Frå Utgåve 2-20
Skrive av Janne Nygård. Foto: Sara Olivia Berntsen

Leiar: Attende til kjøkenbenken

På grunn av koronakrisa har forskarar verda over måtta arbeide heimanfrå. Forskingstidsskrift melder om merkbart færre innsende artiklar med kvinnelege forfattarar. Er det så rart?

Då koronaviruset trefte Noreg i midten av mars, sette styresmaktene i verk dei strengaste tiltaka sidan krigen. Nedstenginga av landet for å trygge liv og helse ser ut til å ende i økonomisk krise. Det er tydeleg at krisa råkar folk ulikt. Nokre må sjonglere ørten ungar og krevjande jobb, medan andre nyttar dagane til å bake surdeigsbrød, lese russisk litteratur og pusle enorme puslespel. Nokre er permitterte, medan andre arbeider doble vakter og vel så det. Det er likevel éi gruppe som får kjenne mest på konsekvensane av krisa, og det er kvinnene.

I FN-rapporten «The Impact of COVID-19 on Women», som vart publisert 9. april i år, teiknar det seg eit dystert bilete. Kvinner opplever meir vald i heimen, og krisa gjer det vanskelegare å oppsøke hjelp. Arbeidande kvinner er òg overrepresenterte i bransjar som butikk og reiseliv, som ser ut til å føre dei rett ut i arbeidsløyse. Vidare er det tydeleg at kvinnene tek størstedelen av det ulønte omsorgsarbeidet i heimen – dei må passe på sjuke eldre og barn. Det ser ut til at jenter og kvinner som må vere heime frå skulen, i mange land ikkje kan kome tilbake når skulane opnar dørene att. Rapporten konkluderer med at pandemien forsterkar den allereie eksisterande ulikskapen. Dette skjer òg i Noreg.

Ein konsekvens som allereie er synleg, er at pandemien ser ut til å ha stogga produktiviteten til kvinnelege forskarar. «Eg har aldri sett noko liknande», skreiv Elizabeth Hannon, assisterande redaktør i British Journal for the Philosophy of Science, på Twitter om kor påfallande få artiklar dei har fått inn frå kvinner etter at koronakrisa sette inn. Å sende kvinnene heim frå kontoret ser i mange tilfelle ut til å ha vore eit tilbakeslag for likestillinga. Som redaktør veit eg at det er vanskelegare å få kvinner til å skrive. Kvinner seier jamt over meir nei, og det kan vere mange grunnar til det. Men med målretta arbeid, går det seg ofte til, og resultatet blir eit betre blad. Difor har eg sett som eit ufråvikeleg krav til meg sjølv og tidsskriftet: Vi skal ha full likestilling i spaltene våre.

Tradisjonelt har arbeidande familiekvinner tatt tre skift: eitt skift på den betalande arbeidsplassen, så eit skift med matlaging, golvvask, flekkfjerning, barnehagehenting og oppvask. Så er det det meir diffuse tredje skiftet. Nokon må vite at barna har vinterdressar i riktig storleik til neste sesong, vite telefonnummeret til foreldra til Frida i B-klassen som skal vere med heim frå skulen, vite kva tante Gunda ønskjer seg til jul, vite at det er tomt for mjølk, og kva det er til middag i dag, vite at det er Lucia i barnehagen i morgon og kvar den kvite skjorta er. Det er til å bli sveitt og svimmel av.

I Noreg har likestilling mellom kjønna kome mykje lenger enn i dei fleste andre land, og det er heldigvis ikkje lenger slik at kvinner har åleineansvaret for å drive Familien AS. Men det er likevel kvinnene som tek hovudansvaret i tradisjonelle, heterofile familiekonstellasjonar. Det norske familielivet er ein av patriarkatet sine siste skansar, så lenge det er kvinnene som gjer mest ulønt arbeid i heimen. Mange kvinner får nok ei frigjerande kjensle av å kunne gå ut døra og dra på jobb nokre timar, bruke hovudet og kroppen på ein annan måte enn heime. Om ein skal drive med forsking, er det heilt essensielt å få nok tid samanhengande til å kunne tenkje ei tankerekkje heilt ut. Når jobben er flytta til eit heimekontor som flyt saman med heimebarnehage, er det kanskje ikkje så rart at ein ikkje får gjort så mykje anna enn å lage mat og rydde.

Alt har ein ende, unntatt husarbeid og helvetets pine, sa Einar Førde. Det er unntakstilstand, men framleis må nokon hugse å setje på tørketrommelen og fiske våte brødskiver ut av sluket i kjøkkenvasken. Det må vel vere greitt å la huset flyte litt i denne tida, seier du? Det er klart. Men det tek likevel nokre timar kvar dag å skulle halde ungar med mat og reine klede og ha det såpass ryddig at ein klarer å lage ein heimekontorpult ved matbordet. Kanskje er menn flinkare til å la det «unødvendige» husarbeidet sigle sin eigen sjø og prioritere det lønte arbeidet? Det er nok sant. Samstundes trur eg at det er kvinnene som kjenner mest på skamkjensla om naboen stikk innom på umeldt besøk og ser matrestar utover golvet og høyrer ungane entusiastisk fortelje at dei fekk brødskiver med nugatti på til middag. Sjølv om vi eigentleg veit at det ikkje burde vere slik, så er det nok mange som inst inne tenkjer at det er kvinnene sitt ansvar å halde orden heime.

Tidleg i mai gjekk Curt Rice, rektor ved OsloMet – storbyuniversitetet, ut på Facebook og sa at han var uroa for karrieren til kvinnelege forskarar om dei måtte halde fram med å ha heimekontor. Han tok til orde for at kvinner burde kunne prioriterast når universitet og høgskular opnar att, dersom ikkje alle kan kome attende med ein gong. Til avisa Khrono seier han at heimekontor har ulike konsekvensar for menn og kvinner, og at det at han har same forventningar til kvinner og menn, av og til må bety at han som leiar må handsame dei ulikt.

Ordskiftet om kjønnsroller og heimeliv vekkjer ofte mange og store kjensler. At tendensen er at kvinner tek størsteparten av arbeidet, treng ikkje bety at det er slik overalt. Samstundes kan det sitje langt inne for ein del norske familiar å innrømme at husarbeidet er så skeivt fordelt som det ofte er. Det er viktig å halde fram med å peike på desse skilnadane, så lenge konsekvensen er at kvinner oftare må nedprioritere karriere til fordel for andre og ulønte oppgåver, med dei følgjene det har for økonomisk sjølvstende og tryggleik. Det mest fruktbare ein kan gjere, er kanskje å prøve å motverke desse skilnadane – mellom anna ved å prioritere å gje kvinnelege forskarar eit eige rom når samfunnet no opnar forsiktig att.