Frå Utgåve 1-19
Skrive av Lars Kolbeinstveit

Me må lytta meir – ikkje mindre – til økonomane

Eit samfunn der økonomane har for lite makt, kan skada samfunnet i alvorleg grad.

 

Lars Kolbeinstveit (f. 1980) arbeider som filosof og rådgjevar i Civita. Han er utdanna filosof med mastergrad frå UiO og har også studert samfunnsøkonomi ved UiB. Tidlegare har han vore leiar i Studentersamfunnet i Bergen (2004) og arbeidd med ordskiftesidene i Dag og Tid.

 

Når økonomar seier at noko ikkje er effektivt eller for dyrt, får ein ofte høyra frå humanistar, intellektuelle eller andre som er opptekne av såkalla mjukare verdiar, at det ikkje berre er økonomi som betyr noko. Mange protesterer mot ein rådande økonomisk tenkjemåte og hevdar at alt frå kulturarv til solidaritet, klima og dugnad er viktig. Viktigare.

Kampen mellom børs og katedral er unødvendig, destruktiv og i verste fall skadeleg, iallfall om me ønskjer å halda oppe velferdssamfunnet og -tenestene slik me kjenner dei i dag. Ei konfliktlinje som tyder anten økonomi eller kultur, til dømes, byggjer på ein falsk dikotomi. Eit godt samfunn er eit samfunn der økonomien spelar ein integrert del av politikkskapinga – ikkje eit anten eller, men både og. Eit godt døme på det siste kjem klart til uttrykk når Kåre Willoch talar om politikk. I den siste boka si, Alt med måte – politiske samtaler med Torbjørn Røe Isaksen, forklarar han kvifor han er oppteken av økonomi: «En økonomisk utvikling er en forutsetning for å gi et grunnlag for den livsstandard og livskvalitet som må være selve målet.»

I 1930-åra definerte den engelske økonomen Lionel Robbins samfunnsøkonomi som studiet av bruken av knappe ressursar til alternative formål. Det viktigaste i Robbins’ definisjon er knappe ressursar. Summen av alternative formål og private behov er mykje høgare enn mengda av ressursar me totalt har til disposisjon. Pengar er ikkje ressursar for samfunnet. Pengar fungerer som eit slags rasjoneringskort, seier han. Nyttar me fleire rasjoneringskort enn me har ressursar til, går det gale. Å ta omsyn til desse samfunnsøkonomiske samanhengane er heilt grunnleggjande for eit danna, kultivert, demokratisk og politisk ordskifte.

Ein av Willochs tidlegare statsrådar, Lars Roar Langslet, uttala seg meir i retninga av den dikotomien eg meiner er uheldig når me no talar om økonomien sin plass i det offentlege: «Et gjennomtenkt politisk grunnsyn er det indre kompass vi trenger for å finne retning og vei, ikke minst i ulendt terreng. Kompasset kan aldri erstattes av en lommekalkulator.»

Tolka i beste meining hadde sjølvsagt Langslet eit godt poeng, men kven har hevda at ein lommekalkulator kan erstatta eit kompass? Eg trur ikkje dette var intensjonen til Langslet, han var langt meir liberal, også i økonomiske spørsmål, enn det nokon intellektuelle trur, men sitatet kan i verste fall gje næring til idear som vil utdefinera økonomar frå ordskiftet. Det kan stå for eit syn der økonomi er noko kaldt som bør haldast på avstand, noko rådmenn og finansdepartement plagar visjonære politikarar og kulturarbeidarar med. Økonomane vert sett som ein motsetnad til politikarar, du veit, dei som bryr seg om folk og ekte verdiar. Dei vil me ha til å styra samfunnet – til å verna om eit «varmare samfunn», som dei seier i KrF, eller til å hegna om fellesskap framføre egoismen og materialismen som dei venstreorienterte ofte gjentek, dei som tenkjer på menneska – ikkje milliardane.

