Frå Utgåve 4-19

– for å forstå kva eg seier

Livet er i konstant oppløysing. Eg er dratt mot musikken fordi han gjer det lettare å famne det flytande i tilværet.

 

Sandra Kolstad (f. 1985) er musikar, komponist, tekstforfattar og produsent. Ho har gjeve ut seks kritikarroste album, seinast Burning Love (2019) og Elv på himmelen (2019), den sistnemnde ei tonesetjing av 12 dikt av Jon Fosse. Kolstad er busett i Oslo og Berlin. Ho turnerer jamleg i inn- og utland og jobbar også som komponist og skodespelar ved ulike teater. 

 

Då eg var seks år, flytta familien min til Bærum. Det var ikkje ein innlysande stad for oss å flytte til. Me hadde lite pengar og passa ikkje inn i det stereotype bildet av folk frå Bærum. Det merka eg godt. Me hadde ikkje råd til nokon av merkekleda som var populære på den tida. Mamma laga klede. Eg tråla loppemarknader for å finne brukte merkeklede som ho kunne tilpasse til meg. Pappa dreiv platebutikken Utopia. Favorittbandet hans, GONG, var eit merkeleg spacerock-prosjekt som starta på 60-talet. GONG var ikkje berre eit band, det var eit eige univers, beståande av flygande tekanner og diverse underlege karakterar. På skulen var det Miss Sixty som rådde. I stua heime var det planeten GONG. Det var noko heilt eige ved å høyre frontfigur Daevid Allen messe fram mystiske tekstlinjer. Eg visste ikkje kva det gjorde med meg, men det gjorde noko. Det gjorde noko enklare, det lindra noko, gjorde det mindre skummelt å vere ein kropp i verda, kanskje fordi det blei tydeleg at verda ikkje var Bærum, eller også: at verda likså gjerne kan vere planeten GONG som alt mogleg anna.

 

Fridom gjennom musikk

Eg byrja å spele piano omtrent på den tida me flytta til Bærum. Ingen hugsar kvifor, mamma og pappa hadde aldri prøvd å få oss barna til å spele noko som helst. Men då eg var seks år, stod det med eitt for meg som heilt naudsynt å spele piano. Oldemor Elise, som hadde vore servitør heile livet og slett ikkje var rik, forbarma seg over meg. Ho kjøpte eit billeg, kvitt piano til meg, på det vilkåret at eg skulle spele «Til Elise» for ho før ho døydde. Det er mogleg det var dette dramatiske bakteppet som gjorde at eg kasta meg over pianoet med stor konsentrasjon og dedikasjon heilt frå byrjinga. Eller kanskje var det noko heilt anna.

Når eg prøver å hugse korleis det var å nærme meg instrumentet den gongen, hugsar eg berre ei sterk dragning og ein stor vilje. Og ei enorm kjensle av fridom ved å arbeide med klangar og tonerekker. Det var noko som resonnerte, ikkje berre i strengane i sjølve pianoet, men også i min kropp og dei skjulte strengane i den. Eg kunne uttrykke noko eg ikkje kunne uttrykke elles. Vere på ein måte eg ikkje var på elles. Nærme meg noko som eg elles ikkje hadde tilgang til.

Då eg var 16 år, fekk eg oppleve GONG live på gamle So What i Grensen i Oslo. Då hadde eg for lengst bytt ut brukte merkeklede med Palestina-skjerf. Eg gjekk på musikklinja på Rud og hadde nyleg starta Bærum Sosialistisk Ungdom med to av dei beste venene mine. No kledde me oss berre i merkeklede når me skulle ut og tagge politiske bodskap, for å sjå minst mogleg mistenkelege ut. No stod me på So What og såg Daevid Allen, som på den tida var omkring 70 år, entre scena i neonfarga undertøy. Han forlét snart scena og trødde ned på golvet med oss andre. Der kvervla han rundt med det lange, kvite håret dansande rundt hovudet, opplyst. Han var eit levande bevis på at det er mogleg å vere til på mange måtar. Det var som å sjå havet etter å ha vore lenge i innlandet, eller ei lysning i skogen etter milevis med tre. No dansa me plutseleg side om side med han me hadde høyrt på i alle dei åra, og universet GONG verka minst like verkeleg som alt mogleg anna.

 

Møtast i musikken

Å skrive om musikk er krevjande. Å prøve å skildre kva musikk er for meg, kjennest omtrent umogleg. Musikken er sitt eige språk, eller musikken er språklaus, og noko av det som dreg meg mot han, er nettopp dette: at han ikkje er logisk, rasjonell, at han ikkje består av det same som alt det andre. Musikken er ein annan stad, ein tredje stad, og det er difor eg blir dregen dit. Andre rørsler er moglege der, andre måtar å vere til på. Slik representerer musikken eit eige rom. Eg har i alle fall alltid stilt meg slik til han: Eg kan opne døra og tre inn i eit rom der andre rørsler er moglege. Eit rom der alt potensielt er mogleg. Eg trur det er eit dikt av Olav H. Hauge som best skildrar musikk for meg:

 

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

 

Alt dette er mogleg i musikken. Og det vakraste av alt: Det må ikkje vere eit individuelt prosjekt. Musikken er også ein måte å møte andre på. Musikken kan på underlege måtar skape rørsle i oss som samlar oss, kanskje nettopp fordi han snakkar til andre stader i oss enn hovudet, han snakkar til kroppen og kjenslene, det undermedvitne. Sjå føre deg eit tettpakka dansegolv på ein klubb: Der står menneska tett i tett og dansar, saman og åleine samtidig. Å møtast i musikk er å møtast som menneske på andre måtar, om det er i ein klubb eller i ein konsertsal, i teateret eller på konsert.

Eg vakna her om dagen med ei setning i hovudet, klar og tydeleg frå ein draum: Eg må snakke på eit språk eg ikkje forstår, for å forstå kva eg seier. Sånn er musikken for meg. Han er store delar handverk og teori, men han er i sitt vesen også djupt mystisk. Han gjer det mogleg å seie noko som ikkje kan seiast på andre måtar. Han set meg i kontakt med sider av meg som elles ikkje har noko språk. Å skape noko nytt inneber på eit tidspunkt at alt er mogleg. Og for å skape noko er det to eigenskapar som må til: fantasi og førestillingsevne. Båe er sterke krefter med radikalt og revolusjonerande potensial, båe i livet til enkeltmenneske og i verdssamfunnet. Karl Marx skildra korleis mennesket er det dyret som har evna til å førestille seg noko anna. I ei tid der jordkloden er i fare, treng menneska å utvikle nye måtar å leve på, som skånar kloden for øydeleggingane våre. Dette krev fantasi, oppfinnsemd og evna til å førestille seg andre måtar å leve på.

 

Nærme seg livet

Då eg var i Athen med gudmor mi for ei tid tilbake, blei eg gripen av dei mange tomromma i byen. Tomme hus, øydelagde hus, opne plassar utan desperate forsøk på tilrettelegging for sosialt liv. Eg vil ikkje romantisere resultata av ein økonomi som har gjort at mange har lide tungt over lang tid. Dei omstenda har sett sine spor i byen, og dei er det tungt å vere vitne til. Men akkurat desse stadene vitna om noko anna: ein uvilje mot å gjere alt nytt, plastre over, eller kanskje heller: ein vilje til å late noko vere gammalt og slite, ope og mogleg. Dette er ting eg kjenner godt frå Berlin, der eg har budd i fleire år. Det som heldt meg så lenge der, i den grad eg kjenner mine eigne motiv, er at staden er så heterogen. Så stor, openbart i utstrekning, men også i metafysisk rom. Det skal mykje til at nokon lear på så mykje som ei augnevippe av noko som helst. Folk lever sine liv, eller blir levde av sine liv, og det å leve kan sjå ut på mange forskjellige måtar. Byen er elastisk og dynamisk.

Ein kveld me gjekk rundt blant ruinar i Athen, fann gudmor mi fram eit dikt av Inger Hagerup. Dei fyrste strofene går slik:

 

Vi holder livet i en knyttet hånd
Vårt hjerte må bestandig ha det sånn
Det tåler gjerne spott og overlast
Når bare det får holde noe fast

 

Eg kjente det sjølvsagt igjen, men i nattas mulm og mørke forstod eg plutseleg: Det nyttar ikkje å knyte handa. Me kan ikkje halde noko fast. I musikken, og i utvida forstand, kunsten, kan me kanskje nærme oss livet akkurat sånn som livet er, bak byens fasadar og andre fasadar, nemleg: skjørt og skjelvande.

 

Manglar rom for det irrasjonelle

Som alt anna menneska lagar, speglar arkitekturen tida og kulturen vi lever i. Då kan ein lure på kva mykje av nybygga i dei skandinaviske byane dei siste tiåra seier om oss som teiknar dei, vel dei, byggjer dei – og lever i og blant dei. Alt det blanke og skinande – ein kan nesten mistenkje den notidige arkitekturen for å ta opp i seg og formgje ein vilje til å fortrengje døden, eit slags arkitektonisk uttrykk for dødsangst. Det kosmetiske overflatesamfunnets konstruerte triumf. Om bygga som blir oppførte, seier noko om tida og kulturen me lever i, tenkjer eg: desse blanke, nye byane. Korleis er det å leve i dei? Er det plass her til alt som inngår i den menneskelege erfaringa, håpløysa, den heslege smerta, kjensla av å gå i oppløysing? Mitt poeng med denne ukvalifiserte synsinga om arkitektur er at me som menneske kanskje har lettare for å tole våre eigne tomrom, vårt eige forfall, vårt eige uskjønne, om me finn det manifestert også omkring oss. Det er ikkje så farleg. Det er tvert imot heilt sant. Kanskje det nærmaste me kjem ei sanning: At alt er forgjengeleg og står for fall, at entropien verkar heile tida, og at tidspila peikar rett inn i det evige mørket. Me er ikkje blanke, harde og nye. Me blir eldre, og me skal døy. Me vaknar opp iblant, midt på natta, eller kanskje midt på dagen, og tenkjer dei underlegaste tankar og kjenner, for å seie det med Inger Hagerup, den bleike skrekk for hjartets nederlag.

