Frå Utgåve 4-18
Skrive av Marte Boro

Eksisterande hus – ein stor ressurs

I 2017 vart det bygt 32 000 nye bustader. Rundt om i grisgrendte strok står tomme hus til forfall. I byane blir gode hus rivne til fordel for nye, og for å utnytte tomta betre.

 

Marte Boro (f. 1959) er fagdirektør hos Riksantikvaren. Ho arbeider med klima og kulturminne og korleis bygningsarven kan vere ein ressurs for å redusere klimaendringane. Ho var tidlegare byantikvar i Oslo og er utdanna arkitekt.

 

Eksisterande bygningar representerer store ressursar – ressursar som ofte blir skusla bort. Auka vektlegging av berekraftig energibruk har gjeve gamle hus eit dårleg klimarykte. I pressa blir det hevda at moderne enkelthus er mest «grøne», at dei brukar lite energi. Det er ikkje riktig – den grønaste bygningen er den som alt er bygd.

Det går føre seg ei veldig urbanisering i landet. Folk flytter frå bygdene og til byane. Mange hus på bygda står tomme, og i byane held fortettinga fram i stort tempo. Dette er ei utfordring med mange følgjer. Tomme hus forfell fort(are). Interessa for å vedlikehalde dei forsvinn. Hus treng oppvarming og lufting for å haldast tørre og sunne – dei treng å bli brukte.

I pressområde er det ingen vanskar med å finne nye brukarar til dei eldre husa. Samstundes er sterke utbyggarkrefter i sving for å rive og fortette. Det er pengar å tene på auka utnytting av tomtene, og fortetting rundt knutepunkt er eitt av fleire klimatiltak. Båe er med på å skape utfordringar for den eldre bygningsmassen.

I denne artikkelen skal eg konsentrere meg om eksisterande bygningar som ressurs, ikkje minst for å redusere klimabelastningane.

 

BYGNINGSMASSEN – NOKRE TAL

1. januar i år var det registrert 4,2 millionar bygningar i Noreg. Vi har 2,5 millionar bustader. Dei representerer store ressursar for samfunnet – kulturelt, og som fysiske bygningar. Av alle bustader er 150 000 bygde før 1900, og dryge 250 000 er bygde i perioden 1900 til 1945, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

På 90-talet blei alle bygningar som var bygde før 1900, registrerte i den såkalla SEFRAK-registreringa. Stikkprøver viser at 20 prosent av dei var borte i 2014, altså meir enn 1 prosent i året. Svært mange av dei har kulturhistoriske verdiar vi gjerne vil behalde, men dei forsvinn i stor takt.

I Noreg er talet på kvadratmeter bustad per person høgt. I 1980 var gjennomsnittleg buareal per person 36 m², i 2003 var talet 54 m² (SSB). Samtidig veit vi at alle klimabelastningar aukar parallelt med talet på kvadratmeter. Det blir bygt mange leilegheiter i dag, og storleiken på bustadene er mindre for nybygg, men så bur det også stadig færre folk i kvar bustad.

Kor mange av bygningane som står tomme, veit vi ikkje, men det er mange av dei i grisgrendte strøk.

 

GAMLE HUS OG BEREKRAFT

Omgrepet berekraft og berekraftig utvikling spenner vidt og dekker både berekraft for miljøet, den sosiale fellesskapen og økonomien, i tillegg til kulturelle forhold. Menneska har behov for tilhøyr og identitet. Vi har behov for å kjenne historia og kulturen vår – ikkje minst for å forstå vår eiga tid og for å styre rett inn i framtida. Bygningsarven er såleis eit viktig haldepunkt. Han er med på å gje oss forståing for og kunnskap om korleis samfunnet og levemåtane var, og korleis samfunnet utviklar seg. Bygningsarven gjev forståing for andre måtar å leve liva på – før i tida, og i andre delar av verda i dag.

Eldre bygningar og bygningsmiljø er kjelde til opplevingar og betyr mykje for trivsel og næring. Turistnæringa ville ikkje vore den same utan vakre landskap med vakre bygningar, landbruk og kulturlandskap, eller fine historiske byområde.

