Frå Utgåve 1-20
Skrive av Knut Aastad Bråten

Eit tidsskrift for framtida

Så vart det kveld – og ny dag – og 24. januar i år takka eg for meg som redaktør i Syn og Segn – den 25. i rekka.

Knut Aastad Bråten var redaktør i Syn og Segn frå desember 2013 til januar i år. 

 

Syn og Segn er i dag eit av dei eldste tidsskrifta i landet, og eit av dei mest respekterte, vil somme meine. Historia til bladet er stolt, og rekka med profilerte redaktørar lang. Det byrja i 1894, med Rasmus Flo og Arne Garborg. Seinare har Olav Midttun (som regjerte i bladet i over 50 år), Berge Furre, Astrid Brekken og Ottar Grepstad sett sitt preg på bladet. Og Hilde Sandvik, for å nemne nokre. Ein lengre samtale med henne kan du forresten lese i denne utgåva.

Sidan desember 2013 har eg sete ved roret og tastaturet i tidsskriftet. Det har fyrst og fremst vore lærerikt. Eg har hatt alle sjansar – og fullmakter – til å skape eit tidsskrift etter eige ynske, men samstundes var mandatet at bladet skulle vere interessant for samfunnet og viktig for mange. Til ein slik posisjon knyter det seg også ei viss spenning. Korleis vidarefører eg arven etter Arne Garborg på beste måte?

Nye krefter står klare til å overta bladet. Det er eg glad for, og eg ynskjer dei nye kostane lukke til med arbeidet. Men før eg stengjer døra, la meg ta deg med inn på bakrommet til tidsskriftet, inn i arbeidskvardagen og by på nokre tankar frå tida i redaktørstolen. Kva skal eit tidsskrift vere i dag? Har vi bruk for Syn og Segn i åra som kjem?

På 60-talet var Syn og Segn stort, eit av dei største i Europa, fyrst og fremst fordi det meir og mindre var fast lesnad for gymnaselevar. Sidan då har det gått sakte nedover med abonnementsmassen, sjølv om talet på tingarar har halde seg forholdsvis stabilt sidan 2013. I dag er Syn og Segn eit nisjeblad for nokre tusen dedikerte lesarar. Kanskje er dei ikkje like lojale tingarar som dei ein gong var? Floraen av blad og aviser er stor. Mykje les vi på nettet. Gratis. Men utan betalingsviljuge tingarar er utsiktene for Syn og Segn ikkje særleg lystelege. Ynskjer vi nynorske medium, må vi også bruke dei.

Eit tidsskrift blir til i spenninga mellom redaktøren og skribentane – og lesarane. Det finst rettnok ein eigar av bladet, men drifta er knytt til redaktøren åleine. Syn og Segn er som ei einmannsbedrift. Bladet er ein allianse mellom redaktøren og dei mange skribentane. Apropos eigaren, Det Norske Samlaget. Det har vore diskusjonar om å legge ned bladet, selje det til andre, kvitte seg med det. Bladet er eit netto tapsprosjekt, har liten relevans, kostar for mykje, har eg høyrt. Men bladet er også ein signatur og ei merkevare. Er det krevjande for eit forlagshus å arbeide med meir enn berre bøker? Det eine bør ikkje utelate det andre.

Tidsskriftskvardagen min var aldri i forlagshuset, men i eit kontorfellesskap på Valdres Folkemuseum. Det har vore eit medvite val. Kvifor drukne i mengda av alle andre redaktørar i hovudstaden? Vi lever i ei tid der alle kjempar om den same merksemda. Då er det fysiske tilhaldet ikkje uvesentleg. Korleis ser tidsskriftsverda ut frå Bygde-Noreg? Er det mogleg å skape eit nasjonalt organ med blikket frå Valdres? Korleis ser i så fall det ut? I ettertid har eg vore nøgd med valet. I dag tidleg såg eg ei elgkolle i skogkanten bortanfor kontoret.

Heilt einsam har eg ikkje vore. I eit kontorfellesskap på museet har eg delt kvardagar med felemakarar og arkivarar – kulturarbeidarar med andre arbeidsoppgåver enn det eg sjølv har stått i, men som likevel har vore med på å opne for nye måtar å sjå verda på. Kva kan ein felemakar fortelje meg om livet og samfunnet rundt seg? Kva opptek han som arbeider med restaurering og vøling av eldre hus? Og kva meiner ho som sit på gamle arkivopptak, om miljøkampen og norsk landbruk i dag? Det kjem mykje godt ut av fagmiljø på tvers. Kanskje påverkar vi kvarandre meir enn vi trur?

Det finst mange tidsskrift i landet. Mange er spesialtidsskrift: Dei skriv djupt om psykisk helse eller folkemusikk, om pedagogikk eller litteratur. Dei er viktige nasjonale institusjonar innanfor sine område, og dei betyr mykje for dei det gjeld. Andre att er allmennkulturtidsskrift, som Syn og Segn. Dei skal spegle heile samfunnet og grave seg ned i all verdas tematikk.

Ein tidsskriftsredaktør må jobbe målretta med idear og artiklar, snakke med folk, vere aktiv på sosiale medium, leite etter nye skribentar, spørje seg fram. Sidan eg tok til som redaktør, har over 330 ulike bidragsytarar vore med på å setje farge på og stemme til bladet – alt frå skribentar til fotografar, frå teiknarar og til dei vi har samtala med. Eit klart mål har vore å bringe nye og ukjende stemmer inn i bladet. Eg har ønskt å invitere skriveføre med sjølvtillit og integritet, personar som ikkje representerer andre enn seg sjølve, og som sjølve set dagsordenen.

Den kreative tidsskriftskvardagen harmonerer ikkje alltid med dei økonomiske utfordringane i sektoren. For mange av tidsskrifta handlar kvardagen om å halde hovudet over vasskorpa. Budsjetta er tronge. Inntektene er stabile, men utgiftene veks – til post og utsending, til trykking og honorar til bidragsytarar. Difor har eg vore nøydd til å skjere ned: Telefonen har eg betalt for sjølv. Marknadsbudsjettet har vore redusert til nesten ingen ting. Reisebudsjett har eg så å seie aldri hatt.

Kva kan eit allmennkulturtidsskrift tilføre ei norsk offentlegheit i dag? Det er lett å tenkje at eit nynorsk tidsskrift har sitt blikk og sine tema, men Syn og Segn har sidan etableringa hatt som mål å spegle ein større røyndom og vere eit relevant tidsskrift for alle som er interesserte i samfunnet rundt seg, ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet.

Treng vi tidsskrifta i framtida? Det enkle svaret er ja. Tidsskrifta er ein annan måte å forhalde seg til verda på. Tidsskrifta pustar langsamt, dei innbyr til lange og grundige resonnement og er såleis viktige supplement og korrektiv i ein mediekvardag som spinn vidare i eit høgare og høgare tempo: Det er som om nyheitsartiklane spring frå meg. Ein ingress her, ein tittel der. Dagens mediebruk gjer meg svimmel og ukonsentrert, slik han også tek frå meg orden og oversikt.

Eg trur du har godt av å roe deg ned med tidsskrifta, øve deg på lange resonnement i gjennomarbeidde tekstar, sakprosa som er solid litteratur. Og eg trur du har godt av å tvinge deg sjølv til å sjå verda frå fleire sider, lære noko som du i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å lære noko om, fordjupe deg i tema som ikkje nødvendigvis er aktuelle no. Kanskje blir dei aktuelle ein dag?

*