Frå Utgåve 3-19
Skrive av Mette Karlsvik

Professoren som vart president

I motsetning til skandinaviske kongar og dronningar speler presidenten på Island ei reell rolle. Han kan òg måtte lage regjeringa. Dette visste Guðni Thorlacius Jóhannesson då han vart vald til president. Han hadde nemleg skrive bøker om tidlegare islandske presidentar.

 

Mette Karlsvik (f. 1978) er utdanna forfattar frå Skrivekunstakademiet og journalist frå Universitetet i Bergen. Ho har skrive fleire bøker: Varmá (2016), Den beste hausten er enno monsun (2014) og Bli Björk (2012). Kommande kom i 2017. Foto Art Bicnick

 

President Guðni av Island bur på Snorre Sturlasons gamle plass, ei halvøy som heiter Bessastaðir. Eg kjem ut dit den 20. august 2019, som er dagen då nordiske statsministrar er på Island for å diskutere samarbeid. Guðni er sjølvsagt involvert, men tek imot meg på kontoret sitt frå klokka to. Bak eit hesteskoforma, tungt skrivebord er ei stor bokhylle med glasskap. På borda langs veggane står det portrett av andre statsoverhovud, gjerne med ei personleg helsing påskriven. Under bildet av kong Harald og dronning Sonja står det, ganske enkelt, men i særs konsentrerte handskrifter: Sonja, og Harald.

Guðni kjem inn presis klokka to og verkar opplagd og energisk. Hallo, seier han, og så set vi oss, og opptakaren går:

 

– Det var lett og hyggeleg å komme seg ut til Bessastaðir. Då eg var kommen hit, hadde eg tid til å rusle litt rundt. Det var ingen som hindra meg. Ved eit mistak tråkka eg over til det private området. Då kom ein hyggeleg politimann og bad meg om å vere så snill å ikkje gå lenger enn der bilen hans stod. Så kom den same politimannen og sleppte meg inn i huset ditt, litt etterpå. Alt i alt kjenner eg meg svært velkommen her.

– Det er veldig fint å høyre. Eg ønskjer at Bessastaðir skal vere ein open plass, sjølv om vi lever i ei verd med potensielle trugslar. Men eg vil halde på det tilgjengelege ved Bessastaðir, slik forgjengarane mine har gjort. Eg trur at islendingar likar det slik. Det er svært vakkert her ute. Det er ope frå naturen si side. Fuglelivet her er svært rikt, og det er fisk i havet rundt Bessastaðir. Naturen er på alle kantar rundt oss. I dag, og også i går, har det sete ein stor sel på eit berg her nede. Eg sat her oppe, i min privilegerte posisjon og såg på selen. Eg tenkte: Kven av oss er eigentleg mest lykkeleg?

 

– Kva svar kom du til?

– Det er eit meir filosofisk spørsmål. Eg har sjølvsagt ein særs privilegert posisjon, sidan eg kan bu her og vere president. Men eg trur det også kan vere godt å vere ein sel.

 

Bessastaðir – utgangspunkt for opplysningstida

– Ja, du nemnde sjølv at verda endrar seg og har nye former for trugslar. Korleis kjenner du det i kvardagslivet som president – må du ta fleire forholdsreglar?

– Akkurat på det spørsmålet må eg svare på engelsk. (Presidenten svarar elles på dansk-norsk, journ. merkn.) Du treng berre å sjå på dei triste og grufulle terroråtaka i Nord-Europa dei siste åra for å innsjå at vi lever i ei verd av trugslar og utfordringar. Terroristane sitt mål er å gjere oss mistruiske, redde og sinte på kvarandre. Dette kan vi ikkje la skje. Eg trur at det er vanskeleg å vere sint, mistruisk og redd når ein er på Bessastaðir, og slik ønskjer eg at det skal fortsette å vere.

 

– Kva har du, som historikar og forfattar av bøker om islandske presidentar, kunna bruke i ditt virke her på Bessastaðir?

– Altså, i nordisk samanheng kan ein seie at historia om Bessastaðir begynner på 1200-talet, då Snorre Sturlason budde her. Bessastaðir var ein av Snorres mange stader. Så bestemte kongen dykkar, Håkon den gamle (Håkon Håkonsson, journ. merkn.) at Snorre, den store diktaren og høvdingen vår, måtte drepast. Deretter bestemte den norske kong Håkon at Bessastaðir var norsk eigedom, og så vart han det. Det var ein del av den islandske realiteten.

