Frå Utgåve 2-20
Skrive av Morten Søberg. Foto: Pernille Blåfjell Walvik

Ei krise sett under lupa

Fragment frå riksrettssaka i 1926/27

I

«Og jeg husker, jeg fikk et inntrykk, som formet sig i et billede – det var et billede av den middelalderske maler Breugel. Det forestiller en rekke blinde, ledet av en blind, som går mot en avgrunn. Det var den situasjon jeg hadde en følelse av, at man kanskje kunde komme op i, og som man fremfor alt måtte undgå.»

Det omtala biletet er bokstaveleg tala bibelsk, inspirert av evangeliet etter Matteus (15,14). Kven tala om det, og når? Svar: dosent Worm-Müller, 30. oktober 1926 – i lagtingssalen på Stortinget, som vitne under den pågåande riksrettssaka mot tidlegare statsminister Abraham Berge og seks av statsrådane hans. Dei var skulda for å ha gjeve grunnlovsstridig statsstønad til Den norske Handelsbank – ein av dei mange bankane som gjekk under i den omfemnande økonomiske krisa i 1920-åra.

 

II

Riksretten vart sett klokka ti den 3. september 1926 og heva midt på dagen den 25. mars 1927. Så langt er dette den siste riksrettssaka i Noreg. Det vart ført stenografiske referat. Desse opprita og alt skriftleg tilfang er samla i publikasjonen Riksrettstidende 1926/1927. Du kan sjå filmatisk på dei i alt 2146 sidene med tekst og tal: rulletekst i svartkvitt. Alternativt kan vi lesa denne sakprosaen som eit teaterstykke der det fargerike persongalleriet er det mest iaugefallande.

Eit hovudvitne under rettargangen var sjefdirektøren i Noregs Bank, Nicolai Rygg. Han nytta Pauli ord om bankane som gjekk over ende. Han frykta at Noreg skulle verta ei finansiell øydemark: «Det som var det farlige var, at nu nådde det inn til det innerste, til marven. Selve grunntilliten rystet, nasjonens tillit til sitt eget kredittvesen. … Og det er det som jeg har søkt å vise nettop for 1923, at jeg mente at der var, at det vilde trekke efter sig mer, at det var kommet likesom til centrum, og at derfor virkningene vilde spre sig ut til så mange kanter. Da melder det spørsmål sig, – måtte melde sig og lå alvorlig tungt på oss: Hvad kan det norske samfund tåle, hvor langt går samfundets bæreevne?»

For hundre år sidan var Den norske Handelsbank ein av dei største bankane i landet. Han vart formelt skipa i 1917 ved at Trondhjems Handelsbank overtok Privatbanken for Norge (skipa hausten 1916 i Kristiania). Dinest ekspanderte banken og tok opp i seg både Kristiansunds Handels- og Landmannsbank, Bergen Handelsbank og Sønnenfjelske Privatbank i Kristiansand. På eitkvart vis skaffa banken seg òg aksjar i Banque Industrielle de Moscou. I rekneskapane til Den norske Handelsbank var desse aksjane bokførte til 4 og 6 millionar kroner i høvesvis 1922 og 1923 – trass i at Moskva-banken hadde vorte nasjonalisert av kommunistane alt i 1917.

I tillegg heldt Den norske Handelsbank seg med eit eige «emisjonsinstitutt». I Riksrettstidende 1926/1927 står det at dette instituttet hadde kjøpt eigedomar i Berlin, freista å oreigna vassdrag i Litleasia (interessentskapet GarsakZu), engasjert seg i ei leiketøyforretning i Hamburg (Erik Stoppert & Co.), handelsforretningar i Vladivostok (Albert & Seith), ein kinematograf- og filmaffære i Konstantinopel osb.

Kva skal ein seia om slikt? Direktør Bjarne Haugaard i Bankinspeksjonen sa mellom anna dette (då han vitna under riksrettssaka): «Jeg har i mange år, gjennem snart en menneskealder gjort den iakttagelse, at nordmennenes eksperimenter, når de kommer langt ut over sitt naturlige virkefelt, medfører tap.»

 

III

Koss gjekk det med Den norske Handelsbank? Statsstønaden – den løynlege på 25 millionar i 1923 og den opne på 15 millionar året etter – hjelpte ikkje stort då det kom i herdinga. Banken var busliten, konkurs, i 1924. Mange norskamerikanarar skal då ha tapt store pengar. Fyrst og fremst råka buslitet innskytarar og låntakarar i Trondheim. Der, i Søndre gate, står bygningen til Den norske Handelsbankens hus framleis: jugendstil, grå stein, tagale tonn.

Koss gjekk det med Berge og dei tidlegare ministrane hans? Dei var altså skulda for å ha gjeve stønad på eiga hand og ikkje i statsråd hjå Kongen, og stønaden vart òg halden utanfor statsrekneskapen og statsrevisjonen – alt var utanfor klår konstitusjonell kontroll. For desse påståtte brota på Grunnlova la aktorane i riksrettssaka den 24. januar 1927 ned påstand om at Berge skulle dømast til å «svara til statskassa ei pengebot stor kr 10 000 – ti tusen – kronur og dertil saksutgifter i samhøve med riksrettsreglementet». To av dei tidlegare statsrådane hans skulle bøteleggjast med 8000 kroner, og dei fire andre med 5000 kroner. Men domarane i Lagtinget slo til sist fast at dei tiltala «bør for Odelstingets tiltale i saken fri at være».  

 

IV

Attende til vitnemålet til dosent Worm-Müller no: Nicolai Rygg var det einaste som imponerte han. Rygg vert omtala som modig, sindig, innsiktsfull og med «forståelse for selve krisens utvikling». Rygg såg historiske parallellar; han kunne seia at samtida likna på fyrst 1816, så 1817 – og frykta for 1819: «Det var sammenbruddets år.»

Ja, mange økonomiske kriser liknar på einannan. Somme kan skuldast krig og kaos, andre kan koma som lyn frå klår himmel, men det er alltid tale om negative sirklar, minusteikn, tap av pengar og tillit – det Worm-Müller omtala som «det psykologiske moment». I regelen gjennomlever vi òg økonomiske kriser i samspel med økonomisk politikk: ei rad tiltak, vedtak og andre freistnader på å motverka eller dempa skadeverknadene.

Økonomiske kriser kan produsera lærepengar òg. Nokre av dei grensar til stadfesting av ordtak og anna folkevit: Bankar skal vera sikre som banken; eigenkapital er gull verdt, like eins trygge hamner. Gjennom tida kan kriser òg endra måten vi tenkjer om økonomi og politikk på. Eitt døme er grunnleggjande og gjeld synet på pengar. I lova om pengevesenet frå 1875 stod det i § 1 skrive at «Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld», og Noregs Bank plikta å innløysa setlar i gull. For Rygg var dette truleg sjølvsagt, sjølvinnlysande. I dag er ein slik pengepolitisk normaltilstand nær utenkjeleg. For oss liknar pengar mest på tal.

 

V

Vi lyt granska kriser og krisepolitikk for å sjå, skjøna og ikkje minst tenkja sjølve. Riksrettstidende 1926/1927 er nyttig sakprosa i så måte. I grunn og botn handlar alt om kva slags grenser dei konstitusjonelle spelereglane set for politiske svar på spørsmål som kriser stiller. Stundom er det delar av hendingsgangen – einstaka fragment – som fascinerer mest og kan henda gjev like mykje som lange liner og overblikk. Eit døme er ein fotnote i norsk historie: vitneforklaringa til dåverande statsråd Charles Robertson 3. november 1926. Litt på sida av hovudsaka gjer Robertson detaljert greie for Hammerfest sparebank. Banken hadde mellom anna tapt store pengar på «en jøde nede fra Østerrike, som ikke eiet nålen i veggen». Denne austerrikaren vert ikkje omtala med namn, men han må ha vore ein eventyrar. Fyrst dreiv han reveoppdrett ved Nordishavet. Så var han kanskje litt for lur og kasta seg inn i ei sildeforretning – alt finansiert med lånte pengar. Banken fekk ikkje eit øre tilbake.

I stor stil og skala er det slik åtferd som skaper økonomiske kriser. På same tid er det slikt driv og slike initiativ som fører til vekst og velstand òg. Sanningi syner seg ikkje alltid samstundes, korkje før eller no.