Frå Utgåve 3-18
Skrive av Alf Tore Hommedal

«Må englane føre deg til Paradiset!»

Om møte mellom ein arkeolog og menneske frå mellomalderen.

 

«In paradisum deducant te angeli. In tuo adventu suscipiant te martyres, et perducant te in civitatem sanctam Ierusalem. Chorus angelorum te suscipiat, et cum Lazaro quondam paupere æternam habeas requiem.»

 «Må englane føra deg til Paradiset, må martyrane koma deg i møte og føra deg inn i den heilage byen, Jerusalem. Må englekoret ta imot deg, til den evige kvila saman med den fattige Lasarus.»[1]

 

Som ein arkeolog som for det meste arbeider med kyrkjer og kloster frå norsk mellomalder, har eg alltid hatt menneskegraver som ein del av det arkeologiske livet mitt, både som feltarkeolog og som forskar. Mang ein gong har eg varsamt henta fram fleire hundre år gamle restar av menneske frå jorda og slik møtt på dei i dødens form (fig. 1). I det fylgjande skal eg koma med ein mellomalderarkeolog sine refleksjonar om graver frå mellomalderen, om dei døde som kviler i gravene, om døden og om liva våre etter døden. Likeins skal eg koma litt inn på det etiske aspektet i samband med forsking på restar av menneske. Dei trusmessige tankane omfattar både arkeologen som grev, og dei som alt er førte over «stjernebru»,[2] men som arkeologen altså møter restane av. Eg vert personleg, faktisk så personleg at eg ei tid har tenkt at døra til dette private rommet burde haldast lukka. Eg må også understreka at dette er tankane og refleksjonane frå det private rommet til ein enkelt-arkeolog. Arkeologiske tankar og haldningar er der like mange av som der er arkeologar.

Det er mellomalderen eg held meg til. I norsk samanheng vil dette seia den 500 år lange tidsperioden frå innføringa av kristendomen tidleg på 1000-talet e.Kr. til den lutherske reformasjonen i 1536–37. Det karakteristiske med mellomalderen er i samanhengen vår at det er tida då Noreg offisielt var eit katolsk land. Den romersk-katolske kyrkja rådde grunnen i landet. Det er klart at tanke og tru hjå folk ikkje endrar seg slik «over natta». Førkristen tru har levd hjå mange langt inn i den offisielt kristne tida, liksom katolsk tanke har levd langt inn i luthersk tid. Likevel tenkjer eg at når folk har levd med kristen lære i nokre generasjonar, så har også eit kristent grunnsyn i hovudsak vore rådande, særleg hjå ein del av dei eg har møtt på. Mange av desse var venteleg munkar og nonner i kloster eller folk som har søkt seg dit.

No er det slik at eg er katolikk. Dermed deler eg også trusforma med dei mellomalder-menneska eg møter i dødens form. Dessutan har eg i lang tid vore liturgisk føresongar ved katolske messer i Bergen og har dermed i over 30 år gjeve stemme til dei ulike ledda ved gravferder og messer for dei døde, altså Requiem-messer. Eit særleg sterkt inntrykk gjer ofte den siste bøna eg då har formidla: In paradisum deducant te angeli – Må englane føra deg til Paradiset. Antifonen vert no gjerne sungen i det båra blir boren ut etter messa (sjå sluttnote 1), medan han tidlegare helst vart sungen i det den døde vart senka i grav.[3]

 

ARKEOLOGEN OG DEN DØDE

Frå den aller fyrste erfaringa mi med opning av kristne graver – i 1981 ved den arkeologiske utgravinga i Ringebu stavkyrkje i Gudbrandsdalen – har eg kjent på eit sterkt ansvar for den grava og den personen eller personane i grava eg var i ferd med å forstyrra. For hugs: Ei arkeologisk feltundersøking er samtidig ei systematisk øydelegging. Ein kan aldri på nytt skapa den originale situasjonen som var før inngrepet. Dei døde vart lagde i grava for evig kvile – og kven er eg som tillèt meg å bryta dette ynsket? Difor har eg ved alle utgravingar, før det øydeleggjande inngrepet i ei grav og særleg før forstyrringa av sjølve skjelettet, bede den døde om tilgjeving for det eg gjer, og bede eit Requiem for personen som ein gong fylte grava og beingrinda eg då ser på.[4] Men er dette berre for mi eiga romantiske og kristne trøyst, eller betyr det noko – også for personen eg ber for? Det er eit teologisk og ikkje eit arkeologisk spørsmål, men personleg trur eg at det gjer det. Eg trur at det betyr noko både for dei og for meg – at me hjelper einannan «på veg», for eg ber også dei om å be for meg! Sjølvsagt har katolsk teologi og liturgi til ein viss grad endra seg frå høgmellomalderen av og til vår tid, men hovudinnhaldet i synet på døden er det same: teologien om «Samfunnet av dei heilage». I katolsk teologi er dette fellesskapet og banda mellom alle som trur på Kristus, dei som vandrar her på jorda og dei som er døde.[5]