Apropos det siste. Dette var også tittelen på Erna Solberg si bok frå 2011: Mennesker – ikke milliarder (Cappelen Damm). At Solberg valde ein slik tittel, er ikkje tilfeldig – difor er det også interessant å diskutera kvifor Høgre snudde om på retorikken om økonomi og samfunn, og kva det har hatt å seia for partiet, og oppfatninga av det. Mange hevdar at skiftet i Høgre, frå snakket om «meir igjen for pengane» til «menneska og ikkje milliardane» var politisk klokt. Det er det også gode grunnar til å hevda. I alle fall om det å vinna val er viktig. Men var skiftet klokt om målet er å bana veg for ein politikk som kan sikra eit godt, stabilt og meir berekraftig samfunn – med omsyn til klima, velferd, næringsliv og statsfinansar? Eg trur det er verdt å drøfta det nærmare, særleg i eit land der Oljefondet gjer det ekstra vanskeleg å prioritera. Korleis nett Oljefondet bidreg til at økonomiske tenkjemåtar er ekstra viktige, vil eg koma tilbake til.

 

ØKONOMANE OG NEW PUBLIC MANAGEMENT

Nokon vil kan henda hevda at Solbergs vegval var meir i tråd med det verdikonservative Høgre. Fleire eg snakkar med, seier nett det. Dei mislikar «økonomiske tenkjemåtar» og «målstyring» og saknar det «verdikonservative høgre» utan eigentleg å forklara kva som er motsetnaden mellom dette, mellom målstyring og verdikonservatisme. Eg trur ein slik kritikk av økonomiske tenkjemåtar har lite for seg. I tillegg må kritikk av målstyring eller meir såkalla økonomisk tenking byggjast på empiri og presise analysar. Er det økonomar som styrer, eller er det kan henda også mangel på innsikt frå økonomifaget som gjev dårleg styring?

Målstyring og New Public Management kan ein seia mykje om. Det finst døme på at ikkje alt bør målast, men kritikarar av desse styringsmetodane må også spørja seg kvifor slike ordningar kjem? Ein vanleg påstand er at økonomiske tenkjemåtar er for dominerande. Eg vil hevda at det mange gonger snarare er tvert om. Til dømes er IA-avtalen (som handlar om inkluderande arbeidsliv, og som er ein del av det norske trepartsamarbeidet) til for å freista å få ned det særskilt høge sjukefråværet – utan at dei tek i bruk innsikt frå økonomisk teori og empiri som fortel oss at økonomiske incentiv verkar. Ann-Helén Bay har skrive interessant om korleis økonomiske, eller det ho kallar «teknokratiske» argument, ikkje får gjennomslag i debatten om sjukelønn. Ho skriv at fleire ekspertutval har meint at ordninga må strammast inn, men at slike idear ikkje får gjennomslag. I staden har det vakse fram eit omfattande regime med oppfølgings- og kontrolltiltak, dialogmøte og måling av legars sjukemeldingspraksis, for å nemna noko.

Hadde økonomar fått gjennomslag og innpass, kunne ein i sterkare grad redusera det kontrollregimet som IA-avtalen fører med seg. Gjennom økonomiske incentiv kunne ein redusert sjukefråværet og fått ned kostnadane. Det er altså mangel på økonomiske tenkjemåtar som gjer at eit omfattande kontrollregime veks fram. Kutt i sjukelønn kan sjåast på som noko som sterkast rammar dei låglønte på arbeidsmarknaden. Men det er ingenting i vegen for at lågare sjukelønn vert kompensert med lågare skatt på inntekt. Dessutan kan litt lågare sjukelønn gje meir, ikkje mindre tillit. Dei som er att på arbeid, og som får ei ekstra bør fordi nokon er sjuke, kan få auka tillit om me veit at den sjuke tek ein liten del av rekninga sjølv.

 

ARBEIDSMARKNADEN I NOREG

På andre felt har Noreg lykkast betre med å lytta til innsikt frå økonomar. Eit døme er korleis lønna vert organisert, den såkalla frontfagmodellen. I Noreg har me eit felles ønske om at arbeidsfolk skal ha trygge arbeidsplassar og god lønn. Det får me til med ein styringsmodell som styrer med marknaden, og som tek sterkt omsyn til den industrien som handlar med omverda. Det er konkurranseutsett sektor som skal setta rammene for lønnsoppgjera. Omsynet til samla sysselsetting veg tungt. Men leietråden er den same som i frimarknadsøkonomien: Ein må spela på lag med marknaden. Til dømes kan etterspørselen etter norske varer falla på verdsmarknaden. Då må ein vera meir forsiktig med høge lønnskrav.

