Frå Utgåve 3-19
Skrive av Knut Aastad Bråten

Byggeskikk og bygdeskikk

Kasseaktige forretningslokale og planlaus bustadbygging. Den norske tettstaden er i endring. Eller avvikling?

 

Knut Aastad Bråten (f. 1976) er redaktør i Syn og Segn.

 

«Fagernes, valdresby, er den venaste i landet», syng vi glade på 17. mai. Jau, vi er glade i bygdebyen vår, men er han framleis den venaste?

Den idylliske byen ved foten av Jotunheimen står – som dei fleste andre bygdebyane – under press og ein invasjon av planlause og kasseaktige næringsbygg og leilegheitskompleks.

På eit nedlagt stasjonsområde i den venaste byen har utbyggjarar planar for endå eit leilegheitskompleks. Ein upersonleg og lite original kladas, seier bror min.

Dei nye leilegheitene vil utvilsamt kome til nytte. Men det nye leilegheitsbygget – lik leilegheitsbygg elles i landet – ber i seg eit utdatert formspråk: Ei arkitektonisk forflating og einsretting. Bygget kunne stått kvar som helst.

Arealplanlegging og bustadbygging går sjeldan upåakta hen, og skapar gjerne eit ras av meiningar om god og dårleg byggeskikk, god og dårleg arkitektur. Kva er fint, og kva er ikkje fint? Korleis tek vi omsyn til eksisterande bygningsmasse – og kva er eigentleg lokal tilpassing? 

Utviklinga av ein flat og einsformig bygningskultur skjer ikkje berre på Fagernes. Han skjer overalt. Mange av tettstadene i landet er vakre å sjå til, men arkitekturen er så å seie lik i alle byane, iallfall arkitekturen frå mi eiga tid. Kasseaktige forretningsbygg på nyetablerte næringsareal, i nyregulerte og nyplanerte område eit steinkast utanfor dei eldre sentrumsgatene. Alt ber den same signaturen, det same avtrykket. Rena liknar Voss, slik Leira liknar Gol eller Vinstra. Dei preglause næringslokala er utvilsamt populære, men òg vulgære: 50 meter frå arkitekt Christian Heinrich Grosch si kyrkje i Nes i Ådalen ligg COOP. Den kvadratiske matbutikken i grå aluminium stel merksemda frå den gamle kyrkja – og seier alt om smakspreferansane på kommunehuset, og om statusen til den norske kulturarven.

Kvifor stiller ikkje kommunane krav om stadtilpassing, til god planløysing, til god kvalitet og like god arkitektur? Er det vilkårleg kva som kan byggast i tettstadene våre?

Bygningskulturen i tettstadene endrar seg – i takt med transformasjonen i landskapet rundt: Vegane blir breiare, tek meir plass, tek nye retningar. Som på Gran. Dei nye næringsbygga ligg tilfeldig spreidde med ulike vinkelplasseringar langs ei rundkøyring og utanfor den gamle sentrumskjernen. Dei tradisjonelle gatestrukturane er oppløyste og bind ikkje lenger husa og kvartala saman. Norske småbyar anno 2019 framstår som flytande og utydelege. 

Ofte dreier neglisjeringa av den eldre bygningskulturen seg om økonomi, men òg om tilpassing til nye, andre behov. Menneska ynskjer enkle liv. Utan trappetrinn. Utan dørstokkar. Utan for mykje bryderi. Dei gamle forretningsgardane er kan hende upraktiske og lite funksjonelle. Dei manglar parkeringsareal og god tilkomst. Universelle løysingar fanst heller ikkje i 1950. Og derfor riv vi det gamle rasket. 

Nokon har forsøkt å gjere noko med dette. Reguleringsplanar og eigne rettleiingar for kommunane har sidan 1980-talet hatt som mål å rette opp i den einsformige og industrialiserte bygningskulturen. Ikkje alltid med dei beste resultata. Men i staden for å gjere kvalitet til eit mål i seg sjølv, uavhengig av arkitektur og formspråk, har dei kommunale rettleiingane vorte einsidige og nasegruse hyllingar av den gode, gamle byggeskikken. Og berre det.

Med rettleiingane kom nye normer og reglar – til dømes krav om rett fargebruk (gjerne brun, med referanse til den tjærebrune tømmerveggen), høgde, materialval, stil og uttrykksform. Og slik fekk vi stader som Lom og Vågå. Trivelege og heimekoselege, men dei renoverte småbyane er også einsformige, uniformerte. Eller hyttelandsbyar, for den saks skuld, med tusenvis av like hytter – som alle gjev assosiasjonar til eit folkeeventyr. 

Det kommunale estetikkpolitiet hadde glansdagane sine på 1980- og 1990-talet. Korleis forheld vi oss til arkitektur og smak i dag?

Dei siste åra har den kommunale smaksrådgjevinga mista mykje av funksjonen sin. Ikkje fordi behovet for rådgjeving ikkje lenger er til stades, men fordi ein ikkje lenger har tillit til dei kommunale råda. Fråværet av arkitekturfagleg kompetanse i kommunane er nemleg stort. Og nettopp derfor veks dei fram, badehotell-kompleksa, billege industrihallar, simple og historielause fasadar. Utan protest. Utbyggjarane veit visst best.

Forakta for den eldre bygningskulturen finst hjå utbyggjarar og i kommunane, men òg hjå deg og meg. Du ser det i bustadfelt og på gardane. Ved to høve har eg vore med på vekesvandring gjennom Valdres. Det har gjeve eit unikt innsyn i den norske bygda og på den norske bygningskulturen. Nokon bryr seg om dei eldre bygningane og heilskapen i tunet. Andre ikkje. Mange nye gardstun verkar planlause, utan tilpassing til landskapet. På ein oppkulta platting tronar ferdighuset. I utkanten av eit jorde er det reist eit monsterfjøs, stort som ein industrihall, eit vitne om ei næring i endring og ein bygningskultur på vandring.

Kven set premissane for utvikling og utbygging i kommunen din? Utviklinga av bygningskulturen i norske tettstader skjer ikkje isolert i eiga boble, men blir til innafor rammene av ein lokal byggeskikk, av skissene til ein arkitekt, av eigne preferansar – og lovverket: Kommunestyret har mynde og er med å legge føringar for dei store linene i samfunnsutviklinga. Ansvaret for arealpolitikken i ein kommune høyrer fellesskapen til. Myndet gir likevel sjeldan garanti for gode løysingar, god arkitektur, god kvalitet eller god stadtilpassing.

Arkitektur og smak er høgst individuelt, noko alle kan meine noko om. Men arkitekturen kviler òg tungt i vitskaplege disiplinar. Det må det offentlege ta omsyn til. Smaken er rett nok som baken – delt. Men der vi andre synsar, skal offentleg forvalting vurdere og gjere fagleg greie for ulike sider i ei sak. Til dømes omsynet til den eldre bygningskulturen – eller god arkitektur.

Bygningskultur og lokal stadtilpassing er ikkje ei teknisk greie for flinke ingeniørar på plankontoret, men eit politisk spørsmål om korleis vi skal bygge landet vårt.

Bygdeskikken er ikkje alltid god byggeskikk.