kjøt. Men naturen og økosystema greier seg ikkje utan drøvtyggarar og andre dyr som et gras og urter.

Av Kari Gåsvatn

Raudt kjøt er blitt til ein raud klut i den politiske debatten fordi vi ikkje ser samanhengen mellom mat, landskap og biologi. Mykje av mat- og klimadebatten er sjølvopptatt, menneskesentrert og moralistisk. Det er lett å bli så opphengt i kva som er sunt for ein sjølv, at mange gløymer kva som er sunt og berekraftig for økosystema, for møkkabiller, villbier og andre insekt, for meitemarken og alle mikroorganismane i jorda. Vi treng å flytte matdebatten vekk frå den private tallerkenen vår og ut i landskapet der maten blir produsert, og til dei som kontrollerer produksjonen.

Svolt og moral

For ikkje så mange generasjonar sidan var det store matspørsmålet blant folk flest i Norge: Har vi mat på bordet, i morgon, neste veke, til vinteren? For dei som hadde jord og husdyr, var det lettare å sikre mat, men for dei aller fleste var det hardt arbeid. Det var rekna som umoralsk å ikkje arbeide for maten. Det var også rekna som umoralsk å ha sex utan å vere gift, og mange såg det dessutan som umoralsk å drikke alkohol. Ingen snakka om at det var umoralsk å ete kjøt eller drikke mjølk. Men det var dårleg moral å la vere å dele med dei som ikkje hadde mat. Folk flest takka for maten. Dei visste kor kort det var mellom å svelte og ete seg mett.

Beitande sau pleier kulturlandskap og gjer lyng og gras om til kjøt. Foto: Laura Leffmann/Unsplash

Så lenge vi kan legge beslag på areal i andre land og importere mat og fôr, kan vi ete oss mette utan kjøt frå storfe, sau, geit og vilt. Vi kan til og med kalle det klimavennleg, innanfor ei snever teknologisk ramme.

Mat- og klimadebatten kjem skeivt ut når han startar med kjøleskapet og privatmoralen.

Men store delar av landskapet rundt oss, slik som inn- og utmarksbeite, lynghei, slåtteeng, skogsbeite og seterlandskap, greier seg ikkje utan beitedyr. Økosystema og det biologiske mangfaldet treng dyr som går på beite. Vi har ei naturkrise som heng tett saman med og er minst like alvorleg som klimakrisa. Mat- og klimadebatten bommar på det som er viktig, når han startar med kjøleskapet og privatmoralen.

Moralen på tallerkenen

No snakkar vi om kjøtskam. Totalavhald handlar ikkje om alkohol, men om alt som kjem frå dyr. Folk flest et kjøt, men mange plagar seg med at dei skulle ha ete mindre. Kjøt blir eit spørsmål om moral. Mat blir ein markør for avstand til «dei andre», som blir plassert som mindre moralske, fordi dei et meir kjøt og mindre «rett».

Butikkane fløymer ikkje over av kjøt, og heller ikkje av grønsaker. Dei fløymer over av langreist ferdigmat med tilsettingsstoff, billeg fyllstoff og uklart opphav. Samtidig er han også usunn. Helsestyresmakter og mange andre rettar peikefingeren mot folk som et slik mat. Moraliseringa rammar ikkje dei som lagar produkt basert på rovdrift på ressursar, tvilsame tilsettingar og fyllstoff og sosial dumping.

Peikefingeren blir sjeldan retta mot politikarar som fordeler makt over maten, til dømes med å støtte rasjonalisering og nedlegging av gardsbruk. Han blir ikkje retta mot handelsavtalar som favoriserer interessene til store konsern. Investorar og andre aktørar med makt over verdikjedene i landbruks- og matbransjen blir lite debattert. Men dei små brikkene brukar energien på å angripe kvarandre: miljørørsle mot bondenæring, veganar mot kjøtetar, kroppsfiksert helsefrik mot snacks-etar framfor TV-en. Både forbrukarar og bønder er prisgitt den skeive maktbalansen mellom dei store konserna og alle andre, men det er forbrukaren og bonden som får peikefingeren mot seg, og som brukar kreftene på å hakke på kvarandre.

