Frå Utgåve 3-19
Skrive av Ida Johanne Aadland

Klubben kontra kniven

Auke i fysisk vald, massevald og lovbrot mot politiet. Slik samanfattar Oslo politidistrikt og Oslo kommune 2018-tala for barne- og ungdomskriminalitet i hovudstaden. Håvard Stamsø-Ellingsen i Røde Kors jobbar ansikt til ansikt med mange av ungdommane andre berre snakkar om.

 

Ida Johanne Aadland (f. 1998) jobbar som frilansjournalist etter å ha fullført opplæringa på Nynorsk avissenter hausten 2018. Foto: Trygve Indrelid.

 

Dei fire ressurssentera til Oslo Røde Kors minner om vanlege fritidsklubbar med TV-spel i det eine hjørnet og biljardbord i eit anna Forskjellen er kanskje scena i midten av rommet, ei scene der målet er at ungdommane skal få kjenne på ei spenning som kanskje trumfar spenninga ein finn på gata utanfor. Tvers over golvet finn ein kafeen der frivillige held baristakurs og gjev arbeidstrening som fyller hola mange av ungdommane har på CV-en.

Håvard Stamsø-Ellingsen er senterleiar for det største av desse sentera, ORKIS Røde Kors Ressurssenter på Grønland. I bydelen med mest ungdomskriminalitet peikar grafane oppover: Det har blitt meir vald og fleire gjengangarar dei tre siste åra. Saman med eit par tilsette og meir enn to hundre frivillige jobbar Håvard for å lage fritidsaktivitetar som kontrar kniv og dop.

– Me jobbar jo med det der utopiske prosjektet om at alle skal få like moglegheiter, men det trur eg ikkje kjem til å skje. Men meir like moglegheiter, det kan me klare.

 

– De kan ha fleire hundre ungdommar innom i løpet av ein kveld. Kven er dei?

– Me prøver å leggje til rette for møte mellom ungdommar som kjem frå ulike sosioøkonomiske bakgrunnar. Me treffer breitt, men prøver å famne endå breiare, fordi ein ser at Oslo blir stadig meir delt. På Vestkanten hopar det seg opp pengar – som sidan går i arv – hos ambisiøse karrierefolk, medan du i den andre enden av skalaen finn for eksempel Grønland. Der lever seksti prosent av borna under fattigdomsgrensa, og mange av dei unge gjengangarane er busette der.

Det er likevel viktig at ungdomshusa ikkje berre er til for ungdommane med utfordringar. Ein skal finne attraktive aktivitetar som er såpass kule at dette er noko alle ungdommane vil delta på. Klarar ein det, viskar ein ut ein del av dei uheldige stigmaa.

 

– Ein gjengangar er definert som ein person under atten år som er registrert med meir enn fire straffbare forhold i løpet av eit kalenderår. Kva trur du er grunnen til at talet på unge gjengangarar har gått frå 88 i 2015 til 182 i fjor?

– Det er vanskeleg å setje fingeren på éin ting, men eg trur det har mykje å gjere med opphoping av sosiale utfordringar i enkelte område. Dette er unge folk, spesielt unge gutar, som veks opp i område der det allereie er ein del negative element, som dårleg økonomi og trongbudde kår. Mange kjem frå store familiar med foreldre som kanskje ikkje har tid eller ressursar til å følgje opp så tett som ein hadde ønskt. Det gjer at mange frå ganske ung alder av blir ganske tøffe.

 

– Kva er forskjellen på ein gjengangar og ein «vanleg pøbel»?

– For mange av gjengangarane handlar det om vinningskriminalitet. Dei gjer det for å skaffe pengar til ein livsstil dei ser andre har, men som dei sjølve ikkje har råd til. Om det å selje hasj er ein veg til å få seg den klokka eller boblejakka ein ønskjer, så trur eg vegen frå pøbel til gjengangar er kort. Eg trur også gangsterfilmar og musikk kan glamorisere den måten å leve på, sjølv om det er langt frå verkelegheita.

 

– Ja, for kva er verkelegheita og dei reelle konsekvensane?

