Frå Utgåve 4-18
Skrive av Runar B. Mæland

Transspørsmål - ikkje berre ei gladsak

Media har svikta samfunnsoppdraget i samtalen om transspørsmål, meiner journalist Anki Gerhardsen. Men korleis skal ein trå i ein offentleg samtale om noko så sensitivt og privat som kjensla av eigen identitet?

 

Runar Bjørkvik Mæland (f. 1988) har ein mastergrad i filosofi frå Universitetet i Oslo og jobbar som informasjonsrådgjevar og skribent. Foto Dan Mariner. 

 

Nokon av oss «føler annerledes», som det heitte om homofile i ein boktittel frå 1950-talet. Det gjeld ikkje berre seksualitet, men òg kjønn: Medan dei fleste opplever at kjønnet som står oppført i fødselsattesten og passet, stemmer sånn nokolunde med røynda, strevar andre så mykje med det at dei tyr til drastiske grep for å få det endra.

Etter kvart som homokampen har gjort store framsteg dei siste åra, har mykje merksemd flytta seg mot gruppa som vanlegvis blir omtalt som transpersonar. Caitlyn Jenner og Laverne Cox har gjeve transsaka offentleg kjende andlet, TV-seriar og avisreportasjar har fortalt historiene til personar som var «fødde i feil kropp», og i 2016 feira heile den skeive rørsla i Noreg ei ny lov om endring av juridisk kjønn som helseminister Bent Høie kalla «ein historisk milepæl».

Blant dei som har stilt spørsmål ved denne rettlina forteljinga, er mediekritikar Anki Gerhardsen. I ein kronikk i Aftenposten i mai 2018 peika ho på at transsaka har i seg komplekse medisinske og samfunnsetiske problemstillingar som media har glatta over i iveren etter å verke fordomsfri og inkluderande. Ho etterlyser kunnskap og ein debatt med rom for nyansar og konflikt. Men korleis skal ein trå i ein offentleg samtale om noko så sensitivt og privat som kjensla av eigen identitet?

 

Du omtalar transdiskusjonen som eit minelagt landskap. Korleis fann du sjølv vegen dit?

– Eg har følgt med på temaet ei stund og sett korleis delar av media har behandla det på ein skakande dårleg måte. Dekninga har vore prega av éi vinkling: gladsaker om unge menneske som «finn seg sjølve», utan referansar til forsking, berre kjensler og ingen fakta. I og med at dette er alvorlege saker som involverer omfattande medisinsk behandling og kirurgi, er det merkeleg at det ikkje har ringt nokon varsellamper i redaksjonane.

Første gong eg skreiv om dette, var i ei kort spalte i Aftenposten i fjor. Det førte til at eg blei invitert til å halde eit føredrag for ei arbeidsgruppe som departementet har sett ned for å jobbe med behandlingstilbodet for transkjønna. Der blei eg sitjande og høyre på alle føredraga som kom etter mitt, og det var då eg fekk innblikk i forskinga og trendane på området.

Det var to ting eg syntest var oppsiktsvekkjande. Det har vore ein eksplosiv vekst over heile den vestlege verda i talet på biologisk fødde tenåringsjenter som ønskjer kirurgisk behandling, utan nokon tidlegare symptom på ubehag ved kjønnet sitt. I tillegg ser du at svært mange i denne gruppa har alvorlege psykiatriske tilleggsdiagnosar som ikkje utan vidare kan setjast i samanheng med kjønnsproblematikken. Då tenkte eg at dette kan ein ikkje berre lage gladsaker om.

 

Når media lagar «gladsaker», er det vel ut frå eit ønske om å ta bort press og stigma frå ei utsett gruppe?

– Ja, det er ein god intensjon som ligg bak. Men som eg skreiv i kronikken min, når pressa har plassert dette i same kategorien som rettskampen homofile og lesbiske fører, så følgjer det nærast automatisk ein tilnærmingsmetode som insisterer på at ein skal vere fordomsfri, open og aksepterande. Her handlar det om noko mykje meir alvorleg enn at ein berre kan seie «ver den du er». Mange av desse personane ønskjer nettopp ikkje å vere den dei er: Dei ønskjer irreversibel kirurgi og hormonbehandling resten av livet. Det er alvorlege tiltak, og då skal ein vite kva ein gjer.

 

Kva slags journalistikk er det du har sakna?

– No opplever eg at det har kome fleire vinklingar på bana etter at eg skreiv kronikken min. Om det er tilfeldig, eller om eg har dytta litt på noko, det veit eg ikkje, men eg har i alle fall sett teikn til betring. Det eg sakna, var saker som i større grad problematiserte, og som også fortalde kva forskarane faktisk veit om temaet. Det er gjort altfor lite for å finne andre typar kjelder, til dømes tvilarar eller nokon som har ombestemt seg. Folk som på ein eller annan måte har kome i kontakt med denne tematikken, må få lese saker som gjev dei nyansert kunnskap og innsikt.

Det har eg også fått støtte for ifrå fleire transpersonar i ettertid. Marianne Nordli skreiv i Morgenbladet og gav meg rett i at særleg NRK har drive med kampanjejournalistikk. Eg fekk også e-postar og meldingar på Facebook, mellom anna frå ei som fortalde at ho hadde re-identifisert seg som kvinne etter å ha insistert på at ho var mann. Ho hadde ikkje tort å seie det høgt, fordi det ville bli oppfatta som svik i transmiljøet. Dei mest høglydte, som har veldig sterke meiningar og fordømmande haldningar mot meiningsmotstand, får dominere debattklimaet.

 

Kvifor er ikkje media meir kritiske til og nysgjerrige på desse spørsmåla, trur du? Handlar det om mangel på kunnskap, eller frykt for å trakke nokon på tærne?

– Eg trur det er ein kombinasjon, der det siste momentet er forståeleg, og det første nesten utilgjeveleg. Uansett; ingen av delane kan passere som orsaking. Då overlèt media røyndomsskildringa til dei som ropar høgast, og som dessutan har mest makt. Men pressa har alltid hatt problem med å kjenne att og dessutan konfrontere maktutøving blant dei me definerer som svake.

 

Transaktivistar argumenterer for at debatten berre gjer situasjonen meir utsett for ei gruppe som er historisk marginalisert. Det er vel forståeleg at dei ikkje ønskjer ein debatt der deira identitet står på spel?

– Dette er ikkje forhold som berre angår ein sjølv. Det handlar om korleis samfunnet skal stille seg til fenomen, og då blir det for enkelt å seie at ingen andre skal kunne ha nokon meiningar eller synspunkt på det. Viss me seier at alle har rett til å definere seg sjølv og bli anerkjende som den dei er, må me i alle fall spørje: Kva inneber det? Inneber det ein automatisk rett til kirurgi, til dømes? Er det i så fall utan nokon atterhald, same kva slags tilleggsdiagnosar ein har? Viss ein svarer ja på det utan vidare, trur eg ikkje ein har tenkt gjennom konsekvensane.

 

I 2016 fekk me ei ny lov om endring av juridisk kjønn, ei lov som møtte minimal politisk motstand. Korleis opplevde du den debatten?

– Eg følgde ikkje heilt med, men eg hadde også inntrykk av at det ikkje var så mykje diskusjon; det berre blei slik. Eg veit ikkje kva eg meiner om det; eg er først og fremst mediekritikar og oppteken av at me må ha ein brei, open og mangfaldig samtale om viktige spørsmål i samfunnet. Viss nokon prøver å stoppe den samtalen ved å stemple eller karakterisere meiningsmotstandarar, så skal vi reagere på det. Innanfor dette feltet er det nettopp sånne hersketeknikkar som er blitt brukte. Sjølv om nokon kanskje har tenkt noko anna om juridisk kjønn, så lar dei vere å ytre seg, fordi det kostar så mykje å heve stemma. Det er ein mekanisme som trer inn i fleire debattar: «Du er vond, difor treng vi ikkje høyre på deg.» Det er ingen som vil ha eit slikt stempel på seg, så då teier ein heller stilt.

Etter at eg skreiv kronikken min, var det ein på Twitter som sette meg på ei liste over «transfobar», og lista blei så likt og delt. Det er eit lite symptom på dette.

 

Eg har også sett «blokkelister» som blir delte på Twitter, der ein oppmodar om å blokkere folk som har «feil» meiningar. Dette reflekterer kanskje òg kor viktig nettet er som arena for dagens transmiljø.