Bygningstradisjonen er utvikla over lang tid, gjennom erfaringar med kva for bygningstekniske løysingar som fungerer, og kva for nokon som ikkje gjer det. Gamle bygningar er kjelde til kunnskap om materialbruk, tekniske løysingar og handverk. Mykje av handverkskunnskapen er gløymd, men heldigvis ser det ut til at det tradisjonelle handverket har fått eit oppsving. Mellom anna er det etablert eigne etterutdanningsløp for handverkarar, og det blir halde kurs for profesjonelle handverkarar på bygningsvernsentera. Bygningsarven blir brukt som kjelde og er viktig for den som vil lære om gamalt handverk.

Vi ser òg klare parallellar mellom ny, miljøvenleg bygging og tradisjonelle bygningstekniske løysingar gjennom at ein kombinerer dei to løysingane. Til dømes er det gjort i Glasslåven på Granavollen på Hadeland. Andre døme er det brukt naturleg ventilasjon, som er i vinden att, og bygningar oppførte med halm som bygningsmateriale og trebaserte isolasjonsmateriale.

 

EKSISTERANDE BUSTADER SOM RESSURS

Gamle bustader har eigenskapar som er populære også i dag. Menneska har ikkje endra seg stort, sjølv om vi ynskjer betre komfort. Eldre romløysning fungerer godt sjølv med endringar, til dømes når ein slår saman små leilegheiter eller ordnar til eit nytt bad. Eldre bustadområde er – i motsetning til nyare – mindre tettbygde, noko som er med på å gje meir luft og lys.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane i dag. Alle må vere med på å redusere utsleppa. Det viktigaste du kan gjere, er å bruke opp att dei ressursane du har.

I dag blir det skapt inntrykk av at du er ein klimaversting om du ikkje bur i eit nytt og velisolert hus. Men å redusere klimabelastning frå bygningar handlar om meir enn å berre bygge nye og godt isolerte hus. Reduserte klimautslepp frå materialproduksjon og bruk av fornybar energi er to faktorar som seier noko om dette: Eksisterande hus er ein stor ressurs fordi dei alt er bygde. Klimagassutslepp ved materialproduksjon, transport og bygging er alt unnagjorde. Nye hus krev mindre energi i driftsfasen, men dei må byggast. Samtidig veit vi at det hastar med å få ned klimabelastningane. Då er ikkje løysingane å bygge nytt, som i seg sjølv gjev store utslepp, og som fyrst etter mange tiår vil være like gode eller betre enn eldre bygningar.

Eldre bygningar har òg klimavenlege eigenskapar: Materiala er ofte kortreiste, produserte på staden, dei er i liten grad bearbeidde og slik lite forureinande. Det vart brukt fåe ressursar då materiala vart produserte, dei har lang levetid og kan haldast ved like på enkle måtar. I tillegg gjev dei lita belastning om dei ein gong skal rivast – eller settast opp att andre stader. Eitt døme på slike hus er lafta bygningar. Massivtrehus er inga ny oppfinning. Dei fleste bustadhus i tre frå før 1910 er oppførte i laft, ofte med panel både inne og ute, slik som stilen og moten var i byane og på dei store gardane på flatbygdene.

 

TOMME HUS TIL FORFALL

Det er om lag 30 000 tomme gardsbruk rundt om i landet, i tillegg til alle andre tomme bustadbygningar på bygda. Vi ser dei når vi køyrer langs trafikkerte vegar, og vi skjønar at enkelte av dei ikkje lenger er til å bu i. Men mange av dei ser vi ikkje frå vegen. Dei ligg kan hende fint til og byr på topp bukvalitet. Her er fin utsikt og gjerne eit lite jordstykke. Kvifor bur det ingen der?

Samfunnsutviklinga med nedlegging av gardsbruk og urbanisering har mykje av skulda for dette. Ifølgje SSB var kvar femte landbrukseigedom utan fast busetting i 2014. Det er mange som er interesserte i dei gamle landbrukseigedomane, men få av dei er til sals. Nesten halvparten av eigarane ynskjer å behalde gardane. Ifølgje Frode Flemsæter i Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning – handlar det ofte om kjensler, om sosiale og kjenslemessige relasjonar til eigedomane, og særleg sterke band er det mellom slekt og eigedom.