– Dei verste konsekvensane er om ungdommane hamnar i valdelege spiralar, for eksempel slik ein har sett med oppblomstringa av knivstikkingar den siste tida. I dei miljøa er det eit hierarki der ein brukar dei nedst på stigen til å gjere mykje «grums».

Ein annan veldig uheldig konsekvens er drop-out-problematikken, altså at kriminaliteten trekker unge gutar vekk frå skulen. Dei sit på skulen og føler at dei ikkje får til det alle dei andre får til, og så søkjer dei i staden til arenaer der dei kan vere dei kule og tøffe som får dominere.

 

– Kan ein seie at fattigdom og integreringsproblem er synonymt med ung kriminalitet?

– Dei har iallfall mykje med kvarandre å gjere, det kan ein seie. Dei som veks opp i minoritetsfamiliar, møter ofte ei heilt anna verkelegheit på skulen enn heime, og mange står i ein slags kulturell spagat. Det er krevjande for unge folk.

Noko anna er «oss-mot-dei»-dynamikken. Eg har spesielt sett det hjå ein del nykomne gutar frå Syria, kanskje 18–19 år gamle. Dei har liten tillit til vaksne og til det offentlege, og når du har så få å lene deg til, blir gruppa av folk med same bakgrunn det einaste du har.

 

– Du har vore ambassadør for hiphop-kulturen på radio i 20 år, mellom anna på National Rap Show og på NRK P3 saman med Tommy Tee. Du nemnde at noko musikk kan glamorisere kriminalitet. Kva med hiphopen?

– Eg trur at «oss-mot-dei»-dynamikken er grunnen til at hiphop-kulturen fekk feste i fleire av dei fattigaste områda i New York då kulturen vaks fram på 70-talet. Etter ein periode med mykje kriminalitet, ein crack-epidemi og nærast krig mellom enkelte gjengar foreslo dei første hiphop-pionerane at ein i staden kunne kjempe i breakdance eller om kven som var den beste rapparen. Då kunne ein plutseleg gjere noko som fekk ein til å føle seg stolt og tøff utan å måtte skade nokon.

 

– Er det framleis slik at hiphop-kulturen kan vere eit alternativ til valden?

– Nja, nei, eg trur dessverre ikkje det er heilt slik lenger. Det blir framleis arrangert kampar og slikt, men det er også ein del andre sider ved kulturen som påverkar ungdom negativt. Du har for eksempel undersjangeren «drill» der knivstikking og vald ofte går igjen i tekstane. Det har vore valdsestetikk i hiphop-musikken i mange år, og eg høyrest kanskje gamal ut når eg seier dette, men det verkar meir brutalt enn før.

 

– Etter offentleggjeringa av SaLTo-rapporten skreiv du ein kronikk der du avsluttar med at «me må gje gangstertilværet ein verdig motstandar». Korleis får de ungdommane til å velje biljard og DJ-kurs framfor kniv og dop?

– For å lokke dei tøffaste, dei som har ein røff haldning, er det eit par ting eg har sett fungerer. Med «HipHop 101»-prosjektet vårt trur eg me har noko som matchar det ein tøff, halvkriminell gjeng kan tilby deg. Det er drive av Jonathan Castro, ein profilert ungdomsarbeidar og rappartist, og har vore ein stor suksess. Der får du stå på ei scene og framføre musikk du har laga sjølv, og alle dei andre synest du er dødskul.

I tillegg til dei aktivitetane som trekker merksemd, treng ein opne, lågterskel møteplassar med trygge vaksenpersonar. Om ein har eit hyggeleg og inkluderande miljø, er det i seg sjølv eit godt førebyggande verktøy.

 

– Kva konkret trur du må til for å snu trendane? Er det berre pengar og politisk vilje som manglar?

– Det er heilt klart to viktige faktorar, men me treng også ei endring av sjølve strategien. Ein må satse meir på førebyggande arbeid og langsiktige tilskotsordningar. Det held ikkje med ei prosjektstilling her og pengar til eitt år der, gje oss iallfall ein horisont på ti år. At du kan sjå resultatet av førebyggande arbeid i eit fireårsperspektiv, fell på si eiga meiningsløyse!

