Frå Utgåve 3-18
Skrive av Espen Nævestad

Fysikaren Thorstein Wereides okkulte atomteori

Thorstein Wereide (1882–1969) hadde tre store interesser i livet: fysikk, parapsykologi og målarkunst. Hadde han berre halde fysikken og åndene kvar for seg, ville kombinasjonen ikkje bode på problem. Det var lagnaden hans å leve i spiritismen sin tidsalder, blant svindlarar og svermarar.

 

Espen Nævestad (f. 1965) bur i Oslo, er utdanna siviløkonom og har master i historie, og driv eit internettantikvariat. Tidlegare arbeidde han i finansnæringa. Han har skrive nokre artiklar med historiske emne.

 

Thorstein var bondegut, oppvaksen på slektsgarden i Vereide ved Gloppefjorden i Nordfjord. Medisinstudiet var han tvinga til å avbryte på grunn av pengesorger. I 1910 avla han i staden matematisk-naturvitskapleg embetseksamen, og tre år etter fekk han godkjent universitetet si prisoppgåve som han hadde valt til tema for hovudoppgåva i fysikk, som doktoravhandling. Deretter fortsette Wereide studia i Paris i 1914 og i Tyskland i 1915 til 16 mens verdskrigen rasa. Hausten 1916 blei han universitetsstipendiat i fysikk. Inntil 1917 tenkte Wereide like lite – eller mykje – på ånder som fysikarar flest.

 

EI SPIRITISTISK BYLGJE

I samband med stiftinga i oktober 1917 sende Norsk Selskap for Psykisk Forskning ut innbyding til ein del universitetsfolk. Wereide blei nyfiken, og sjølv om han ikkje hadde noka røynsle med psykiske – eller det vi i dag kallar paranormale – fenomen, greip saka han i den grad at han sidan nytta kvar ledige stund til å granske og studere dei. Han dansa til tidas melodi.

Under og etter første verdskrigen gjekk ei spiritistisk bylgje over verda, kanskje fordi so mange ynskte å halde kontakten med sine døde. Det var særleg akademikarar som strøymde til den nye foreininga. I 1922 nådde medlemstalet 300. Blant stiftarane var statsøkonomiprofessor og spiritist Oskar Jæger, skolestyrar og kvinnesaksforkjempar Ragna Nielsen og Ellen Gleditsch, dosent i kjemi. Modell for det nye selskapet var det engelske Society for Psychical Research som blei stifta i 1882, og som sette seg føre å etterprøve paranormale fenomen vitskapleg.

Norsk Selskap for Psykisk Forskning viste sitt vitskaplege forsett ved å starte kartlegging av folks røynsler med paranormale fenomen. Dei samla ånder som Norsk Folkeminnelag samla fortid.

Thorstein Wereide markerte seg snart som ein omstridd person på universitetet. I 1918 tapte han kampen om det gamle professoratet til Kristian Birkeland for dosent Lars Vegard. Men da Wereide seinare på året søkte på dosenturet etter Vegard, blei han ikkje eingong halden for skikka, slik han var blitt til det høgare rangerte professoratet. Det kom blant anna av at vurderingsnemnda i fortrulegheit var gjort kjend med at professorane Max Planck i Berlin (Nobelprisen 1918) og Peter Debye i Göttingen (Nobelprisen 1936) hadde slakta Wereide sine seinare arbeid. Kristian Birkeland hadde ogso rista bestemt på hovudet: Wereide «var genial men videnskabelig uvederheftig (ialfald noget i den retning)». Wereide utmerkte seg ved intelligens og pedagogisk talent, men støtta seg lettvint på intuisjon der han skulle gått den lange vegen med utleiing og eksperiment. Professor Vilhelm Bjerknes hadde derfor skriftleg påpeikt for han at «aanden maa kjøres med stramme tøiler hvis den ikke skal skeie ut». Sjølv om fakultetet etter eit endeframt ordskifte stod på sitt, tilsette Kyrkjedepartementet Wereide til dosent frå 1. januar 1919. Mindretalet på fakultetet og ei støttefråsegn frå studentane redda han. Bjerknes sitt alvorsord peikte dessverre framover.