 

– Ein norsk forfattar har skildra dei dagane i ein roman. I Den lille hesten skriv Thorvald Steen om Snorre Sturlasons fem siste levedagar. Som du vel veit, var desse nordmennene då på jakt etter Snorre, og Snorre forsøkte å komme seg unna. Thorvald Steen har brukt historiske kjelder for å skrive denne romanen, men har òg dikta inn handling der kjeldene kjem til kort. Romanen er ei av dei ganske få norske bøkene som er omsette til islandsk. Har du lese henne?

– Nei, den har eg ikkje lese.

 

– Du helste ein gong på Thorvald Steen. Det var under det islandske statsbesøket til Oslo i 2017, då du skulle halde ein tale, og på veg til podiet stoppa du ved Thorvald Steen og snakka litt med han.

– Ja, det stemmer. Då var det slik at venner av meg hadde ei liste over dei som var til stades på tilstellinga. Vennene mine visste nok då at denne dyktige forfattaren var der, og tipsa meg om at han hadde skrive boka om Snorre. Eg kjente han altså ikkje frå før.

 

– I mellomalderen tok nordmennene altså Bessastaðir, og forholdet mellom islendingane og nordmennene var difor ikkje så godt.

– Men sidan har det berre blitt betre mellom Noreg og Island. Seinare budde representantane frå det danske kongehuset her. Det var her opplysningstida på Island begynte, med danske akademikarar, og etter kvart også norske. Den danske vitskapsmannen og forskaren Niels Horrebow gjorde undersøkingar her på Bessastaðir frå 1749 til 1751. Han overvaka då lufttemperaturar og gjorde nokre viktige oppdagingar. Ein hadde også den norske teologen og astronomen Rasmus Lievog som jobba her på 1780-talet. Hans målingar av månen frå den tida vart brukte så seint som på 1980-talet, då det ubemanna romfartøyet Galileo vart sendt ut for å studere planeten Jupiter. Denne staden har altså ei stor historie, og eit tett band med andre delar av Norden.

 

– Du nemnde at tilhøvet mellom Island og Noreg berre har blitt betre sidan Håkon den gamle fekk Snorre drepen. Så godt er tilhøvet altså at då du åt middag hos den norske kong Harald på det norske slottet i 2017, då tulla du med Kongen om torskekrigen! Så har ein komme så langt som venner, altså.

– Ja, når ein kan tulle med kvarandre, då har ein eit ekte og reelt vennskap. Det er trøyst og vennskap i den slags tull. Men når det har handla om fisk, blir også vennskap sett under press. Vi har denne ressursen i Nord-Atlanteren, altså fiske. Den skal vi fordele på ein god måte. Kven får kva? Det må vi finne ut av i lag. Ein gamal seiemåte på islandsk, altså gamalnorsk, er: Frendar er frendar verst. Men ein har òg seiemåten: Gode gjerde gir godt naboskap. Vi deler mykje, men kvart land har sjølvsagt sine eigne interesser.

 

– Av det Island og Noreg deler, kulturelt og historisk, kva skal vi byggje det gode vennskapet vidare på?

– Kristján Eldjárn, presidenten som nesten måtte lage si eiga regjering, han var ein flittig dagbokskrivar. Han tok imot norske gjestar, og han skreiv om det: Eg seier det igjen – vi er akkurat som nordmenn. Eg har sjølv vore i Noreg mange gongar, og eg har jobba i Noreg ein heil sommar. Eg synest folk er til å kjenne att. Det er nesten noko i lufta som gjer at ein kjenner at vi har dei same røtene – sjølv om vi også er ulike. Eg trur vi vil jobbe godt saman i framtida viss vi er samde om at vi på botnen ønskjer å ha eit nordisk velferdssamfunn. Vi kan gå saman inn i den framtida. Medan vi snakkar no, så førebur vi her på Bessastaðir ein middag for alle dei nordiske statsministrane. For ein eller to timar sidan vart det stadfesta at dei nordiske landa saman skal arbeide tett i lag i klimafeltet. Å løyse klimaproblemet er ei av dei felles oppgåvene våre. Klimaendringane må vi kjempe imot saman. Du kan finne ein slik kollektiv respons til klimaendringane i den nordiske regionen.

