Frå Utgåve 4-17
Skrive av Signe Nilssen

Nye ord i norsk eller nye norske ord?

Det kjem ein del nye ord til norsk. I denne teksten skal vi sjå litt på nokre av dei, korleis dei blir skrivne, og korleis det er ynskt at dei skal skrivast etter norma.

 

Signe Nilssen (f. 1981) har studert norrøn filologi og nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, der ho tok mastergraden sin i nordisk språkvitskap i 2015. Ho har sidan vore tilsett der.

 

«Skal vi evolve denne?» Spørsmålet blei stilt av meg til ein 5-åring. Vi sat og såg på spelet Pokémon. «Hva tror du den blir til når vi har utviklet den?» svara han, som openbert er ein språkmedviten kar (eller som har språkmedvitne foreldre).

Dei orda som har vore ein del av språket så lenge vi har hatt eit språk å snakke om, kallar vi for arveord. Arveorda kan vere så gamle at dei stammar frå det språket vi kallar indoeuropeisk (mor, fot), somme er felles arveord for alle dei germanske språka (drikke, vinter), somme er felles for dei nordiske språka (seng, sau), og endeleg er somme særnorske (klopp, nov).

Så lenge det har vore språkkontakt, har det vore utveksling av ord og uttrykk. Desse orda kallar vi for importord eller lånord. Somme av dei verkar mindre framande i skrivemåte og uttale, til dømes snakke, som kjem frå lågtysk. Ordet har norsk fonologi, og det har trykket på første stavinga. Når ein slår opp i ei ordbok, kan ein finne ut kva for språk ord kom frå i si tid. Ein blir kanskje overraska over kor mange ord som er lånte, men som ein hadde gått ut ifrå var gamle norske ord, som arbeide, stråle og feire.

Vi har lånord frå til dømes tysk, latin, gresk, fransk og, ikkje minst, engelsk. Sams for dei orda som har vore her ei stund, er at dei har fått norsk skrivemåte og bøyingsmønster. Men somme kan vi likevel kjenne att som framande ved til dømes å høyre på korleis trykket er plassert. I norsk ligg vanlegvis hovudtrykket på den første stavinga, som i kvinne og hybel. Ord som betong og mil, som er lånte frå fransk, har trykket på andre stavinga.

Andre ord kan vi kjenne att som framande fordi dei har lydar i tale og skrivemåtar som ikkje er vanlege for norsk. Det gjeld til dømes web, som vi gjerne uttalar oeb, som på engelsk, men vi har òg det fornorska vebb. Bokstaven w finn vi heller ikkje mellom arveorda. Vi kan òg nemne au pair frå fransk og vorspiel frå tysk.

Då vi sat og spela Pokémon, uttala eg evolve med ei slags blanding av engelsk og norsk uttale, nemleg /ivolve/. Om evolve hadde blitt tatt opp i skriftspråket, vil vi kanskje etter kvart uttale det etter skrivemåten, og ikkje seie /ivolve/, slik som vi i dag gjerne seier /app/ og ikkje /æp/, som på engelsk, og /nylon/ i staden for /nailon/. Skulle eg ha skrive det, ville eg nok ha bøygd verbet evolve – evolvar – evolva – evolva, altså eit bøyingsmønster som ein kallar kasteklassen. Nye verb baserte på utanlandske ord blir gjerne plasserte der, som google – googlar – googla – googla. Google står rett nok ikkje oppført i ordboka, men det er vel ikkje usannsynleg at det finn vegen dit rimeleg snart. Vi plasserer nye ord inn i eksisterande bøyingsmønster, og etter lang nok bruk i tale og skrift finn orda òg vegen til ordbøkene.

 

NORVAGISERING

Når ein skal undersøkje om ord har funne vegen til det norske språket, i kor stor grad dei er brukte, og korleis dei blir skrivne, kan ein undersøkje korpus, som er samlingar av tekstar og ord, eller ein kan søkje på nettet. Ordet (to) touch, som kjem frå engelsk og tyder ‘å røre lett borti’, er tatt inn i både nynorsk- og bokmålsordboka, men der er det rett nok skrive (å) tøtsje.

