Frå Utgåve 1-20
Skrive av Maria Kjos Fonn

Salmar frå guterommet

Medan det nettbaserte incel-fenomenet sjeldan vekkjer anna enn avsky, kan skjønnlitteratur om einsame menn og lystene deira syne innsida av det svoltne, mishandla hjartet.

Maria Kjos Fonn (f. 1990) er forfattar og skribent. Ho har gitt ut novellesamlinga Dette har jeg aldri fortalt til noen (2014) og romanen Kinderwhore (2018).

 

«Jag längtar så efter en flicka», skriv den svenske kultpoeten Ola Julén i diktsamlinga Orissa (1999). I 2014 døydde han, 42 år gamal, av overvekt.

Amerikanske John Kennedy Toole tok livet av seg i 1969, berre 31 år gamal og prega av depresjon og paranoia, etter at manuskriptet til romanen A Confederacy of Dunces (Tåpenes sammensvergelse) var avvist av fleire forlag.

Lars Ramslie, som gav ut romanen Fatso i 2003, gjekk opp i vekt for å kome inn i kroppen til den einsame, overetande Rino, som er stinn på meir enn éin måte. Som det heiter i låten «Full tank» av Raga Rockers: «Hvis du vil ha penger / gå til en bank / men hvis du vil ha kjærlighet / må du ikke vente lenger / jeg har det du trenger / full tank.»

 

Lengt og einsemd

Juléns dikt luktar kropp, utan at lengten blir måla ut i kroppslege detaljar. Det kunne vore sveitte, eller lukta av innestengde rom og uvaska sengetøy, lukter og setningar som trekkjer deg inn i det klaustrofobiske, isolerte tilværet til eg-et.

«Men jag känner mig kall, tom stängt, utanför. / Det har jag alltid gjort, överalt, alltid. (....) Det er en smärta som inte går att tala om (...) Det er et ständig vibrerande hat genom livet som aldrig får uttryckas.»

Og så: «Jag måste ju hitta en kvinna / i alla fall.» Dikta, eller nedslaga, kan minne om små lappar du finn stukne gjennom ein dørsprekk, med eit enkelt ord: HJELP. «Det finst en smärta i mig / som inte släpper».

På Twitter er lakoniske onelinerar frå unge kvinner om sex, depresjon og einsemd ein utbreidd sjanger. «It´s a beautiful day I feel like I´m dying», skriv den amerikanske forfattaren Melissa Broder på Twitter-kontoen So Sad Today, som også var tittelen på den personlege essaysamlinga hennar, om depresjon og eksistensielle kriser.

Amerikanske Darcie Wilder har skrive ein roman som berre består av såkalla rants, romanen Literally Show Me a Healthy Person, og ho er dessutan aktiv på ein Twitter-konto med stadige bulimiske utfall, som: «ugh i love wasting my life. a passion!»

Ola Juléns Orissa, som vart utgjeven lenge før Twitter vart etablert, i 1999, fekk heider og kultstatus først etter at forfattaren var død. Og i motsetning til Twitter-poesien hjå forfattarar som Broder, som er sitert over, er det ingen ironi eller resignert coolness å spore i Juléns fortviling. Det er berre rein resignasjon. Det er likevel ein slags mørk humor i dikta, som best let seg samanfatte med eit mykje brukt uttrykk på internett som stammar frå TV-animasjonskarakteren Homer Simpson: It´s funny ´cause it´s true.

 

Tørkerullpoesi

Omgrepet incel (involuntary celibate, å vere ufriviljug seksuelt avhaldande) stammar frå ein mannleg subkultur på internett, der menn som ikkje får liggje med damer, søker saman på nettstader som Reddit og 4Chan. Det første incel-forumet på internett vart starta i 1993, medan fenomenet for alvor vart kjent for offentlegheita i 2018.

Lars Ramslies Fatso (2003) er ikkje ein incel-roman, men det er like fullt ein roman om ein mann som er ufrivillig seksuelt avhaldande. Romanen kunne nærast vore skriven på brukte flak frå ein tørkerull, så klam og klistrande sanseleg er romanen om den einsame Rino som fyller dagane med eting, pornokikking og runking. «Jeg skulle pult deg så jævlig hardt», byrjar boka, og går rett inn i ein hardpornografisk fantasi som kan få den mest garva lesaren til å skvette. Før det går frå hardcore til heartcore: «Hvis du bare lot meg få prøve. (...) Altså, mest av alt har jeg så mye jeg har lyst til å gi. Fra dypt inne i meg. Om jeg bare fikk muligheten, et lite øyeblikk, hvis ikke alt var så overflatisk, så kunne jeg vist at jeg virkelig kan bry meg, hengi meg helt.»

Kikkaren, pervoen, mannen som stirer på brysta til kassadama og rumpene til fjortisar som går forbi, vekker heller forakt enn medkjensle hjå dei fleste av oss. Difor er Fatso, snart 17 år etter utgjevinga, framleis ein viktig roman.

 

Jomfruer og pervoar

Den marginaliserte, feite, mistilpassa mannen ber på eit raseri – eller, snarare, ei forbitra avundsjuke – mot kvinner, som nærast blir kjønnspolitisk. Som når han først fantaserer om ei tilfeldig kassadame, før tankane går over til rasande rants:

«Du kan ta på deg lakk og lær, være pervers for en natt. Hver dag er ny. Du er evig jomfru. Spist er spist. Glemt er glemt (...) det er din industri. Glattbarbert. Disneyland. Du har monopol på alt. Det er din orgie. Ikke min. Jeg er ikke ekkel, jeg er ikke syk: jeg er ensom. (...) Jeg vil ha det du har. Men når jeg vil ha det du har, blir jeg bare ekkel. Jeg må stjele fra deg. For du vil også velge hvem som skal få se.»

Ynsket, eller kravet, om å få sjå på andre sine kroppar utan samtykke, får stå for Rino si eiga rekning. Men medan kvinneleg seksualitet og orgasme blir opphøgd til noko høgverdig, og vibratorar og onani er noko kvinnelege kjendisar kan snakke høgt om i beste sendetid, er sjømannsbruder berre assosierte med patetisk einsemd.

Ofte blir kvinneleg seksualitet opphøgd, medan mannen sin seksualitet vert sett på som i verste fall skitten og overgrepsaktig. Det kan vere verdt å spørje seg om ikkje denne tendensen er med på å sementere kjønnsrollene ein prøver å kjempe mot. Trass i skilnaden i kvinneleg og mannleg seksualitet kan han for begge vere både enkel og komplisert, dyrisk og nærast heilag, og orgasmen kan vere både ei tarveleg krampetrekning og ein epifani.

 

Dei andre sitt blikk

Der the male gaze er ein innarbeidd feministisk term for å beskrive det mannlege, heterofile blikket på kvinna som objekt i film og litteratur, opplever Rino seg som offer for the female gaze. Ikkje fordi han er i søkjelyset for det, men fordi det vender seg bort.

«Ingen ser på meg. Jeg går forbi uansett. Det eneste jeg opplever er avvisning. De ser meg, men de ser meg likevel ikke.» Og han veit kvifor: «Fordi. Jeg er feit. Jeg er kjedelig. Jeg er bare feit og kjedelig.»

Ignatius i Tåpenes sammensvergelse manglar det sjølvmedvitet som Ramslie sin Rino legg for dagen. Ikkje berre fyller eting, studium og obskøne seksuelle fantasiar dagane til Ignatius, men der Rino gjev uttrykk for sjølvhat, blir Ignatius prega av hatet mot kvinner, menn, svarte, kvite, homofile, og heterofile generelt. Ignatius er ikkje i ufrivillig sølibat – han er rett og slett ikkje interessert i kvinner (eller for den saks skuld menn). Han har nok med hatet sitt mot populærkulturen, mellomalderstudia, eksentriske utfall mot alle, å bu hjå mora og etter kvart å få seg jobb som pølseseljar.

På denne måten er han både friskare og sjukare enn Rino. Den som verkeleg «gir faen i hva andre synes», ikkje som eit statement for å verke nonsjalant, men på ekte, har for lengst kryssa grensa frå kul til kasus. Han vert ikkje plaga av alt menneske plagast av, som lengsle og trong til å høyre til. Der det ser ut til å vere ein folkesport for middelklassen å vere ulukkeleg som lukkeleg, er Ignatius – som Aldous Huxley skriv – lukkeleg som ulukkeleg.

 

Gjennom kjøtet

Både Rino og Ignatius er notoriske storetarar. Ola Julén døydde som nemnt av overvekt, utan at fedme er tematisert i dikta hans. Det er kanskje meir problematisk enn det er gjevande å trekkje inn Juléns biografi i lesinga, men det er uansett grunn til å dvele ved den mannlege storetaren. For medan den anorektiske kvinna er ein litterær trope, ser vi mindre til den storetande mannen – som like fullt finst, om enn bak føretrekte gardiner, eller i hjørnet av matbutikken.

Å lide av overeting er den eteforstyrringa som rammar flest menn. Sjølv om ein ikkje utan vidare kan diagnostisere fiktive karakterar, er det noko urovekkande med særleg korleis Rino på kort tid går frå butikk til kiosk til fastfoodsjappe og til endå ei fastfoodsjappe, på jakt etter stadig meir junkfood, potetgull og iskrem.

I motsetnad til kvinnelege romanpersonar med eit problematisk høve til mat – til dømes Helen Fieldings hjå Bridget Jones – blir ikkje etinga beskriven som ein nevrose, men snarare som noko Rino berre gjer, «Fordi. Jeg er feit». Det er uttrykk for ein viktig kjønnsskilnad. Når Rino omsider byrjar å jogge for å få orden på livet sitt, skjer det ikkje etter årevis med jojo-slanking og kaloriteljing. Men innsikta vi får i eteforstyrringa, er klassisk: Rino har brukt feittet til å skjule seg.

 

Mørkeret sitt hjarte

Etter Ola Juléns død vart manuset til Afrikas verkliga historia funne i heimen hans. Det hadde vore klart til å bli publisert fleire gonger, men Julén hadde halde det tilbake, før det vart utgjeve posthumt. I denne romanen brettar det klaustrofobiske universet frå Orissa seg ut over halve jordkloten – til Brasil, medan han lengtar etter ei kvinne, eller berre eit namn – Jaqueline.

Jaqueline er eit objekt for lengsle, eller kanskje meir ein metafor enn ei verkeleg kvinne, i alle fall: «Du var en vanlig, fattig flicka / ingenting speciellt. Det finns tusentals / hundratusentals, Jaqueline.» Men likevel. «Att jag elskar nogon / som gör mig illa / och tar allting ifrån mig / Jacqueline.»

Julén diktar om det torturerte hjartet, det torturerande hjartet – mørkeret sitt hjarte. «Du skal lukta bara / svagt av tvål och lita flicka / om dig du är utan kläder / älskade älskade hjärtat.»

Det lyriske eg-et er ein turist blant dei fattige kvinnene i Brasil («Den sexualiserade fattigdommen / Dikter av fattigdom. Av fattigdom och vatten») – men går seg òg bort i bakgatene i sitt eige hjarte. Han bruker, og blir brukt.

Ola Juléns diktsamlingar, og romanane Fatso og Tåpenes sammensvergelse, er historier om djupt einsame menn. Dei kan krysse grensa for overgrep, som i Fatso, eller vere hatske og støyte alle bort, som i Tåpenes sammensvergelse, eller måle ut den reine, patosfylte desperasjonen i fyndige nedslag, som hjå Julén. På kvar sin måte nyanserer bøkene biletet av den einsame, mistilpassa mannen – enten einsemda er sjølvvald eller så vond at ho vekkjer skrekken til det forlatne spedbarnet om å falle i all æve.

*