 

– Kva meiner du at Island må og kan gjere for klimaet?

– Island er ei øy, og eg trur ikkje på å påføre dei som må reise, flyskam. Vi kjem til å halde fram med å fly. Eg har ikkje flyskam sjølv, og eg trur ikkje at det hjelper å ha det. Det hjelper ingen om vi får panikk. Vi må tenkje proaktivt og progressivt. Vi feirar at det er hundre år sidan det første flyet tok av her på Island. Snart vil vi feire at det første elektriske flyet tek av her på Island. Det er framtida. Regjeringar og andre kan gå i spissen og bevise at dei veit om faren, og at det er naudsynt å ta aksjon. Difor har regjeringa på Island lova ein plan for redusering av karbon- og CO2-utslepp. Men når vi har ein samla nordisk front, trur eg det i endå større grad kan bli lagt merke til.

 

– Kva grunnlag har eigentleg dei nordiske landa for å jobbe i lag?

– Vi deler ein felles kulturarv, og har eit liknande utsyn – outlook. Vi har konstruert samfunn saman og følgjer den nordiske modellen. Og kva er så den nordiske modellen? I kjernen av den er den individuelle fridomen. Kvart menneske kan realisere draumen sin og finne plassen sin i samfunnet. Samtidig har vi sikkerheitsnett. Vi hjelper kvarandre, støttar dei som treng det. Dette er velferdsstaten, og det er ei nordisk eksportvare. Det er dette vi sel no: Vi er land med høgt nivå av livskvalitet. Folk blir gamle. Helsetenestene er gode. Samtidig møter også dei nordiske landa mange utfordringar. Vi har til dømes psykisk sjukdom, som er eit av problema som vi må ta på alvor. Men det står liksom skrive i stillingsskildringa til presidenten at eg skal vere ein optimist. Det vil eg gjerne vere. Samtidig må ein ha beina godt planta på jorda.

 

– For snart ti år sidan diskuterte eg med ein dåverande avisredaktør på Island i kva grad Island, like mykje som andre nordiske land, følgde den nordiske modellen. Noko av det denne mediemannen la vekt på, var at familien var særleg viktig på Island. Politikarar på den tida skal ha lagt vekt på å styrke familiane, som tryggleiksnett. Er dette noko du kjenner att?

– Viss du trur at Island er god på det med familiar, så må eg også seie at det er sannsynleg. Men også her på Island er vi bekymra for farar som å bli isolert når ein er gamal. Eg tenkjer på korleis det vil gå med mor mi når ho blir endå eldre. Og for den som ikkje har barn som kan hjelpe seg, kan det bli vanskelegare. Dette er noko som har endra seg til det verre. Vi har bygd opp eit statleg system. Men ein må òg ta vare på familiane. Vi må finne ein balansegang.

 

– Er røynsla di at Island følgjer den nordiske modellen i like stor grad som andre nordiske land?

– Det kan komme folk som har budd i andre delar av Norden, og som seier at der er det betre. Det kan vere at barnet ditt har problem med å tilpasse seg skulen, kanskje har barnet ADHD eller noko slikt, og ein har ei erfaring med at tilbodet er betre i andre land. Eg kjenner ikkje statistikk på desse områda, og eg har ikkje sjølv røynsle med det. Men eg veit at det ikkje finst usemje mellom dei islandske politiske partia om at Island skal vere ein velferdsstat. Her skal folk kunne nyte den individuelle fridomen på alle måtar: religionsfridom, fridom til å elske den ein vil, og ytringsfridom.

 

– Og så kom eg altså ruslande over gardsplassen her og ringde på døra di. Eg kom inn og vart teken imot med tillit. Kva har du lært av dei tidlegare presidentane – lærdom som har forma måten du er president på?

– Den som får posisjonen som president på Island, bør kunne islandsk historie og kultur. Det er noko alle islendingar veit. Forgjengarane mine visste det. Det veit eg fordi eg skreiv om dei. Ein viktig del av rolla mi er å finne det som samlar islendingane. Det som samlar oss, er kulturen, språket og landet Island. Men her må vi også ta inn over oss alt som endrar seg i verda. Landet endrar seg. Kulturen endrar seg, og språket endrar seg.

Då eg vaks opp i denne delen av Island – berre eit par–tre kilometer frå Bessastaðir, var det slik at det mest eksotiske i tilværet var at ein i klassa hadde svensk mor. No er det slik at meir enn ti prosent av det islandske folket har foreldre som er fødde i utlandet. Den nye definisjonen av kva det vil seie å vere ein islending, har blitt å vere inkluderande. Kong Harald sa noko av det vakraste som er sagt om kor viktig det inkluderande sinnelaget er, det var i ein tale for nokre år sidan, du har nok høyrt han. Men samtidig med at vi er inkluderande, skal vi binde saman kulturarven. Vi skal passe på at vi ikkje mistar det islandske språket, og samtidig vere medvitne om at det i dette landet finst folk som ikkje kjenner islandsk godt. Vi må hjelpe dei til å lære språket. Vi må vere tolerante og inkluderande. Men ein kan ikkje late som at det ikkje skapar ei spenning når det er mange som ikkje kan islandsk. Ein kan komme til ein kafé eller restaurant i Reykjavik og spørje: Get ég fengið einn kaffibolla? Sorry, I do not speak Icelandic, svarar servitøren. Då må vi forsøkje å forstå dette. Det kan hende at personen nettopp har flytta til Island. Då kan ein seie til dei: And good luck with learning Icelandic!

Samtidig er det slik at eg ikkje skal sitje på min høge hest og lage ein diktat om korleis folk skal oppføre seg. Eg er i ein særs privilegert posisjon, med god løn og så vidare. Men eg trur at den som er i posisjonen som eg har fått, kan understreke at alle i samfunnet har ein rett til å realisere seg sjølv. Alle må skjønne at dei er ein viktig del av samfunnet. Vi må hjelpe folk til å bidra, og slik kjenne seg verdifulle. Det er også i min situasjon å seie at det å avvise annleisheit og det å ekskludere, det er ikkje ein del av den islandske identiteten.

 

Guðnis personlege historie

Tilbake til det ikoniske året 1968, då fru Margrét Thorlacius føder ein son. Guðni Thorlacius veks opp med henne, far Jóhannes og to brør i Gardabær. Guðni tek artium på Reykjaviks gjæve vidaregåande, Menntaskólinn, i 1987. Han hadde då vore farlaus i fire år; Jóhannes døydde i 1983.

Guðni tek så bachelorgraden i historie og politikk ved Warwick-universitetet i England i 1991. Han studerer tysk ved Bonn universitet i Tyskland, russisk ved Islands universitet og historie ved Oxford universitet. Guðni Thorlacius fullfører doktoravhandlinga si i historie ved Queen Mary universitet i London i 2003.

Guðni giftar seg første gongen tidleg på nittitalet og får ei dotter i 1994. Sidan skil han og kona seg. Under studiet i Oxford møter han kanadiske Eliza Jean Reid, som han giftar seg med og får fire barn med. Dei flyttar i lag til Island i 2003. Der jobbar Guðni som professor og sakprosaforfattar. Han skriv bøker om mange sider av Islands historie: torskekrigane, spionverksemd på Island, og eit bokportrett av Islands tredje president, Kristján Eldjárn. For den boka får Guðni den store islandske litteraturprisen.

Då den islandske president-valkampen begynner i 2016, er ikkje Guðni blant kandidatane. Men han er likevel ein offentleg figur som ein ser på TV støtt og stadig. Panamapapira har nemleg avslørt ny korrupsjon blant islandske statsleiarar. Guðni, som har stor kjennskap til islandsk historie, også når det gjeld korrupsjon og finans, blir invitert til studio for å analysere hendinga. Historikaren framstår som ein kunnskapsrik og fatta professor. Og slik går det til at nokon uttalar at Guðni skulle stille som presidentkandidat.

Kandidaturet blir lansert 5. mai 2016 med ei diktopplesing ved Gerdur Kristny litt ute i valkampen. Guðni blir snart ein populær kandidat. Men også poeten Andri Snær Magnason er ein populær kandidat, og det handlar mykje om dei to mot slutten av valkampen. Guðni blir då omtalt som det trauste, trygge og såkalla «keisame» alternativet. Andri Snær blir omtalt som det innovative alternativet, og eit alternativ for klimakampen.