Eit viktig argument for å gjennomføra eit arkeologisk inngrep er likevel meir prosaisk: Dersom vi som arkeologar ikkje undersøker grava og gjennomfører ei systematisk, vitskapleg dokumentert øydelegging, så ville i teorien andre koma og gjera jobben, nokre stader kanskje med gravemaskin. Noka mindre verdig endelykt for grava kan vel neppe tenkjast. Då kan ein alltid spørja: Er det ikkje akkurat det som ofte skjer på dagens kyrkjegardar ved nye gravleggingar i eldre graver? Jau, men då vert beina frå den tidlegare døde ikkje fjerna, men vert framleis liggjande i grava – omrota i jordmassane som fyller henne.

 

TUSEN ÅR SOM EIN DAG

Ved avslutninga av det arkeologiske feltarbeidet ved Nonneseter kloster, i samband med Bybane-utbygginga i Bergen i 2006, valde eg å lyfta bønene for dei avdøde frå det heilt private og til det meir «offentlege» rommet. Utgravinga vart avslutta med at ei Requiem-messe vart feira for dei menneska som måtte lyftast ut or gravene sine, fleire truleg benediktinar-nonner ved klosteret (Ekstrøm 2007, Reinsnos 2009). Messa vart feira, dvs. halden, i det gjenståande sakristiet/korkapellet frå klosterkyrkja, eit kapell bygd tidleg på 1300-talet og dermed eit rom som dei fleste av desse nonnene venteleg hadde vandra i sjølve.

Eg tok opp tanken om ei slik messe med den katolske soknepresten i Bergen, som slett ikkje var avvisande. Det enda med at både fagfellar og trusfellar kom til messa. Det same gjorde representantar både for St. Franciskus Xaverius-søstrene og for Mor Theresa-søstrene, nonner som no heldt til i Bergen, og som gjerne ville vera med og be for dei tidlegare medsøstrene sine i byen (fig. 2). Avisa Vårt Land var også til stades og hadde nokre dagar seinare eit oppslag om messa (Norheim 2006).

For meg, og eg trur også for dei andre arkeologane som tok del i utgravinga, var messa ei verdig og vakker avslutning på feltarbeidet. Mange andre kollegaer, som til dømes osteoarkeologen Berit J. Sellevold, som ikkje tok del i prosjektet, men som eg i lang tid har samarbeidd med, var også opne og velvillig innstilte til det som vart gjort. Andre har kanskje meint at messefeiringa mest var over ei grense og vel «romantisk» – litt ein «sprø» manns verk. I 2006 var dette likevel vår måte å skapa ei verdig ramme rundt avslutninga av feltundersøkinga vår. Alle med-arkeologane mine ved feltundersøkinga var då også positive til at messa skulle feirast, elles hadde eg neppe arrangert henne. For meg personleg var det dessutan ein måte å syna respekt og omtanke for menneske som levde fleire hundre år før meg. Likeins var det å be dei om omsorg for dei komande etter-liva til ein arkeolog og medarbeidarane hans i «Samfunnet av dei heilage», slik ei av bønene som presten las, formidlar:

 

Herre. For deg er en dag som tusen år og tusen år som en dag. Du står over våre menneskelige begreper «tid» og «rom». Du kjenner hvert enkelt av de menneskene vi ved denne vår arkeologiske utgraving har møtt i dødens form. La vår bønn i dag være med på å løfte dem alle frem for ditt åsyn, som deres bønn vil løfte oss frem når vår time kommer.