I makthierarkiet er matmoralisten ei lita brikke. Vi går oss vill i kalori- og utsleppstabellar. Vi må spørje kven som har makt over maten og forteljinga om maten. Vi må sjå dei økonomiske maktstrukturane: konserna som kjøper og sel matprodukt og matvareselskap, gjødsel, sprøytemiddel, såvarer, maskiner, traktorar og dataprogram, på tvers av grenser og kontinent.

Jorda og landskapet

I ei sårbar verd må vi starte der vi er. Vi må spørje korleis vi kan ernære oss med dei ressursane vi har. Kva slags mat er bra for jord, landskap, økosystem?

I staden for moralisering treng vi alliansar, maktanalyse og politikk. Maten må bli meir demokratisk. Det skjer ikkje ved at matsnobbar brukar mat som statusmarkør, og at matmoralistar vil oppdra oss. Det skjer gjennom at vanlege folk spør etter ekte mat med røter i det landskapet vi har rundt oss: Kva slags mat kan produserast her eg bur? Kva fortel landskapet rundt meg om mat?

I byen kan det bli vanskeleg for oss som ikkje har hage med plass for høns og poteter. Vi kan sjølvsagt bli bybønder med parsell eller pallekarm, kjøpe oss inn i andelslandbruk eller gjere avtale med ein bonde. Da veit vi kva vi får, og kvar maten kjem frå.

Kjøt blir eit spørsmål om moral.

Men dei fleste av oss har ikkje tid til å lese alt det som står med lita skrift på majonesglaset eller buljongpakka, eller til å passe ein pallekarm. Sjølv måtte eg bli pensjonist for å lage ein geriljahage i byen der eg kunne dyrke raudbeter og grønkål. Under pandemien kjøpte eg kjøt rett frå ein bonde som let dyra ete gras. Ofte har eg valt bort kjøt fordi eg ikkje veit kvar det kjem frå, og ikkje har hatt tid til å sjekke, eller fordi ingen kan svare. Eg har tenkt at det kjem frå dyr som har ete importert og sprøyta kraftfôr. Importert kjøt er uansett ikkje aktuelt. Då veit eg ingen ting om driftsform, dyrevelferd og antibiotikabruk.

Men å berre velje bort er som å sitte ved eit overmett bord og pirke i maten. Det gir ikkje meining å vere for eller mot kjøt. Det som er avgjerande, er kva driftsform og landskap kjøtet kjem frå. Kylling og gris er som regel heilt lausrivne frå landskapet, og diverre ofte kua også. Dei er innedyr som et langreist fôr. Vårt produksjonssystem for mat er lagt opp slik at dyra må vere mest mogleg høgproduktive. Slike dyr er avhengige av billeg, importert soya for å prestere.

Det finst sjølvsagt unntak. Det finst utegåande gris, storfe og småfe som går ute heile året også i Noreg, og lever av gras, høy og anna grovfôr og gir oss mat og ein rikare natur. Unntaka viser at det går an. Vi hadde trunge ein landbrukspolitikk med målsetjing om å gi støtte til bønder som produserer mat som er forankra i landskapet, anten det er dyr eller planter.

Om det å dandere middagstallerkenen blir ein konkurranse i god moral, mister vi det viktigaste av syne, hevdar artikkelforfattaren. Foto: Markus Spiske/Unsplash

Eg er plantemenneske og et mest plantemat. Med barndom på eit småbruk på 50- og 60-talet vart vi sosialiserte til å ete mykje plantemat og lite kjøt. Mykje mat var vegan, men vi brukte ikkje det ordet. Vi åt ikkje fleire dyr enn vi hadde jord til.

