Å skrive i krigstid 

- ANNONSE -

Publisert i Syn og Segn 02/26

Av Oleksandr Mykhed 

Sidan torsdag 27. august har dagane i Kyiv smelta saman til éin endelaus alarm. 

13 alarmar på éin dag, til saman 872 minutt. 

Neste dag – 12 alarmar, til saman 634 minutt. 

Dagen etter – 10 alarmar, til saman 644 minutt. 

Og no er det slik kvar dag. 

Russland sender ut drone etter drone i ei samanhengande kjede av truslar. Eksplosjonane lyder utan stans og dannar eit konstant bakteppe for livet. 

Det er som om små glimt av liv prøver å teikne om så berre sine eigne konturar av lys mot den svarte bakgrunnen. 

Byen er paralysert. 

Medan flyalarmen varer, er offentlege institusjonar stengde. Kjøpesenter og supermarknader er stengde. 

Ingen utferding av attestar frå offentlege institusjonar. Ingen legekonsultasjonar ved statlege sjukehus. 

Når alarmen tek slutt, rekk ikkje borna attende til klasserommet før neste flyalarm sender dei ned i tilfluktsrommet igjen. 

I mellomtida slår ein russisk drone ned i eit universitet i sentrum av Kyiv. På høglys dag, medan undervisninga går føre seg. 160 studentar kjem seg ned i tilfluktsrommet, og ein unngår tap av menneskeliv. 

Det er umogleg å fatte omfanget av tragedien som lammar byen. 

Russland set lagerbygningar rundt Kyiv i brann. 

Det råkar matvarer. Byggjematerialar. Elektronikk. Leiker for born. Skor. Humanitær hjelp. 

Eit tap eg høyrde om så seint som i dag var verka til ein ukrainsk samtidskunstnar som skulle sendast til Paris, der han skulle halde si første separatutstilling. Om lag ein tredjedel av heile utstillinga skal ha vorte øydelagd då ein postfilial vart treft. 

I løpet av august har russiske åtak råka fleire lager med bøker frå ukrainske forlag. 

Russarane har øydelagt over 12 millionar ukrainske bøker. 

Til samanlikning vert det gjeve ut om lag 26–30 millionar bøker i Ukraina kvart år. 

Oleksandr Mykhed, forfattar og soldat. Foto: Julija Kotsjetova

Men det verste er at dei reelle konsekvensane av åtaka først vil vise seg med tida. 

Ein god ven av meg har til dømes selt debutromanen sin til eit forlag. Første del av ein fantasy-trilogi som skulle gjevast ut i løpet av dei neste to–tre månadene. 

Alt gjekk som det skulle: forfattaren klaga over mislukka endringar under redigeringa, tinga dei rette skrifttypane til omslaget og planla boklanseringar. 

Og så kjem ein russisk rakett og øydelegg 400 000 bøker i forlaget hans. 

På éi natt overstig tapa heile årsomsetnaden deira. 

Neste morgon seier vennen min at han forstår alt saman – for å overleve vil forlaga heilt sikkert trykkje dei bøkene som dei garantert kan selje. Det er vanskeleg å satse på ein ukjend debutant. 

Nokre dagar seinare får vennen min brev frå forlaget. Dei beklagar og skriv at utgjevinga av boka hans må utsetjast til neste vår. 

«Kva skal han elles gjere?», spør vennen min. Han seier at han må skrive den andre delen og berre håpe at boka finn vegen til lesarane. 

Dei øydelagde logistikksentra var fylte med bøker frå fleire titals forlag – store, små og nisjeforlag. 

Nokre forlag har mista 80 prosent av opplaga sine. 

Ta til dømes eit forlag som gjev ut omsette teikneseriar. Det er eit dyrt, nisjeprega produkt som er vanskeleg å produsere. Eg rakk aldri å bestille dei hefta eg hadde hatt i kikkerten i fleire månader. No er 300 000 eksemplar øydelagde – rett og slett alt dei hadde klart å produsere over fleire år. 

Når det handlar om å overleve, går sjølvsagt alt attende til det grunnleggjande. 

Det som kan seljast. Det som er enkelt og forståeleg. 

Færre debutverk frå mindre kjende forfattarar. Færre eksperiment. Færre omsette nisjeklassikarar. 

Lageret til det ukrainske forlaget Knyholav etter eit bomeåtak. Foto: Knyholav / Facebook

Ein annan konsekvens av øydelegginga av bøker er at ukrainske forfattarar mistar verka sine. Eit døme er ein anerkjend ukrainsk forfattar som mista opplaga av fem av bøkene sine i ein brann forårsaka av eit russisk åtak. 

Alle dei fem bøkene kom ut på same forlag. Dei vart øydelagde på éi natt. 

Ser ein på bøker ikkje som eit uttrykk for guddommeleg inspirasjon, men som ei vare forfattaren lever av, så står forfattaren i ein slik situasjon heilt enkelt utan høve til å tene pengar på bøkene sine. 

Og viss ein ikkje får dei inntektene ein har rekna med, må ein jo tene pengane på anna vis. I staden for å jobbe med den neste boka. 

Dette er endå eit brot i den logistiske kjeda. Kanskje ikkje like synleg som vaskepulveret som forsvann frå hyllene, eller eit livsviktig legemiddel. Men denne kjeda er skjør og vert så altfor lett broten. 

Høyrsla vert skarpare. Det er som om eg har eit konstant fokusert, maksimalt spent punkt i nakken som styrer merksemda. Desse dagane har eg kjensla av at vi er vortne heltar i ein skrekkfilm, og at overlevinga vår no, etter reglane i denne verda, avheng av kor skarp høyrsla vår er. 

Vi lyttar merksamt til dagen. Vi stirer på dei nattlege lysglimta på himmelen. 

Og når vi klarer å skilje ut eksplosjonane frå luftvernet, takkar vi dei som forsvarar himmelen. 

Ein ven fortel at han endeleg har vore på kino med kona for å sjå Christopher Nolans «Odysseen». 

Eg spør: «Korleis var den?», og meiner om han likte filmen. 

Men vennen min seier: «Tre alarmar under visinga, og etter kvar alarm vart historia spolt 10 minutt tilbake.» 

«Odysseen» med alarmsirenar – det er som ei lang reise for den som ser filmen. 

På eit tidspunkt vert kroppen utmatta av å leve i ein tilstand av konstant trugsmål. Om natta, utanfor vindauget, får dei velkjende eksplosjonane frå shahed-dronar selskap av dumpe drønn når ballistiske rakettar slår ned. 

Eksplosjon på eksplosjon. Eksplosjon på eksplosjon. 

Men det viser seg at søvnmangel og utmatting er sterkare enn sjølvopphaldsdrifta. 

Igjen vert sjølve normaliteten endra. 

No vert det å vere i ein tilstand av uro det normale, ikkje fråværet av uro. 

Slik lever ein i Kharkiv. 

Slik lever ein i Kherson. 

Slik lever ein i Zaporizjzja. 

Slik lever ein i Tsjernihiv. 

Slik lever ein i Sumy. 

Og når vestlege kollegaer atter ein gong spør kva litteratur og skriving tyder i krigstid, svarar eg: 

Forfattarar, omsetjarar og forleggjarar drepne av russarane. 

Forfattarar, omsetjarar og forleggjarar i militæret. 

Millionar av bøker brende av russarane. Titals forlag øydelagde. 

Bøker som aldri vart skrivne. Liv som aldri vart skrivne. 

Og så dei 33 bokstavane i det ukrainske alfabetet, som eg kvar gong hentar fram frå oska. Eg ristar av oske og bitar av betong, reinsar dei for glas og vrakrestar frå rakettar, og set dei saman i ei ny rekkjefølgje. 

Ei svart røyksky stig over byen. Tørrhosta riv i halsen. På tide å finne eit tilfluktsrom. 

Omsett frå ukrainsk av Ingunn Lunde

Først publisert på engelsk i Literary Hub 

- ANNONSE -