Frå Utgåve 1-19
Skrive av Borgar Aamaas og Asbjørn Torvanger

La oss snakke om klimarapporten

Nyleg har eit panel av verdas fremste klimaforskarar sett på korleis ei 1,5 grader varmare verd vil sjå ut. Noreg vil stå framfor mange utfordringar, både med å kutte utsleppa av klimagassar i raskt tempo og å tilpasse oss dei klimaendringane vi uansett får.

 

Syn og Segn har faste artiklar om miljø- og klimautfordringar. Kjende skribentar frå inn- og utland skriv om globale og lokale miljø- og klimautfordringar.

 

Asbjørn Torvanger (f. 1956) har doktorgrad i samfunnsøkonomi. Han har jobba som forskar på CICERO Senter for klimaforskning sidan 1992.

Borgar Aamaas (f. 1984) har doktorgrad i meteorologi. Dei siste åtte åra har han arbeidd som klimaforskar på CICERO Senter for klimaforskning.

 

Vi har alle lagt merke til det. Det er noko rart med vêret. Vintrane er ikkje slik dei var. Bønder fortvilar over at sommaren anten regnar eller tørkar bort. Om vi ikkje gjer noko, vil klimaendringane bli mykje meir dramatiske. Difor publiserte FNs klimapanel i fjor haust ein rapport som såg på korleis vi kan avgrense den globale oppvarminga til 1,5 °C, og kva for konsekvensar det vil få. I dag er verda på veg mot 3–4 °C oppvarming i løpet av dette hundreåret.

 

UTFORDRANDE KLIMAMÅL I PARIS

Utgangspunktet er Parisavtalen, ein avtale vedtatt av 195 land under klimatoppmøtet i Paris i 2015. Dette var ei historisk semje om å forhindre farlege, menneskeskapte klimaendringar. Blant vedtaka dei fleste har høyrt om, er å halde den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 °C over førindustrielt nivå, og streve mot å avgrense temperaturauken til 1,5 °C over førindustrielt nivå. Samstundes inviterte dei FNs klimapanel til å lage ein spesialrapport om nettopp 1,5 °C varmare verd.

Klimaforskarane snudde seg raskt om. I løpet av kort tid forska og publiserte dei ein god del på problemstillingar som var relevante for invitasjonen. Mykje av tidlegare forsking har sett på større temperaturaukar, slik som 3, 4 eller 5 °C global oppvarming.

 

ATTER EIN KLIMARAPPORT

Deretter skreiv FNs klimapanel den såkalla spesialrapporten. I oktober 2018 publiserte panelet rapporten «Global Warming of 1.5 °C», med ein altfor lang undertittel til at han kan dragast fram her. I FNs klimapanel sit det mange klimaforskarar, men klimapanelet driv ikkje med eiga forsking, berre med gjennomgang av eksisterande forsking. Dei har gjennomgått 30 000 vitskaplege publikasjonar, og sluttresultatet er ein rapport på 700 sider. Frå før har klimapanelet utgitt ei rekkje rapportar som omfattar tusenvis av sider. Dermed er det ein god del gamalt nytt, sjølv om det overraska fleire av oss kor stor forskjellen er mellom konsekvensane av ein temperaturauke på 1,5 og 2 °C. Elles seier spesialrapporten ikkje kva som må gjerast, berre kva som kan gjerast, og kva som er fysisk mogeleg om målet er å avgrense den globale temperaturstigninga til 1,5 eller 2 °C. 

Ettersom spesialrapporten kom etter tinging frå klimakonvensjonen, vart rapporten lagd fram på klimakonferansen i Katowice i Polen i desember 2018. Ein av dei store diskusjonane under møtet var om klimakonvensjonen ville takke for eller ønskje velkommen rapporten og det store arbeidet verdas klimaforskarar har brukt svært mykje tid på dei siste to åra. Enkelte land, tilfeldigvis oljeland, stritta imot. Sluttresultatet vart at dei takka for at rapporten vart levert i tide, og inviterte enkeltland til å bruke rapporten i det framtidige arbeidet. 

Spesialrapporten byggjer på eit stort arbeid, til dømes ei rekkje modellsimuleringar frå ulike studiar som viser korleis dei framtidige klimagassutsleppa kan bli. Fleire hundre scenario er laga, i alt 90 scenario som samsvarar med ei global oppvarming på 1,5 °C, og 132 scenario med 2 °C.

 

KLIMAMÅLET KREV HISTORISK OMSTILLING

I formidlinga av spesialrapporten har klimapanelet trekt fram at kvar del betyr noko. Med andre ord at kvar handling betyr noko, kvar del av den globale oppvarminga betyr noko, kvart år betyr noko, og kvart val betyr noko. Di meir arbeid vi gjer med å stanse klimagassutsleppa, di mindre vil konsekvensane bli.

Viss vi skal klare målet om å avgrense oppvarminga til 1,5 °C, seier spesialrapporten at klimagassutsleppa må reduserast med 40–50 % innan 2030 samanlikna med 2010-nivå. I 2050 må utsleppa vere «netto-null», som betyr at utsleppa av karbondioksid blir kraftig reduserte, men at det truleg blir eit restutslepp av karbondioksid som blir motsvara av at det blir fjerna like mykje karbondioksid frå atmosfæren. Ei slik endring er berre mogeleg med store utsleppsreduksjonar i alle sektorar og med eit mangfald av tiltak. Omstillinga må vere rask og omfattande innanfor energisystem, transport, arealbruk, infrastruktur og industri. Karbonfangst og -lagring er eit sentralt verkemiddel i nesten alle utsleppsscenarioa. Tekniske løysingar må på plass, men dei må kombinerast med ei større samfunnsomstilling. Store omstillingar har skjedd før, men denne er utan sidestykke fordi omfanget er større og omstillinga raskare enn historiske eksempel (som ved overgangen frå muskelkraft til fossil energi).

Utsleppa kan reduserast på mange måtar, og spesialrapporten trekker fram ein portefølje av ulike tiltak. Heilt overordna kan vi løyse dette med å bruke energi og ressursar mykje meir effektivt, slutte med teknologiar som krev fossilt brensel, og fange og lagre det karbonet vi uansett ikkje klarer å fjerne på andre måtar. Dette kan høyrast enkelt ut, og ein god del av dette kan vi gjere i dag, men dei ulike mogelege løysingane vil gi ulike utfordringar.

Ei årsak til at det ikkje hadde blitt forska så mykje på effekten av 1,5 °C oppvarming inntil nyleg, er at dette ikkje er det mest realistiske eller sannsynlege scenarioet. Spesialrapporten skriv at dette målet enno er mogeleg å klare i teorien, men vi trur det blir ekstremt vanskeleg å få til i praksis. Tar vi utgangspunkt i utsleppstrenden dei siste åra og kva dei ulike landa har lova å kutte, endar vi truleg med ei global oppvarming på 3-talet. Meir pessimistiske scenario har òg blitt laga, der utsleppsveksten er stor og den globale oppvarminga kan gå mot 4 eller 5 °C. Måla som vart sette i Paris, er difor noko vi kan strekke oss mot, men vi må ikkje gløyme at vi kan få ei langt større global oppvarming med mykje større konsekvensar for oss og etterkommarane våre.

 

FRÅ PARIS TIL NORSKE BYGDER

Klimasystemet på jorda fører til at oppvarminga i nordområda blir større enn den gjennomsnittlege globale oppvarminga. Stigande temperatur fører til mindre snø og is, slik at mindre av energien frå sola blir reflektert tilbake til verdsrommet. Sjølv om den globale oppvarminga blir avgrensa til 2 °C, kan oppvarminga i Noreg difor bli på 3–4 °C. Positive effektar av oppvarminga av Noreg er større avlingar på grunn av ein lengre vekstsesong i jordbruket, og meir kraftproduksjon grunna meir nedbør. Men på lengre sikt vil dei negative effektane av global oppvarming dominere om vi ikkje kuttar utsleppa kraftig. Vi vil oppleve kraftigare og hyppigare episodar med kraftig nedbør, større flaumar, sterkare stormflo-episodar og fleire ras. Den mest skadelege effekten blir flaumskadar på bygg, infrastruktur og vegar langs elveløp og i byar, og dette vil auke mest over tid. I sommarhalvåret forventar klimaforskarane større problem med tørke, spesielt i den sørlege delen av landet. Dei indirekte effektane av klimaendringar kan likevel bli den største utfordringa. Noreg har ein open økonomi med mykje eksport og import, slik som fôr til norsk jordbruk og fiskeoppdrett. Klimaendringar i Europa, Afrika og Midtausten som fører til ustabilitet, konfliktar og migrasjonspress, kan få store konsekvensar for Noreg.

Vi veit omtrent kva for konsekvensar klimaendringar i Noreg kan få, men detaljane når det gjeld spesifikke lokalsamfunn og tidspunkt, er det knytt stor uvisse til. Hovudstrategien må difor bli å gjere heile samfunnet meir robust mot konsekvensane av klimaendringar, samstundes som utsleppa av karbondioksid og andre klimagassar blir kraftig reduserte. Eit klimarobust samfunn er spesielt viktig for langliva investeringar i transport, kommunikasjon, energi og for alle slags bygg. Investeringar i strandsona må ta høgde for at havet kjem til å stige nokre desimeter eller meir i løpet av dette hundreåret. Vi må byggje kunnskap, kompetanse og kapasitet på klimatilpassing. Klimatilpassing må vere ein del av ei berekraftig og grøn samfunnsutvikling.

 

KORLEIS FÅR VI TIL KLIMAGASSKUTT?

Dei mest dramatiske klimakonsekvensane kan vi unngå med ulike tiltak. Spesialrapporten vurderer i utgangspunktet ikkje politikk eller slår fast kva som er gode politiske strategiar. Likevel får han fram kva som potensielt kan skje. Mens ein tidlegare ofte har lagt vekt på det overordna nivået med avgift på utslepp eller kvotehandel med karbondioksid, og bruk av prinsippet om kostnadseffektivitet på internasjonalt og nasjonalt nivå, går denne rapporten i større grad ned i lokale og spesifikke forhold, der tiltak i konkrete sektorar, teknologiar og reguleringar blir nemnde.

Målet om å avgrense global oppvarming til 1,5 °C er svært ambisiøst og vil krevje «omstilling» i staden for «justering» av kursen, som er eit meir passande ord for det vi driv med i dag. Då er det ikkje nok berre å effektivisere det eksisterande systemet for å få ned utsleppa, vi må òg redusere omfanget av aktivitetar som er utsleppsintensive, altså som fører til store karbondioksidutslepp. Alle partar må vere med på dugnaden. Det betyr arbeid på mange nivå, frå stat og region til kommune, by og bygd. Vidare bør prosessar inkludere perspektiva til fleire aktørar i utforming av politikk og der avgjerder blir tatt. Dessutan rommar dette eit mangfald, frå små til store tiltak. For å få til dette må vi ha sterke institusjonar med ressursar og kunnskap, i tillegg til medverknad frå bedrifter, organisasjonar og folk flest for å auke kunnskapen, skape motivasjon og finne gode løysingar.

Spørsmålet er om dette er realistisk å få gjennom. Både teknologiske, fysiske, økonomiske, organisatoriske og politiske sider må i så fall på plass. Dei fysiske lovene og dei økologiske og ressursmessige grensene planeten vår har, må leggjast til grunn.

 

DEN SISTE NORSKE OLJA?

Skal verda nå klimamålet om 2 °C eller mindre oppvarming, er det berre rom for å brenne ein del av dei globale reservane av kol, olje og gass. 1,5 °C-rapporten viser til at oljebruken i verda må reduserast med rundt 40 % fram til 2030. Sjølv om utvinninga av olje og gass i Noreg vil gå ned framover på grunn av minkande reservar, vil det likevel bli ei stor utfordring for Noreg å kombinere petroleum med klimamål. Oljeutvinninga gir store inntekter og mange arbeidsplassar. Etterspørselen og lønsemda ved oljeutvinning vil i tillegg møte eit aukande press frå fossilfrie transportteknologiar, slik som elektriske bilar. Men det hjelper lite om Noreg reduserer sin oljeproduksjon dersom andre land erstattar det meste av denne produksjonen. Skal redusert tilbod av olje fungere, må mange oljeprodusentar samarbeide. Den mest effektive vegen framover er mindre etterspørsel etter olje gjennom strammare klimapolitikk, som fører til høgare pris via avgifter eller kvoteplikt, eller gjennom standardar for bruk av olje. Eit døme er forbodet mot oljefyring i private bustader i Noreg frå 2020.

Forsking viser at det ikkje er mogeleg å redusere den globale oppvarminga til 2 °C eller mindre utan stor innsats for å fange karbondioksid frå industrien og energisektoren, i tillegg til å redusere bruken av fossile energikjelder kraftig. Verda må realistisk sett òg fjerne store volum av karbondioksid frå atmosfæren for å lagre dette karbonet i skog, jord, berggrunnen eller i mineral. Di treigare vi er til å redusere dei globale utsleppa, di meir avhengige blir vi av å fjerne karbondioksid frå atmosfæren i løpet av få tiår. Men i dag finst det berre nokre få anlegg for karbonfangst og -lagring rundt om i verda, og teknologiane for å fjerne karbondioksid frå atmosfæren på ein effektiv og berekraftig måte er lite utvikla. Aktuelle scenario viser at det på globalt nivå kan bli nødvendig å byggje ut eit stort anlegg for karbonfangst og -lagring kvar einaste veke i mange tiår framover. Det som manglar, er stor offentleg innsats for å utvikle og byggje ut anlegg for karbonfangst og -lagring, få på plass insentiv som gjer industrien interessert i å bli med, og etter kvart få ein mykje strammare klimapolitikk for å oppfylle Parisavtalen. Då vil verdien av reduserte utslepp av karbondioksid og fjerning av denne gassen frå atmosfæren stige monaleg. Noreg og andre villige land må få med seg andre land på ein global dugnad for å nå måla i Parisavtalen.

 

MARKAS GRØDE VIL VI TRENGE

Landareala i verda er ein etterspurd ressurs. Bruk av landareal for å fange meir karbondioksid er ein viktig del av løysinga mot ei 1,5 °C-verd. Landbruksareal kan produsere bioenergi som kan erstatte fossil energi og dermed redusere utsleppa av karbondioksid. Biomasse som blir brukt til energi kopla til karbonfangst og -lagring, kan fjerne karbondioksid frå atmosfæren. I tillegg kan vi dyrke fram nye skogar for å lagre karbonet ettersom vegetasjon bind karbondioksid gjennom fotosyntesen, eller pløye trekol ned i åkeren slik at karboninnhaldet i jorda stig og produktiviteten aukar.

Bioenergi kjem vi til å trenge meir av. To supertrendar i spesialrapporten er effektivisering og elektrifisering. Men ikkje alt lar seg elektrifisere. Då er biodrivstoff og syntetiske drivstoff som etanol, metanol, metan, ammoniakk og hydrogen gode alternativ. Dette gjeld for tunge køyretøy, fly og skipsfart, mens delar av industrien òg vil trenge bioråstoff.

Biologisk materiale er ein fornybar ressurs her på jorda, men vi har ikkje uendelege mengder av det. Ei av dei store utfordringane er å få tak i nok biomateriale til å redusere utsleppa av karbondioksid og samstundes gjere det på ein berekraftig måte, og slik at det ikkje går ut over matproduksjon og biologisk mangfald. I eit typisk scenario går beitemark på storleik med 20 Noreg med til å dyrke planter for bioenergi og til skogplanting. Dette er heilt enorme tal. Ikkje berre må store landområde med matproduksjon omdisponerast til energiføremål, men dette vil òg gå utover matproduksjon og matprisar. Tilgjengeleg areal på moder jord er avgrensa, og potensialet for bioenergi blir i tillegg avgrensa av tilgang på vatn og næringsstoff.

 

ELBILAR – EIN FORSMAK PÅ FRAMTIDA

Transportsektoren bør både effektiviserast og elektrifiserast. Elbil er eit døme på begge trendane. Ein elmotor er mykje meir effektiv enn ein konvensjonell motor som går på bensin eller diesel. Langt meir av energien går til å flytte bilen framover, to til tre gongar så effektivt som i vanlege bilar. Elektrifisering er det òg. Å flytte alt over til stikkontakten må skje samstundes med ei avkarbonisering, det vil seie at elektrisiteten blir laga av fornybar energi som vasskraft, vind og sol, og ikkje av kol, olje eller gass. Alle elbilane som rullar rundt i Noreg, viser dermed kva som kan vere framtida i lågutsleppssamfunnet. Å lese spesialrapporten kan vere litt dystert fordi vi ligg så langt bak og det vil krevje så mykje. Men akkurat når det gjeld elbilar, ligg Noreg på linje med eller i forkant av den utviklinga som spesialrapporten syner.

Andre transportformer er vanskelegare å elektrifisere, men her òg ser vi alternativ dukke opp. Ferjer med elektrisk drift er alt i bruk, og mange fleire vil komme i løpet av dei neste åra. Varetransporten står kanskje for tur. Elles blir det nødvendig å bruke biobaserte drivstoff eller hydrogen. Teknologiske løysingar kan redusere utsleppa kraftig, likevel må nok åtferdsendringar òg diskuterast. Den store forskjellen mellom utsleppsscenario som fører oss mot 1,5 og 2 °C, er at det ved 1,5 °C-versjonen er meir kollektivtransport og reduksjon i reiseaktiviteten viktigare. Dessutan kan smartare design av byar betre leggje til rette for gåing, sykling, meir kollektivtransport og kortare pendlereiser. På toppen av det heile har vi innovasjonar innanfor informasjonsteknologiar. Fleire hevdar at vi no lever under den fjerde industrielle revolusjonen, der digitalisering endrar samfunnet vårt fullstendig. Resultatet i transportsektoren er bildeling, førarlause bilar og meir effektiv kollektivtransport.

 

NOREG – IKKJE I MÅL

Spesialrapporten frå FNs klimapanel har fått mykje merksemd, og norske politikarar har snakka mykje om kva dette kan bety for Noreg. Dessverre er ingen land i verda på veg til å kutte utsleppa i tråd med 1,5 °C, heller ikkje Noreg. Dei siste 20 åra har klimagassutsleppa i Noreg vore nesten uendra, med ein svak reduksjon dei siste åra. Innan 2030 er det norske målet å kutte 40 % av klimagassutsleppa samanlikna med 1990. Sjølv om alle land hadde like ambisiøse kuttmål som Noreg, ville den globale oppvarminga bli større enn 2 °C. Utsleppa vil truleg gå nedover her til lands, men ikkje i raskt nok tempo. Norske politikarar omtaler ofte klimaet og gjennomfører fleire klimatiltak, likevel er det utilstrekkeleg for å nå klimaambisjonane våre. Noreg er på veg mot Parismålet, men mange fleire klimatiltak må på plass før vi er framme. Dei siste åra har utsleppsreduksjonen vore langt større i nabolanda våre. Ei utfordring for Noreg er at straumen vår allereie er nesten berre fornybar, og at vi har få enkle og rimelege utsleppskutt att.

Den framtida vi har skissert her om eit berekraftig lågutsleppssamfunn, er mogeleg, om vi som samfunn ønskjer det og faktisk gjennomfører alle små og store tiltak. Vi skjønar likevel at dette er svært krevjande å få til. Men Parisavtalen og målet om å avgrense den globale oppvarminga til 2 °C eller lågare er noko vi må strekkje oss mot, elles blir framtida for dei neste generasjonane mørkare.

 

Referansar

Aall, C. ofl. (2018). Oppdatering av kunnskap om konsekvenser av klimaendringer i Norge. CICERO Report 2018:14.

Aamaas, B., og Jensen, E.S. (2018). Hva sier spesialrapporten om 1,5 °C om lavutslippsomstilling for Oslo? CICERO Report 2018:13.

FNs klimapanel (2018). Global Warming of 1.5 °C, an IPCC special report on the impacts of global warming of 1.5 °C above pre-industrial levels and related global greenhouse gas emission pathways, in the context of strengthening the global response to the threat of climate change, sustainable development, and efforts to eradicate poverty.