Slike driftsformer kan peike ut vegen fram også i dag. Vi må velje kva slags landskap vi vil ha maten frå. Vil vi ha mat frå norske åkrar, eng, beite og utmark, eller frå plantasjar i land der folk svelt, fordi landbruket satsar på eksport til rike land og låge løner til lokale arbeidsfolk? Det kan ikkje forsvarast at regnskog og andre økosystem blir rasert og småbønder jaga bort for at Noreg og andre kjøpekraftige land skal få billeg, langreist soya til høgproduktive dyr og fråtse i trendy, langreist avokado som fortrenger dyrking av mat for dei som bur i eksportlandet.

Samspel og mangfald

Mesteparten av norsk gris og fjørfe får i dag kraftfôr med importert soya. Drøvtyggarane får også ofte kraftfôr, sjølv om dei er skapt for å fordøye gras. Kua har fire magar og kan gjere gras og urter om til mjølk og kjøt.

Evolusjonen er genial. Samspelet mellom plantene, kua, mikrobane, insekta og landskapa har utvikla seg gjennom fleire tusen år. Områda med den mest fruktbare jorda på kloden er blitt til ved hjelp av drøvtyggarar og andre beitedyr.

Også samspelet mellom bønder og husdyr har vore avgjerande for utvikling av artsmangfaldet i kulturlandskapa. Mange insekt og planter som i dag er trua, er knytte til slåtteteigar og naturbeitemark, som det blir mindre og mindre av. Det blir ikkje mangfald når landskap blir lagt under betong, asfalt og hyttefelt, sprøyta med plantevernmiddel eller gror til med buskas.

Men det finst framleis små lommer av det som blir kalla gammaldags drift også i Noreg, med beitemark, slåtteteigar og eit rikt artsmangfald. Driftsmåtar med samspel mellom vekstar, dyr og menneske. Det er eit landbruk som er heilt annleis enn megafjøs og kyllingfabrikkar.

Totalavhald handlar ikkje om alkohol, men om alt som kjem frå dyr.

Her er det ein skatt av genetisk mangfald og mykje å lære. Det hastar med å berge gamle kulturlandskap, utmarksbeite og setervollar. Vi bergar dei berre med husdyr som beiter. Derfor må vi fø våre eigne husdyr igjen. Det gir også større mattryggleik og er samtidig solidaritet med vanlege bønder i land der vi i dag kjøper fôr. Dersom vi ikkje har fleire husdyr enn vi har landskap til, vil spørsmålet om kor mykje kjøt vi skal ete, løyse seg av seg sjølv. Det vil bli mindre, men betre kjøt og betre dyrevelferd.

Den nye kyllingfabrikken til Rema 1000 i Orkdal i Trøndelag illustrerer kor langt vi som samfunn har fjerna oss frå samspelet mellom mat og landskap. Den største kyllingfabrikken i landet vart plassert på produktiv matjord. Sjølve matjorda vart flytta. Sjølv om ho framleis skal brukast i matproduksjon, blir kvaliteten dårlegare og livet i jorda forstyrra. Fabrikken fortrengde også sårbar natur. Kyllingen som skal slaktast ved fabrikken, er Hubbard-varianten, som Rema-konsernet og Dyrevernalliansen marknadsfører som eit framsteg for dyrevelferda. Kyllingen får vekse litt seinare og leve i om lag 46 dagar, medan den hittil mest vanlege kyllingen, Ross 308, får leve mellom 29 og 35 dagar. Begge variantane blir produsert etter fabrikk-prinsippet. Dei går inn i eit industrielt matsystem som er kopla frå landskapet.

Økologisk kylling får til samanlikning leve i 70 dagar, sjølv om den også ofte er del av eit industrielt system.

