Frå Utgåve 2-21
Skrive av Gunvald Axner Ims

På skuldrene til Pamuk

Dei siste åra har tyrkisk litteratur blitt omsett til norsk i eit omfang vi aldri tidlegare har sett. Dette er historia om korleis eit språkområde som tidlegare vart rekna som utilgjengeleg, nå finn vegen inn i norske bokhyller.

Dei siste 20 åra har det knapt vore eit år utan at omsett tyrkisk litteratur er komen ut på norsk. Ahmet Altan, Aslı Erdoğan og Orhan Pamuk er alle samtidsforfattarar som har fått fleire verk utgjevne i Noreg. I tillegg finst det fleire nolevande forfattarar som er utgjevne med einskilde verk: Barış Bıçakçı, Hakan Günday, Sema Kaygusuz, Zülfü Livaneli og Burhan Sönmez.

Åtte tyrkiske samtidsforfattarar – seks menn og to kvinner – er representerte i norsk omsetjing. Det burde ha vore fleire, men dei som er omsette, gjev i alle fall eit visst spekter av ulike blikk på litteraturen og samfunnet i dag.

Da eg fekk Kritikarprisen for omsetjinga av 1875-romanen Felâtun bey og Râkım efendi av Ahmet Mithat, førte det til auka merksemd om tyrkisk litteratur. Sjølv er eg spesielt glad for å få prisen for omsetjinga av eit osmansk verk, fordi eg vil at fleire skal bli kjende med den tyrkiske litteraturhistoria, som eg meiner er eit ukjent skattkammer.

Litteraturen utan historie

Eit problem eg som litteraturformidlar har vore opptatt av i lang tid, er at den omsette tyrkiske samtidslitteraturen manglar ei historie. Den etablerte litteraturen som i Tyrkia blir elska og feira, bøkene som blir utgjevne i stadig nye opplag og sette opp på pensum på studia i tyrkisk litteratur, kort sagt den tyrkiske kanon, finst knapt omsett.

 

 

I ein båt på Bosporos gjev det så lita meining å peike på den eine sida som europeisk og den andre som asiatisk, skriv Gunvald Axner Ims. Biletet viser Aya Sofia i Istanbul. Foto: Unsplash

Av forfattarar før Orhan Pamuk, som også på norsk slo gjennom på 1990-talet, er det berre Yaşar Kemal som er blitt omsett i same omfang. Desse omsetjingane kom ut på 1970- og 80-talet og var nesten utelukkande gjorde via engelsk og tysk. Det eine unntaket er Legenden om de tusen okser, utgjeven på J.W. Cappelens forlag i omsetjing av Odd Lund i 1976. Denne boka har så vidt eg kan sjå, æra av å vera den fyrste omsetjinga frå tyrkisk til norsk.

Av den verdskjende diktaren Nazım Hikmet finst det ei fin lita gjendikting til norsk, utgjeven av Aschehoug i 1990. Jeg har levd som et menneske på jorden er gjendikta av den velkjende lyrikaren Johanna Schwarz i samarbeid med Banu Gürsaler Syvertsen, som sjølv er omsetjar med tyrkisk morsmål og busett i Noreg. Det er sjølvsagt synd at ikkje fleire dikt er omsette frå tyrkisk, og ikkje tilfeldig at det var nettopp Schwarz, som i 1995 vann Ossietzky-prisen for sin innsats for ytringsfridomen, som såg at den sosialistiske eksilforfattaren Hikmet trong å gjendiktast til norsk.

Her bør òg nemnast romanen Gjøgleren og hans datter, Johanne Grieg Cederblads omsetjing av Halide Edibs roman som på tyrkisk heiter Sinekli Bakkal, utgjeven på Gyldendal i 1938. Dette kunne ha vore den fyrste norske omsetjinga av tyrkisk litteratur, men er tydeleg gjort utifrå den engelske versjonen The clown and his daughter, skriven av forfattaren sjølv og utgjeven i 1935. I norsk litteraturhistorie er Halide Edib dermed ein tidleg parallell til Elif Shafak, ein annan tyrkisk forfattar som lever i eksil, skriv på engelsk og blir omsett frå engelsk til norsk.

Ei skjult gullgruve

Medan den nær sagt kontekstlause tyrkiske litteraturen er ei utfordring for formidlaren av tyrkisk litteraturhistorie på norsk, kan det vera ei gullgruve for omsetjaren. Dei siste åra har det dukka opp ein og annan klassikar frå den tyrkiske litteraturen. Romanen Fred (tyrkisk orig.: Huzur, 1949) av Ahmet Hamdi Tanpınar kom ut i mi omsetjing på Gyldendal i 2016. Deretter kom Madonna i pels (tyrkisk orig. Kürk Mantolu Madonna, 1943) av Sabahattin Ali, omsett av Ayfer Erbaydar og Alf Storrud, ut på Aschehoug i 2018, før den nemnde Felâtun bey kom ut i klassikarserien til Skald i 2020. Med dette tempoet kan me altså vente oss nye tyrkiske klassikarar annakvart år framover, og det er mykje gull å ta av både før og etter desse tre.

Viss tyrkisk litteratur verkeleg er ei slik gullgruve eller skattekiste av løynde storverk, kvifor er ikkje meir omsett, kan ein spørja. Det er fleire moglege svar på det.

Til dømes er det eit nytt fenomen at det finst tyrkiskkunnige omsetjarar. Takk vere Bernt Brendemoen, professor emeritus ved Universitetet i Oslo og sjølv ein kjend omsetjar av Orhan Pamuk, har det blant studentane hans frå 1990-talet og utover vakse fram eit knippe omsetjarar, som gjennom bøkene og annan type formidling bidreg til å halde oppe og auke merksemda om tyrkisk litteratur i Noreg.

Lokomotivet blant forlaga har vore og er Gyldendal, der redaktørane Janneken Øverland og deretter Cathrine Bakke Bohlin har vore sentrale i å løfte fram dei etter kvart kjende samtidsforfattarane Altan, Erdoğan og Pamuk. Gyldendal var altså fyrst ute med å gje ut ein tyrkisk klassikar da Fred kom ut i serien Moderne klassikere, men heldigvis er det fleire forlag som har kasta seg på den spede trenden.

Ein internasjonal tendens

Sjølv om ingen når opp til Gyldendal si stabile oppfølging av tyrkisk litteratur, verkar det i dag som ein sjølvsagd tanke blant dei fleste redaktørar for omsett litteratur at tyrkisk er eit aktuelt språk å omsetja bøker frå. Opninga mot tyrkisk litteratur er ikkje eit særnorsk fenomen, men ein internasjonal tendens, iblant referert til som Pamuk-effekten.

Tyrkisk litteratur har trekk både frå den arabiske litteraturtradisjonen og frå den europeiske. Biletet er frå bydelen Kadiköy i Istanbul. Foto: Unsplash

 

At Orhan Pamuk, som i 2006 vann Nobelprisen i litteratur, og omsetjarane hans har vore viktige ambassadørar for tyrkisk litteratur, er det ingen tvil om. Bøkene hans er i tillegg fulle av referansar til eldre islamsk litteratur, skriven på språk som osmansk-tyrkisk, persisk og arabisk. Slik gjer Pamuk lesarane nyfikne på sentral og god litteratur som er altfor lite kjend i Vesten. Det er vanleg å snakke om at forfattarar, på grunn av skyldskapen til eldre litteratur, «står på skuldrene til kjemper». Difor er det paradoksalt at det i tyrkisk litteratur er samtidslitteraturen som banar veg for klassikarane, som på ein måte blir «kjempene på skuldrene til Pamuk».

Men sjølvsagt er det fleire faktorar som spelar inn. Tyrkiske forlag og agentur har utover 2000-talet satsa sterkt på å promotere forfattarane sine på internasjonale bokmesser som dei i Frankfurt og London, og i 2005 vart det tyrkiske motsvaret til NORLA danna, altså ein statsfinansiert distribusjonskanal, TEDA, for støtte til spreiing av tyrkisk kunst og kultur utanlands, inkludert omsetjing av tyrkisk litteratur.

Like lite som opninga mot tyrkisk litteratur er eit særnorsk fenomen, så er etterslepet det. Før eg går vidare i å beskrive stoda på engelsk og tysk, vil eg skyte inn at ho skil seg markant frå situasjonen i landa rundt Det austre middelhavet, der omsetjingar mellom språka har vore vanleg så lenge dei har eksistert.

Ei bok av litteraturvitaren Azade Seyhan, utgjeven i 2008, gjev eit døme på det nemnde etterslepet på engelsk. I Tales of Crossed Destinies. The Modern Turkish Novel in a Comparative Context var konseptet rett og slett å skrive ei nyare tyrkisk litteraturhistorie basert på dei verka som da var omsette til engelsk. Med dagens blikk var det overraskande få for eit drygt tiår sidan. Eg tek neppe for hardt i om eg seier at talet på omsette verk og forfattarar frå tyrkisk til engelsk er mangedobla sidan den tid.

2008 var også året da Tyrkia var såkalla gjesteland på bokmessa i Frankfurt, slik Noreg var i 2019. På den tida vart det ambisiøse prosjektet Die türkische Bibliothek, ein serie med i alt 20 bokutgjevingar av tyrkiske verk frå og med 1900, lansert av Unionsverlag. Til nå er 18 av bøkene utgjevne. Dette er berre ein liten del av det som er omsett mellom dei to språka i perioden, men serien har vore banebrytande når det gjeld omsetjing av moderne tyrkiske klassikarar.

Kva som skjer på engelsk og tysk, og i nokon grad fransk og italiensk, er sjølvsagt viktig for kva som endar opp som norsk litteratur. Det er ikkje tilfeldig at dei tre nemnde klassikarane som er omsette frå tyrkisk, også finst på engelsk og tysk. Det er som sagt ikkje fordi omsetjingane i dag går via desse språka, men fordi redaktørane og forleggarane treng å orientere seg om kva dei kan gje ut. Sjølv om omsetjarane kan tipse om gode bøker, kjem ein ikkje langt utan å kunne vise til omtalar på eit språk forlagsfolka kan forstå.

Verdslitteratur og verdslitteraturar

Eit nærmare blikk på boka til Seyhan gjev eit anna hint om kvifor dei tyrkiske klassikarane har late vente på seg så lenge. Den ambisiøse tittelen på serien denne boka inngår i hjå utgjevaren Modern Languages Association (MLA), er nemleg World Literatures Reimagined. Det gjev ein peikepinn om at nyopninga mot tyrkisk litteratur byggjer på ei ny forståing av ideen verdslitteratur, ein gong lansert av Goethe som «Weltliteratur», men nå altså oppdatert med bøying i forma verdslitteraturar. Tyrkisk litteratur, som uheldigvis ikkje fekk plass i «verdslitteraturen», smett med andre ord inn som ein av verdslitteraturane i vår tid.

Dette opnare verdslitteraturomgrepet er sjølvsagt også blitt kritisert, blant anna fordi det i stor grad opererer innanfor grensene som er sette for ulike lands nasjonallitteraturar. Utan aktive grep av den typen Unionsverlag har teke, hamnar ein lett i uføret der skeiv representasjon i dei nasjonale kanonane blir styrkte gjennom omsetjing. Det kan for eksempel seiast å vera tilfelle med dei tre tyrkiske klassikarane som ligg føre på norsk, som alle er skrivne av menn.

Likevel, det nye verdslitteraturkonseptet opnar altså for omsetjing frå tyrkisk, noko det gamle ikkje gjorde. I den gamle tenkinga fall tyrkisk litteratur mellom to stolar, ettersom han verken vart rekna til den sentrale litteraturen som vestleg sivilisasjon bygde på, eller til dei genuint eksotiske litteraturane som den arabiske, persiske og kinesiske. Grovt sagt ville Goethes West-östlicher Divan hatt mindre schwung om tyrkisk litteratur hadde blanda seg innimellom det tyske og persiske og viska ut aust-vest-skiljet før forfattaren kunne byggje bru over det. Dermed vart den tyrkiske romantradisjonen som voks fram som eit lappeteppe av kulturelle impulsar frå midten av 1800-talet, liggjande nokså urørt av omsetjarhand ut tusenåret.

Tyrkiske bremseklossar

Den tyrkiske promoteringa av eigen litteratur utanlands er også eit nytt fenomen. Kvifor det er slik, finst det mange teoriar om.

Ein av dei legg vekt på alle brota det tyrkiske samfunnet har vore gjennom i nyare tid. Kvar revolt, krig og kuppovertaking skapar si eiga sanning og historiefortolking, som gjer at litteratur frå tidlegare periodar brått blir rekna som uaktuell og dermed mindre interessant.

