Frå Utgåve 4-18
Skrive av Knut Aastad Bråten

Kultur i hus

Kulturen treng tak over hovudet. Men må det koste skjorta?

 

Knut Aastad Bråten (f. 1976) er redaktør i Syn og Segn.

 

I heimkommunen min går det føre seg ein debatt om kulturhus. Nokre meiner det noverande huset er i elendig forfatning, at det må byggast nytt. Andre seier at kulturlivet får ta til takke med det det har. Sjølv ynskjer eg det fyrste.

Etter to kulturmeldingar på byrjinga av 70-talet tek kommunane etter kvart større ansvar for kulturen, skriv Øyvind Reisegg i Store norske leksikon. Opp av gryta veks kommunale musikkskular og kulturutval, bibliotek og kulturhus. 70-åra er ein gullalder for kulturen i Kommune-Noreg.

Gjennom 90-talet skjer det ei dreiing i kultursatsingane og ei større vektlegging av den profesjonelle kulturen – som igjen bidreg til at det blir bygd fleire kulturhus, ein trend som held seg inn på 2000-talet, les eg i Kulturutredningen 2014. Då dei raud-grøne presenterte det andre Kulturløftet, var det igjen tid for kulturhusa. – Kulturen er limet i lokalsamfunnet, fortalde Liv Signe Navarsete – ho lova pengar til bygging av kulturhus i bygdene.

Den raud-grøne kulturperioden var prega av mykje optimisme. «Det er reist kulturhus på hvert et nes», skreiv Yngve Kvistad i VG (2013). Slikt kostar. Ifylgje Georg Arnestad vart det bygd kulturhus for 15 milliardar kr gjennom 90-talet og inn på 2000-talet (Kulturlivets tilstand 2012). Han skriv at «meir enn 80 prosent av bygga overskreid budsjettet». Prislappen for kulturhuset på Hamar vart 700 millionar, Kimen i Stjørdal omtrent det same. Kvifor bygde vi så dyrt?

Visjonane for kulturhusa var utvilsamt gode, men harmonerte ikkje med den kulturelle kvardagen: Dei økonomiske forventningane var urealistiske og verkelegheitsfjerne, med fylgjer for drifta, aktivitetsnivået og dei menneskelege ressursane. – Det har vore eit helvete, sa Anders Gilhuus til NRK, han var den tredje kulturhussjefen på Bølgen i Larvik.

Nokre kommunar investerer over evne. Andre gjer ikkje det. I heimkommunen min var kulturhuset eit kjærkome investeringsløft då det stod klart til bruk i 1979. Sidan då har lite skjedd. Investeringsiveren vart ikkje følgd opp med nødvendig vedlikehald. Dei fysiske fasilitetane er nedslitne, og dei er for småe. Taket lek. Den tekniske infrastrukturen er utdatert. Kulturhuset er ein stor sal og eit trongt bibliotek og ingen ting anna. Huset manglar… det meste.

Det er ikkje enkelt – alltid – å halde stø kurs når ideane veks ut av proporsjonane. I mange kommunar vart kulturhusa imponerande luftslott, dyre å drifte, dyre å leige. Gigantiske og retningslause kulturhusplanar vart ei dyrekjøpt erfaring for dei kommunane som mista kontrollen på prosjekta sine – og det har forsterka argumentasjonen til dei i kommunane som slett ikkje ønskjer nye kulturhus, som ser det som pengesluk og ingen ting anna.

Kulturen i kommunane betyr mykje for dei som bur der, men er òg salderingspost dei gongene politikarane og rådmennene finn det for godt. Kulturen er ikkje omfatta av føringar og krav, slik som til dømes helse er det. Staten forventar ikkje kulturhus på kvart nes. Difor er engasjementet for kulturhus også eit anna. Kulturelle investeringar kjem i andre rekke, etter at dei lovpålagde oppgåvene er unnagjorde, – og dei er prisgjevne politikarar som ser verdien av slike investeringar.

Somme vågar. Vega scene i Oslo er nettopp opna – til 100 millionar kr. Huset er ikkje større enn at ein har funne ein forsvarleg måte å drifte det på. Oslo kommune har satsa, ikkje minst fordi Vega scene satsar på barn og unge spesielt. Kanskje skal framtidige kulturhus spisse funksjonane endå meir?

Kultursektoren i kommunane er ein av dei minste. Tal for 2017 viser at kommunane i landet brukte fire prosent av utgiftene på kultur. I gjennomsnitt per innbyggjar: 2297 kr. Bykle kommune brukar mest på kultur, Selje minst. Netto driftsutgifter til kultursektoren i fylkeskommunane var same året 274 kr per innbyggjar, ein nedgang på 8 kr frå året før (SSB). Kulturutredningen 2014 seier at kommunane sviktar som lokal støttespelar på kulturfeltet. Kulturlivet føler seg nedprioritert og i skuggen av andre aktørar. Er kommunane i ferd med å bli passive tilskodarar til kulturen i eigne kommunar?

Nokre kommunar har kulturhus, andre har det ikkje. Her om dagen var eg på teaterframsyning på ein nedlagd skule tett oppunder Slettefjellet. Eldsjeler har skapt nytt liv i huset, og denne kvelden er det Statsteateret som boltrar seg i gymsalen. Alt er provisorisk. Men det funkar. Noregs Ungdomslag har 250 ungdomshus spreidde rundt om på bygda. Frå 2013 til 2016 starta dei eit prosjekt for å ta vare på dei gamle husa. Målet er å skape nytt liv i dei.

Kulturlivet klarar seg alltids, får vi høyre. Det er jo der, og finn alltid løysingar på praktiske utfordringar. Takka vere dugnad og frivillig innsats. Og gamle forsamlingshus. Frivilligheita har stor betydning for kultur- og samfunnslivet. Difor kviler det også eit ansvar på politikarane til ikkje å utnytte kulturen, eller å neglisjere behova deira. Politikarane skal vakte seg for å ta kulturen for gjeven.

Kulturlivet er seigt og fleksibelt – og er takksame for det minste. Mykje kan puttast inn i gamle gymsalar og nedlagde klasserom. Men ikkje alt kan det. Nokre gonger må vi også tenke nytt. Nokre gonger må vi også bygge nytt. Men kulturhusa må ikkje vere så dyre.

Kulturen i 2018 er mangfaldig, spesialisert, og han utfordrar lokalpolitikarar til å tenke nytt. Mykje har endra seg sidan 70-talet, kulturlivet sjølv aller mest. Framtidas kulturhus skal tene mange målgrupper med ulike behov. Kulturhusa treng fasilitetar for det breie kulturlivet og for den profesjonelle kunsten, med tilpassa framsyningslokale, samlingsarenaer, produksjonslokale og fleire scener.

Bygginga av kulturhus var ei dyrekjøpt erfaring for mange kommunar – og det har vore med på å skape førestillingar om kulturlivet som røyndomsfjernt og grådig. Men kulturhusa er ikkje utstillingsvindauge for ordføraren i kommunen, det er tvert om eit brukshus for dei som bur der, for frivillige lag og organisasjonar og menneske i alle aldrar – ein danningsstad for kunnskap og utvikling. Ei investering i framtida.

Kommune-Noreg må ikkje miste dei langsiktige planane ut av syne – og dei må ta lærdom av dei byggeprosjekta som har vore. Det er pengar å spare på god planløysing og langsiktig tenking. Å vente til den offentlege bygningsmassen fell ned, er også dyrt. Dyrare.