Den klimasmarte kua

Driftsformer med beiting går inn i eit økologisk system som lagrar karbon i jorda. Karbonet kjem inn i ein god sirkel. Det samlar seg ikkje i atmosfæren og varmar opp kloden. Naturen sjølv veit korleis han skal lagre karbon, dersom han får lov. Kua er klimasmart dersom ho får vere ku. Men ikkje om ho blir avla til å vere så effektiv og høgtytande kraftfôretar at ho svelt om ho blir plassert på beite.

Ved hjelp av fotosyntesen lagrar plantene karbon langt nede i jorda med dei lange røtene sine. Karbonet i røtene hjelper så til med å bygge humus, fruktbar jord, i samspel med gras, beiting, gjødsel frå dyr, småkryp og mikroorganismar. Humusen hjelper til med å lagre karbon og vatn. Nøkkelen til verkeleg klimasmart landbruk er å støtte gode sirklar, økosystem og lokale verdikjeder for mat.’

Områda med den mest fruktbare jorda på kloden er blitt til ved hjelp av drøvtyggarar.

Internasjonalt, og også her i Norge, blir det forska mykje på «klimakyr» som skal sleppe ut mindre metan. Slik forsking handlar ikkje om landskapa kua blir plassert i, kva økosystem ho går inn i, og kva slags bruks- og samfunnsstruktur ho skal vere ein del av. Avl på ei «klimaku» er ein blindveg når det ikkje blir stilt spørsmål ved kva slags jordbruk vi skal ha, og kva som er bra for artsmangfaldet.

Drøvtyggarane har vore på kloden i fleire tusen år som ein del av økosystema og landskapet. Industrialiseringa er berre litt over hundre år. Den dramatiske oppvarminga av kloden har gått føre seg dei siste tiåra. For å berge klimaet og naturen må vi starte med det som har øydelagt klimaet og naturen, og som øydelegg naturens evne til å vere klimasmart.

Eit system som ikkje fungerer

Ny kunnskap om kva livet i jorda betyr for karbonlagring, har i liten grad nådd klimadebatten. Når kunnskapen når fram, er det ofte fordi nokon kan tene pengar på det, til dømes gjennom CO2-sertifikat eller produksjon av biokol. Mange ser etter eit industrieventyr. For inputindustrien er det lite pengar i drøvtyggarar på beite. Er det difor interessa er så lita for beitedyr som løysing på klima- og naturkrisa?

Heldigvis er ei endring på gang. Det er ofte bønder som går først og viser at det går an å legge om til naturnær drift. Dei ser at industrimodellen for matproduksjon stangar i taket. Over heile kloden er det mange som ser agroøkologisk landbruk som det einaste som kan berge både naturen, klimaet, matforsyninga og lokalsamfunnet. Agroøkologisk er jordbruk i samspel med naturens økosystem. Samstundes legg ein vekt på rettferdig fordeling og demokratisk kontroll over maten. Andre snakkar om regenerativt jordbruk, som handlar om å bygge fruktbar jord ved hjelp av beiting, kompost og andre metodar.

Industrimodellen for matproduksjon stangar i taket.

Eit anna teikn på endring er motstand både i nord og sør mot frihandelsavtalar som øydelegg maten, det tradisjonelle bondelandbruket og lokalsamfunna. Ideologien har vore at frihandel er fridom. No veit vi at frihandel slik reglane blir utforma i dag, er fridom for store konsern, og at folk flest, naturen og klimaet taper. Det er ikkje berekraftig å frakte mat, fôr og levande husdyr på kryss og tvers av land og kontinent. Mange ønskjer dessutan kortreist mat. Dess meir kortreist maten er, dess betre kan vi vurdere om maten er bra for jorda og landskapet.

Det er ikkje eitt feitt kva kjøt ein et. Det kjem an på produksjonsmåten. Foto: Z.S. Unsplash

Naturens eigne prosessar må bli oppvurdert. Resultatet av desse prosessane er eit mirakel: rein og næringsrik mat, biologisk mangfald og eit klima i balanse. Vi må reorientere oss mot biologiens lover dersom vi skal berge maten, klimaet, plante- og dyremangfaldet og balansen i naturen.

