Frå Utgåve 4-19
Skrive av Silje Pileberg

Ein godt skjult gøymestad

Dei er eldre enn Sokrates og gjev liv til millionar av dyr. Men framleis kjenner vi berre ein brøkdel av dei blomstrande byggverka, fleire hundre meter under havoverflata.

 

Silje Pileberg (f. 1979) er frilansjournalist med utdanning i journalistikk og samfunnsøkonomi. Ho skreiv masteroppgåve om bruk av forteljande grep i forskingsjournalistikken, og reportasjen i Syn og Segn var opphaveleg del av denne. Pileberg fekk ViS-prisen for god forskingsjournalistikk i 2015.

 

Valerie Bellec var fjorten år då ho fortalde mor og far sin at ho ville sjå under havet og ut i verdsrommet. No sit ho i eit mørkt, lite filmrom på andre dekk, vindauga er dekte av svarte søppelsekkar, og fem forskarar, ein teknikar, ein kunstnar og ein journalist sit tett saman slik at alle skal få sjå dataskjermane. Det dei skal sjå, har ingen sett før dei.

Entusiasmen til Bellec er utan filter. Ho spring ut av rommet og kjem tilbake med ein pose franske sjokoladekaramellar, stiller seg opp i døropninga og strekkjer ut armen med karamellposen.

Ho ler: «Ta, ta! Det er nok til alle!» Så set ho seg på benken inntil veggen, med pc-en på fanget, og tenker: «Eg håper eg ikkje tar feil.»

Filmkameraet er på veg nedover. Det skal ut på eventyr, 263 meter under havoverflata.

 

På tokt i ukjende landskap

Heilt fram til midten av 1800-talet trudde mange at botnen i dei store havdjupa var ørken, der ingen kunne bu. I dag veit vi at 99 prosent av klodens buareal er i havet, og at det finst ein enorm artsrikdom på botnen. Vi veit også at det i havet finst fjell, dalar, vulkanar, skrentar og skred. Men det er mykje vi ikkje veit. Faktisk er havbotnen så ukjend at William Anders, ein av dei tre første astronautane som runda månen, har sagt at vi veit meir om månens bakside enn om livet på botnen av havet. Lene Buhl-Mortensen sat i konferansesalen og lytta til han. Denne dagen sit også ho i eit mørkt, lite filmrom på andre dekk, spent på kva som er i vente.

Det er september 2012, og forskingsskipet G.O. Sars er på tokt utanfor Mørekysten. I løpet av tolv dagar blir havbotnen kartlagd bit for bit, eller stasjon for stasjon, som det heiter på fagspråket. Stasjonane blir filma og botnprøver henta opp.

Toktet er eitt av mange. Prosjektet MAREANO har sidan 2005 kartlagt norske havområde. 14 år seinare, i 2019, er biologane og geologane framleis oppdagingsreisande i det ukjende landskapet vårt.

Ved Mørekysten har dei sett Axinella. Stichastrella. Pollachius. Echinus. Cidaris. Eller på norsk: Svamp. Sjøstjerne. Sei. Kråkebolle. Blyantkråkebolle. Dei har sett spor i sanden som liknar avanserte labyrintar, dei har latt seg fascinere av at det truleg er den vesle Spatangus purpureus – ein purpurfarga kråkebolle – som lagar dette kunstnariske, undersjøiske vegsambandet. Dei har sett sand, sand og atter sand. Dei har registrert og notert. Og Valerie Bellec har sete bakarst på benken mot veggen, med pc-en på fanget, og ropt engelske ord med sin franske aksent:

«Gravel!»

«Cobbles!»

«Boulders!»

(Småstein! Mellomstore steinar! Store steinar!)

Ho har ropt, registrert og notert.

 

Overraskande funn

Denne haustdagen senkar filmkameraet seg ned på eit nytt botnområde, stasjon R 1027. Valerie Bellec har sett botnkarta på førehand, som viser strukturane på havbotnen med berre fem meter mellom målepunkta. Der såg ho to mørke ryggar som stod opp, åleine.

