Frå Utgåve 2-20
Skrive av Ingrid Senje. Foto: Luca Camosi.

Observasjonar frå eit vindauge

Notat frå eit nedstengt Milano i starten av april

Eg sit på kontoret. Eg skal skrive. Men skjermen framfor meg er blank, bokstavane flyt saman på arket. Så eg går bort til vindauget, drar gardinene til side, opnar glaset og lyttar. Eit passerande tog gir gjenlyd gjennom gata, lydar vi ikkje brukte å høyre.

Den første veka etter at Italia vart sett i lock down, song og applauderte folk frå vindauga. Vi vende lommelykter mot himmelen for å vise verda at det framleis var liv her. Det er den fjerde veka no, det er ingen som applauderer lenger, men dei er der framleis, bak veggane.

Viss eg held pusten, kan eg høyre kranglane frå leilegheita over. Dei har blitt meir høglydte i det siste, stemmene har blitt hardare. Særleg hans, hennar tynnare, og møblar blir skyvde over golvet. Dei lagar lange, skrikande lydar her nede hos oss, iblant kan det vare i timevis. Eg skrur opp musikken for å overdøyve dei då, berre dei høgste ropa når gjennom. 

På gata utanfor spring ein mann fram og tilbake dei same 50 metrane. Han har treningsklede på, skinande nye joggesko, og munnbindet dekker halve andletet. Når han stoppar for å snu, vender han blikket uroleg bakover, som om han ventar på at nokon skal stanse han. Eller kanskje han veit at vi står her i vindauga og ser på han, det einaste vi har att å gjere.

På kjøkenet står surdeigen til heving. Det tok dagevis før gjærsporane i mjølet byrja å utvikle seg, før boblene steig oppover mot overflata. Og endå fleire dagar før dei vart sterke nok til å halde vekta av deigen, slik at brødet kunne heve seg i omnen. Aldri har det kjenst viktigare å lage noko frå botnen av, skape liv i noko som var daudt, og når eg står der med det varme brødet i hendene, kjennest det som ein dyreunge, som ein siger. Eg lèt brødet liggje lenge på tunga når eg tar den første biten, vil verkeleg kjenne smaken. Det er tid til det no, tid til alt det ikkje vanlegvis er tid til, til lukta av nykverna kaffi, laga på den treige måten, drypande langsamt gjennom filteret. 

Utanfor vindauget har nokon stoppa opp igjen, framfor villaen som ligg over gata, den dei kallar for Villa Figini. Han har stått der på stylter sidan midten av 30-talet, men no er han i ferd med å forfalle. Skiten og muggsoppen har samla seg i grågrøne striper nedover den kvite fasaden, og hagen er ustelt, trea har vakse seg høge. Likevel kjem folk for å sjå på han, stadig vekk, men særleg desse vekene.

Kvar dag stansar nokon framfor porten og vender blikket oppover, mot den glatte, rasjonalistiske fasaden. Dei har sett alt då, det er ikkje meir å sjå frå den vinkelen, likevel blir dei ståande. Som er det uansett betre å stå der enn å gå vidare, på omvegen bort til butikken. Når dei kjem heim att denne gongen, vil dei ha noko å seie, dei kan fortelje om noko dei har sett.

Vennane mine sender bilete av ungane sine, i hagen med kjeks og kakao, smilande og raude i kinna. Og det slår meg at det er dette dei ungane kjem til å hugse frå denne våren. Ikkje avlyste bursdagsselskap eller økonomiske bekymringar, men desse rare vekene i hagen. Den tida då foreldra ikkje trong å dra på jobben, og dagane var fulle av merksemd. Mens det eg kjem til å hugse, er all denne stilla. Korleis tida vende seg mot meg, frå ein venn til ein fiende, noko eg ville fortrenge.

I bakgarden vår er hagen til den blonde kvinna, ein hellelagd plass og ein grasplen. Hunden hennar, ein halvvaksen dobermann, spring glad og leiken over graset. Dei første dagane sat kvinna berre rett på hellene, såg mot bakken eller trist rett framover. Men ein morgon var hagemøblane der, dei dukka opp som frå ingenstads. Kanskje henta fram frå bua eller borne hit i ei stor, brun eske, sett forsiktig frå seg på trappa.

No sit ho der mysande mot pc-skjermen mens hunden pesar, og det ser fint ut herfrå, ser vanleg ut. Ei kvinne jobbande i hagen med den glade hunden sin, eit idyllisk, roleg utekontor. Men det er likevel ein brest der, den stadige opninga og lukkinga av terrassedøra, ei nesten umerkeleg uro.

Eitt minne har brent seg fast i hovudet mitt, frå den siste dagen som var vanleg. Då vi sykla gjennom byen med vind i håret, kjente dufta av blomstrande magnolia. I gatene gjekk folk nølande på fortaua, svinga litt unna kvarandre. Og så fekk vi auge på dei, på det aldrande ekteparet, med munnbinda stramt framfor andleta. Dei trekte seg unna oss då vi stoppa ved trafikklyset, handa hans klemte rundt hennar. Dei venta til vi hadde gått over vegen før dei rørte seg, gjekk glipp av det grøne signalet. Eg tenkjer på dei når eg ser tala no, på frykta i blikka deira, eit forvarsel om det som skulle kome.

Kvar kveld skrur vi på tv-en klokka 18, når den daglege oppteljinga byrjar. Ein gråhåra mann med stødig stemme les opp tala på smitta og døde, tek imot spørsmål frå journalistane. Ein dag byrjar han å hoste, må be om eit glas vatn, drikk det i store slurkar.

Den neste dagen er han borte, erstatta av ein annan mann, som les tala kjappare, svarer irritert på spørsmåla. Eg saknar den opphavlege mannen, eg ser etter han kvar sending, er han sjuk no, går det bra med han? Men så er han plutseleg tilbake, den same stødige stemma, den tørre hosten er borte. Eg kjenner meg litt tryggare då, sjølv om tala er stigande, eg rettar meg litt opp i sofaen.

På mobilskjermen min: Bilete av kyllingar og hundekvalpar, konsertar heime i folks stover. Og så dei andre bileta: frå overfylte sjukehus, legar med blåmerke på kinna. Bilete av kapell fylte med rekker av likkister, dei fleste av dei identiske. Berre nokre få av dei skil seg ut, er av ein mørkare tresort, som om lageret er i ferd med å bli tømt no. Ein plass må nokon jobbe ekstraskift for å dekke etterspurnaden etter kister, halde på heilt til det mørknar. Nokon skjer ut treskjeringane på toppen av kistene og festar dei små messinghandtaka, dette er også eit arbeid.

Vi høyrer lyden av ein ambulanse kome nærmare og nærmare, før han passerer og sirenene stoppar. Vi går ut på balkongen for å sjå etter han, sjå om sjukdomen har kome no, hit også. På fortauet utanfor har ei kvinne stoppa opp med puddelen sin, ho held han tett inntil bringa. Då ho får auge på oss, snur ho seg oppover, møter blikket mitt og seier: Oh Dio. Eg nikkar kjapt, opnar munnen for å seie noko, men eg veit ikkje kva eg skal svare.

Vi går inn att, seier kjærasten min, det er ikkje noko å sjå på. Han lukkar døra bak oss, mens kvinna blir ståande, frosen fast i den posisjonen. I løynd lyttar eg etter lyden av ambulansen som drar att, eg ventar, men høyrer det ikkje.

Då eg vaknar neste morgon, er noko limt opp på eit vindauge, eit ark med ein regnboge i fargestift. Papiret er tynt og gulaktig, regnbogen manglar oransje. Eg må myse med auga for å lese skrifta på botnen, må lene meg ut av vindauget. Andrà tutto bene, står det med vaklande bokstavar, det kjem til å gå bra, alt saman.

Eg rettar meg opp att, lukkar vindauget bak meg, set meg attende framfor skjermen. Eit passerande tog får golvet til å vibrere litt, men elles er alt heilt stille.