Store bruk – store problem

Institute for Agriculture & Trade Policy (IATP) har samanlikna fabrikkfarmar med småskalabruk som driv agroøkologisk. I begge driftsformene er det utslepp av metan. Industriell drift er avhengig av fossil energi for å produsere fôr og gjødsel, transport og nedfrysing. Kjøt og mjølk frå stordrift blir sendt på kryss og tvers av grenser og kontinent.

Big Meat og Big Dairy. Store konsern har verda som marknad og kjøper opp konkurrentar. Det er denne modellen som rammar klimaet, meiner IATP. I Big Meat er møkka eit miljøproblem. I småskalalandbruk med agroøkologisk drift går møkka inn i økosystemet som gjødsel og insektmat. Mjølka og kjøtet sikrar lokal proteinforsyning og bonden ei inntekt.

Vi må skilje mellom driftsformer. Klimaproblemet er ikkje kua, men det kyr flest er blitt til. Dei er blitt til ein produksjonsfaktor som mjølkar mykje, treng mykje kraftfôr og har kort levetid. Kua er blitt ein del av det industrialiserte og energikrevjande landbruket, som er ein del av heile den industrielle modellen med veksttvang og overforbruk.

Vekstdogmet er øydeleggande for kloden på alle måtar. Det gjeld i særleg grad for matproduksjon. Maten passar ikkje inn i ein modell med stadig høgare krav til produktivitet. Matproduksjon må vere tilpassa biologiske lover.

Klimaproblemet er ikkje kua, men det kyr flest er blitt til.

Andre delar av verda treng ikkje gjere same feil som vestlege land. Det er lett å gløyme at det er småbønder, urbane bønder, gjetarfolk, fiske- og fangstfolk og andre sjølvbergarar som produserer 70 prosent av maten i verda. Det gir ikkje meining at dei skal byte ut eigen mat med prosessert, langreist og dårleg ferdigmat.

Dei store konserna fortel oss at verda treng mykje meir mat. Det stemmer at mange svelt, om lag 690 millionar er underernært. Men det er ikkje fordi det er for lite mat i verda. Det som avgjer, er kvar maten landar. Når mat blir produsert på store farmar for eksport til rike land, blir småbønder fortrengt til marginale areal, til lågtlønsarbeid i eksportretta industrilandbruk, til storbyar eller ei fluktrute til Europa.

Som samfunn treng vi ein meir audmjuk samtale om mat, både om dei biologiske grensene og den politiske kampen. Som samfunn må vi støtte bønder som produserer på naturens grunnlag og bygge alliansar med dei. Vi treng ein landbrukspolitikk der norske bønder får rettferdig betalt for å produsere mat innanfor dei rammene naturen set, og det landskapet vi har fått tildelt.

Kari Gåsvatn er journalist og forfattar og fast spaltist i avisa Nationen.

Foto i topp: Christian Ensby/Unsplash

Litteratur:

Aukrust, Marie (2020). Der villgraset gror. Dreyer forlag.

Bele, Bolette, Norderhaug, Ann & Tunón, Håkan (2019). Seterlandskapet. Historia, naturen og kulturen. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

ETC Group (2017). Who will feed us? The peasant Food Web vs. The Industrial Food Chain. https://www.etcgroup.org/sites/www.etcgroup.org/files/files/etc-whowillfeedus-english-webshare.pdf

Gåsvatn, Kari (2019). Geriljahagen. Flux forlag.

Idel, Anita & Beste, Andrea (2018). Vom Mythos der klimasmarten Landwirtschaft. Studie på oppdrag frå EU-parlamentariker for Dei Grøne i Tyskland, Martin Häusling.

Svalheim, Ellen (2019). Folka og landskapet. Ei vandring i artsrike kulturmarker. Fagbokforlaget.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar