Frå Utgåve 4-20
Skrive av Janne Nygård

Språk mot straumen

Sjølv om nynorsk og bokmål er likestilte ved lov, kostar det meir å velje det eine.

Lukkelege par seier ofte at dei vel kvarandre på nytt kvar dag og aldri tek den andre for gitt. Det er ikkje ulikt forholdet mange nynorskbrukarar har til språket sitt. Som brukarar av eit mindre brukt språk må vi velje språket vårt på nytt og på nytt. Det er eit val vi ofte må reflektere over, forklare og forsvare. Eg er i eit lukkeleg forhold med nynorsken – men eg er òg den første til å innrømme at det av og til hadde vore herleg å kunne ta det litt for gitt.

Nyleg leverte Jorunn Simonsen Thingnes doktorgradsavhandlinga Å velje minoriserte språk. Språkpolitikk og språkval i akademia ved Universitetet i Oslo. Ordet minorisert blir her brukt i staden for å nytte ordet minoritetsspråk om språk som nynorsk og samisk, for å tydeleggjere at «språkstatus ikkje er ibuande, men resultat av prosessar og forhold mellom språk snarare enn forhold ved eit språk i seg sjølv».

Thingnes analyserer kva strukturar i akademia som kan ha noko å seie for kva språkval ein gjer og kan gjere, og korleis slike språkval blir legitimerte. I avhandlinga ser ho mellom anna på kva som skjedde etter at Høgskulen på Vestlandet gjorde vedtak om å nytte nynorsk som hovudmålform. Kvifor heldt dei fram med å argumentere for nynorsk lenge etter at vedtaket var gjort? Og korleis forsvarte dei valet? Det er ei interessant forteljing om korleis språkpolitikk blir til i praksis.

Gruppa som utarbeidde dei språklege retningslinene ved Høgskulen på Vestlandet, brukte mykje tid på å grunngje valet av nynorsk som hovudmålform, sjølv om det ikkje var i mandatet deira. Dette gjorde dei òg lenge etter at vedtaket var gjort. Dei gjorde det i situasjonar der det ikkje var relevant for det som faktisk vart drøfta, og dei gjorde det sjølv om det ikkje var nokon til stades som dei trong å overtyde. Det sit i kroppen, vi kjenner at vi heile tida må forklare oss. Kvifor nynorsk, spør vi oss sjølve.

Dei formelle rammene rundt eit språk har noko å seie for statusen eit språk har. Lover, reglar og politikk er viktige for å sikre posisjonen til eit språk i samfunnet, men det er ikkje slik at det går an å regulere seg til reell likestilling. «Eitt spørsmål er kva språk det er praktisk mogleg å bruke, eit anna spørsmål er kva språk som har autoritet og legitimitet», skriv Thingnes. Og vidare: «Nynorsk og bokmål er jamstilte etter lova, men realiteten reflekterer ikkje lovverket.»

Eg veit at eg har rett til å bruke nynorsk når eg skal skrive til NAV, og det gjer det enklare for meg å gjere det. Samstundes har eg ofte ei lita røyst bak i hovudet som seier: «Men tenk om sakshandsamaren ikkje likar nynorsk.» Eg veit at det å bruke nynorsk ikkje er nøytralt, men markert. Eg veit at når eg skriv nynorsk, så vil mange legge merke til det. Eg kan ikkje svare anonymt i ei spørjeundersøking der eg er ein av få nynorskbrukarar som er med. Då vi skulle ha gruppearbeid på studiet og samarbeide om ein tekst, ville eg ha «gjort meg vanskeleg» dersom eg skulle insistert på å skrive nynorsk. Når eg skriv e-postmeldingar til FAU-styret i barnehagen i eit bokmålsområde, stikk dei e-postane seg ut. Når eg skriv ei klage til ein nettbutikk fordi eg har betalt for ei vare eg ikkje har fått, lurer eg på om det at eg skriv på nynorsk gjer at eg får dårlegare service.

Eg veit at det finst folk som har fordommar mot meg og mot språket mitt, og det gjer at dei kanskje oppfattar meg på ein spesiell måte. Bokmålsbrukarar i Noreg treng ikkje uroe seg for at språket kjem i vegen for innhaldet. Majoritetsspråka får status gjennom å vere nøytrale – det er normalen som ingen stiller spørsmål ved.

Men det å måtte velje språket sitt på nytt kvar dag, det er ikkje berre negativt. For mange språkbrukarar er kanskje resultatet at dei får eit tettare og meir medvite forhold til språket sitt enn den gjengse majoritetsspråkbrukar – eit lukkelegare ekteskap, rett og slett. Kanskje det er det som til sjuande og sist skal til for å stå imot presset frå engelsk?