 

BORDDANS

Hausten 1919 heldt Wereide tre føredrag for Norsk Selskap for Psykisk Forskning. Til det første viste universitetet sin gamle festsal seg for liten. Mange interesserte tusla skuffa heim i haustmørket. Dei to siste føredraga blei derfor lagde til universitetsaulaen. Wereide var i stand til å leggje fram vitskapleg haldbare bevis for fenomenet «borddans». Han gjorde greie for undersøkingane ingeniør dr. William Jackson Crawford, lektor i mekanikk ved Queen’s University i Belfast, over lang tid og under streng kontroll hadde gjort av seansane i familien Goligher i Belfast, i svakt, raudt ljos med dottera Kathleen som medium.

Dr. Crawford hadde synt at det gjekk ein hittil ukjend materie, ein «psykisk arm», frå mediet, og dei mange slags undersøkingane hans viste at det var denne armen som løfta bordet på hans kommando. Målingar viste at Kathleens vekt auka like mykje som bordet si vekt under løftet. Crawford hadde ogso registrert vekttap hos dei andre seansedeltakarane. Det let til at dei overførte «energimaterie» til mediet, som overførte den som «strukturmaterie» i løftearmen. Når Crawford forsøkte å trykke det svevande bordet ned mot golvet, merka han ein motstand som mot ei elastisk pute. Vitskapen ville, konkluderte Wereide, måtte «anerkjende en ny form for materie, en materie av organisk natur, ganske væsensforskjellig fra den anorganiske man hittil har været beskjæftiget med at utforske». Meir overtydande kunne det knapt bli: Ein vitskapsmann la kjølig og sakleg fram det ein annan vitskapsmann hadde granska vitskapleg. Kraftig og velfortent applaus! Wereide var dagens mann.

Wereide trekte inn den nyaste forskinga på atomet når han forklarte dei prosessane dr. Crawford hadde klart å undersøke, måle og kontrollere. Det var dernest klart at underbevisstheita kunne personifisere seg og opptre sjølvstendig. Ofte var det likevel framande intelligensar, døde personar, som gav seg til kjenne ved eigenskapar som var framande for mediet. Kunne ikkje professor Jæger si foreining, føreslo Morgenbladet, engasjere «den lille dame fra Belfast til en gjesteborddans her i byen med sin ‘psykiske arm’»?

 

FRÅ FYSIKK TIL PSYKOFYSIKK

Den skandinaviske fysikarkongressen i Lund i september 1919 gav Wereide høve til å ta dei usynlegaste delane av materien nærare i augesyn. Forskinga på atomet dei siste seks–sju åra snudde opp ned på verdsbiletet. Det var no klart at atomet ikkje var kompakt, slik fysikarane til da hadde meint, men nesten berre bestod av tomrom, ein ørliten positivt ladd partikkel og ein eller fleire negativt ladde partiklar som gjekk i bane omkring. Materien løyste seg liksom opp i ingenting. Wereide kopla raskt den nye atomlæra til dr. Crawfords forsøk og profeterte «at den moderne fysik efterhaanden kommer til at tangere eller muligens løpe over i psykofysik».

Albert Einstein hadde allereie gitt verda illusjonen si form da han i relativitetsteorien prova at masse og energi er to aspekt av same sak. Det var knapt til å fatte. Energi hadde alltid vore oppfatta som ein eigenskap ved tingen, ikkje tingen sjølv. Einstein gjorde masse om til energi; Wereide gjorde energi om til ånd. Sjølv avviste Einstein at teorien hans kunne brukast til å forklare paranormale fenomen. Nettopp fordi ogso naturvitskapen var blitt so utilgjengeleg, ville det bli lettare å akseptere det paranormale, forklarte Wereide i 1921: «Den nyere fysik er blevet saa ætherisk, saa ubegribelig i sin opbygning – saa «aandelig» kan man gjerne sige –, at de psykiske fænomener i sine materielle ytringsformer ikke længer virker saa forbausende som før.»