Ein annan tek utgangspunkt i den rådande vestleggjeringsideologien. Frå midten av 1800-talet, da dei fyrste romanane og dramastykka byrja å dukke opp, var idealet vestleg, fremst fransk litteratur. Den tyrkiske litteraturen har blitt vurdert som lokale etterlikningar av den vestlege mønsterlitteraturen, som alltid ligg føre i utviklinga, medan tyrkisk litteratur haltar etter.

Ettersom tyrkisk litteratur stadig har vore målt opp mot den vestlege malen, har det vore mindre interessant å sjå den tyrkiske litteraturhistoria i ein samanheng. I staden for intern røkt av litterære periodar ber kronologien i tyrkisk litteratur preg av å vera ei historie delt opp i periodar definerte av politiske omveltingar. På 1800-talet er det til dømes vanlegare å snakke om Tanzimat-litteratur, etter namnet på dei store vestleggjeringsreformene frå 1839 og frametter, enn romantisk og realistisk litteratur.

Det som kan omsetjast

Eit anna interessant aspekt er kva som gjer litteratur omsetjeleg. Eg har gjennom heile denne artikkelen skrive om litteratur etter 1850, om tyrkisk litteratur i vestlege sjangrar, ikkje minst romanen. Å omsetja eldre litteratur enn det er sjølvsagt mogleg. Frå området som i dag er Tyrkia, finst tyrkiske tekstar frå 1200-talet og frametter. Men denne litteraturen er skriven i ein islamsk tradisjon, i sjangrar som ikkje er like omsetjelege til språk som norsk. Det handlar ikkje berre om at det set andre krav til omsetjaren å omsetja ein osmansk-tyrkisk tekst, til dømes i sjangeren mesnevi, det vil seia ei forteljing på rim. I tillegg er norske lesarar lite mottakelege for den typen tekstar, og litteraturinstitusjonen er ikkje riktig bygd for bøker i uvane sjangrar.

Delar av den tyrkiske litterære kanon gjekk tidlegare for å vere uomsetjeleg til europeiske språk. Slik er det ikkje lenger, skriv Gunvald Axner Ims. Biletet er frå Kappadokia i Tyrkia. Foto: Unsplash

 

 

Ei omsetjing til engelsk av ein tekst av denne typen er gjord av Victoria Rowe Holbrook og utgjeven i ei dobbeltutgåve av MLA i 2005. Det dreier seg om mesnevi-romansen Hüsn ü Aşk, omsett til Beauty and Love (som jamvel er namna på hovudpersonane i boka). Originalen vart ferdigskriven i 1783 av ein sufileiar, eller sjeik, som heitte Galip, altså Şeyh Galip. Omsetjinga til engelsk er riktig nok i eitt bind. Det andre bindet i dobbeltutgåva inneheld grunnlaget for Holbrooks omsetjing, som er ein transkripsjon av verket frå arabisk til latinsk skrift. Holbrook har dessutan utstyrt bøkene med ein introduksjon som set verka, både transkripsjonen, omsetjinga og originalmanuskriptet, i ein kontekst. Det kan ho gjera fordi ho har skrive doktorgrad om emnet, omarbeidd til ei anna bok som heiter The Unreadable Shores of Love. Turkish Modernity and Mystic Romance, utgjeven i 1994.

Poenget er at «å omsetja» eit slikt tradisjonelt islamsk verk er ein minst fire gonger så stor jobb som å omsetja ein roman som berre er hundre år yngre – i alle fall når ein gjer det for fyrste gong. Både Holbrook og eg har fleire år bak oss med tyrkisk- og osmanskstudium før omsetjingane våre av høvesvis Şeyh Galip og Ahmet Mithat. Det er altså ikkje så mykje førearbeidet som skil dei to. Når det fyrste verket kan omtalast som «uomsetjeleg» (iallfall heilt til det er omsett) og omsetjinga av det andre får kritikarpris, har det meir med skilnaden i kor mottakelege lesarane er å gjera. Fordi forma og tradisjonen Şeyh Galip skreiv i, har vore ukjend i mottakarkulturen, krev sjølve overføringa meir enn når mottakarane får ein tekst i ein kjend sjanger.