I SV, i den venstreorienterte delen av fagrørsla og i Arbeidarpartiet har det å spela på lag med marknadsøkonomien ikkje alltid vore stoverein politikk. På 1970-talet, då venstresida stod sterkt, var det store vanskar med å skipa koordinerte lønnsoppgjer. I enkelte bransjar vart lønnsveksten skyhøg, samstundes gjekk produktivitetsveksten ned i industrien. Arbeidarpartiet og dei moderate i fagrørsla såg utover på 70-talet at det ikkje lenger var mogleg å styra økonomien i ein slik inngripande grad.

På slutten av 1970-talet og ved Kåre Willoch si maktovertaking i 1981 endra norsk politikk seg i ei retning der økonomisk innsikt fekk større gjennomslag. Det finst døme på at ikkje alt har vore bra – jappetid med påfølgjande arbeidsløyse, for å nemna eitt. Men mykje av bakgrunnen for marknadsliberaliseringa i Noreg handla fyrst og fremst om større forståing for elementære økonomiske samanhengar. Det politiske styringsregimet som vart bygd opp etter den siste verdskrigen, fungerte ikkje lenger godt nok. Nøkkelen til meir vekst og berekraftig og konkurransedyktig næringsliv, og dermed trygge arbeidsplassar, låg innanfor eit meir marknadsliberalt styringsregime.

Nokon, særleg venstreradikale tenkjarar, omtalar dette nye styringsregimet som nyliberalisme og hevdar at det grip om seg i samfunnet og alle slags sektorar i for stor grad. Kva som ligg i omgrepet nyliberalisme, skal eg ikkje drøfta vidare her, men eg vil svara på to innvendingar: for det fyrste kritikken som seier at nyliberalismen byggjer på einsidig individualisme, og for det andre dei som hevdar at styringsregime i for stor grad er prega av einsidige økonomiske tenkjemåtar, tenkjemåtar som bind politikken, og som gjer at ein må styra på ein bestemt måte.

Marknadsøkonomiens store tenkjar Adam Smith forsvarte eigeninteressa som ei drivkraft i det økonomiske systemet. Dette vert ofte karikert av kritikarar av marknadsøkonomien. Men eigeninteressa er ikkje eit forsvar for grenselaus egoisme. I staden handlar det i stor grad om å gjera det ein er best skikka til, og å laga avtalar både ein sjølv og den ein handlar med, kan tena på. Korleis ei slik samfunnsforståing vil skada fellesskapet, er høgst uklårt. Å vera omsynslaus kan i visse samanhengar tena eigeninteresser på kort sikt, men ikkje alltid på lang sikt. Marknaden er slik sjølvregulerande. Sjølvreguleringa vert sterkare om marknaden er omslutta av sterke institusjonar – ein sterk stat (ikkje det same som stor) og eit sterkt sivilsamfunn. Eigeninteressa er også med på å driva fram arbeidsdeling og handel. På makroplan handlar det til dømes om at Noreg har naturlege føresetnadar i tømmer og fisk og handlar med omverda som kan levera korn eller tøy i retur. Alternativet er streng individualisme: gjera alt sjølv, slik som Isak Sellanrå i Knut Hamsuns Markens grøde. I eit slikt system ville økonomien mellom anna ikkje ha teke i bruk stordriftsfordelar eller komparative fortrinn. Produktiviteten og dermed vår velstand ville vore katastrofalt mykje dårlegare. Filosofen Hegel, som las Adam Smith med stor interesse, hevda at land som handlar med kvarandre, vert meir danna.

Det er ein myte at marknadsøkonomien fremmar einsidig individualisme. Marknadsøkonomien er snarare ein sosial kontrakt basert på tillit som gjer oss meir – ikkje mindre – avhengige av kvarandre.

 

IMPOTENT KRITIKK AV ØKONOMISK LIBERALISME

Kritikk av økonomisk liberalisme, den som hevdar at det politiske handlingsrommet vert snevra inn på kostnad av einsidig økonomisk tenking, er vanleg innanfor moderne og meir radikal politisk filosofi. Ein av dei mest kjende kritikarane er den franske filosofen Michel Foucault, som hevda at marknadsøkonomien definerer kvar ei styringshandling og difor bind politikken.

Det er sjølvsagt legitimt å ha politiske synspunkt som ikkje byggjer på noka form for marknadsøkonomi. Ein kan samstundes diskutera om det lar seg gjera å kombinera eit liberalt demokrati utan ein viss fri økonomi, men nett det er ikkje tema her. I alle høve er kritikken mot det liberale økonomiske regimet ofte prega av forfeila ideologisk kritikk. Det er mykje me kan diskutera og ulike val me kan ta innanfor økonomiske rammer. Marknadsøkonomien hindrar ikkje ulike styringsval, slik dei radikale kritikarane hevdar. Den ideologiske kritikken feilar ofte fordi ein ikkje tek omsyn til heilt grunnleggjande økonomiske samanhengar. Populistar til venstre og høgre har for vane å hevda at desse økonomiske samanhengane er falske. «Skreddarøkonomar» kallar Carl I. Hagen dei som kjent. Også på ytre venstre fløy ser ein tilsvarande motstand mot til dømes handlingsregelen, som set økonomiske rammer for kva politikarar må prioritera, og som sikrar fordeling til framtidige generasjonar.

Det er altså fullt mogleg å ta ulike politiske val. Me kan innføra meir detaljstyring av økonomien, nytta fleire oljepengar til å auka offentlege budsjett endå meir, eller me kan auka eller minka skattane. Det offentlege kan investera i grøn teknologi, eller me kan skattleggja forureining endå hardare. Me kan utvinna olje og gass i høgt tempo, eller me kan spara formuen i botnen under Nordsjøen. Kva som skjer om me vel det eine framføre det andre, er vanskeleg å svara presist på, men me kjem ikkje utanom at ulike val har ulike konsekvensar. Og me kjem ikkje utanom at det i stor grad handlar om økonomi, og at me difor må lytta til økonomane.

Mange fryktar til dømes klimaskeptikarar og populistar. Det me har større grunn til å frykta, er dyre klimatiltak utan effekt. Me reddar ikkje klimaet med å ta avstand frå klimaskeptikarar, men derimot med å lytta til økonomar og andre fagfolk som kan seia oss korleis me mest effektivt kan løysa klimaproblemet.

Nyttar me for mykje oljepengar i staden for å prioritera strengt, legg me beslag på ressursar som skal koma komande generasjonar til del. Samstundes skadar me økonomien her og no: Auka pengebruk legg beslag på arbeidskraft. Offentleg sektor veks og pressar privat næringsliv ut i ytterkantane. Sjølv ein rik nasjon må prioritera og lytta til økonomane som kan seia oss noko om kva nytte dei ulike vala me står overfor, har. Alle ønskjer til dømes god offentleg samferdsle eller god velferd i Noreg, men det er ikkje all pengebruk som er like effektiv, og som gjev same nytten. Me kunne til dømes fått mykje meir velferd om me hadde nytta mindre pengar på den alt nemnde sjukelønna. Nokon hevdar at politikk handlar om vilje, men det er knapt halve sanninga. Politikk dreier seg om å velja. Ein sjøtunell gjennom Stadlandet gjev liten samfunnsmessig nytte. Me kan sjølvsagt meina at det er nyttig likevel, og at det er andre verdiar og argument som veg tyngre enn dei reint samfunnsøkonomiske. Greitt, men seier me ja til utbygging av Stadtunellen, seier med nei til andre samferdsletiltak.

 

BRUKEN AV OLJEPENGAR MÅ NED

Eg har mykje sans for Morten Søberg sine tankar om å grunnlovsfesta Oljefondet, som han skriv i essayet Ekofisk, Eidsvoll (Samlaget 2017). Boka handlar om korleis me kan binda oss «til masta på eit vis som sikrar berekraftig bruk av oljepengar gjennom tida». På grunn av Oljefondet har økonomar eit særskilt ansvar for å formidla kvifor ein handlingsregel er naudsynt. Det kan styrka demokratiet og hjelpa politikarar til å prioritera. Veksten i oljepengebruk har vore enorm. I dag er om lag kvar sjette krone på statsbudsjettet ei oljekrone. I 2006 var det berre kvar 12. Denne veksten kan ikkje fortsetta om me skal halda handlingsregelen.

Mange meiner me lever i ei tid der det er grunnar til å verta meir bekymra for det offentlege ordskiftet enn før. Mange er ekstra bekymra for retorikken. Det eg er mykje meir bekymra for, er ordskiftet om økonomiske prioriteringar i åra framover. Får økonomiske populistar både til høgre og venstre eller i andre parti gjennomslag, kan dei skada samfunnet, velferda vår og arbeidsplassar.

Gløymer me økonomiske samanhengar, skadar me demokratiet si evne til å styra samfunnet. Då kan demokratiet missa legitimitet. Det gjer økonomiske tenkjemåtar viktige for demokratiet si funksjonsevne.