Når ein googlar touche, som er det engelske ordet med norsk infinitivs-e, på norske nettsider med norsk tekst, får ein treff på det franske ordet touché og andre ikkje relevante tema på i alle fall dei ti første sidene i søket. Det same gjeld om ein søkjer med presensendinga -er, som ville vore naturleg i bokmål. Dersom ein søkjer på touchar, får ein opp mange sider med treff. Alt det første treffet er relevant, og det er mange relevante treff frå nynorske og svenske tekstar. (Det må seiast at sidan nynorsk er mindre representert, vil treff med nynorske bøyingsendingar vere synlegare på nett enn treff med bokmålsendingar i slike tilfelle.) Her er eit døme frå NRK:

 

Ut frå TV-bileta er det umogleg å sjå om ballen touchar borti andre før den går i mål.[1]

 

I dette søket får eg opp meir enn ti sider med treff. Søkjer vi på tøtsjar, får vi langt færre treff; søket blir på berre tre sider, og mest alle er frå nettordbøker.

 

Eit arrangement som tøtsjar innom noko av dette, kan godt vere eit jubileumsarrangement![2]

 

Denne måten å skrive om touche til tøtsje kallar vi norvagisering (‘det å gjere norsk’). Dette har blitt gjort med lånte ord i norsk lenge. Til dømes har chauffeur blitt erstatta av sjåfør, tough av tøff og strike av streik. Mindre vellukka norvagiseringar er til dømes sørvis, gaid og skvåsj. Desse har ikkje klart å fortrenge dei opphavelege orda. Dette kan vere fordi norvagisering av engelske ord er meir omstridt enn bruk av avløysarord. I tillegg er både den engelske og den norske skrivemåten tillatne i norma.

Sjølv om den generelle bruken i skrift ikkje nødvendigvis følgjer tilrådingane frå Språkrådet om fornorsking, er det generelt ei fornorsking i tale. Det finst ein del lydar i engelsk, til dømes, som ikkje er naturlege i norsk. Til dømes seier dei aller fleste jus og ikkje djuus. I ordet service/sørvis brukar vi rulle- eller skarre-r, og ikkje amerikansk eller britisk uttale av r-en. Vi tilpassar dei nye orda til dei lydane vi har tilgjengelege i språket vårt frå før. 

Dei nye orda kjem støtt og stadig når vi får bruk for dei eller oppdagar dei. I gamle skriftlege kjelder er det kanskje lettare å seie noko meir sikkert om tidspunktet då ordet blei tatt i bruk, sidan kjeldene og dei skrivekunnige var færre. I dag får vi kontinuerlege inntrykk frå alle dei ulike media vi omgir oss med. Slik sett er det vanskeleg å seie når eit visst ord eller uttrykk kjem inn. Kanskje orda forsvinn att før ein legg merke til dei.

Då eg undersøkte det engelske (-)ish brukt i norsk, var det tidlegaste treffet eg fann, i eit lukka nettforum som nokon gav meg tilgang til. Det kan finnast mange slike forum som ikkje er tilgjengelege for språkforskarar. Men generelt er det vel slik at dei som først tar nye ord i bruk, er dei som først har kontakt med fenomenet ordet er knytt til. Det er heller ikkje slik at bruken eskalerer frå den aller første bruken. Ordet kan kome inn gjennom fleire kanalar til fleire brukarar over ein periode.

 

AVLØYSARORD

Søkjer eg på ordet rullebrett, får eg ein del treff. Ordet er det vi kallar eit avløysarord for det engelske ordet skateboard. Det vil seie at ein brukar eksisterande norske ord i staden for dei utanlandske. Rett nok dukkar det opp mange treff på skateboard i det same søket. Det kan sjølvsagt ha samanheng med at dei som sel dette produktet, gjerne brukar begge orda om kvarandre. I tillegg ser ein at sjølv om rullebrett i seg sjølv har blitt greitt etablert, så brukar ein verbet skate, og ein har skateparkar, som på engelsk skate park.

Språkrådet har ei eiga liste over avløysarord, frå engelsk og til norsk, og her kjem nokre døme:

 

attach/attachment - leggje ved/vedlegg

baby shower - babygåvedryss, ventefest, førbarselsfest

body - trusetrøye, trusebluse

catwalk - motemolo

instant coffee - pulverkaffi

interface - grensesnitt

 

Vedlegg og pulverkaffi er vel ganske godt innarbeidde, og det same gjeld i stor grad grensesnitt. Dersom ein søkjer på babygavedryss (og her må eg rett og slett søkje på bokmålsversjonen, sidan nynorskversjonen berre viser til Språkrådet sine sider og andre tekstar om språk), får eg opp to sider med søkjetreff. I hovudsak dreier dette seg om artiklar som tar for seg sjølve ordet, medan det elles er bloggar og diskusjonsforum på nett som diskuterer fenomenet. Motemolo har overraskande over 5 000 treff. Også her er det i hovudsak treff i tekstar som kommenterer Språkrådet sitt framlegg til avløysarord. Men eg fann nokre få døme på bruk som ser ut til å vere autentiske, som her frå eit nettforum[3]:

 

Eg tek det med meg, eg, altså, det er ikkje så ofte eg kvalifiserer til trendy, her eg travar rundt i vintagekleda mine i snitt som kler meg og som ingen har sett på ein motemolo i mi levetid!

 

Når eg leitar etter trusetrøye, får eg, ikkje uventa, berre opp treff som gjeld det nye ordet, unntatt i ein nettbutikk som sel nynorskartiklar[4]:

 

Flott langerma trusetrøye (body) med skrifta NY NORSK VERDSBORGAR. Ivar Aasen-signatur på ryggen.

 

Sjølv om butikken kallar produktet trusetrøye, har han likevel valt å ta med ordet body for å forklare.

Det ser altså ikkje ut til at avløysarord av nyare dato får feste på same vis som dei orda som har vore gjennom norvagisering, og som har vore i språket vårt ei stund. Det ser òg ut til at dei som uttalar seg om dei norske variantane av orda, i hovudsak synest dei er teite og pinlege. I eitt tilfelle frå eit nettforum var det endåtil ein person som var forarga, noko som overraska, sidan det vanlegvis er dei engelske orda som vekkjer harme (meir om dette lenger nede). Men i ein blogg[5] fann eg ei lang ordliste der forfattaren kommenterte ein del engelske ord og uttrykk som han ville skulle bli erstatta av mellom anna forslaga frå Språkrådet, nokre døme under:

 

Accounting manager: Det er umulig å forstå alle de pretensiøse stillingsannonsene der ute. Ikke rart folk går arbeidsledige. Hvis firmaet hadde søkt etter en regnskapsleder, hadde sikkert flere søkt.

 

Babyshower: Bør oversettes med barselgaver. Alternativt kan en kalle det (baby)gavedryss. Baby er forresten det samme som spedbarn.

 

Boots: Det er støvler, det.

 

Catwalk: Ordet motemolo er så bra at det må brukes.

 

Cupcake: Ja, jeg vet at «muffin» er et engelsk ord, og jeg vet at cupcakes og muffins ikke er det samme. Derfor kaller jeg det koppkak(e).

 

Date: Jeg blir heller med på et stevnemøte.

 

DET NYE ORDET BLIR IKKJE ERSTATTA

Det finst mange ord i ordboka som korkje er norvagiserte eller avløyste. Desse får norske bøyingsendingar, men stamma er den same som i språket det kom frå. Grunnen kan vere at ein synest ein ikkje har eit norsk ord som fullt ut dekkjer innhaldet til ordet. Vi kan ha eit ord som tilsynelatande tyder det same, men ved nærare ettersyn får ein ikkje den semantiske nyansen ein er på jakt etter. Eller så kan ordet vere så spesielt for eit fenomen i det landet ordet kjem frå, at vi ikkje nødvendigvis har noko tilsvarande her, som cowboy. Yrket inneber kanskje litt meir enn forklaringa i Nynorskordboka: «ridande gjetar på fefarm i prærie- og veststatane i USA».

Domenet ordet kjem frå, kan òg vere framandt i Noreg, og difor har vi ikkje nødvendigvis kunna finne ein god erstattar, som til dømes cocktail, som Nynorskordboka forklarar slik:

 

1 isavkjølt, oftast alkoholhaldig blandingsdrikk av ulike typar brennevin, vin, fruktsaft o l

2 i overført tyding: lett, skjemtsam blanding 

3 ein musikalsk cocktail

 

Det er ulikt kva folk synest om det å ta i bruk utanlandske, og då helst engelske ord i norsk. Som vi ser her, tar norsktalande i bruk ei mengd lånte ord utan å reflektere mykje over det. Andre er svært opptatt av å halde språket «reint». Men det ser likevel ut til at det som forargar mest, er dei orda som blir tatt i bruk, og som alt har eit norsk motstykke. I ulike nettforum og på debattsider dukkar det gjerne opp kommentarar om ord og uttrykksmåtar, som denne kommentaren frå Facebook-sida Språkspalta:

 

Isj, kva skal vi med -ish? For det første har vi den same avleiinga på norsk frå før: -isk. For det andre er sj-lyd uvanleg til slutt i norske ord bortsett frå hysj og fysj og eit par til, og skrivemåten strir mot rettskrivingsreglane. […] Typ-ish jål, kan ein vel seie!

 

Orda får, som sagt, norske bøyingsendingar, og substantiva blir, med få unntak, hankjønnsord. Ordet goodwill, til dømes, blir difor bøygd slik: ein goodwill – goodwillen – goodwillar – goodwillane. Dei unntaka som finst, er til dømes der vi har fått ord frå språk som har tre kjønn, som norsk har, til dømes latin og tysk. I tillegg er det slik at ord som endar på trykklett -e, gjerne blir hokjønnsord (ei kantine).

Som vi har vore inne på tidlegare, blir dei nye verba plasserte i kasteklassen (eller klasse 1). Unntaket her er dei verba som endar på -ere, og som får -te i preteritum, som delegere – delegerer – delegerte – delegert. Her passar det å vende tilbake til evolve, som eg gjerne ville plassere i kasteklassen. Dette er fordi eg har fått verbet frå engelsk, men om vi tar det direkte frå latin, vil evolvere bli bøygd som delegere.

 

NYE FENOMEN, NYE ORD

Det har alltid kome inn nye ord i norsk. Grunnane til at dei kjem, er mange. Vi har bruk for nye ord når det kjem nye fenomen eller ting inn i norsk som vi ikkje har hatt her før. Eller vi har behov for å ha ord på ting som kanskje ikkje er ein del av norsk kultur, men som vi likevel treng ord for å skildre. Somme gonger oppdagar vi ord i andre språk som vi synest dekkjer ein semantisk nyanse betre enn eit norsk ord som ved første augnekast synest å tyde akkurat det same. Når eitt språk er knytt til til dømes eit spel ein er veldig inne i, er det lett å ty til dei orda som då eksisterer i det spelet, uavhengig av språk, heller enn å leite fram dei norske.

Nye ord kan bli fornorska ved at vi lagar nye versjonar av orda baserte på det norske ordtilfanget, eller vi vel ein skrivemåte som passar meir inn, sjølv om uttalen framleis er frå kjeldespråket. I somme tilfelle held vi på den utanlandske skrivemåten, men i somme tilfelle kan då uttalen forme seg etter skrivemåten. Felles for alle orda er at dei rettar seg etter det norske bøyingsmønsteret. På denne måten passar dei inn i det norske setningsmønsteret og verkar mindre framande etter kvart. Rett nok låner vi av og til heile uttrykksmåtar som bryt med norsk syntaks, men det skal vi ikkje gå inn på her.

Når ein søkjer på ord i korpus og på nett, kan ein lett sjå kva som er den føretrekte skrivemåten. I tillegg får ein òg ofte mykje metainformasjon – tekstar om orda. Slik kan ein danne seg eit bilete av kva folk meiner dei ulike orda tyder, korleis dei skal brukast og, kanskje aller oftast, kva for haldningar folk har til orda. Vidare kan ein òg få eit inntrykk av levetida til orda. Somme kjem for å bli, medan andre er knytte til eit særskilt fenomen og har same levetid som fenomenet – såkalla moteord. Til dømes var ordet weekend utbreidd på 1970- og 1980-talet, men er lite i bruk no.

Til slutt må eg nemne at eg, då eg søkte på evolvar, ikkje fann norske treff, men eg blei svært oppglødd over dette funnet frå Facebook-sida Pokémon GO Sverige:

 

Känslan när man av misstag evolvar en CP 36 Magikarp. 🤦‍♂️ Vad nu?

  1. Transfera skiten och försöka glömma?
  2. Spendera de kommande två årens stardust på att powra upp den?
  3. Skaffa en advokat och hävda ångerrätt hos Niantic?

 

[1] www.nrk.no/sognogfjordane/bolseth-fekk-godkjent-scoringa-1.12581183

[2] www.sfj250.no/bli-med-i-jubileumsavisa-meld-inn-arrangement

[3] forum.kvinneguiden.no

[4] handlenett.no

[5] https://radiojente.wordpress.com/2011/06/05/sprakspalten-16-anglisisme-er-bare-sooo-last-year-ass-fokk-det/