Frå Utgåve 3-19
Skrive av Monica Bjermeland

Å vere er å gjere (ev. Descartes ville vore ein dårleg jeger)

Etter å ha lese den siste boka til filosof Arne Johan Vetlesen får eg lyst til å dra med meg statsministeren ut i skogen for ein samtale med lauvtre, ugler og rådyr, men eg er usikker på om dette vil redde kloden frå ein klimakatastrofe.

 

Monica Bjermeland (f. 1975) er litteraturvitar frå Universitetet i Oslo og journalist frå Høgskulen i Volda. I haust debuterer ho med romanen 63 måtar å elske deg på. Til dagleg jobbar ho som kommunikasjons- og programansvarleg ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) på Bygdøy.

 

Gjennom TV-seriar og skjønnlitteratur får vi oppleve nye verder, «dei andre», noko framandt. Dette har potensial til å utfordre oss, korrigere, supplere, gje oss nye syn på ting, gjere oss klokare. Kan filosofien støtte det globale storsamfunnet på liknande vis, her vi står, midt i ei makelaus klimakrise?

I den nye boka si, Cosmologies of the Anthropocene: Panpsychism, Animism, and the Limits of Posthumanism, svarar Vetlesen eit litt for forsiktig ja.

 

TANKEMØNSTERET VÅRT ER FOR EINFALDIG

For deg med dårleg tid, her er bokas 260 sider på eitt minutt: Vi – det vestlege storsamfunnet, altså vi som har makt i verda – har lenge teoretisert og snakka om kor livgjevande biologisk og kulturelt mangfald er. Likevel praktiserer vi einfald og monokultur (les: kapitalisme) som er i ferd med å utslette oss (les: natur- og klimakrisa). Kvifor i all verda gjer vi det, vi som er dei mest komplekse individa på kloden? Fordi vi dei siste 300 åra har ignorert potensialet i kosmologisk mangfald, svarar Vetlesen. Vi – framleis det rike og mektige storsamfunnet i Vesten – er ikkje merksame nok på og kritiske nok til korleis vi tenkjer. Vi tenkjer for smalt. Og dei kulturane som tenkjer annleis enn oss, så annleis at levepraksisen deira vert pussig for oss, reduserer vi til søte og eksotiske eller psykiatriske kasus framfor å sjå på dei som immuniserande og verneverdige. Metafysikken vår er med andre ord også einfaldig, og det som står på spel, er sjølve eksistensen. Det handlar om liv og død. Difor vil i alle fall Vetlesen bruke sin kapasitet som filosof til å teste ut andre kosmologiar og levepraksisar. Animisme, til dømes, trua på at alt som eksisterer, har sjel og må beskyttast.

 

HUMANISTANE KJEM

Vetlesen er heldigvis ikkje redd for å bruke faget sitt som ein del av eigen klimaaktivisme, og han er ikkje åleine. Humaniora opplever no det fleire forskarar kallar ein «eksplosjon» av miljøpublikasjonar, det vere seg skjønnlitterære verk om tematikken eller kulturkritikk og miljøfilosofi. Miljøhumaniora er etablert som eit eige, tverrfagleg fagfelt, nyleg også i Noreg. Eit søk på Google Scholar på ordet «anthropocene», gjort 31. juli 2019, illustrerer den auka interessa: 2130 treff åra 2008 og 2009 og heile 22 500 treff åra 2018 og 2019. Nei, Vetlesen er ikkje åleine.

Økokritikk er studiet av relasjonen mellom menneskespråket og den fysiske verkelegheita. Nyare økokritikk, skriv engelskprofessor Robert Dale Parker, er i ferd med å forlate premissane frå romantikaren Henry David Thoreau sin epoke om at vi menneske har tilgang til naturen som ein konkret og fullt ut «vitbar» ting uavhengig av orda og ideane våre om han. I Om vinteren demonstrerer Karl-Ove Knausgård dette når han skriv at «Det mest slående med uglene er ikke det de representerer, men det de er i seg selv, som fugler».