Guðni blir vald til president med 39 prosent av røystene og fungerer som president frå august 2016. Dermed flyttar Guðni og familien inn på den vakre halvøya Bessastaðir. Øya ligg ved Álftanæs, eit lite bustadområde utanfor Hafnarfjörður. Ei sidehistorie om Álftanæs går slik at staden var eigen kommune fram til for få år sidan, då dei bygde eit gjævt badeland med bølgebasseng. Badeanlegget kosta meir enn det kommunen hadde av pengar, og kommunen gjekk konkurs. Presidenten kan nærmast sjå fotballøkka der han spelte som barn og kanskje no og då gløtta over til Bessastaðir og tenkte sitt om presidenten, som sat der i sitt høge sete og passa på Island.

 

Viktig med historiekunnskapar

– Eg har nytt godt av at to av presidentane framleis lever. Ólafur Ragnar Grímsson og Vigdís Finnbogadóttir lever enno, og eg har hatt gode samtalar med dei. Dei kunne dele mykje med meg som har vore viktig. Til dømes dei heilt praktiske sidene ved rolla, korleis det er å leve og bu her på Bessastaðir, og om å fylle denne rolla. Elles har eg som sagt lært av dei historiske presidentane at det er viktig å satse på det som samlar oss. Men livet i dag er svært ulikt det som dei erfarte på midten av femtitalet, til dømes. Vi har ei verd med instante medium som Facebook og Twitter. Det blir forventa av presidenten at han er meir synleg. Meir enn for femti år sidan. Det veit eg når eg leitar i historiekunnskapane mine.

 

– På kva andre område har du nytt godt av å vere historikar og ekspert på presidentar?

– Eg blei altså president for tre år sidan, i 2016. Sidan då har vi hatt regjeringsskifte to gongar. I den situasjonen var det godt for meg at eg visste mykje om presidentens rolle. Islands president kan spele ei viktig politisk rolle, om det er naudsynt. I utgangspunktet er det politikarane si oppgåve å lage ei regjering som har støtte i parlamentet. Det er ein prosess der ein møtest og finn ut at situasjonen er slik og slik, at ein må ha så og så mange representantar frå dei og dei partia. Så kjem alle dei politiske leiarane til presidenten og fortel kva dei tenkjer om situasjonen. Det er i prinsippet presidenten som bestemmer kven som konstruerer den nye regjeringa. Viss politikarane ikkje finn ut av korleis dei lagar ei ny regjering, då må presidenten gjere det for dei. Det har hendt ein gong, men det var før republikkens tid, i 1942. (Islands republikk vart konstituert i 1944, journ. merkn.). Men i Kristján Eldjárns tid var situasjonen slik at han nesten måtte gjere det. To gongar. Så dette visste eg fordi eg har skrive bok om Eldjárn. Og eg visste at det var ei moglegheit for at eg måtte lage regjeringa. Presidenten på Island speler ei reell rolle. Han er ikkje som skandinaviske kongar og dronningar, som berre har formelle roller. Eg kan nekte å skrive under på lovar som er lagde fram av parlamentet. Det skjedde i Ólafur Grímssons tid. Presidenten speler også alltid ei uformell rolle, der det som ein vel å legge vekt på i ein nyttårstale og andre talar, kan skape ei endring i samfunnet.

 

– Kva har du lagt vekt på i nyttårstalar?

– Ein av dei hadde mental helse i sentrum. Vi har for mange unge menneske som er misnøgde og deprimerte. Korleis kan vi hjelpe dei? Eg har òg talt om sosiale medium og snakka om at dei ikkje er ein korrekt spegel av samfunnet. Eg trur mange erfarer eit press om å vere lykkelege, vellykka og vakre. Men det er slett ikkje sikkert at den og den personen alltid gjer det rette. Vi må tenkje over presset som ligg i å leve med sosiale medium.

 

– Det er vel eit visst press også på presidentar om at dei skal bruke sosiale medium, og at dei skal bruke dei rett. Historikaren i deg kjem sikkert til kort når det gjeld å sjå etter førebilde blant islandske presidentar og bruk av sosiale medium. Men likevel er du ein aktiv brukar av media.