Dunk, ville det sagt om det var på land. Men i havet er det stille. Kameraet har landa. Frå botnen kvervlar dei tre lange føtene opp sand som gjer alt uklart med det same. Vi zoomar inn. Skal sjå på dei pitte små dyra aller først. Hallo, hallo? Bur det nokon her? Ja, da. Det bur nokon her. Alt vi ser, blir fotografert og notert. Alle steinar. Alle mønster i sanden. Alle dyr. Så begynner kameraet vandringa bortover havbotnen.

Utan å vite kva som er der, er det umogleg å verne. Det er så mange som vil bruke havet, slik at vi skal få breiflabb på tallerkenen og bensin på bilen. I tillegg får havet også merke det når jordkloden endrar seg. Når CO2-konsentrasjonen stig, blir havet surare. Og når det blir varmare i lufta, blir det varmare i havet.

Mange har høyrt om torsken som sym nordover for å finne temperaturane han er van med. Men kva med tangloppa Metopa glacialis, som bur inni eit skjel på botnen av havet, i lag med same partnar heile livet, og får tjue ungar i slengen, opptil tre gonger i løpet av livet? Kva med alle dei andre om lag 10 000 artane av tanglopper som bur på botnen av verdshava, som vi veit langt mindre om? Og kva med dei 900 artane av sjøpølser, dei 2 000 artane av sjøstjerner, dei 950 artane av kråkebollar, dei 10 000 artane av svamp? Utan å vite kvar dei bur, korleis dei har kome dit, korleis dei flyttar på seg, kva dei lever av, og korleis dei formeirar seg, er det vanskeleg å seie kvifor dei ein dag ikkje er der lenger – eller kvifor dei plutseleg dukkar opp ein annan stad.

«Trålspor», seier Lene Buhl-Mortensen.

«Boulders», seier Valerie Bellec. Fingrane klaprar på tastaturet.

263 meter under dei klatrar ein trollhummar rundt ein stein. Dei store, rosa framklørne er langt skumlare enn armane til sjøstjerna bortanfor, som tar seg ein middagslur oppå sanden og grusen. Skuggen av ein fisk glir lynraskt forbi kameraet.

Så ser dei det. Nokre kvite bitar i sanden. Dei ser ut som små beinrestar eller skjelbitar. Botnen liknar ei badestrand som ikkje er klargjord for sommaren.

«Men kvar kjem dei frå», undrar Lene Buhl-Mortensen. «Dei ser ut til å vere knuste».

Hjartet til Bellec bankar raskare og raskare.

 

Alt heng saman med alt

Valerie Bellec tenkte ikkje på at ho skulle bli forskar. Men ho såg filmar om verdsrommet og om havet, ho såg fantastiske bilete av korallrev. Ho hugsar alle fargane. Ho hadde lyst til å vere der og sjå på det. Ho vaks opp og skjønte at det faktisk var mogleg.

For Bellec er jobben hennar som ei etterforsking. Du må forstå alt, for alt heng saman. Frå det minste sandkornet til den største kvalen, og til og med menneska.

Sanden på botnen av havet formar seg i toppar og dalar, som sanddyner i Sahara. I Sahara blir dei forma av vinden, i havet blir dei forma av straumane. Bellec ser på sandformasjonane for å forstå kvar havstraumane går. Viss ein forstår kvar havstraumane går, kan ein forstå korleis dyra flyttar seg. Kvar dei får maten sin frå.

Og full av entusiasme ropar ho «Gravel!» «Cobbles!» «Boulders!» igjen og igjen, medan fingrane klaprar på tastaturet, ikkje fordi ho er galen, men fordi det er ein del av etterforskinga.

For ein stein er så mykje meir enn ein stein. Ein stein er ein gøymestad. Ein plass å feste seg. Eit vere eller ikkje vere for tusenvis av små skapningar i dette stille, mørke samfunnet der ingen menneske kan sjå dei. Nokon treng ein stor stein, andre klarer seg med ein liten. Og den raude, elegante fisken som minner om ein gullfisk og sym forbi og flørtar med kameraet, han vil ha enda meir. Ueren vil ha eit byggverk med tallause krokar og tårn, der gøymestadene er mange og menyen mangfaldig. Ueren liker seg best når han har eit korallrev.