Knausgård vaktar seg programmatisk vel frå å gå i antropomorfisme-fella, altså frå å gje dyr eller blomar menneskelege eigenskapar, så som språk eller evna til faktisk å kommunisere med menneske. Vetlesen, derimot, er ikkje redd for å gå lenger, noko som tyder på at han er meir radikal enn andre økokritikarar og naturskribentar. Filosofen henger seg ikkje berre på posthumanistar, panpsykistar og animistar – dei som for tida utfordrar den akademiske gullstandarden – nei, på grunn av klimakrisas omfang og tidsnaud ser han seg nøydd til å utfordre sjølve utfordrarane. Det er dette han vil med boka Cosmologies of the Anthropocene.

 

ANIMISME = PANPSYKISME I PRAKSIS

Klimakatastrofen er, som han presist påpeiker, heilt eineståande i sin karakter, dermed må han møtast med noko radikalt nytt. Og kva betre stad er det å byrje enn med sjølve tenkinga vår, kosmologien vår, altså korleis vi ser på universet og røyndommen som eit heile? Inkje mindre vil duge, slik vi har stelt oss, meiner Vetlesen: «Novel phenomena call for novel ways of thinking and coping, don’t they?» Men allereie i introduksjonen vert vi klar over kor lite imponert han er over sine samtidige medtenkjarar. Alle er fastlåste i ein kartesisk, det vil seie menneskesentrert, dualistisk tenkje- og levemåte som berre produserer meir av den krisa vi allereie er djupt inne i, også dei som eksplisitt prøver å yte motstand til desse tankesetta.

Det var på 1600-talet vi bomma på retninga og valde feil veg, skriv Vetlesen. Vi byrja å tenkje at menneska er dei einaste individa med eit eige blikk på verda, med intensjonar og evne til å oppfylle eigne behov. Renè Descartes si deling av kropp og sinn (eng. mind and matter), dyr og menneske, tømminga av naturens eigenverdi og opphøginga av kulturen, er slett ikkje eit tidlaust faktum, men har truleg vore feiltolka sidan opplysingstida. Det moderne eller såkalla mekanistiske verdsbiletet forfektar ein idé om at alt ikkje-menneskeleg er sjellaust, blikklaust, stemmelaust og dermed utan eigenverdi og rett til vern, og det trugar no med å ta livet frå oss alle. Oppsida, ifølgje Vetlesen, er at alternativ finst.

I boka dreg han difor opp ein gammal kosmologi frå historias attgløymdkasse: det panpsykistiske verdsbiletet. Panpsykisme-teoriar baserer seg på at alt som eksisterer fysisk, også har ein mental dimensjon. Teoriane er mange, og dei som overtyder Vetlesen mest, er dei som avgrensar seg til å gje medvit eller mentalitet til individ i dyre- og planteriket – ikkje til livlause ting som stein, hus og havstraumar. Han ber oss ikkje om å tenkje som eit fjell, og godt er det. Vetlesen er først og fremst oppteken av kva menneske-praksisar ein gjeven kosmologi legitimerer, korleis tenking påverkar åtferd. Hovudtesen hans er at animisme, slik antropologar studerer fenomenet, er panpsykisme, slik filosofar teoretiserer det, i praksis.

 

COGITO, ERGO SUM

Dei tre første kapitla framstår som ein intellektuell tour de force. I denne delen får blant andre filosofen Thomas Nagel gjennomgå. Den amerikanske medvitsfilosofen som på 1970-talet spurde korleis det kjennest ut å vere ei flaggermus, og som svarte at det kan vi ikkje vite, menneske som vi er, er stadig ute etter å vise kor dårleg materialismen er til å forklare oss korleis universet heng i hop. Som om naturvitskapen, med sine mangelfulle metodar og verktøy, kan fortelje oss alt om alt, liksom. Vetlesen, som er ute i panpsykismens ærend, er einig.

Vetlesen, Nagel og sentrale panpsykisme-teoretikarar som vert diskuterte i boka, er også ueinige, på fleire punkt, men éin mistanke deler dei: at Descartes truleg hadde rett i cogito, ergo sum. Eg tviler og tenkjer, dermed eksisterer eg. Men han tok kanskje feil om materie, om den ikkje-menneskelege delen av verkelegheita, særleg i synet på at dyr er tomme, kjenslelause, medvitslause individ. Medvit er ein ibuande eigenskap i alt organisk liv, føreslår Vetlesen gjennom teoretikarane han diskuterer. Det mest kinkige med kropp/sinn-problemet er ikkje todelinga i seg sjølv, meiner han, men at vi først og fremst tenkjer på menneskekroppen når vi tenkjer på kropp, og dermed gjev menneskekroppen meir verdi enn andre kroppar, annan materie. Dette framstår som ei innlysande innvending. Kvifor blir vi då provoserte når folk som J.M. Coetzee antydar at den industrielle produksjonen vår av kjøt er som eit dyre-holocaust å rekne, kvifor blir Vetlesen provosert av dyrevernaren Peter Singer?

Vidare: Kan noko utan medvit ha verdi? Kan noko medvitslaust, som ei elv eller klimasystemet ha det? spør verdirealisten Vetlesen retorisk. Sjølv meiner han at verdi finst i alt som eksisterer, heilt uavhengig av menneska og heilt uavhengig av medvit. «Value is precisely not in the eye of the (human) beholder», skriv han. Verdi vert produsert kontinuerleg, av alt som eksisterer i universet, i fellesskap, som eit system. Vitskapsfilosofane Alfred North Whitehead og Isabelle Stengers deler dette verdisynet, utan at dei rotar politikk inn i saka. For Vetlesen har verdisynet økologiske implikasjonar: Alt med verdi er samstundes verneverdig.

 

VIL FRAMELSKE FORSKJELLAR

Ikkje-filosofar vil truleg verte overraska over å finne ut kor stor innverknad den kartesiske tenkjemåten har, innanfor analytisk filosofi, både i teoriar om verda generelt og sinn og medvit spesielt, skriv Vetlesen – til og med blant dei som prøver å kritisere og yte motstand mot denne måten å tenkje på, så som posthumanistar.

Karen Barad, den teoretiske fysikaren og feministen som med 2007-boka Meeting the Universe Halfway: Quantum Physics and the Entanglement of Matter and Meaning kopla innsikter frå kvantefysikken til medvitsdiskusjonen, vert grundig handsama. Eit sentralt poeng for ho er disputten mellom fysikarane Werner Heisenberg og Niels Bohr, som synte oss at det er grenser for kor mykje vi menneske kan vite om eitt fenomen – samstundes. For Heisenberg handla uvissheita om metode og erkjenningsteori. For den radikale Bohr var dette eit eksistensielt spørsmål, det handla i ytste konsekvens om å vere eller ikkje vere. Barad brukar Bohr for å seie noko om kven eller kva som kan ha vilje og handlekraft. Ho er ute etter ein ny etikk basert på innsikta om at materie og meining heng saman, også ikkje-menneskeleg materie. Vi må tenkje på nytt om kva individ vi tilkjenner vilje og handlekraft her i verda, meiner ho. Både medvit og materie, kropp og sinn er i konstant rørsle for Barad, er heile tida i kjømda. «Sjå berre på slangestjerna! Ho har ikkje augo til å tilpasse seg omgjevnadene sine med, ho er augo!»

Vetlesen er nøgd med at Barad, i motsetnad til mange andre teoretikarar, tek saka ned til eit konkret og partikulært nivå, men ho blir for spesifikk, for knapp og for lite overtydande. Han vil ha betre prov enn slangestjerna. Kva gjer vi med det openbert asymmetriske maktforholdet mellom slangestjernene og menneska? spør han, og her er eg hjartans einig. Alle relasjonar, mellom-menneskelege så vel som dei mellom menneske og andre artar, er vel asymmetriske? Flat-ontologi er ikkje noko for Vetlesen, og godt er det: «Differences must be acknowledged; distinctions must be made.» Vi må ikkje kaste ut babyen med badevatnet.

 

HEILE VERDA ER I LIVE

Han er derimot einig med Barad i at klimakrisa har gjeve oss eit presserande behov for ein ny, praktisk etikk. Når Vetlesen endeleg opnar opp døra for praksisar som kan vere meir gangbare enn den kapitalistisk-dualistisk-informerte, let han teori vike for empiri. For å vise at animisme er panpsykisme i praksis, må han forlate både filosofien og modernismen, og i denne rørsla ligg eit forslag som kan guide oss i jakta på ein ny, meir berekraftig etikk: Vetlesen ser ein samanheng mellom kva vi tenkjer og kva vi gjer, mellom korleis vi oppfattar verda og korleis vi erfarer og ter oss i ho.

Før opplysingstida var animisme, ideen om at heile verda er i live, den mest vidfamnande kosmologien. Alt hadde liv, medvit og dermed status som subjekt og eit menneske-anerkjent blikk på verda: planter, dyr, menneske, naturfenomen, geologi. Individa vart ikkje rekna som like, høyr, høyr, tvert imot var før-moderne animistiske kosmologiar opptekne av forskjellar, distinksjonar, ulike måtar å vere og verne seg sjølv i verda på. Annleisheit var poenget. Kollektivitet var poenget. Men korleis manøvrerer vi i mangfaldet dersom dei vi søkjer kontakt med, ikkje kan snakke?

Ta jakt, til dømes. Jakt er ein praksis som vert meir suksessfull til meir villig den menneskelege jegeren er til å akseptere visse idear om spelet mellom jeger og bytte, og til meir villig ho er til å ikle seg haldninga til det aktuelle dyret. Descartes ville truleg meint at han var den einaste av dei to som hadde ein eigen vilje, hensikt, intelligens og evne til å handle strategisk. Han ville ha tabba seg ut ved å kjenne seg totalt overlegen dyret og synsvinkelen til dyret. Urfolket Runa i Equador sin del av Amazonas, derimot, er av den oppfatninga at menneske, planter og dyr alle har sjel og nærast er som like-personar å rekne. Dette folket handsamar alle «personar» kring seg – menneske, dyr, vegetasjon – med den ytste respekt og interesse, noko som gjer dei godt rusta til å ta vare på omgjevnadene sine. Og dei er gode jegerar.

Også antropologane Tim Ingold frå Storbritannia og Eduardo Kohn frå Brasil, som studerer urfolk, meiner at samhandling mellom menneske og dyr er like viktig for personar både på eine og andre sida av den kartesiske streken. Kohn, kjend for å påstå at skogar kan tenkje, er jamvel ein tilhengjar av Charles Sanders Peirce sin liberale semiotikk (studiet av teiknsystem). Eit teikn for Peirce er rett og slett noko som på eit eller anna vis betyr noko for nokon, altså meir enn ein representasjon av og for mennesket. Eit dyr i jakta kan tolke eit skot frå eit gevær eller ei grein som knekk, som ein god grunn til å gøyme seg – eit teikn. Den gode jegeren, om han bur i Noreg eller Brasil, har gjort seg kjend med åtferda og instinktet til det aktuelle dyret, teikna frå dyret for å kunne forstå det neste steget. Teiknet har ein funksjon for dei båe to, det gjev ei forventing om ei handling frå den andre, som dei kan velje å agere på.

Som gammal jeger vert eg begeistra over jaktmetaforane, og eg ser kvar han vil, nemleg vise oss korleis vi kan bli meir sensitive. Likevel lurer eg på: Har ikkje den briljante jaktevna vår og dei briljante teknologiane våre ført til det stikk motsette av moderasjon og ivaretaking?

 

Å VERE ER Å GJERE

Etter ei grundig handsaming av over tjue medvitsfilosofar og antropologar føreslår Vetlesen til sist dette: Om vi let animistiske praksisar guide måten vi tenkjer om røyndommen på, om vi er villige til å teste ut eit panpsykistisk verdsbilete, akseptere – med førskulebarnets blikk – at verda er fortrylla, at ho er sprengfull av personlegdommar i mange forskjellige former og med sine unike kommunikasjonssystem, då er vi eitt steg nærare det å kunne ta betre vare på dei.

Om vi vil redde tigeren, må vi redde skogen. Om vi vil redde skogen, må vi redde folket som er i stand til å ta vare på han. Det handlar om liv og død for oss alle, gjentek Vetlesen fleire gonger.