– Du kan finne presidentar i verda som er meir aktive på Twitter enn eg. Men eg skriv om meg sjølv på Facebook. Førre helg, til dømes, var eg på eit arrangement i Skagafjörður. Det fortel eg så om på Facebook etterpå, med bilde. Det er mange som kan sjå den posten som eg laga etter turen. På den måten er Facebook som eit medium godt. Men når det kjem til dette feltet, så trur eg at det var lettare å vere president på nittenhundretalet enn i dag. Det er ei anna verd.

 

PRESIDENT Guðnis nyttårstale frå 1. januar i år handlar litt om sosiale medium og ein del om mental helse. Presidenten siterer den islandske nasjonalskalden Gunnar Gunnarssons roman Advent. Gunnar skriv om Bensi som går ut i fjella i den daudelege vinteren på jakt etter sine tapte krøtter. Få litterære verk uttrykker på så mektig vis kor verdifullt empati, samvit og altruisme er, sa Guðni, om denne romanen, som Ernst Hemingway skal ha teke inspirasjon av då han skreiv Den gamle mannen og havet: «(…) det var nettopp desse attgløymene han fór etter, sau som hadde vorte att etter dei tre faste sankingane om hausten. Dei skulle no ikkje fryse eller svelte i hel inni der av di ingen iddest eller torde leite dei opp og få dei heim. For dei òg var levande vesen.»

Vi har mange som ønskjer å hjelpe dei som treng hjelp: Dei som elskar oss, ekspertar, og andre, sa presidenten,, til trøyst for dei som slit sjølv, eller pårørande til islandske ungdommar som har teke sine eigne liv.

 

Havet, kjærleiken og lyrespelarane

– Korleis har det seg at eit folk på 350 000 menneske har ein så stor konsentrasjon av gode forfattarar, musikarar og kunstnarar?

– Vi på Island blir alltid glade når vi får høyre at islendingar er så dyktige og gode. Men. Jau, jau, då må eg bekrefte at det er slik. Og kvifor er det slik? Kanskje er det slik at i eit lite samfunn er det lettare å gå til topps. Viss ein som lita jente eller liten gut har eit mål om å gi ut ei bok eller ei plate, så er det kanskje lettare her enn i større samfunn. Det er min her-og-no-heimelaga teori. Ein populær teori er at vi har folkeeventyra om troll og alvar. Det kan du også finne i litteraturen. Kanskje er det riktige svaret at det har noko med naturen å gjere, med dei sterke maktene, den svarte sanden og vinden som blæs og blæs? Eller er det lett(are) å finne plassen sin her? Her på Island kan du vere ein historikar og gå på jobb på universitetet den eine dagen, og den neste er du presidenten.

 

– Og du er altså ein president med ei reell politisk rolle. I ein større artikkel om torskekrigen, som vart gitt ut av det norske forsvaret sitt forskingsinstitutt, siterte du ein norsk ambassadør til USA, som skrytte av Noreg og våre «gode gjerningar». Artikkelforfattaren, altså du, samtykte i at jau – nordmennene var vel rause og vidsynte i internasjonale saker. Ein kunne ha gitt ein «god borgar-pris» til Noreg, med den etiske utanrikspolitikken. Men du kunne òg vise fram den eigeninteressa som ligg i botnen. Så er spørsmålet: Korleis finn ein statsleiar balansen mellom å vere sympatisk, og å verne om eigne interesser?

– «Statar har ikkje venner. Dei har interesser.» Ja, torskekrigen skjedde seint på førtitalet og tidleg på femtitalet. Noreg sette fram påstand om ei fire «mile» fiskegrense utanfor Noreg og Island. Grensene blei utfordra av britane. Så bad islendingane om støtte frå Noreg. Det blei til ei krise, som enda med at ein måtte gjere tiltak for å sikre islandske rettar, og samtidig unngå at britane mista andlet. Men midt i dette var det også slik at nordmennene ikkje ville ha den same grensa utanfor sitt land som utanfor Island. Det var mykje verdifull sild utanfor Island som nordmennene ønskte å fiske opp. Dette viste ein dobbeltmoral. Men eg meiner at det er mogleg å balansere mellom moralisme og eigeninteresse. Det er heilt umogleg å drive utanrikspolitikk frå eit utelukkande moralsk synspunkt. Verda vår fungerer ikkje slik.

No er eg ikkje politikar. Eg bestemmer ikkje islandsk utanrikspolitikk. Men eg meiner at Island har ein balanse mellom moral og realpolitikk. Difor tek vi imot representantar frå alle nasjonar her på Bessastaðir. Også frå dei nasjonane som har sider ved politikken sin som vi er usamde i. Det er berre slik at ein ikkje kan setje seg på den høge hesten sin og seie at dette vil vi ikkje ha noko med å gjere. Det finst mange, mange døme på overtramp på menneskerettar. Vi kjenner det lite her på Island. Men vi bur i ei verd der det ikkje finst det eine rette svaret på spørsmåla. Difor må vi blande dei moralske standpunkta med realpolitikk. Men aldri slutte å ønskje at verda endrar seg i riktig retning. For det må bli slik at folk over heile verda får betra menneskerettar, større likskap mellom kjønna og ei meir rettvis fordeling av ressursar. Det må vere målet.

 

FOTOGRAFEN og eg har fått 60 minuttar til saman med presidenten, og tida mi er snart ute. Eg har no eit siste spørsmål, som er om eg kan få ta eit sjølvbilde med mobilkameraet mitt – i lag med presidenten. Ja, er svaret. Då eg vil ha boksamlinga hans som bakgrunn i bildet, fortel han at samlinga består av islandske forfattarar, og at den er Vigdís Finnbogadóttir sitt verk.

 

– Vigdís var verdas første kvinnelege president. Seinare hadde Island verdas første lesbiske statsminister. Kva er din verdsrekord?

– Island hadde verdas første opent lesbiske statsminister, rettar presidenten meg, og tenkjer seg om før han nemner det som kan vere hans verdsrekord: – Eg er kanskje den første presidenten i verda som har gått i Pride-opptoget?

 

– Men dette blir det kanskje ingen historikar til å skrive ei bok om. Du er jo den som har vore i posisjon til å skrive bøker om islandske presidentar!

– Det kan kanskje bli eit lite kapittel i ei bok som eg skriv ein gong, seier presidenten med eit smil.

 

Så takkar eg han for at han snakka med meg på mitt språk.

– Dette er noko som Vigdis Finnbogadottir sa til meg ein gong, svarar presidenten: Så langt eg klarar det, bør eg prøve å snakke skandinavisk når vi er samla i nordiske samanhengar.

 

Få timar etter at eg har forlate Bessastaðir, kjem statsministrane frå nesten alle dei nordiske landa til Bessastaðir på middag. Mellom det president Guðni seier i talen sin til gjestane, er dette: «Ved denne højtidelige anledning her på Bessastaðir er det en selvfølge at tale de nordiske sprog, og mange af os kan tale sammen på ‘skandinavisk’. Men tiderne skifter og menneskene med dem. Mange steder i Norden kan man mærke, at den yngre generation synes, at det er mere praktisk at tale engelsk med andre skandinaver, tilmed at det er mere fornuftigt og mere rimeligt. I vores nordiske venskabsånd ønsker vi jo at være hinandens ligemænd.»

Samtidig med at Guðni held talen, får eg vite at vår statsminister melder avbod til middagen og til moglegheita for å binde endå sterkare band i det nordiske fellesskapet. Grunnen hennar? Ho må visst heim til Noreg for å rydde opp i noko så sjølvsentrert og materialistisk som bompengekrisa.

*

Fakta om Island og Presidenten 

  • Island har vore ein republikk sidan 1944.
  • Professor i historie Guðni Thorlacius Jóhannesson (f. 1968) har skrive fleire bøker om islandske presidentar og kan vere blant Islands største ekspertar på området.
  • I 2016 vart han vald til president, og etter det har han hatt tilhald i den islandske presidentresidensen Bessastaðir.
  • Bessastaðir var i mellomalderen lovseiemannen Snorre Sturlasons stad. Sidan har det mellom anna vore forskingsstasjon, før det blei presidentresidens frå 1944.
  • President Guðni er oppvaksen i kommunen der halvøya Bessastaðir ligg, og studerte mellom anna i Oxford før han blei professor på Háskoli Islands.
  • Presidenten er gift med kanadiske Eliza Reids og har fem barn.
  • Blant sakene som Presidenten for tida jobbar med, er revisjonen av Grunnloven.