– Det er interessant, akkurat det der. Eg har reflektert litt over om dette digital-globale fellesskapet er ei forklaring på den veldige veksten du ser blant biologisk fødde tenåringsjenter som ønskjer kjønnsskiftebehandling. Ein hentar så mykje informasjon og forståing av eigen situasjon gjennom den arenaen som nettet utgjer. Nettforum har enorm kraft til å påverke folks haldningar og oppfatningar av både seg sjølv og om kven som har lov til å snakke. Der er også motstemmene totalt fråverande.

 

Då er me inne på at «kjønnsidentitet» vel handlar om korleis me tenkjer og føler om oss sjølve, og det er noko som blir påverka av kulturen og miljøet rundt oss. Nokon får det til å høyrast ut som at det er noko som berre ligg der og ventar på å bli oppdaga.

– Nokon av dei mest ytterleggåande meiner at kjønnet er ei slags nevrobiologisk sanning, og at kroppen i større eller mindre grad uttrykkjer dette. Kroppen blir altså feil.

Eg synest det er fint viss me kan skape eit samfunn der det er rom for å leve i litt mindre tronge kjønnsroller, og så kan ein heller la kniven liggje. Fleire seriøse studiar viser at dei fleste born som ikkje får hormonblokkarar eller andre inngrep, finn seg til rette i sitt eige kjønn etter kvart. Mange av desse endar då i staden opp som homofile. Skal me operere bort homofili, er det det me driv me? Er det sånn at unge menneske i dag opplever kjønnsrollene som så krevjande når det gjeld korleis ein kan uttrykkje seg som kvinne eller mann, at du får ein idé om at du er fødd i feil kropp dersom du ikkje vil gå i prinsesseklede? Det er nok meir samansett, men uansett må vi ha ein brei samtale om dette og lytte til så mange interessante stemmer som mogleg.

 

Kritikken av transaktivismen kjem no både frå «Ottar-feministar» og frå Trump-administrasjonen, som vil verne om «familieverdiar». Her er det lett å bli slått i hartkorn med folk ein har lite sams med.

– Ja, eg kjenner meg ikkje heime i nokon av dei to nemnde kategoriane. Eg har nærma meg dette som mediekritikar; eg prøver å sjå etter blindsoner, feilslutningar og brestar i debattane. Kva er det som manglar her? Kva er det me ikkje snakkar om? Kva er det me ikkje rører ved? Det er det som interesserer meg. Sånne «isme-boksar» har eg aldri funne meg til rette i.

 

Du seier du har sett teikn til betring i mediedekninga. Kva håper du å sjå framover?

– Eg ønskjer ein brei og samansett samtale om heile dette fenomenet. Der bør også ein humanistisk refleksjon om identitet i rørsle inngå. Er den veldige framveksten av transidentiteten eit signal om ei ny tid? Eller rettare, eit signal om eit forsterka ønske og krav om fullstendig frigjering frå kroppen sine avgrensingar og opplagde identitetsmarkørar? Eg skreiv litt om dette heilt avslutningsvis i kronikken min, men det er ikkje nokon som har fanga opp akkurat den retninga for ein vidare diskusjon. Eg synest sjølv den er veldig interessant. Me lever i ei performativ tid, der det å ta kontroll over eg-et blir meir og meir viktig og sjølvsagt.

 

*

 

Anki Gerhardsen

Fødd i 1967, er frilansjournalist og teaterkritikar, busett i Bodø. Ho skriv fast i Aftenposten og jobbar som prosjektleiar ved Barents Press.

Transkjønn eller trans er eit sekkeomgrep som blir brukt av og om personar med ein utsjånad eller ein identitet som uttrykkjer eit anna kjønn enn det som blei registrert på dei ved fødselen. Nokre transpersonar definerer seg verken som mann eller kvinne.

Nasjonal behandlingsteneste for transseksualisme ved Rikshospitalet behandla 527 pasientar i 2017, ein auke frå 164 i 2014.

Frå juli 2016 til april 2018 fekk Skatteetaten 981 søknader om endring av juridisk kjønn.

Kjelde: Bufdir (bufdir.no/lhbt