Rett etter at eg hadde flytta tilbake til Oslo, blei eg stoppa av politiet ein kveld eg var på veg oppover Bogstadvegen. Det var ikkje seint, eg hadde heller ikkje drukke mange glas vin. Men det var tysdag, og klokka var over ti, og eg hadde på meg ein kvit kimono. Eg registrerte at ein bil sakka ved sida av meg, og då eg snudde meg, såg eg rett inn i eit opprulla vindauge og ein politibetjent som såg undersøkande på meg og spurde:

– Kor er du på veg?

Eg svarte som sant var, at eg var på veg heim.

– Du har vel ikkje rømt frå eit sjukehus? spurde betjenten.

Det kunne eg avkrefte at eg hadde.

– Er du høg på MDMA?

Det kunne eg også avkrefte.

Det er mogleg denne episoden sette i gang ein harang om kor stort rommet i dei skandinaviske byane, i dette tilfellet Oslo, er. Ikkje veit eg. Det gjorde i alle fall inntrykk. Om eg blir stoppa oppover Bogstadveien ein kveld og blir mistenkt for å ha rømt frå eit sjukehus, kan eg jo berre ane kva andre, mindre privilegerte blir mistenkte for i jungelen av nye, friske bygg og menneske. Kor lite det skal til for å skilje seg ut, bryte med det konforme, bli sett som ein framand.

Men i musikken treng ingen eigentleg å vere framande. Kjetil Grimsby Harr, som spelar bass i Fjorden Baby! sa noko til meg ein gong som eg har tenkt mykje på i ettertid: Me lever i ei tid og ein kultur der det nesten ikkje finst rom att til det irrasjonelle. Det er berre religionen og kunsten att, sa han. Og ved nærmare ettertanke er eg i grunnen heilt einig. Ved endå nærmare ettertanke tenkjer eg til og med at det er djupt problematisk. Om eg kan kjenne andre på meg sjølv, ei slutning som eg er fullt klar over er farleg å trekkje, men som eg i dette tilfellet like fullt trekkjer, fordi eg har sett tydelege teikn til det same hos fleire eg kjenner og har møtt, tenkjer eg: Me er ikkje berre rasjonelle. Me går ikkje opp. Om me byggjer samfunn der det ikkje er plass til den manglande menneskelege eigenskapen til å vere heilt logisk og ryddig som eit mattestykke, trur eg svært mange vil kjenne seg mistilpassa og triste. Musikk rører seg inn og ut av fast og laust, både i og hinsides lystprinsippet, i tekst og tone. Akkurat som opne stader gjer musikken det lettare å vere menneske. Då kjennest hjartets nederlag mindre farleg, og det treng ikkje bli fullt så bleikt av sorg, og kaoset, det einaste me eigentleg veit er sant, blir litt lettare å handtere.

 

Ei open hand

Den nest siste dagen i Hellas drog gudmor mi og eg til Hydra, to timer ut i havet. På Hydra har dei ikkje bilar, berre esel. Den litle byen klatrar oppover fjellsidene og er ljos og roleg. Me gjekk opp på ein fjelltopp og såg 360 gradar utover øya og havet. Her vil eg bu, tenkte eg. Eg let meg lett rive med. På vegen ned fann eg eit sniglehus i ei gammal steintrapp. Eg fekk ta med meg det så lenge. Tilbake i Athen kom me i snakk med ein ung mann som heitte Petros. Eg fortalde om Hydra og om den nyfødde draumen om å flytte dit. Han såg forferda på meg.

– Det må du ikkje finne på, sa han. – Det er berre falskt. Alle følgjer med på kva du gjer, og kven du er saman med heile tida. Alle veit alt om deg. Og du kan ikkje eingong køyre derfrå.

Det var det. Eg let meg lett rive med, eg let meg lett rive ned. På vegen heim den kvelden kjøpte eg ein liten figur av ein mann som selde tinga sine på gata. Det var ei open hand som strekte seg ut, merkeleg levande, uhyggeleg, nesten.

No ligg sniglehuset frå Hydra i den opne handa på det kvite pianoet eg fekk av Elise, i den nye heimen min i Oslo. Sniglehuset er litt øydelagt akkurat i opninga, så eg kan sjå heilt inn til kjernen. Der er det ikkje noko anna enn eit par sandkorn.

 *