 

OMSYN TIL BÅE PARTAR

Generelt sett gjev arkeologiske utgravingar ofte kontakt med menneskebein, uansett om det er på ein kristen kyrkjegard eller ved førkristne graver. Det reint etiske ved å forstyrra graver, og særleg handsaminga av menneskebein, har difor i lang tid vore tema innanfor arkeologifaget og innanfor apparatet for kulturminneforvaltinga. Er menneskebein berre arkeologiske gjenstandar på lik line med keramikkskar og bygningssteinar, eller bør beina bli møtte med større respekt? Dette er eit stort og mykje diskutert tema innanfor kulturminneforvaltninga og innanfor den arkeologiske forskinga. Den generelle haldninga er likevel at menneskeleivningar, det vil til vanleg seia eit skjelettmateriale, har ein særeigen status og skal handsamast på ein særeigen måte. Spørsmålet har elles ikkje berre vore relatert til tanke og tru, men også til etnisitet, som spørsmålet om kvar og korleis til dømes eit samisk menneskemateriale skal oppbevarast og handsamast.

I dei snart 40 åra eg har arbeidd i norsk arkeologi, har der skjedd store endringar når det gjeld innsamlingskriteria av menneskebein frå kyrkjegravingar og kva som skal skje med leivningane etter at dei er tekne opp. Eg kan bruka mine eigne undersøkingar som døme: Ved undersøkinga av Ogna kyrkje på Jæren i 1984 avgjorde Riksantikvaren at beinmaterialet skulle gravast ned att på kyrkjegarden. Ved undersøkinga av Sola kyrkjeruin i 1986 (fig. 3–4) vart derimot alt skjelettmaterialet henta inn til museet, katalogisert og innlemma i museumsmagasina, i samsvar med ynske frå dåverande Arkeologisk museum i Stavanger. Det vart då mi oppgåve, saman med osteoarkeologen Berit J. Sellevold, å gjennomføra registreringa av desse leivningane av menneske. Prinsippet er no rådande for arkeologiske utgravingar, men det er framleis emne for debatt. Seinast no i august 2018 har såleis den katolske biskopen i Oslo, Bernt I. Eidsvig, gjort seg til talsmann for at menneskeleivningar frå norsk, katolsk mellomalder bør gjengravleggjast etter at dei er vitskapleg undersøkte.[6]

I norske museum og vitskaplege samlingar vert det i dag oppbevart restar av 12 000–15 000 menneske (Todal 2013). Musea og samlingane våre er såleis også «mausoleum». Dermed har både reine etiske spørsmål og meir forvaltningsspørsmål som oppbevaringsforhold vore med i den langvarige og framleis aktuelle diskusjonen (sjå t.d. Næss og Sellevold 1990, Fossheim (red.) 2013, Sellevold (red.) 2014). I 2008 vart også det såkalla «skjelettutvalet» oppretta (Nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelege leivningar). Utvalet skal vurdera alle forskingsprosjekt på leivningar av menneske i Noreg, mellom det også arkeologisk utgrave humant beinmateriale. Eit av kriteria for vurderingane til utvalet er kva etnisk eller religiøs gruppe den døde høyrde til i levande live, og kva konsekvensar dette kan få for oppbevaringa og forskingsbruken av materialet. I løpet av dei siste tiåra har også heilt nye forskingsspørsmål kome opp gjennom nye naturvitskaplege metodar. Gjennom beinmaterialet, som ved isotopstudiar og DNA-analysar, kan ein no mellom anna studera genetikk, oppvekstområde og oppvekstforhold for eit menneske. Ein kan til og med seia noko om hår- og augnefargen som den døde hadde. Dette opnar for heilt ny kunnskap om menneske i tidlegare tider. Men desse naturvitskaplege analysane fangar ikkje kva tankar og tru den døde hadde. Då må vi ty til den arkeologiske konteksten, til gravform og gravstad – som ein kyrkjegard.

 

RESPEKT OG KUNNSKAP

Dei menneska som vi møter i dødens form ved ei arkeologisk utgraving, skaper særlege band mellom vår tid og deira tid. For ein arkeolog som venteleg deler tankar og religiøs tru med den døde, er det naturleg også å ta den døde med i trusuttrykket sitt, dvs. bøna. Men kva då med døde ein møter frå andre tidsperiodar enn den katolske mellomalderen? Kva med graver frå førkristen eller luthersk tid? Desse menneska må etter mi tru også kunna inkluderast i ei respektfull bøn om Guds omsorg.