 

Fantastiske mausoleum

Eit korallrev er som eit Taj Mahal under vatn. Eller som Nidarosdomen. Det er eit tredimensjonalt byggverk, bygd over lang, lang tid, der ein kan søkje ly, ete mat og la seg fascinere. Her er det rom for alle: for svampar, sjøtre og fiskar, for slangestjerner, kreps, tanglopper og reker, om du er raud, blå eller kvit, fem millimeter eller to meter.

Då Carl von Linné i 1758 fekk sjå steinkorallen Lophelia pertusa, plasserte han han i gruppa «blomsterdyr». Ikkje så rart, for dei kvite, kvistliknande formasjonane, som slyngjer seg saman tett i tett, minner mest om eit buskas omhyggeleg dekt av rein, kvit snø. Men kaldtvasskorallane høyrer så visst til dyreriket. Ned til 200 meters djup slepp ikkje eingong ei ørlita stripe sollys. Ingen fotosyntese er mogleg, så alt som lever her, må livnære seg av det dei kan finne. Inne i det skjøre, porselensliknande skalet lever det dyr som et dyreplankton og restar av planteplankton. Dei veks svært sakte, berre eit par millimeter i året. Og når dei døyr, blir restane liggande att i formasjonar som minner om størkna lava, og som etter hundrevis og tusenvis av år kan danne ruvande høgder i botnlandskapet. Oppå høgdene slår nye Lophelia rot, og nye oppå der igjen, som levande gravstøtter over 8000 år gamle koloniar. Dei er dei mest artsrike delane av havet vårt. 

Etter at Statoil oppdaga mengder av korallar på Sularevet tidleg på 1990-talet, skaut forskinga på kaldtvasskorallar fart over heile verda. Ein hadde kjent til denne typen korallar lenge, men dei var langt mindre utforska enn dei tropiske korallane. Kaldtvasskorallane lever langt under havoverflata. Ein treng avansert utstyr for å finne dei.

Like utanfor vår eigen kyst ligg dei to største kaldtvassreva som er blitt oppdaga til no: Sularevet, ved kysten av Møre og Romsdal, og Røstrevet, utanfor Lofoten.

 

Levande korallrev

Denne dagen, i eit mørkt, lite filmrom i det mest avanserte forskingsskipet i verda – men som berre er ein ørliten kvit prikk på eit stort, svart, hav – skal dei som sit i rommet, få sjå noko vakkert. Men ved enden av dagen er det ingen som kjem til å vite om det var noko sørgjeleg over det heile, eller om det var ei einaste stor glede.

Dei kvite, skjelliknande bitane er restar av korallar. Nokre stader ligg dei tett i tett i sanden, andre stader mindre tett. Den kvite fargen fortel at dei var levande inntil heilt nyleg, eldre korallrestar får ein gråtone.

Men kvar kjem dei frå?

Meter etter meter, minutt etter minutt, openberrar kameraet ei verd som ingen menneske i heile verda kjenner betre enn dei som akkurat desse minutta sit i filmrommet på andre dekk.

Innimellom sanden begynner skrukkete, lavaliknande steinar å stikke opp. Men dei er ikkje steinar. Dei er døde koloniar. Her var det ein gong eit yrande liv.

Dei lavaliknande restane blir fleire. Tettare. Høgare. Ein uer sym forbi. To til. Ein til. Mange uer. Kråkebollar. Sjøpølse. Ein trollhummar med kvasse, rosa klør.

Og medan styrmannen sjekkar horisonten, stuerten lagar potetball og instrumentsjefen gnir søvnen ut av augo etter ei lang natt på jobb, så dukkar dei opp, heilt til høgre i biletet: tre kvite, reine, optimistiske bukettar av Lophelia.

«Levande Lophelia!»

Det blir klapra på alle tastatura i rommet. Dei har funne eit korallrev.

 

Stadig nye funn

Valerie Bellec er glad. Ho tok ikkje feil. Ho trudde der ville vere eit korallrev, ho smitta alle i rommet med entusiasmen sin, og ho tok ikkje feil. Det kjennest godt.

Men ho er også litt lei seg. For der var så få. Det var ikkje den store, overveldande blomsterhagen på botnen av havet som ho hugsar så godt frå då ho såg han første gong, full av fargar, full av liv. Finst han nokon annan stad i nærleiken? Eller er han borte?

«Vi kryssa det ikkje frå rett side,» seier Bellec.

«Kan vi ikkje gå tilbake?»

«Vi har ikkje tid til å gå tilbake.»

«At vi fekk med dette revet, er tusen gonger betre enn at vi ikkje veit at det er der,» seier Aave Lepland. «Korallrev er spektakulære, men andre dyr er også viktige».

Eit nytt korallrev kan setjast på kartet. Det er rundt 200 meter langt, ein normal storleik for norske rev. Men ingen menneske veit kor mykje av det som er levande. Kor mykje som er dødt. Eller kvifor det er dødt. Var det botntrålen til ein fiskebåt som i løpet av nokre minutt øydela eit byggverk det har tatt fleire tusen år å byggje opp? Eller hadde nokon sleppt ein ankerkjetting ned på havbotnen og berre knust ein ørliten del av noko veldig stort?

Skulle ein fått svar, måtte ein ha utforska revet frå fleire kantar. Men reisa må halde fram. Korallrevet er eitt av om lag tusen som ein hadde funne i Norskehavet fram til 2012. Sju år seinare er talet rundt 1500, og truleg finst det minst 5000 til.

Det heng eit stort kart over Mørebankane på veggen utanfor filmrommet. Dei merker det av med svart sprittusj: Stasjon R 1027 er gjennomført. No ventar sand, små steinar, mellomstore steinar, store steinar. Sanddyner og trålspor. Sjøpølser og tanglopper. Pitte små, kjempestore, ukjende og kjende dyr på botnen av eit stort, mørkt hav, der ingen skulle tru at nokon kunne bu, men der det bur så uendeleg mange.

*

Faktarute 1

Stor kartlegging av norske hav

  • I 2005 sette norske politikarar i gang programmet MAREANO som skal detaljkartlegge djupn, geologiske forhold og dyreliv på botnen i norske farvatn.
  • Programmet er framleis aktivt og blir drive av Havforskingsinstituttet, Noregs geologiske undersøking (NGU ) og Kartverket sjødivisjonen. Overordna ansvar ligg hos ei programgruppe som blir leidd av Miljødirektoratet.
  • I 2019 har MAREANO kartlagt over 2000 stasjonar, totalt om lag 220 000 kvadratkilometer havområde. Dette svarer til det samla arealet av Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Finnmark.
  • Forskarane veit no langt meir om sjeldne naturtypar som undervassravinar, korallrev og gassoppkomer, og om biologisk mangfald, enn dei gjorde då MAREANO starta.

Kjelder: Havforskingsinstituttet og NGU

 

Faktarute 2

Korallrev i Noreg

  • Noreg er truleg det landet i verda som har høgast tettleik av kaldtvasskorallrev.
  • Landet har også dei største felta av slike rev i verda: Røstrevet i Nordland og Sularevet ved Mørekysten. Her ligg mange korallrev tett i tett, akkurat som i The Great Barrier Reef ved austkysten av Australia.
  • Røstrevet er 35 kilometer langt og 2,8 kilometer bredt. Sularevet er 13 kilometer langt og 700 meter breitt.
  • Dei fleste av korallreva i verda er i tropiske farvatn. The Great Barrier Reef er det største korallrevet i verda og er over 2600 kilometer langt.

Kjelder: Wikipedia og biolog Pål Buhl-Mortensen, Havforskingsinstituttet

 

Faktarute 3

Om reportasjen

  • Journalisten deltok på eit 12 dagars forskingstokt med MAREANO hausten 2012. Reportasjen var opphavleg del av ei masteroppgåve i forteljande journalistikk.
  • Valerie Bellec og Aave Lepland er også i dag tilsette ved Noregs geologiske undersøking, og Lene Buhl-Mortensen er framleis biolog ved Havforskingsinstituttet.