Mange av gardane blir brukte som feriehus. Dersom alternativet er å bygge ei ny hytte, er bruk og vedlikehald av dei gamle gardane i staden med på å redusere klimaavtrykket. I tillegg blir bygningane endra i mindre grad enn om dei vart brukte som bustadar. Det veg likevel ikkje opp for den utviklinga som skjer parallelt: utbreitt forfall, tomme hus store delar av året, attgroing og utarming av bygdemiljøa.

Også andre utviklingstrekk i landbruket er med på å påverke framtida for bygningane. Stølsdrifta peikar nedover. Mange stølar er ikkje lenger i bruk på tradisjonelt vis, fleire av dei blir brukte som feriestad, men ikkje alle. Mange av dei forfell. Kunne fleire av dei bli tekne i bruk som hytte som erstatning for at ein bygger nye hytter?

Urbanisering og sentralisering til byar og tettstader er ein ustoppeleg trend i heile verda – trass i moglegheitene for fjernjobbing som teknologisamfunnet opnar for. Det finst likevel håp. Auka merksemd om korttransportert mat, lokalmatproduksjon, dyrevelferd og ynske om ein miljøvenleg kvardag med eigne grønsakhagar og nærheit til naturen er positive teikn i tida. Og det er stor interesse for gamle bygningar.

 

SAMANLIKNING AV GAMLE OG NYE HUS

Riksantikvaren har i tre utgreiingar sett på klimabelastning ved eldre bygningar og eldre byggemåtar, samanlikna med moderne bygningar. Resultata frå desse utgreiingane gjev oss verdifull kunnskap når vi skal gjere riktige klimaval. I utgreiingane har vi sett nærmare på eit lafta hus frå 1800-talet på Bakklandet i Trondheim, ein einebustad frå 30-talet i Moss og eit nytt lafta hus i Lom.

Utrekningane viser at både dei gamle husa og det nye laftehuset er like miljøvenlege som moderne bygningar.

Det er fleire føresetnadar for dette. For det fyrste må dei eldre husa oppgraderast, dei må tettast og etterisolerast noko. Det er likevel slik at gamle hus har behov for meir energi enn nye, om dei ikkje skal byggast heilt om. Trass i etterisolering og tetting vil energiforbruket vere større. Difor er ein annan viktig føresetnad i utrekningane frå Riksantikvaren at energikjeldene er fornybare. Då gjer det heller ikkje så mykje om ein brukar meir energi. For huset i Moss blei det i tillegg gjennomført fleire smarte forbetringar av det tekniske, slik som forvarming av tappevatn via vedomnen og overføring av varme frå avlaupsvatnet – før det heile vart sleppt ut att i avlaupsnettet.

Når vi samanliknar gamle hus med nye, vil klimabelastninga frå bygginga av dei nye husa bety mykje for den totale klimarekneskapen. Dess meir miljøvenleg materiale som blir brukt i nybygget, dess mindre belastning. Dette kjem tydeleg fram i utsleppsberekningane frå bygging av laftehuset. Utslepp frå materiala i dette huset var om lag det halve av utsleppa frå standardhuset det blei samanlikna med.

 

DU KAN VERE MED PÅ Å PÅVERKE

For einebustaden i Moss såg vi også på bruksvanane til huseigarane. Når vi brukte standardutrekningar for energibehov på dette huset, viste resultatet eit langt høgare energibehov enn den energien eigarane faktisk brukte. Ei forklaring var at eigarane ikkje brukte huset slik standardutrekningane føresette. Dei hadde det kaldt i kjellaren og i vindfanget, og dørene i gangen var lukka om vinteren slik at det var noko kaldare der. Dei hadde lågare temperatur i huset når dei ikkje var heime, og om natta. Dette er ikkje ein original måte å bruke bustaden på, svært mange gjer det akkurat slik. Difor brukte vi Husbankens definisjon av ein «nøysam brukar» og la dette inn i skjemaet for utrekningane. Sjølv med dette grunnlaget viste resultatet at eigaren av bustadhuset brukte mindre energi enn det utrekningane viste. Mange brukar eldre bygningar slik i dag, og fleire vil truleg ynskje å leve meir klimavenleg framover.