Det var som filosof Wereide leverte sine originale bidrag til teoriutviklinga i den moderne fysikken. For Wereide stod det klart at det fanst «en organiserende substans» – kalla sjela – som kontrollerte atoma, både den ordinære materien og den nyoppdaga materien som fanst i løftearmen og andre materialisasjonsfenomen. Sjela hadde utstrekning i rommet og var organisert som «et usynlig netverk», ikkje i atoma, men som ei eller anna form for struktur utanfor dei. Sjela gav seg til kjenne ved bevisstheit, intelligens og vilje i eigenskapane. Det var kreftene som dreiv verdsorganismen. Borddansen i Belfast hadde avgjort striden mellom idealistar og materialistar i idealistane sin favør. «Dermed er den videnskabelige materialisme omstyrtet – den som hævder materien som det primære.» Kanskje kunne sjela opptre uavhengig av lekamen, men det var førebels ikkje bevist. Wereide kom likevel med døme på akkurat det. Sjela heldt han framleis på ein metafors avstand.

Men sjølv om Wereide opna for tvilen, utvikla han tankerekka til eit fullt magisk program. Fordi det sjelelege var det primære, kom han til at «[s]lige ting og egenskaber som følelse, sympathi, musik, poesi o. s. v. maa antages at være ligesaa selvstændig virkelige som det haandgribelige stof». Som god pedagog rydda han all tvil av vegen ved å bekrefte at undera si tid ikkje var forbi. Fordi undera ikkje var overnaturlege, var dei ikkje reserverte Kristus. Mellomalderen sine historier om okkulte fenomen og restane av overtru som framleis fanst, hadde eit verkeleg grunnlag. I Wereide sin natur var ånda ikkje berre ei diffus ibuande kraft, som i tysk idealisme eller Naturphilosophie. Hos han var ånda ein praktisk realitet. Tru kan flytte fjell; forbanninga kan drepe. Han var magikar, i konflikt med tida sin mekanistiske vitskap.

Wereide stod midt i ei forvirra nybrotstid. Parallelt med gjennombrota i naturvitskapane vende filosofane i England, USA og Sverige seg i det første tiåret av 1900-talet bort frå den spekulative idealismen, påverka av nettopp naturvitskapane. Wereide heldt framleis på den gamle «tyske» idealismen – i ekstrem form.

 

ÅNDEFOTOGRAFI

Wereide gav mot slutten av 1919 ut haustføredraga i boka Psykiske fænomener. Igjen talte han myndig og direkte til tidsånda. Boka selde godt, og aviser over heile landet kom med meldingar, ofte positive, men varierande frå heilt overtydde til skeptiske. Indhereds-Posten var blant dei som no rekna dei overnaturlege fenomena for beviste og forklarte. All nekting og mistru måtte kapitulere for vitskapsmannen sin intelligens. Ingen innvendingar nytta. Det var berre å akseptere at verda var snudd på hovudet.

«Åndefotografi» var det andre hovudtemaet Wereide tok opp i Psykiske fænomener. Akkurat som løftearmen var fotografia døme på materialisasjonar, ukjende intelligensar som opptredde med fysisk utstrekning. Sommaren 1920 fekk Wereide sjølv høve til å studere fenomenet i Crewe i England hos William Hope, ein tømrar og tidlegare frelsessoldat som var velsigna med evna til å ta bilete av ånder når han fotograferte, ein eller fleire sokalla «extras», skikkelsar som ikkje hadde vore synleg til stades da biletet blei tatt. Den psykiske forskinga såg på fenomenet med mistru fordi det jo kunne dreie seg om dobbelteksponering eller andre fotografiske knep.

Ifølge professor Jæger var det likevel umogleg at det skjedde hos fotografen i Crewe, fordi han nytta sitt eige fotoapparat, la inn og tok ut eigne plater og framkalla dei sjølv. Wereide delte gjerne sine innsikter med publikum og heldt hausten 1920 føredrag i aulaen, igjen for fullt hus.

På ljosbilete viste han døme på Mr. Hope sine fotografi, med kjære avlidne på plata. Med eigne auge kunne tilskodarane forsikre seg om at det var hald i dei forbløffande hendingane i Crewe. På lerretet viste Wereide ogso seg sjølv med «ekstra» på plata. Ved eitt tilfelle hadde han tenkt på den døde tanta si da biletet blei tatt – og ganske rett: I bakgrunnen var ei eldre dame som Wereide kjende att som tanta. Wereide sette fram den hypotesen at det strålte ut ei førestilling frå hjernen til den fotograferte, og mediet – altso fotografen – sitt nærvær materialiserte utstrålinga. Det hende ogso at det var framande intelligensar – eller ånder – som let seg avbilde, skapnader utan tilknyting til den fotograferte.

Wereide var, skreiv han i forordet til Psykiske fænomener, sjølv litt overraska over at det so raskt hadde vore mogleg å forklare dei paranormale fenomena, slik at dei let seg innordne under naturlovene. Det viste seg da ogso å vere for godt til å vere sant. Det gjekk troll i ord.

 

EJNER NIELSEN SET SPOR ETTER SEG

Wereide var ein travel mann, stadig i offentlegheita sitt søkeljos, langt oftare som fagmann på det paranormale enn som ordinær fysikar viss vi – i strid med Wereide sitt syn – held fast ved at det ikkje var to sider av same sak. So, i mars 1921, såg han seg tvinga til å kommentere ein notis som hadde stått i Morgenbladet eit par dagar før: Dr. Crawford var funnen død på stranda sommaren 1920, forgifta av sovemiddelet Veronal. Wereide forsikra at sjølvmordet ikkje kom av at Crawford hadde avslørt fusk med forsøka med løftearmen hos familien Goligher. Ein slik påstand var gripen heilt ut av lufta. Crawfords død kom av slag som følgje av overbelasting. Wereide hadde sjølv treft Crawford om sommaren. Han var ein nøktern observatør, ein ingeniørtype. Dessutan var det ikkje, hengde Wereide på som ei slags heilgardering, noko unikt med det Crawford hadde funne. Fenomena var beskrivne tallause gongar. Det spesielle var den grundige vitskaplege undersøkinga Crawford hadde underkasta dei. Og den var altso heva over tvil. Den velviljuge lesar kjende ei stille uro og den skadefro ei stille glede.

Det var nemleg ikkje i orden. Det kom etter kvart fram at Kathleen Goligher hadde løfta bordet med foten, og substansen som Crawford hadde fotografert og rørt i løftearmen, viste seg å vere musselin. I 1920 begynte det å brenne under føtene ogso på åndefotografen William Hope, og i 1922 blei han avslørt som svindlar – av Society for Psychical Research. Givnaden hans bestod i å byte om platene i fotoapparata. Dessverre for Wereide kollapsa dermed det trygge vitskaplege grunnlaget Psykiske fænomener bygde på. Det verste hadde Wereide likevel framføre seg, men enn so lenge var han ein respektert vitskapsmann, rett nok med ei veldig interesse for det paranormale, som dei fleste fysikarar sette like høgt som dei friske sette dei spedalske.

Seinsommaren 1921 samla Europas fremste forskarar på paranormalitet seg til vitskapleg kongress i København. Det var verkeleg ei staseleg forsamling frå den akademiske verda. Kongressen gav høve til å undersøke medium og kioskeigar Ejner Nielsen frå København. Sju deltakarar, blant dei Oskar Jæger og Thorstein Wereide, sette hans evner på prøve i ein kontrollseanse. Etter ein halv time i det raude ljoset kom teleplasmaet (stoffet til dei spiritistiske media) strøymande frå nase og munn, heilt til føtene. Ja, det var ekte, utvilsamt.

Redaktør Viggo Cavling i Politiken var likevel ikkje overtydd om at deltakarane på den psykiske kongressen hadde den kritiske innstillinga som trongst for å undersøke saka, og oppfordra professor Jæger til å la rektor ved universitetet i Kristiania utpeike ei vitskapleg nemnd til ei undersøking i Kristiania. Wereide og ein annan doktor frå kongressen nytta høvet til å ta Cavling i skole om den strenge skepsisen i den psykiske forskinga, og avviste bestemt at plasmaet var gas som Ejner Nielsen hadde skjult i munnen eller under snippen. Saka var undersøkt av fagfolk, og Cavling gjorde klokt i å teie om ting han ikkje hadde greie på. Eller var han kanskje synsk? føreslo ekspertane ironisk: «Hr. redaktør Cavling er utvilsomt i besiddelse af psykiske evner – han er ganske sikkert clairvoyant.»

For ikkje å gjere ei pinleg historie lenger enn ho treng vere, so avdekte undersøkingane i Kristiania at Ejner Nielsen var ein bedragar. Nemnda slo fast at Nielsen hadde skjult tynt stoff, anten gas eller silke, i endetarmen og hadde klart å få det opp gjennom kontrolldrakta, fått det inn i munnen og derfrå hadde late det henge som «teleplasma» – og til slutt hadde ete svineriet. Avføringsrestar på drakta viste korleis han hadde løyst oppgåva. Avisene elska det sjølvsagt: «I sannhet et usmakelig teleplasma som prof. Jæger uttrykte sig!» Jæger, som hadde sete i nemnda og vore med på å avseie den samrøystes dommen om jukset, tok seinare – tilsynelatande ulogisk – Ejner Nielsen i forsvar i eit møte i Studentersamfundet. Etter Jæger si meining var fenomena Nielsen hadde demonstrert før jukset i Kristiania, ekte. Jæger følgde høfleg sin favoritt heim til København.

 

LIVET ETTER DØDEN

I den vanlege direkte tonen til avisa Den 17de Mai nytta Sigurd Eskeland høvet til å triumfere over Jæger og Wereide i artikkelen «Naar skuta søkk, flyr rottone». Forhåpentleg hadde den «psykiske forskning» (naturlegvis i hermeteikn) no fått seg «ein knek» som ho ikkje so raskt ville komme over. Jæger og Wereide hadde dumma seg ut. Dei skulle ha avslørt Nielsen da dei hadde sjansen i København. Når nemnda no hadde avslørt han, minte det «um ikornet som vert fanga etter rumpa, men slepper henne og spring vidare». Heilt upåverka var Wereide neppe. Han søkte i alle fall – av denne eller andre grunnar – jobb på den nye Statens lærarhøgskole i Trondheim, ei lærarstilling i fysikk på lågare nivå enn den han hadde på universitetet. Fysikkstillinga blei likevel sløyfa og ingen tilsett. Wereide blei verande på Fysisk institutt til aldersgrensa sende han heim for godt i 1953.

Dagbladet nytta høvet til eit karakterdrap på professor Jæger i eit vondsinna «Ukens portrett», der ogso Wereide fekk nattpotta tømd over seg. «Hr. Wereide var fysikeren, som paa teleplasmaet grunnet sine teorier om den ‘psykiske arm’, som han satte i forbindelse med atomets skjulte krefter.» Jæger trudde sikkert på tøyset sitt, men han og hans naive og sensasjonslystne likar hadde ansvaret for å ha narra dei mindre gåverike, som Ejner Nielsen, frå bedrag til bedrag.

Saka var likevel ikkje død. Thorstein Wereide heldt fast ved si grunnleggjande overtyding om at sjela kunne opptre uavhengig av lekamen, i 1948 rett nok med det atterhaldet «at den psykiske forskning foreløbig befinner sig i en blindgate, fordi det hittil ikke er lykkedes å innordne det store materiale av psykiske fenomener i et ordnet helhetsbillede». Kanskje tok han konsekvensen av at åndene – viss dei er til – er særmerkte nett ved at dei ikkje har utstrekning og derfor ikkje kan målast eller fotograferast. Fysikken og metafysikken måtte inntil vidare utforskast kvar for seg. Wereide var frimurar, og hos dei fann han ein filosofi som ogso integrerte dei paranormale fenomena. Spora etter Ejner Nielsen var vaska bort.

Er so latter eller tårer den rette reaksjonen på denne historia? Komedie eller tragedie? Det er vel snarast ei smakssak. Vettige menneske vitnar stadig om at paranormale fenomen skjer, men forklaring manglar. Fenomena har korkje late seg prove eller motprove. Wereide hadde berre prova at korkje tru eller tull gjeld som prov. Vi ventar på Thorstein Wereide sin revansj.

 

*

 

Kjelder:

Avissøk på www.nb.no for perioden 1918–22.

Castberg, A.St. (1938). Slekten Castberg gjennem 300 år. Oslo: Det mallingske boktrykkeri.

Norsk Biografisk Leksikon, https://nbl.snl.no/Thorstein_Wereide

Norsk Parapsykologisk Selskap, http://www.parapsykologi.no/historie.html

Riksarkivet, Kirke- og undervisningsdepartementet, 1. skolekontor D – RA/S-1021/E/Ee/Eea/L0457

Studentene fra 1903 (1928). Oslo: Fabritius & sønner.

Wereide, Thorstein (1919). Psykiske fænomener, Kristiania

Scarabæus [Thorstein Wereide]. (1948). Mysteriesamfund: Innledende orientering om de lukkede etisk-religiøse samfund, Oslo