For ein arkeolog er også ei respektfull forsking på og forvaltning av menneskeleivningar viktig og naudsynt. Ein gravkontekst fortel mykje om samfunnet som levde vidare – om dei som la den døde i grava. Men grava fortel sjølvsagt også mykje om den døde som kviler i henne. Ikkje minst gjev dei nye, naturvitskaplege forskingsmetodane oss særleg gode høve til å koma enkeltindivida nær gjennom menneskerestane som er overlatne til oss. Slik sett opnar all forsking for at ein mellomalderarkeolog kan koma endå nærare det mennesket han hentar fram frå jorda og venteleg deler tanke og tru med.[7]

 

*

 

Litteratur:

Ekstrøm, H. (2007). Nonneseter kloster, Bergen. Osteoarkeologisk analyse av humant benmateriale fra utgravningen ved korkapellet. NIKU Antropologiske undersøkelser 05-2007.

Flæten, S.Ø, Mikalsen, K.S. og Aasdalen, D. (2018): Biskop vil begrave denne mannen for andre gang. NRK Østlandssendingen. https://www.nrk.no/ostlandssendingen/biskop-vil-begrave-denne-mannen-for-andre-gang-1.14183657 Henta 29.08.2018.

Fossheim, H. (red.) (2013). More Than Just Bones. Ethics and Research on Human Remains. Oslo: Forskningsetiske Komiteer.

G.T. 1979: Graduale Triplex. Solesmis MCMLXXIX: Abbaye Saint-Pierre de Solesmes.

Katekisme 1994: Den Katolske Kirkes Katekisme. Oslo: St. Olav forlag.

Messebok 2011: Messebok for søndager og festdager. 2. utgave. Oslo: St. Olav forlag.

Nilsson, B. (1987). Död och begravning. Begravningsskicket i Norden. I O. Ferm, G. Tegnér (red.), Tanke och tro. Aspekter på medeltidens tankevärld och fromhetsliv. Studier till det medeltida Sverige 3, s. 133–150. Stockholm: Riksantikvarieämbetet.

Norheim, A.D. (2006). Dødsmesse for middelaldernonner. Avisa Vårt Land 3. oktober 2006.

NOS: Norsk Salmebok 2013. Stavanger: Eide Forlag.

Næss, J.-R., og Sellevold, B.J. (1990). Graver fra historisk tid: vitenskapelig kilde og forvaltningsproblem. Med spesiell vekt på «kristne graver» fra middelalderen. Collegium Medievale 3/1990 Supplement.

Reinsnos, A. (2009). Nonneseter kloster, Bergen. Utgraving framfor Klosterkapellet, 2006. NIKU Oppdragsrapport 29/2009.

Sellevold B.J., og Hommedal, A.T. (2008). Archaeological Bones – The Anatomy of an Abandoned Churchyard. Norwegian Archaeological Review, Vol. 41, No. 1, 2008, s. 71–84.

Sellevold, B.J. (red.) (2014). Old Bones. Osteoarchaeology in Norway: Yesterday, Today and Tomorrow. NIKU. Oslo: Novus Forlag. 

Todal, P.A. (2013). Når dei døde vaknar. Anne Karin Hufthammer i samtale med Per Anders Todal. Forskerforum 3-2013.

 

*

 

[1] Antifon frå den romersk-katolske Requiem-messa, dvs. gravferdsmessa. Antifonen blir no gjerne sungen etter at presten har oppfordra sørgeskaren til å fylgja den døde til grava (GT 1979, 697 og Messebok 2011, 1114, mi nynorskomsetjing).

[2] «Når så siste dagen dalar / lyft oss opp i dine salar / lei oss over stjernebru!» Avslutninga av kveldssalmen «Ned i vester soli glader» (NOS 823).

[3] Omtala t.d. då Anno av Siegberg, erkebiskop av Köln, døydde seint på 1000-talet. Omtalen er skriven ned i 1105 eller kort tid etter. Antifonen er truleg frå det 9. hundreåret. Takk til mellomalderhistorikaren Sigbjørn Sønnesyn for denne opplysninga.

[4] Inngangsbøna i Requiem-messa, som messa også ber namn etter: Requiem aeternam dona eis Domine: et lux perpetua luceat eis – Herre, gjev dei den evige kvila, og la det evige lyset skina for dei (GT 1979, 669 og Messebok 2011, 1108, mi nynorskomsetjing).

[5] Sjå «Samfunn mellom kirken i himmelen og på jorden» (Katekisme 1994, 242–243).

[6] https://www.nrk.no/ostlandssendingen/biskop-vil-begrave-denne-mannen-for-andre-gang-1.14183657

[7] Takk til kollegaene mine Berit J. Sellevold og Nils Anfinset, som har lese gjennom og kommentert manuset.