Eg trur dei tidlege tenåra er ein kritisk fase, og at det er der ein bør setje inn støyten om ein vil førebygge ungdomskriminalitet. Ein blir forma tidleg; du finn 12–13-åringar som blir dregne inn i organisert dopsal og leverer hasj på døra for å få pengar. Men med gode fritidsaktivitetar som er riktig plasserte, trur eg me kan få til ein god del.

 

– Saman med blant anna politi, kommune, barnevern og skule jobbar de for eit felles mål, å førebygge kriminalitet, men kva er forskjellen på arbeidsmetodane?

– Om du snakkar om førebygging med ein politiperson, vil han eller ho kalle det å forhindre at kriminalitet skjer. Snakkar du med ein sosialarbeidar, er førebygging det å bli kjent med eit barn i tidleg alder for å kunne påverke barnet til å ta riktige val og bli ein trygg person.

Dei siste åra har me sett ein del trefningar mellom ungdom og politi på gata, der det blir kasta stein, tent på bilar og laga ein heil haug med trøbbel. Eg trur det er fordi avstanden allereie har blitt så stor, og fordi det i takt med nærpolitireforma har blitt færre politifolk ute på gata. Eg spurde nokre ungdommar hos oss kva slags relasjon dei har til politiet, og dei svarte at politiet sit i bilen og «blikkar dei». Då føler ein seg fort kriminell utan at ein er det.

 

– Trur du ein del av kriminaliteten kunne vore unngått med andre arbeidsmetodar?

– Ja, ein skulle heller hatt førebyggande politi som blir kjent med ungdommane, og som kan fornamnet på dei før det går gale. Mange ungdommar synest det er litt kult å hate politiet, men om du møter ein hyggeleg politimann når du er tretten, får lov til å sitje i politibilen og blir fortald nokre spennande historier, då har du iallfall fått eit godt førsteinntrykk.

 

– Politiet tek sjølve lovbrota, men det er som du sjølv kallar det berre brannsløkking. Kven andre kan gjere kva?

– Ein draum eg har, er at fleire av dei som sjølv har budd i dei levekårsutsette områda i Oslo, skal få ein karriere innanfor ungdomsarbeid. Dei kan kutte svingane og treng ikkje få heile historia fortald, og med ein slik erfaringskompetanse i tillegg til ei profesjonell utdanning har dei bra føresetnadar for å vere gode rollemodellar.

Etter programmet mannespesialen til Trygdekontoret på NRK har det vore snakk om at skulen har vorte feminisert, og at det ikkje lenger finst rom for tradisjonell guteåtferd. Eg trur det ligg noko i det. Eg trur skulen har dreidd i ei litt for teoretisk retning, og at ein del villbassar brenn inne med energi dei kunne fått utløp for gjennom å gjere praktiske oppgåver.

Men går du på ein bra skule med flinke lærarar, eit godt klassemiljø og har ein god fritidsklubb du kan bruke på kveldstid, trur eg du klarar deg ganske bra sjølv om du kjem frå ein ressurssvak heim.

*

Håvard Stamsø-Ellingsen

  • Håvard Stamsø-Ellingsen (f. 1977) har i elleve år vore senterleiar for ulike ressurssenter i regi av Oslo Røde Kors, no på det største, ORKIS Grønland.
  • ORKIS ressurssenter på Grønland er opent kvar ettermiddag i vekedagane for dei mellom 15 og 24 år og tilbyr blant anna leksehjelp, møteplassar, gatemekling, jentekveldar, DJ-skule, medielab og arbeidstrening.
  • SaLTo-rapporten – «Sammen bygger vi et tryggere Oslo» – er samarbeidsmodellen til Oslo kommune og Oslo politidistrikt for å førebygge kriminalitet og rusmisbruk blant barn og unge. Tala frå 2018 viser at talet på unge gjengangarar er rekordhøgt – 182 personar under atten år stod for nesten halvparten av kriminaliteten i Oslo. Samtidig slår rapporten fast at 97 % av barn og unge i Oslo ikkje vart registrerte med kriminalitet i 2018.