Animisme handlar til dels om korleis menneska ser på det ikkje-menneskelege, om konseptuelt å bryte ned den kartesiske dikotomien som er så øydeleggjande, slik posthumanistar som Bruno Latour, Jane Bennett og Timothy Morton prøver på. Men posthumanismen kjem til kort for Vetlesen, fordi det dei driv med, berre er ei abstrahert akademisk øving og akk, så eksistensielt utflatande. Å dyrke mangfaldet er jo poenget!

Vetlesen avsluttar med å minne oss om den sterke samanhengen mellom kulturelt og biologisk mangfald. Bryt vi ned det eine, bryt vi også ned det andre, byggjer vi det eine, forsterkar vi samstundes det andre. Det unike med denne boka, for meg, er ideen om at også kosmologisk mangfald kan styrkast på same viset. Filosofen ser eit potensial i å la ei såkalla førmoderne kosmologisk følsamheit få lov til å vere meir enn utopisme og idealisme. Moderniteten treng eit korrektiv. Kva med å styrke ein slik førmoderne sensibilitet med økonomiske og politiske musklar, slik at han blir høyrd og sett? føreslår han.

For Vetlesen handlar animisme og verdsbygging først og fremst om å akseptere, i praksis, at «as a matter of fact, not theory, all sentient beings, be they spirit, animal, or human, see themselves as persons and enact this fact about what they are in everything that they do». Å vere er å gjere. Og makt til å gjere mest, til å øydeleggje eller til å redde, det er det faktisk menneske-personane som har. Eg er så einig. Likevel sit eg her og lurer på kva Erna og eg skal gjere når vi kjem inn att frå skogen. Korleis, nøyaktig, skal økonomiske og politiske musklar ivareta utryddingstruga urfolk og deira praksisar? Vil det vere nok?

Ja, vi er i ferd med å miste hordar av livsformer, både materielle og kulturelle. Ja, vi har berre eitt tiår på oss til å finne løysingar på korleis vi kan unngå dei verste følgjene av klima- og naturkrisa vi har sett kloden i. Eg heiar både på Vetlesens kritikk av posthumanismen og panpsykismen, og på verdisynet hans, og håpar menneskeheita blir meir audmjuk. Men tenk om det tek oss 300 nye år å komme dit? Vi har ikkje tid. Til og med eit barn forstår det. Slik vi har stelt oss, må eit mangfald av folk, metodar og teknologiar på dekk i dag, kartesisk fengsla eller ei. I neste bok, som bør vere kort, konsis og komme allereie neste år, håpar eg moralfilosofen vil peike på kva spesifikke, nye praksisar dei mektigaste iblant oss beinveges bør ta til med.

*

Kva ligg i det kontroversielle omgrepet antropocen?

Omgrepet antropocen stammar frå den hollandske kjemikaren Paul Crutzen og 2002-artikkelen «Geology of Mankind» som han publiserte i Nature. Her skriv Crutzen at han finn det passande å erstatte den geologiske tidsepoken holocen med antropocen, sidan vi lever i ei overveldande menneske-dominert tid. (Antropo- kjem av det greske anthropos, som tyder menneske.) Jamvel klimasystemet styrer vi menneske no, i større grad enn naturkreftene sjølve. Menneskeleg aktivitet har transformert nærare halve landarealet på kloden, dei fleste store elvane er demde opp, vi brukar over halvparten av ferskvatnavrenninga på kloden, talet på ville dyr er halvert på 40 år, og stadig aukande klimagassutslepp gjer at vi er på veg mot tre–fire graders oppvarming – noko som vil bety ein katastrofe for alt liv på jorda slik vi kjenner det i dag.

 

Kjelder:

  • Knausgård, Karl Ove (2015). Om vinteren. Oslo: Oktober forlag. 
  • Parker, Robert D. (2015). How to Interpret Literature. Oxford: Oxford University Press,.
  • Schneider-Mayerson, Mathew (2018). The influence of Climate Fiction. An Empirical Survey of readers. Environmental Humanities.  
  • Vetlesen, Arne Johan (2019). Cosmologies of the Anthropocene – Panpsychism, Animism, and the Limits of Posthumanism. Routledge.