Frå Utgåve 3-20
Skrive av Janne Nygård

Det er aldri barna sin feil

Han er blitt omtalt som den verste flyktningleiren i verda. I fleire år har psykologar som arbeidde i Moria-leiren på Lesvos, slått alarm: Barn ned i sjuårsalderen seier at dei vil døy. I haust brann heile leiren ned til grunnen.

– Vaksne gjer mykje dumt, Tonje, det skulle jammen eg vite, her eg sit og er full ein tysdag føremiddag.

Han ristar på hovudet over seg sjølv.

– Men det er ein viktig ting:

Han snur seg mot henne.

– Det er aldri barna sin feil.

Nils bankar fingeren ned i kneet på Tonje då han seier det, som om han vil stemple orda inn i henne: Det – er – aldri – barna – sin – feil.

– Kva er det som aldri er barna sin feil? spør Tonje andelaust.

– Alt. Alt det galne vaksne gjer.

Nils er heilt skråsikker i stemma.

 

Sitatet er henta frå Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Samtalen mellom Fulle-Nils i trygdebustaden og vesle, store Tonje Glimmerdal er ein augneblink i barnelitteraturhistoria som bit seg fast i lesaren og lyttaren. Bodskapen er klår, enkel og rett. Så kvifor viser det seg å vere så vanskeleg i praksis?

            Flyktningleiren i Moria på dei greske øyene var eit helvete på jord. Bileta av leiren som blir slukt av flammar, gjer at det går kaldt nedover ryggen. Leiren har husa fleire gongar så mange menneske som det han vart bygd for. Våte og kalde barn har måtta leggje seg til å sove i tynne sommartelt midt på vinteren. Barn som manglar klede, straum, mat, vatn og helsehjelp. Barn som døyr medan dei ventar på at vaksne skal ta ansvar. Ikkje i eit krigsherja land, men i eit Europa som berre ikkje har brydd seg nok. Kvifor har vi ikkje henta dei ut? Kva har dei der å gjere? Vi har visst. Vi har hatt tid. Vi har hatt plass.

            Vi likar å tenkje på oss sjølve som ein nasjon som set menneskerettar og solidaritet høgt. I barnekonvensjonen står det at flyktningbarn skal få hjelp. At alle barn er like mykje verde og har dei same rettane. Men det gjeld tydelegvis ikkje for barna i Moria. Vi peikar på kvarandre og seier at vi må ta innvandringspolitiske omsyn. Men det er ikkje barn som startar krigar. Det er ikkje barn som teiknar opp grenser og byggjer gjerde.

            Når vi vaksne må svare på spørsmål frå neste generasjon om kvifor vi ikkje gjorde noko, kvifor vi kunne sitje og sjå på så mange folk i naud utan å løfte ein finger, så veit eg ikkje heilt kva eg skal svare. Berre ein ting er sikkert, og det skal eg seie høgt: Det er aldri barna sin feil.