Energieffektivisering er nødvendig for å minske klimabelastningane. Eldre hus er ofte dårlegare isolerte og mindre tette enn det som er krava i dagens byggeforskrifter. Eldre hus kan isolerast betre, men det er ofte vanskeleg å tilfredsstille forskriftene heilt utan å øydelegge dei kulturhistoriske verdiane og kvalitetane i bygget. Dersom vi bruker fornybar energi, anten vi bur i eit gamalt hus eller eit nytt, vil vi oppnå det same.

Type energikjelde er heilt vesentleg for mengda klimagassutslepp frå bygningar. I båe dei to eldre husa blei oljefyren bytt ut med ein vedomn, for fyring av ved eller pellets. Laftehuset i Lom blei varma opp av jordvarme. Utan miljøvenlege energikjelder ville reknestykket sett annleis ut og dei nye husa vunne kampen om lågast klimautslepp.

Tre er ein fornybar og lett tilgjengeleg ressurs, og har eit vidt bruksområde. Det er viktig at vi bruker denne ressursen, anten vi snakkar om husbygging eller oppvarming. Tre kan erstatte materiale og energikjelder som er til stor belastning på klima.

Oppvarming ved bruk av biomasse medfører lita belastning fordi frigjeve CO₂ inngår i det naturlege, korte karbonkretsløpet. Dette karbonet, som treet har henta frå atmosfæren gjennom fotosyntesen, og som er lagra i treverket, går tilbake til atmosfæren. Bruk av bioenergi gjev ikkje ny CO₂ til atmosfæren slik bruk av fossil energi gjer. Ein føresetnad for det er eit berekraftig skogbruk der tilveksten av skog gjer sitt til at meir karbon blir teke opp frå atmosfæren enn det som blir sleppt ut frå vedfyring og annan bruk av tremateriale. I Noreg veks skogarealet, og det tek opp stadig meir karbon.

Trehus lagrar karbon. Det er endå eit argument for framleis å bruke desse husa i staden for å erstatte dei med bygningar som lagrar mindre karbon. Skal ein bygge nytt, bygg difor i tre. Bruk så mykje trefiberbaserte produkt som mogleg. Dette gjeld anten ein vil bygge nytt eller vedlikehalde det gamle.

 

LEVETID

Vi har mange hus som har stått lenge, mange av dei kan stå i mange år framover. Vi har lang erfaring med gode materiale som toler hardt og utfordrande ver, dei tekniske løysingane er utvikla og utprøvde over lang tid. Moderne bygging brukar moderne materiale og moderne løysingar. For mange av desse bygningane veit vi at levetida er ganske kort, for andre manglar vi kunnskap og erfaring. Eitt døme er vindauge. Gamle vindauge har lang levetid; dei er laga av godt virke og har løysingar og funksjonar som gjer at dei held lenge om dei blir tekne godt vare på. Moderne vindauge, derimot, har langt frå den same materialkvaliteten og dei tekniske løysingane, og er mindre haldbare. Utskifting etter berre 20 til 30 år er ikkje uvanleg.

Klimaendringane er den største utfordringa i dag. Då held det ikkje lenger å nøye seg med mindre tilpassingar, vi er nøydde til å ta større grep for å nå målet om null-utsleppssamfunnet. Eit grunnleggande prinsipp er å bruke dei ressursane vi har: til dømes eksisterande bygningar. Vi må finne løysingar der vi unngår omfattande riving, og vi må redusere nybygginga vesentleg; anten vi bygger nytt eller held ved like gamalt, må vi bruke miljøvennlege materiale.

Vi kan lære mykje av bygningsarven, og vi må bruke han om vi skal nå måla om eit berekraftig samfunn.

Blir du med?