Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bloggaren

Av Roy Ngerng

Eg vart saksøkt av den singaporske statsministeren Lee Hsien Loong. Så vart eg sparka frå jobben, og da eg tok ordet under ein demonstrasjon, vart eg ytterlegare straffa ved å bli sikta for to nye brotsverk.

Roy Ngerng (f. 1981) er bloggar og menneskerettsaktivist frå Singapore. Han er utdanna sosiolog frå National University of Singapore. For tre år sidan starta han ein blogg, The Heart Truths, for å diskutere sosiopolitiske saker i Singapore, og ein annan, My Right to Love, om homofiles rettar. I 2014 vart han dømd for å ha ærekrenkt statsministeren.

For tre år sidan starta eg ein blogg, The Heart Truths, for å diskutere sosiopolitiske saker i Singapore, og ein annan, My Right to Love, om homofiles rettar.

Det som fekk meg til å skrive den gongen, var at statsminister Lee Hsien Loong samanlikna Singapore med dei nordiske landa. Han hevda at Singapore gjorde det bra fordi vårt brutto nasjonalprodukt per innbyggjar er like høgt som i dei nordiske landa.

Eg var ikkje overtydd om samanlikninga, og bestemte meg for å sjå nærare på saka. Eg vart sjokkert da eg fann ut at norske reinhaldarar tente 5470 singaporske dollar (ikring 27 000 norske kroner), medan singaporske berre tente 800 (ikring 4700 norske kroner). «Singaporarar er misnøgde», skreiv eg på bloggen. Lite visste eg om kor omfattande misnøya eigentleg var. Innlegget spreidde seg raskt.

I løpet av dei neste månadene var det ikkje mindre enn tre undersøkingar som stadfesta det eg hadde funne ut. Gallup rangerte singaporarane som det folkeslaget med minst positive kjensler i verda. The Happy Planet Index 2012 rangerte Singapore på 90. plass, og the World Happiness Report 2013 plasserte singaporarane på 126. plass på «lukke»-indikatoren.

Det som gjekk gale

Men nøyaktig kva er det som har gått gale for eit land som har eit av dei høgaste brutto nasjonalprodukt per innbyggjar i verda, og dermed med rette skulle hatt velnøgde innbyggjarar?

Da eg fyrst tok til å skrive, bestemte eg meg for å vera open om det – som éin av få singaporarar. Mange andre som lagar bloggar eller Facebook-sider, gjer det anonymt, for å halde seg ute av syne for myndigheitene. Sjølv meinte eg at dersom du har noko å seia, ja, så må du vera viljug til å stå for det.

Mange spurde: «Er du ikkje redd? Kva om myndigheitene kjem etter deg?» På denne tida tenkte eg ikkje så mykje på det. Eg hadde jo rett til å bli høyrd, hadde eg ikkje? Eg ønskte å bidra til å gjera Singapore til eit betre land. Og er det gale?

Eg innsåg seinare at eg hadde vore naiv. Etter søksmålet vart eg beden om å fjerne fleire av innlegga mine.

Singaporarar bur i eit land og ein kultur der myndigheitene konstant hyllar seg sjølv, og som innbyggjar veks du opp i trua på at dei ikkje gjer mykje gale. Denne urokkelege tillita hadde også eg da eg tok til å skrive. Både mediestasjonane, avisene, fjernsyn og radio er statskontrollerte. Utdanningssystemet er nøye utforma i tråd med myndigheitene sine mål. Det er vanskeleg å koma unna propagandaen deira.

Da Aung San Suu Kyi vitja Singapore i 2013, skildra ho Singapore sitt utdanningssystem som «orientert mot behova i arbeidslivet». Ho sa òg: «Eg har lyst til å lære mykje frå dei høge resultata Singapore har greidd å oppnå, men eg spør meg sjølv om me ynskjer noko meir for vårt land […]. Så eg trur kanskje at det Singapore kunne lære frå oss, var ein meir avslappa livsstil, kanskje lære om eit varmare og nærare forhold.»

