Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Barn utan klagerett

Av Ida Habbestad

Forskar ved Høgskulen på Lillehammer, Kerstin Söderström er bekymra for kva signal Noreg sender når me nøler med å gje barn klagerett til FNs barnekomité.

Ida Habbestad (f. 1980) er redaktør for nettavisa Ballade.no, musikk-kritikar i Aftenposten og leiar i Norsk kritikerlag. Ho er òg frilansskribent for norske og nordiske tidsskrift. Habbestad er utdanna fløytist og har ein mastergrad i musikkteori frå Noregs musikkhøgskole. Foto Trygve Indrelid.

Dei skandinaviske landa har eit godt rykte når det gjeld å sikra barns rettar. Noreg innførte barneombod som første land i verda. Me slutta oss tidleg til FNs barnekonvensjon, som gjev barn same grunnleggjande rettar, uansett kven dei er og kvar dei bur. I 2011 kom ein tilleggsprotokoll til konvensjonen. Den gjev barn klagerett til FNs barnekomité når dei meiner at nasjonalt nivå ikkje har gjort nok for å sikra rettane deira. Protokollen vart opna for signering i 2012.

– Så langt har Noreg ikkje signert tilleggsprotokollen. Kvifor?

– Det er eit godt spørsmål, sett i lys av at Noreg har vore eit føregangsland i arbeidet med barns rettar. Men hovudårsaka til at ein så langt ikkje har signert, er at enkelte politikarar er bekymra for at protokollen vil innskrenka det nasjonale handlingsrommet vårt. Kanskje er ein òg uroleg for økonomiske konsekvensar.

Samstundes har ein fått gjort ei juridisk vurdering av begge innvendingar. På oppdrag frå den førre regjeringa leverte jurist Frode Elgesem ein rapport i juni 2013, der han såg på fordelar og ulemper ved å signera. Elgesem kjem ikkje med tilrådingar, men understrekar at han ikkje ser noka dramatisk innsnevring av handlingsrommet. Me er allereie bundne av barnekonvensjonen, påpeikar han, og barns rettar i Noreg er per i dag sikra på eit så høgt nivå at det neppe er grunnlag for å frykta at dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane vil bli nytta til å setja nye og omfattande krav til velferdsordningane våre.

I møte i Stortinget i november i fjor sa utanriksminister Børge Brende at han ynskjer ei grundigare utgreiing av konsekvensane ved å flytta myndigheit frå regjering og storting til FNs barnekomité. Han spurde om me kan vera sikre på at samansetninga i komiteen og arbeidsmetodane deira er eigna til å ivareta rettstryggleiksprinsipp og alle partars rett til å bli høyrde. Og han spurde om komiteen har så god kjennskap til norske forhold at dei kan sjå situasjonen frå eit norsk perspektiv.

– Først: Kva er ei innskrenking av det politiske handlingsrommet?

– Signerer ein tillegget, opnar ein for at barn kan klaga inn nasjonale vedtak til ein internasjonal domsinstans, i dette høvet FNs barnekomité. Anten kan klagen bli avvist, eller komiteen kan komma til ein annan konklusjon enn det nasjonale vedtaket. Det siste kan gje konsekvensar ved at den internasjonale instansen har overprøvd lovverket og praksisen i Noreg. Om FNs barnekomité ser på praksisen vår, til dømes når det gjeld flyktningbarn, og ber oss om å endra den, kan det vera eit døme på inngrep i den interne styringsretten.

– Og kva meiner du om Brende sine innvendingar?

– Ein kan sjå det som eit demokratiproblem om me må underkasta oss internasjonale regelverk, slik at ein kanskje må endra lovar som er demokratisk vedtekne. Også i stortingshøyringa om Elgesems rapport i juni 2013 vart det stilt spørsmål ved om fagpersonar frå andre land skal få vurdera oss og fortelja oss korleis me skal arbeida.

Men det er no ein gong slik at FN-systemet er bygd opp om grunnleggjande menneskerettar som går over det nasjonale handlingsrommet. Dei ulike menneskerettskonvensjonane blir følgde opp av komitear med internasjonale ekspertar, som får innsyn i tilhøva i statane som har ratifisert konvensjonen. FNs barnekomité har 18 uavhengige ekspertar på barne- og menneskerettar, og er leia av den norske juristen Kirsten Sandberg. Per i dag gjev barnekomiteen merknadar og tilrådingar. Ei ratifisering av klagemekanismen vil derimot gje komiteen juridisk tyngde og gjennomslagskraft.

Eg tykkjer det tek seg dårleg ut at Noreg vil setja seg over prinsippet og ikkje la seg kikka i korta av andre, samstundes som me meiner me kan fortelja korleis andre burde te seg. Me bør ha tillit til det internasjonale systemet. Alle land og statar som ynskjer å sikra det beste for barn, burde vera glade for at det internasjonale samfunnet stiller spørsmål og gjev tilrådingar der det finst potensial for forbetring.

– Under FNs konvensjonar finst det andre, tilsvarande klageordningar, for vaksne. Noreg har slutta seg til enkelte av desse, og i Elgesems rapport går det fram at det har komme få klagesaker frå Noreg. Få av desse har fått konsekvensar. Men Elgesem trur at det kan komma fleire klagesaker på barnefeltet, grunna dei mange sterkt engasjerte organisasjonane. Kva type saker trur du kan komma opp?

– Dette blir hypotetisk, men eg trur flyktningpolitikken vil gjera størst utslag. Til dømes er det i dag slik at utlendingsmyndigheita avveg prinsippet om kva som er best for barnet, mot innvandringsregulerande omsyn når dei skal ta stilling til om barnet får opphald i Noreg. Denne gruppa kan komma fram til ei avgjersle om å senda barnet ut av landet, sjølv om det er til det beste for barnet å få bli. På dette området meiner eg det er behov for ei endring, der ein tverrfagleg komité gjer vurderingar, og der somme har i oppgåve å forsvara barnet sine rettar åleine.

På asyl- og flyktningområdet trur eg òg ein kan sjå saker knytt til rettane barn har medan dei er i Noreg. Det gjeld mellom anna retten til utdanning og god helse. Så vil me kanskje sjå saker om praksis i barnevernet eller om universell utforming der barn med funksjonshemming er involvert. I utgreiinga si nemner Elgesem òg mobbesaker, barns rett til god helse, og problemet med at det på enkelte område tek lang tid før barn får hjelp.

– Elgesem sin rapport går ikkje konkret inn på økonomiske spørsmål. Kva veit ein om dei økonomiske konsekvensane av å signera protokollen?

– Alle forslag har økonomiske konsekvensar, som dei som styrer landet må ta med i vurderinga. Å signera tillegget vil opna for juridiske prosessar som kan vera kostbare, og kjem det klagesaker som når fram, kan det henda me må bruka midlar på å endra praksis. På den andre sida seier regelverket at dei nasjonale klagesystema skal vera uttømde før ein klage kan sendast til internasjonalt nivå. Per i dag nyttar ein dei nasjonale klageordningane nokså lite. Når ein på det nasjonale nivået veit at saka kan komma opp overnasjonalt, kan ein vona at det medverkar til å skjerpa arbeidet på nasjonalt nivå, slik at det ikkje er nødvendig for barnet å ta saka vidare.

Ein bør uansett hugsa at tillegget er meint for å sikra det beste for dei unge. Dei fleste som har rekna på dette, meiner at det å sikra barn ein god oppvekst er økonomisk lønsamt. Den vinsten bør også inn som del av reknestykket.

– Barneminister Solveig Horne var nyleg på besøk i New York for å sjå på praksisen med ein familiedomstol som set interessene til barnet først. Men USA er eitt av svært få land i verda som ikkje har signert barnekonvensjonen. Må ein vera tilslutta FN og internasjonale samanslutningar for å vera eit førebilete?

– Eg er ingen USA-ekspert, så motivasjonen deira skal eg vera forsiktig med å meina noko om. Men det kviler noko symbolsk over det å ta del i verdssamfunnet, og ved å velja å la vera. I ein internasjonal dynamikk er det merkeleg at Noreg, som saman med dei andre nordiske landa har vore i front på barns rettar, ikkje signerer og ratifiserer. Eg er redd andre land vil vegra seg for å ratifisera når ikkje Noreg gjer det, også med tanke på det økonomiske. Kvifor skal andre land vurdera dette, om rike Noreg ikkje gjer det? Den avventande haldninga svekkjer barns rettar, og dessutan Noregs posisjon som forkjempar på området.

– Ser du nokon negative konsekvensar for barn ved å signera, ut over det som har med det politiske handlingsrommet å gjera?

– Elgesem har nemnt somme. Barn kan bli pressa til å føra klagesaker dei sjølve ikkje ynskjer, men som er i vaksne si interesse. Her vil Barnekomiteen truleg gripa inn, men som Elgesem påpeiker, er det ikkje alltid enkelt å sjå kven som er interessenten i saka. Eit nytt nivå kan òg føra til at saker som allereie har for lang handsamingstid, strekkjer seg endå meir ut i tid.

Men både Elgesem sin konklusjon og tilrådingane frå folket, barn sjølve og fagmiljøa er tydelege på at ein bør ta prosessen vidare. Klageretten er laga for å styrka den juridiske posisjonen til barnekonvensjonen og til barnet som sjølvstendig rettsobjekt. I dag er prinsippet som ein strikk ein kan tøya i mange retningar. Ein kan bruka det som grunngjevnad for at alle skal gå i barnehage når dei er eitt år, eller som grunngjevnad for at det er best å vera heime. Ein kan bruka prinsippet til å senda eit barn i asylmottak ut av landet, eller til å la det bli. Sjølv om barnekonvensjonen er teken inn som norsk lov, blir formuleringane i han lett tomme når dei ikkje kan etterprøvast juridisk. Etter mitt skjønn er det altså viktig å signera protokollen, fordi han kan medverka til å konkretisera prinsippa på måtar som er forpliktande.

FNs barnekonvensjon

FNs barnekonvensjon er den menneskerettskonvensjonen som er ratifisert av flest land i verda. 194 land har slutta seg til konvensjonen.
Konvensjonen tredde i kraft i 1990 og vart ratifisert i Noreg året etter.
I 2011 kom ein tilleggsprotokoll som gjev barn klagerett til FNs barnekomité. Protokollen vart opna for signering i 2012. Så langt har Noreg ikkje signert tilleggsprotokollen.
I november 2014 tok Venstre opp saka på nytt, med forslag om tilslutning til protokollen. Dette vart avvist, men eit einstemmig Storting gav Regjeringa frist i løpet av 2015 til å leggja fram ei sak om tillegget i løpet av 2015.
Kerstin Söderström er barnepsykolog og forskar ved Høgskolen i Lillehammer.

Kjelder

Sanne Hoffman/Redd Barna, www.fn.no
www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2014-2015/141111/2/

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar