Frå Utgåve 1-19
Skrive av Knut Aastad Bråten

Deltidsinnbyggjaren

Hyttemannen er den nye bygdemannen.

 

Knut Aastad Bråten er redaktør i tidsskriftet Syn og Segn.

 

«Desse helvetes hyttefolka.» Eg er saman med bestefar min, og noko irriterer. Ein hyttemann har teke seg til rette. No går han galant over stølsjordet, vel vitande om at slikt må ein gud forby ikkje gjere.

Det vart sjølvsagt ikkje sagt noko, ikkje til hyttemannen. Småbrukarar konfronterer sjeldan. Ved glaskarmen renn ukvemsorda.

Det er forskjell på folk. Pussig nok snakkar vi sjeldan om det. Noreg er eit egalitært land, har vi lært. Men ulikskap og klassemotsetningar finst også i samfunn med høg grad av likskap. Sjølvsagt finst det forskjellar også her.

På fjellet, til dømes. Eg er såpass vaksen at eg hugsar restane av den gamle stølskulturen. Av bestemødrene i stølstrøa og dyra på beite. Av handmjølking, separator og avkjøling i bekken. I skogteigen eller på ei tomt nedst på vollen bur hyttefolket, byfolket, framandfolket, dei utanbygdes. Dei er her heile sommaren. Er ferierande. Går turar. Solar seg. No og då stikk dei innom, fylgjer med når kyrne skal inn for kvelden. Kan hende får dei med seg fersk rømme på heimvegen. «Alt er så annleis», seier dei. Stølskulturen er som eit titteskåp inn i ei anna tid.

Vi har ikkje så mykje med kvarandre å gjere. Dessutan snakkar dei høgt. Tek stor plass. Forskjellane er ikkje openberre, men dei er der.

Nokon vil ha det til at bygdefolk ikkje er slik dei ein gong var. Det meste har endra seg frå 80-talet og til i dag. Den demografiske utviklinga, ikkje minst, arbeidsplassane, måtane vi bur på, økonomien. Sentraliseringa dreg unge ut av dalen – og erstattar dei med nye. Nye bygdefolk. Hyttefolket, til dømes.

Kven som høyrer bygda til, varierer. Tilhøyr og identitet er så mangt. Han er fysisk og konkret, historisk og mental. Slekt og språk seier litt om kven vi er, men ikkje alt. Identiteten flyt, seier sosiologen og filosofen Jürgen Habermas. Kva du ynskjer å vere, er opp til deg sjølv. Ein dag bygdekar, i morgon – bymann.

Monica Bjermeland har tidlegare skrive i Syn og Segn om identitet og klatteidentitet, om å vere litt herifrå og litt derifrå. Livet dreier seg ikkje om eit eigentleg opphav, seier ho, men om å høyre til fleire stader.

Den moderne hyttekulturen tek til ein gong etter krigen. Hyttene er enkle sommarhus, er brunbeisa, har rutete glas og peisar med mosegrodde steinar. På 60-talet blir hytta allemannseige. Fleire får bil. Det er lettare å kome seg til fjells.

På 80-talet skjer det eit hamskifte på fjellet. Medan nye kjem til, takkar andre for seg. Jordbruket står under press. Stølsdrift er gamaldags. Avkastninga uteblir. Nye generasjonar ser nye moglegheiter og omskaper stølsliene til attraktive rekreasjonsområde for moderne budeier med andre behov. Og resultatet? I dag finst 450 000 hytter spreidde rundt om i landet, 65 prosent av dei i fjell- og skogsområda.

Men det kostar. Hyttedraumen har blitt ein eksklusiv affære for dei som har råd. «Nyleg vart kostnadene ved å eige hytte nemleg berekna av Prognosesenteret til å vere 90 000 kr per år», skriv Rasmus Steffansen i Syn og Segn i fjor. (Ikkje for det: Det står ikkje dårlegare til med kvaliteten og luksusen på hus og hytte hjå lokalbefolkninga.) Men hyttekultur dreier seg om meir enn dyre hytter og statusjag. Det dreier seg om noko som stikk endå djupare: om tilknyting, om å høyre til. Felles for mange av dei som får seg hytte, er ein livslang lojalitet til bygda og naturen rundt.

Steffansen skriv at hyttebefolkninga er meir på hyttene sine enn nokon gong før. I snitt 19 gonger kvart år. Mykje tyder på at dei likar seg her.

Eg ser det sjølv. Helgekøar med svarte suvar på veg til hytta, eller heim til byen. Eg ser dei i skiløypene og på butikkane, i stigane og på fjelltoppane, på legekontoret og festivalane. Dei er med i venelag og historielag. Nokre abonnerer på lokalavisa. Dei framsnakkar bygda, deler bilete på sosiale medium med #vakkertifjellet og #liveterbestpåhytta. Dei organiserer seg i hytteforeiningar og løypelag. Tidlegare leiar i Valdres hytteforum Knut Nes kallar seg jamvel deltidsinnbyggjar. Ein og annan ynskjer stemmerett, les eg i avisa – og ber om at dei blir lytta til i saker som angår dei.

Så er dei kanskje det nye bygdefolket? 

Apropos det siste. Samfunnsengasjementet til hyttemannen strekkjer seg sjeldan til samfunnsområde utanfor hytteveggen og eiga komfortsone. Bidraget er avgrensa til det som angår dei sjølve. Ingen av dei bryr seg om omsorgsbustadene, naturleg nok, om sjukefråværet i kommunen eller framtida for brannvesenet. Og difor skrik dei mot eigedomsskatt, eller når vegen ikkje er brøyta. Eller når andre ynskjer å nyte det same som dei sjølve: I ei sak i lokalavisa les eg om fleire hytteeigarar som rasar mot ein ny gangveg langs eit vakkert fjellvatn. Dei ynskjer ingen inngrep i urørt natur, forstår eg. Kva tenkte dei sjølve om den urørte naturen då hytta vart reist?

Endringane i fjellheimen er ikkje berre eit spørsmål om arealbruk og nedbygging av urørt natur, men om kva slags samfunn vi skal vere. Reiselivet betyr mykje for bygdene og gjer hytteeigarar og deltidsinnbyggjarar til premissgjevarar i utviklinga av bygda og fjellet. Det gjer bygda sårbar for svingingar i marknaden og bråe skifte.

Vi liknar meir og meir på kvarandre, deltidsinnbyggjaren, hyttemannen og dei fastbuande. Men under yta skimtar vi enno dei kulturelle forskjellane. Dei endrar seg ikkje like raskt. Og enno er hyttegjesten berre ein gjest.