Den singaporske regjeringa vart stille audmjuka av Suu Kyi si ærlege og taktfulle vurdering, men mange singaporarar jubla da dei såg at nokon torde å ta til orde mot myndigheitene. For kunne dei singaporske myndigheitene tore å kritisere Suu Kyi for det ho hadde sagt, ho, nobelprisvinnaren og ei av dei mest respekterte personane i verda?

Slik er nemleg Singapore; singaporarar er trøytte av retorikken til People’s Action Party (PAP), men for redde til å lyfte røysta mot regimet. PAP har kontrollert Singapore dei siste 55 åra, og har eit fast grep ikkje berre om regjeringsmakta, men heile systemet.

Men er ikkje Singapore eit demokrati, der borgarane vel regjeringa og folket blir høyrde? Vel, ikkje eigentleg.

Ikkje eit demokrati

Da PAP tok kontroll over regjeringsmakta i 1960, reduserte dei valkampperioden frå 30 til 9–10 dagar. Dei har òg gjort det økonomisk vanskeleg for andre politiske parti å delta. Ved det førre valet laut kvar kandidat betale 16 000 singaporske dollar for i det heile å få stille, ein kostnad som har stige fleire gonger raskare enn inflasjonen, og som kjem til å halde fram med å stige. Og på toppen av dette endrar PAP grensene for valdistrikta ved kvart val og har til og med slege saman nokre av distrikta, samstundes som dei gjer det vanskeleg for andre parti å stille til val saman.

Og der PAP har gått til sak mot opposisjonspolitikarar og sendt dei i eit økonomisk uføre, i tillegg til å true dei og tilhengarane deira – og teke jobben frå nokre av dei, har PAPs oppgåve vorte mykje enklare. Nei, Singapore er ikkje eit demokrati.

Faktisk er Singapore plassert utanfor topp 100 på Freedom House si demokratirangering, under Ukraina og Tyrkia og på line med Kenya og Bangladesh. Når ein granskar korleis PAP har brukt lova til kontinuerleg å forfylgje ikkje berre politikarar, men vanlege singaporarar dei siste 50 åra, ser ein at rangeringa er rimeleg.

For å konsolidere makta arresterte PAP i 1963 meir enn 100 opposisjonspolitikarar, avisredaktørar, fagforeiningsleiarar og studentaktivistar. Heimla i den arkaiske lova Internal Security Act (ISA) vart dei fengsla utan rettssak, under den såkalla Operation Coldstore. Ein mann, Chia Thye Poh, sat 23 år i fengsel, og så ni år i husarrest. Til saman var han halden innesperra i 32 år. Han vart sleppt fri så seint som i 1998. Da eg spurde ei 80 år gamal dame kvifor ingen sa noko den gongen, fortalde ho meg: «Alle var redde. Viss du sa noko, forsvann du.»

Myndigheitene arresterte uskuldige menneske i 1960-åra, og i ei tid før mobiltelefonar og Internett kunne folk vera forsvunne i mange dagar utan at nokon visste kva som hadde hendt, før politiet kom og banka på døra. Slik tok ei bylgje av frykt til å sive gjennom folket.

Fyrst i 1987, da PAP arresterte over 20 singaporarar og skulda dei for å vera del av ein «marxistkonspirasjon» (kodenamn Operation Spectrum), fekk eit internasjonalt opprør slutt på PAPs galskap.

Økonomisk ruin

Dei siste åra har endeleg dei som vart urettvist arresterte, teke til orde og avslørt korleis skuldingane mot dei vart fabrikkerte. Uklassifiserte dokument sleppte av dei britiske myndigheitene syner korleis PAP mangla bevisgrunnlag for arrestasjonane i Operation Coldstore i 1963 (som hende rett før Singapore vart uavhengig av Storbritannia same året). Sjølv no når eg skriv dette, freistar myndigheitene å reinvaske historia si ved å nekte for gamle overtramp og insistere på retten sin til å bruke makt mot singaporarar av omsyn til «nasjonal sikkerheit».

Alt dette hende under styret til den fyrste singaporske statsministeren, Lee Kuan Yew.

Men PAP hadde ikkje tenkt å stogge. I 1987 tok dei til å saksøkje opposisjonspolitikarar og internasjonale medium. Eitt etter eitt laut dei internasjonale mediehusa lære seg å anten spela etter reglane eller å leggje ned.

I mellomtida vart opposisjonspolitikarar som ikkje samarbeidde, saksøkte og blakka. Den noverande leiaren i Singapore Democratic Party (SDP), Chee Soon Juan, vart til og med saksøkt av to statsministrar: dåverande statsminister Goh Chok Tong og tidlegare statsminister Lee Kuan Yew.

Da son til Lee Kuan Yew, Lee Hsien Loong, vart statsminister i 2004, proklamerte han: «Folket vårt skal kjenne seg fritt til å uttrykkje ulike syn […]. Me bør ha sjølvtillit nok til å gå inn i robuste debattar […] og opne opp nye rom.» Men PAP endra aldri taktikken sin.

I åra som fylgde, har nyetablerte bloggarar, karikaturteiknarar, filmmakarar og nettaviser vorte utsette for trugsmål frå myndigheitene og til og med søksmål for ærekrenking, forakt for retten og oppvigling. I fjor var det min tur, da eg vart saksøkt for ærekrenking.

Skjønte ikkje alvoret

For å vera ærleg: Eg hadde ikkje trudd at eg kom til å bli saksøkt. Da eg tok til å skrive i 2012, var eg uvitande om historia som har heimsøkt Singapore. Eg trudde faktisk at me budde i eit demokratisk land der ein kunne tala fritt. Utan redsel for konsekvensane steig eg inn i minefeltet.

I byrjinga appellerte eg til myndigheitene for ein meir rettvis politikk. Men etter kvart som eg granska dei nærare, innsåg eg at politikken deira sidan midt i 1980-åra gjekk imot singaporarane sine interesser. Frå midten av 1980-åra har myndigheitene redusert helsesubsidiane frå 50 til 30 prosent, fleirdobla prisen på offentlege bustader og utdanning og fått singaporarar til å bruke pensjonspengane sine til å betale for alt dette.

I mellomtida reduserte myndigheitene renta på pensjonssparing til den lægste i verda, og reallønna til dei fattige stagnerte i 1990-åra og har halde seg der sidan. Med stagnerte lønningar og fallande renter på pensjonssparing, kombinert med auka prisar på bustad, helse og utdanning, fekk pensjonsfonda problem.

Singaporarar betalte faktisk den høgste andelen i verda av inntekta si til folketrygda, men ifylgje Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har singaporarar det minst tilfredsstillande pensjonsfondet, verre enn Kina, Pakistan og Sri Lanka.

Så skreiv eg ein artikkel om dette på bloggen min, og før eg visste ordet av det, vart eg saksøkt. Statsministeren sa at eg hadde skulda han for å underslå pensjonspengane våre.

Det som fylgde, tok meg fullstendig på senga. Eg vart saksøkt, og fekk sparken frå jobben som helsearbeidar på eit sjukehus. I tillegg vart det starta ein kampanje mot meg.

Diskriminering

Etter søksmålet skreiv eit statskontrollert medium ein artikkel der det stod at eg er «homoseksuell», og eit nettmedium med tilknyting til myndigheitene køyrde sidan ein svertekampanje der dei utnytta seksualiteten min. Eg vart mellom anna kalla faggot, eit nedsetjande ord for homofile.

Faktisk er Singapore det einaste utvikla landet i verda der sex mellom to menn er forbode. Da ei grunnlovsprøving vart sett i verk mot lova, konkluderte retten i fjor med at grunnlova berre vernar om religion, rase, opphav eller fødestad, – ikkje kjønn, sex og seksuell legning.

I september i fjor, etter at eg tala under ein demonstrasjon, vart eg sikta for to brotsverk – for ordensuro (for slikt som å veive med flagg, rope slagord og bera banner) og for å organisere ein demonstrasjon utan løyve, heimla i ei lov som er meint til å gjelde vedlikehald av plantar og tre. Alt me hadde gjort, var å appellere til myndigheitene om at samfunnet måtte bli meir gjennomsiktig, og at dei måtte ta eit større ansvar for styringa av pensjonsfonda våre.

Det er lite kjent blant singaporarar at grunnlova vår sikrar oss retten til ytringsfridom og fredeleg samankomst. Myndigheitene har då også sett seg ut over grunnlova og laga lover som hindrar fem personar eller fleire frå å samlast (ulovleg samankomst) og med The Public Order Act, som gjer det ulovleg for éin person å demonstrere. Dessutan er det berre lov å demonstrere i éin park, Hong Lim Park, som er om lag på storleik med ei fotballbane, og sjølv der har me vorte forbodne å demonstrere etter å ha blitt sikta, trass i at forbodet er grunnlovsstridig.

I september i fjor vart eg dømd for å ha ærekrenkt statsministeren. Eg ventar framleis på rettssaka om kor stor erstatning eg må betale han, men ho er venta å overskride 250 000 singaporske dollar.

Finanssenteret Singapore

Kva er det med myndigheitene si besette rettsforfylging av singaporarar, kan du spørja. Kvifor har eit så utvikla land ei så autoritær styring?

Singapore sitt ry som eitt av dei største finanssentera i verda, med stor økonomisk fridom, har lokka til seg mange. Men ei mørk sanning ligg under. Spør singaporarar, og dei vil fortelja deg at landet ser ut som eit vellukka i-land på utsida, men at folket i realiteten lever som i eit utviklingsland. Ein gjestearbeidar frå Kina fortalde meg at «frå utsida ser Singapore ut som himmelen, men på innsida er det helvete».

Det fyrste mange utlendingar spør singaporarar om, er: «Kvifor arbeider så mange av dykkar eldre framleis som reingjerarar?» Det er ganske enkelt fordi mange eldre ikkje maktar å spara nok i pensjonsfonda til å pensjonere seg, og dermed lyt dei halde fram med å arbeide, nokre til dei døyr.

Fattigdomen er estimert til om lag 30 prosent, sjølv om regjeringa, som eitt av fåe land i verda, nektar å definere ei fattigdomsgrense eller implementere ei minimumslønn.

The Economist har rangert Singapore og Oslo som dei dyraste byane i verda, men der lågtlønte nordmenn tener 5000 singaporske dollar i månaden, lyt lågtlønte singaporarar streve for 1000 singaporske dollar.

Likevel tente den singaporske statsministeren rundt 2,2 millionar singaporske dollar (13 millionar kroner), medan den norske statsministeren tener 250 000 singaporske dollar (1,5 millionar kroner). Ministrane i den singaporske regjeringa har òg dei høgste lønningane av alle politikarar i verda, og statsministeren har sagt at dette er «realistisk og rett», for å trekkje til seg «moralsk rakrygga menneske».

Ja, dei rike i Singapore, som PAP-ministrane styrer lønningane sine etter, har dei høgste lønningane og betaler dei lægste skattane av alle i-land, medan dei fattige har dei lægste lønningane og betaler mest i trygd. Singaporarar har dermed den lægste kjøpekrafta i den utvikla verda og det aller største lønnsgapet mellom rik og fattig.

På toppen av dette brukar dei singaporske myndigheitene minst på helsestell og utdanning av alle utvikla land, målt i prosent av brutto nasjonalprodukt, og singaporarar må betale mest frå eigne lommer for helsetenester.

I eit forsøk på å skjule dei vedvarande ulikskapane i Singapore har myndigheitene forkludra statistikken, ved kunstig å redusere tala for lønnsulikskapen og endre metodologien for lønnsrapportering. Studiar syner at den høge ulikskapen også har sosiale konsekvensar; sidan Singapore har den største lønnsulikskapen av dei utvikla landa, har det òg det lægste tillitsnivået til styresmaktene, den høgste andelen fengselsinnsette etter Amerika og den lægste klassemobiliteten av dei utvikla landa. Biletet er ikkje pent.

The Economist rangerer òg Singapore som nummer fem på deira «kameratkapitalisme»-indeks (crony-capitalism index), som inneber at Singapore er det femte lettaste landet i verda å bli rik i dersom du har tilknyting til myndigheitene.

Familiedynasti

Nokre vil skulde Singapores konservatisme på at staten blir driven av Kina-sjåvinistar, noko som kunne forklare likskapane mellom Singapore og Hong Kong. Og den fyrste statsministeren, Lee Kuan Yew, hadde gode tilknytingar til Straits-kinesarane. Kona hans kom frå tre generasjonar av bankfolk, og resten av slekta hennar er like imponerande. Bror hennar gifte seg inn i ein familie som kom frå den same ættelina som den noverande visestatsministeren, Teo Chee Hean. Den noverande presidenten, Tony Tan, som òg er tidlegare visestatsminister, er nevøen hennar. Far og bestefar hennar høyrde til i eit tettvove nettverk av andre lokale bankfolk, eit nettverk som grodde fram frå tidleg på 1900-talet gjennom banda deira til det kinesiske handelskammeret.

Men PAPs tru på meritokrati er òg velkjend. I 1982 fjerna PAP «likskap» frå partivedtektene sine, erstatta ordet med «sjølvberging» og la dermed med større sikkerheit ut på vegen mot ein «merittbasert» politikk.

Kanskje er det i dette perspektivet me får forklara korleis Lee Kuan Yew, svigerfamilien og slekta hans kunne ha så mange nøkkelposisjonar i staten og selskap med statstilknyting? Nokre estimat seier at myndigheitene kontrollerer så mykje som 60 prosent av Singapores brutto nasjonalprodukt.

Son til den eldre Lee er snar til å oppklare. Lee Hsien Loong har sagt: «Og dersom nokon tvilar på at eg er statsminister fordi eg er den beste mannen for jobben og trur det er fordi far min fiksa det, eller trur at kona mi leiar Temasek Holdings (investeringsselskap, red. merkn.) fordi eg sette ho der og ikkje fordi ho er den beste kvinna for jobben, da er heile truverdet og den moralske autoriteten min øydelagd. Eg er ikkje eigna til å vera der eg er.» Og han seier vidare: «Det å styre er ein fundamental ting. Fyrst lyt du ha den moralske retten, så kan du ta dei rette avgjerdene. Det er eit grunnleggjande konfusiansk vilkår.»

Likevel har ting vorte vanskelegare.

Frykt i folket

Éin av grunnane til at CPF-pensjonsfondet til singaporarane ikkje lenger strekk til, er at myndigheitene har teke midlane og investert dei i to av investeringsselskapa til staten, Temasek Holdings, der kona til statsministeren er administrerande direktør, og GIC, der statsministeren er styreleiar. Desse to selskapa er no rangerte mellom dei topp 11 statlege investeringsfonda i verda, og gjev stor profitt, men gjev lite attende til singaporarane.

Sjølv om regjeringa hevdar at ho ikkje blandar seg inn i GICs investeringsavgjerder, sit, utanom statsministeren, båe visestatsministrane, fleire andre ministrar og tidlegare ministrar i styret til GIC. Dermed er det ein openberr interessekonflikt som no tvingar PAP til å konfrontere desse utfordringane, men dei berre går utanom. Lee Hsien Loong har til og med sagt til The Telegraph: «Fonda våre er ansvarlege overfor myndigheitene. Eg trur ikkje at transparens er alt.»

Sjølv om Singapores sosioøkonomiske ulikskapar er like dei som har ført til dei store demonstrasjonane i Hong Kong, har ikkje dette skjedd i Singapore. Folk i Hong Kong er viljuge til å kjempe for å verne om liva sine og krevja demokrati, men i Singapore har tiår med undertrykking under PAP bygd opp mykje frykt i folk.

Singapore er ikkje eit demokrati. Reporters Without Borders har rangert Singapore på 153. plass på World Press Freedom-indeksen for 2015, til og med under Myanmar og Russland, og berre tre plassar over Irak.

Ironisk nok forstår ikkje folk kor mykje makt dei rår over, sjølv i Singapores pseudodemokrati, – dei forstår ikkje at dersom dei gjekk saman, ville ein fått PAP i kne.

Kulturell overhaling

For to år sidan delte ein PAP-parlamentarikar eit sitat på Facebook: «Gjengvaldtekt er, når alt kjem til alt, demokrati i funksjon», skreiv han, i eit forsøk på å avfeie demokratiet – noko han vart sterkt kritisert for. Men ironien er at det finst mykje sanning i orda hans, iallfall slik demokrati blir tolka i Singapore. Som eitt av offera for myndigheitene si forfylging, Vincent Cheng, sa: «Eg er framleis sint på grunn av urettvisa i heile hendinga, og at dei skuldige ikkje har vorte stilte til ansvar. ‘Operation Spectrum’ var politisk valdtekt.»

Mangelen på konsekvensar gjer at PAP rettsforfylgjer konkurrentar og meiningsmotstandarar, men dersom nokon av deira eigne gjer liknande «brotsverk», ser dei gjennom fingrane med det.

Då den første statsministeren Lee Kuan Yew døydde for nokre veker sidan, var det håp om at regjeringa ville snu, men slike håp vart knuste då PAP arresterte og sikta ein 16 år gammal gut, Amos Yee, og to redaktørar for ei nettside, The Real Singapore, på tre veker. Det vart klart at PAP er engsteleg for å miste grepet, og bruker frykt for å halde innbyggjarane sine nede.

Fyrst ved det komande valet blir det klart om sorgreaksjonane over Lee Kuan Yew er eit teikn på at folk respekterte mannen, og om singaporarane er i stand til å skilje respekten for han frå dagens PAP, som mange har vore sinte på gjennom dei siste åra. Det ville vera ille om singaporarane held fram med å stemme på PAP berre på grunnlag av dei siste restane av velvilje overfor Lee Kuan Yew. Det er elles sørgjeleg at regjeringa ikkje nyttar sjansen i samband med Lee Kuan Yews dødsfall til å fornye seg og vedkjenne seg tidlegare ugjerningar.

I sum: Singaporarar har éin av dei lengste arbeidsdagane i verda, éi av dei lægste lønningane av dei utvikla landa og ein enorm prosentdel av folkesetnaden som lever på fattigdomslønningar i det dyraste landet i verda. Vidare har dei eit av dei lægste fruktbarheitstala i verda (på eitt punkt det aller lægste).

Det er ikkje ei overdriving å seia at innbyggjarane er nervøse for å bli fjerna av elitestaten som har teke dei til slavar. Samtidig framstiller statsleiinga seg sjølve som skinande døme for verda. For medan myndigheitene sitt grep om Singapore har vorte utvida til media, embetsverket, fagforeiningane, akademia (akademikarar har mista jobben for å kritisere myndigheitene), selskap med tilknyting til Singapore og andre sektorar, som tenketankar og sivilsamfunn, har ikkje berre frykt kome i vegen for endring i Singapore, men også myndigheitene sitt kalkulerte system for å kontrollere innbyggarane gjennom eit nettverk av koplingar.

Eg fortalde ein gong om situasjonen i Singapore til ein europeisk ven. Han tykte Singapore verka «fascistisk». Men kva kan singaporarane gjera, om verda ikkje grip inn? Ver så snill og hjelp oss.

Omsett frå engelsk av Jostein Avdem Fretland

Dette er Singapore:

Singapore er ein republikk i Søraust-Asia.
Viktig kommersielt og militært senter for det britiske imperiet sidan 1819.
Indre sjølvstyre sidan 1959. Endeleg lausriving frå Storbritannia i 1963.
Singapore har vore medlem i FN frå 1965.
Landet har i overkant av 5 millionar innbyggjarar. 74 prosent av befolkninga er etnisk kinesiske.
Noverande statsminister, Lee Hsien Loong er son til den gamle landsfaderen,
People’s Action Party har hatt fleirtal i parlamentet sidan 1959.
Fattigdomen er estimert til om lag 30 prosent, sjølv om regjeringa, som ei av dei fåe i verda, nektar å definere ei fattigdomsgrense eller implementere ei minimumslønn.
Reporters Without Borders har rangert Singapore på 153. plass på World Press Freedom-indeksen for 2015, jamvel under Myanmar og Russland og berre tre plassar over Irak.
Singapore er det femte lettaste landet i verda å bli rik i dersom du har tilknyting til myndigheitene.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar