Frå Utgåve 3-20
Skrive av Maria Pile Svåsand

På leiting etter kyr

Nabosniking er ikkje det det ein gong var.

Maria Pile Svåsand (f. 1986) er journalist og skribent frå Strandebarm. Ho har arbeidd i NRK Hordaland, magasinredaksjonen i NRK P2, Kulturnytt og Klassekampen.

 

Bygda eg kjem frå, er inspirasjonskjelda til Hans E. Kinck si novelle «Den nye kapellanen» frå 1897. I den døyr småbrukaren Jon Vassenden då han ramlar utføre eit stup i forsøket på å få eit glimt av framandkaren som går forbi nedanfor. «Leitar du etter kyyyr?» ropar dei forvitne, han og kona – eit greitt spørsmål å ha for å komme i kontakt med framandfolk i skogen. Ein kan jo for all del ikkje seie «kven er du, og kva gjer du her?».

 

Spionering i smug

Strandebarm er nok ikkje den einaste staden der folk lurer på naboen. Og sladder finn ein i så godt som alle samfunn. Sjølv om kanskje ikkje alle vil innrømme det, har nok både konge, småbrukar og industriarbeidar ein trong til å vite mest mogleg om både grannar og framandfolk som fer forbi. Men kva er det som driv denne vitetrongen? I dag kan ein gjerne finne sladder på bygda, men ein har også ein heil industri av nabokikking gjennom verkelegheitslitteratur, verkelegheitsfjernsyn, ei stadig aukande mengd kjendisar og ei stadig aukande mengd sosiale medium der ein kan følgje med på alt alle tek seg til.

Nyfikne på kjende og ukjende har vore eit fenomen om lag så lenge som det har vore menneske. Med meir kunnskap om naboar og framandfolk kan ein både trygge seg sjølv mot farar og skaffe seg allierte i ei hard verd. No har det å følgje med på liva til kvarandre vorte ein livsstil gjennom sosiale medium, og det har vorte milliardindustriar. I alle fall så lenge me kan gjere det i skjul bak våre eigne skjermar.

Å spionere på kvardagen til folk er kvardags. Men slik me alltid har senka stemma når me snakkar om naboen, slik me ser oss over skuldra medan me sjekkar eksen sitt nye liv på Facebook i jobbtida, slik vil me framleis ha spionering på kjende (og ukjende) litt for oss sjølve. Då søk i skattelistene vart gjorde om frå å vere anonyme og utan grenser, til å vere med innlogging og varsel til den ein søkte på, gjekk søka ned med 90 prosent. Då dei var opne, søkte kvar einaste nordmann i snitt over tre gonger i listene. Då ein måtte stå for søka sine, gjekk talet på søk altså ned frå 16 til 1,5 millionar. Eg vil helst ha spioneringa for meg sjølv, takk.

 

Inn under dyna

Om ein legg til grunn at menneske er flokkdyr, er kunnskap om resten av flokken viktig av fleire årsaker. Ein treng han for å vite kven ein kan stole på, og kven som kan vere eit trugsmål. Samstundes treng ein kunnskap om andre for å vite korleis ein sjølv kan tilpasse seg for å passe inn og ikkje verte ekskludert. På den måten vil me heller ikkje at andre skal sjå dei dårlege sidene ved oss, dei som kan gjere at me hamnar utanfor flokken.

Ei slik bakgrunnsforståing gir oss ei forklaring på forvitenskapen. Sjølv om vegen har vore lang frå bygdebøker til Facebook, er det kanskje ikkje så rart at enormt mykje av det me i dag brukar tida vår på å verte underhaldne av, er akkurat kvardagen til folk. Me vil inn, inn, inn til det aller mest private. Helst heilt inn under dyna.

Då Facebook gav oss orkesterplass til liva rundt oss, var det allereie år sidan Big Brother i 2001 hadde sett både sinne og begeistring i kok. Dritsekkfjernsynet sette sjåarrekordar og fekk så mykje gratis overskriftspublisitet som nokon berre kan drøyme om. Ei rytmisk humpande dyne den gong gav rabalder og høglydd diskusjon, men då ein million nordmenn såg finalen av showet, var TVNorge for fyrste gong i historia den største TV-kanalen i landet.

 

Stovereint

Slik me alltid har diskutert naboar og perifert kjende over nons og kaffi, diskuterer me no karakterar i røyndomsfjernsynsseriane som om dei var gamle vener. Det er jo stoverein kvardagsspionasje. For ein draum!

Dei siste to tiåra handlar meir og meir av underhaldningstilbodet vårt om folk flest. Me har sett unge og vakre på sandstrender og ved basseng som konkurrerer, drikk seg fulle og ligg med kvarandre i syttisju forskjellige røyndoms-TV-konsept. Me kan følgje familiar litt utanom det vanlege frå dag til dag, om dei er mellomdistanseløparar, imperiearvingar eller kjende for kjende vener og store rumper. Me ser folk konkurrere i å vere beste bonde, beste idrettsutøvar, beste kokk, best i å meistre fortida. Når me vert leie av den typen røyndomsfjernsyn, skrur me på true crime-seriar og podkastar, om mord for lenge og ikkje så lenge sidan. Kattemord, tigermord, moglege mord, justismord. Og så pratar me, skriv kommentarar, vert krenkte og opprørte og lurer på når det går for langt.

Å vere reality-kjendis har nærast vorte eit yrkesval, og resultatet av ein sesong på Love Island, tusen lettkledde Instagram-bilete og eit par kontroversielle utsegner er i dag definisjonen på ein selebritet.

 

Mykje vil ha meir

Det at sladder og vitelyst flytta seg frå småprat over gjerdepålane og blikk over grinda til skjermar og framsider, skjedde gradvis og seinare eksplosivt. Internett revolusjonerte sladderen, og også moglegheita til å representere seg sjølv slik ein ser det best. Det starta så smått i ymse kanalar, som Myspace, MSN, Mirc og så vidare, men det tok av med Facebook. Plutseleg hadde ein alle ein nokon gong hadde vore i kontakt med, innanfor rekkevidde. I starten kjendest den arenaen langt meir som faktisk sladder enn no. Det meste vart lagt ut, frå fylleflausar til fødselsbilete og babyar. Den uskulda er i stor grad borte. Me har alle vorte vårt eige PR-byrå, og for dei som meistrar kunsten best, er det vorte eit yrkesval å skape eit liv andre kan misunne på sosiale medium.

Me vil helst vite alt om kvarandre; å vere mystisk betyr å ha ein lite komplett profil på Facebook, og det fører meir til irritasjon enn til fascinasjon. For kva er det dei skjuler, om dei ikkje utleverer livet sitt? Personane som ikkje er på sosiale medium, det er jo nokre få av dei, kan gjere meg nesten dårleg av vitetrong. Då kjem det opp heilt grunnlause idear om liva deira, ofte ein av to: Stakkar, det har nok ikkje gått så bra. Eller: Hm, hen må vere langt tryggare i seg sjølv og leve eit langt kulare liv enn eg, som ikkje har behov for å skryte av det.

Eit anna skilje i den offentlege nyfikna var Karl Ove Knausgård si grundige utgreiing av eiga historie i Min kamp 1–6. Det kjendest nesten som ein rett å få vite kva som skjedde vidare i livet hans, etter at bind 4 var slukt og verk fem let vente på seg. Eg tenkte irritert at dette gjekk då ikkje an, då Knausgård i intervju ikkje ville fortelje om eige privatliv. Han kunne då ikkje gje meg så mykje, og så nekte å seie noko om framhaldet. På den andre sida var sjølvsagt familien hans, som ikkje var vidare imponert over å få alle skjelett slengde ut av skapa på nær 4000 sider. Sidan har ei stor vekt av dei mest omtala og lesne romanane hatt ei handling med rot i røynda.

 

Lett å gå på ein smell

Spionasjetrongen kjem særskilt når det finst andre, viktigare ting å gjere. Eit akutt behov for å vite korleis det går med ein klassekamerat frå 20 år sidan kan komme som kasta over meg midt i arbeidet med næringsoppgåve 1, og det kan tilsynelatande ikkje vente å google, facebooke og scrolle gjennom Instagrammen til personen for å finne ut om han er gift, har ungar, faktisk blei pilot og budde i London.

No har ein stort sett kontroll på liva til dei aller fleste ein nokosinne har møtt. Dei er berre eit kjapt søk unna. Men røper ein at ein har snoka på nokon, når ein møter dei fyrste gongen, då raudnar ein likevel fort.

Om me ikkje vil røpe vår eigen spionasje på folk me i større eller mindre grad kjenner, har dei sosiale media vorte eit kjært verktøy for dei som ynskjer å verte meir kjende for alle. Det kan til tider bli til ris på eigen bak. Både Nicolai Tangen sine gjester på det no famøse luksusseminaret i USA og stortingsrepresentant Masyar Keshvari sin reiserekningssvindel vart fyrst avslørte av bilete på sosiale medium. Det er fort gjort å gå på ein smell. Eit lite skrytebilete av lokallagsmøtet her, sju månader i fengsel der. Men det er jo greitt for dei forvitne, både naboar og bladfykar, å sleppe å gje seg ut i verda for å finne ut av den slags, ein klarar seg lenge med ein skjerm og internett-tilkopling.

Som med internasjonal spionasje hentar me inn informasjon om andre (i skjul) for å beskytte oss sjølve. Testar russarane atomvåpen, ja, så er det greitt å vite for eit naboland som oss. Om naboen ikkje testar atomvåpen, vil eg jaggu helst vite det om han har tenkt å ha den gneldrebikkja gåande i hagen, byte ut kona eller klippe ned tujaen.

 

Digital nabokjerring

Men kvar går grensa? Sladrekjerringa har gjerne hatt eit dårleg rykte, men ho var god å ha når ein helst ville vite kva som føregjekk der borte på garden. Jens Stoltenberg ville ha oss til å verte digitale nabokjerringar, for å kjempe mot ekstreme ytringar på nettet. Nokon som seier ifrå når ting ikkje er som dei skal. På det settet er det ikkje så dumt å spionere litt. Ein kan beskytte seg sjølv, ja, men ein kan også beskytte andre. Dei som ikkje kan beskytte seg sjølv. Barnevern og politi kjem langt med nokre nysgjerrige naboar. Ei viss redsle for rykte og blikk frå resten av samfunnet er med på å halde oss alle litt i taumane. Men det er også med på å lukke gardinene våre, å skjule dei tinga me ikkje vil vedkjenne oss.

 

Spionasje bak glansbilete

I dag er det sosialt akseptert å stille seg opp framfor kva som helst og posere med trutmunn til sitt eige kamera på ein spesiallaga sjølvipinne for å legge ut bilete med sminkefilter av seg sjølv i hopetal. Jantelova kan sjå ut til å vere gløymd for lenge sidan, no skal ein vise alle at ein er noko. Dei må berre ikkje tru noko anna!

Kanskje gjer dei nye moglegheitene og tendensane til å framstille seg sjølv i eit godt lys, å levere ei historie om seg sjølv etter eiga kuratering, til at forvitenskapen og spionasjen aukar. Om noko verkar for bra, må det då vere det, vel? Medan sjølvpromoteringa viser glansbiletet, er spionasjen oftast på jakt etter det motsette. No kjenner me også filtera som skjuler mørke ringar under augo på fargesterke bilete tekne frå rett vinkel, det ellevte bodet i Jantelova gjeld framleis – du trur kanskje ikkje eg veit noko om deg?

Me har gjerne ein sterk trong til å samanlikne oss med andre, og forsking viser at ein vert mindre lukkeleg på grunn av sosiale medium, av den grunn at liva til mange andre ser rosenraude og perfekte ut – i motsetnad til vårt eige uperfekte og ståkete liv. Då vert det freistande å leite etter feil. Det vert fort medieoppslag om kjende menneske som biletretusjerer smale midjer. Det er faktisk grenser for kva skjønnmåling av livet som er lov.

 

Insta-ferie

Ekspertane på sosiale medium, altså tenåringane, følgjer dei minste rørslene til venene sine på Snap-kartet. Via Snapchat kan dei sjå kor alle held til i verda i kvar augneblink. Og ikkje berre dei, ein eg kjenner, fekk visstnok kjenne teknologien på kroppen etter å ha besøkt eks-kjærasten i seine timar – utan å verken skru av Snap-kart eller å fortelje det til den nye flammen. Flammen slokna kjapt etter det. Det gjorde figuren hans på Snap-kartet også.

Dei same tenåringane må også levere sjølve. Ein busstur på eit par timar og ein fjelltur som nesten kostar livet, er ingenting for å få det rette biletet på Instagram. I sommar reiste eg på ferie med to femtenåringar, reisemåla vart bestemte etter kvar dei mest populære menneska på bilettenesta hadde vore. Lindesnes hadde eit godt motiv, me drog dit. Solastranda likeins. Mykje av ferien gjekk med til posering på kjende plassar, gjerne likast mogleg nokon med fleire følgjarar og eit meir kjent namn enn dei sjølve.

 

Skjerm over røynd

I Kincks novelle får dei etterlatne til Jon Vassenden endeleg svar på kven framandkaren var. Han står på kyrkjegarden i det dei gravlegg far og ektemann Vassenden, det er den nye kapellanen! Vassenden junior har tindrande augo då han får vite dette, og gløymer nesten den døde far sin. Vitetrongen om framande kan bli så sterk at me gløymer dei som er oss nærast.

Når me no er på mobilen like mange timar per dag som me er på arbeid, kan ein byrje å lure på kva det er som dreg så sterkt i oss. På ferietur med tenåringane var det lite prat i bilen. Då eg var lita, var det alltid bilturar som var staden for gode samtalar. No er det staden for ein god runde på mobilen, og for å velje ut og redigere det innlegget som skal fortelje om dagen på Instagram.

Sjølvutleveringa når nye høgder, i redigert versjon. Filter, trutmunn og smilande born er den nye søndagsstasen på kyrkjebenken. Me vil kle oss opp og vise oss frå den best moglege sida, og redigere vekk alt det som ikkje er perfekt. Eg viser meg gjerne fram, men du veit ingenting om meg.