Det gjenkjennelege og det framande

I Felâtun bey og Râkım efendi kan norske lesarar kjenne att romankontrakten som Ahmet Mithat bygde i møte med lesarane sine i originalutgjevinga – kanskje til og med betre enn dei samtidige lesarane, som i større grad trong støttestomnane i form av gjenkjennelege element frå andre sjangrar som drama, skuggeteater og munnleg forteljartradisjon. Det er med andre ord denne kjende stomnen som gjer verket forståeleg og lesarane mottakelege for dei ukjende, og dermed spennande, detaljane som finst kringom det.

Likevel handlar skilnaden i kor lett dei ulike sjangrane lét seg omsetja, kanskje ikkje om eit grunnleggjande skilje mellom tradisjonar, men meir om gradar av gjenkjenneleg og framandt. Når tre tyrkiske klassikarar er omsette til norsk, kan det absolutt opne dører i eit lite språksamfunn som det norske. Med tanke på at Felâtun bey og Râkım efendi integrerer den lyriske sjangeren gazel ved å flette inn persiske dikt av 1300-talspoeten Hâfez, er kanskje ikkje vegen såå lang og humpete inn til annan litteratur i dei islamske sjangrane heller.

Ein revolusjon i to fasar

Eksemplifiseringa av kor mykje som krevst for å omsetja eit tradisjonelt islamsk verk som Hüsn ü Aşk til engelsk, gjev likevel eit grunnlag for vidare refleksjonar kring kor stor den kulturelle omveltinga på 1800-talet var, da tyrkisk litteratur i stor grad forlét dei etablerte konvensjonane og innførte nye sjangrar.

Det er altså fullt mogleg; me kunne etablert ein levande mesnevi-tradisjon på norsk, men i staden vart det romantradisjonen som vart etablert på tyrkisk. Derfor er den klassiske islamske litteraturen framleis lite omsetjeleg til norsk, medan tyrkisk ligg ope for omsetjingar av vestlege romanar.

Det er dei som vil seia at etableringa av tyrkisk romankunst er ei form for omsetjing, idet romansjangeren blir omsett frå vestleg kultur til den lokale kulturen. Ei slik forståing bygger på eit sterkt tekstfokus på litteraturen. Alternativt går det an å sjå den tyrkiske romanen som skriftleggjering av etablerte munnlege forteljartradisjonar, som støttestomnane eg nemnde ovanfor, eller som ein møteplass mellom ulike skriftlege og munnlege tradisjonar som kjem frå ulike stadar og stadig endrar seg, i visse periodar meir enn i andre. I ei slik forståing har aust-vest-skiljet lite for seg frå byrjinga.

Samtidig er det dei som går lenger, og peiker på at den mentale endringa som ligg i vestleggjeringsprosessen, inneber radikalt nye forståingsrammer for teikna, blant anna i skrift og bilde. Slik skildrar litteraturvitaren Nergis Ertürk i boka Grammatology and Literary Modernity in Turkey frå 2011 ein skriftkultur som har gjennomgått ein semiotisk revolusjon, altså ei omvelting av korleis ein oppfattar språkteikna, i to fasar.

Den fyrste fasen var omveltinga som følgde reformene på 1800-talet. Innanfor litteraturen førte interessa for fransk – eller snarare dominansen som fransk språk og kultur fekk – i Det osmanske riket til ei radikal omvelting av det Ertürk med eit omgrep ho låner frå Jaques Derrida, kallar grammatologien. Den gjev nye forståingsrammer kring tekstane. Ertürk er mest oppteken av den forståingsramma som inneber det ho kallar eit fonosentrisk perspektiv , som tek over for det skriftsentrerte perspektivet i den islamske tradisjonen. Det betyr at idéen om at den mest grunnleggjande funksjonen til bokstavane er å representere lyd, etter kvart skyv unna idéen om bokstavar som bilde.

Med andre ord: Sjølv om alfabetreforma kom fyrst på 1900-talet, var det allereie på 1800-talet i ferd med å oppstå ei kløft mellom nyare og eldre litteratur. Den nye skriftkulturen, som ein finn i drama, aviser, tidsskrift og romanar, nærma seg det munnlege språket, og som ein konsekvens av det, synest Ertürk med fleire å meine, vart det tradisjonelle bilderike språket som lente seg på tradisjonar frå persisk og arabisk, utilgjengelege. For å forstå denne endringa kan det kanskje passe å dra ein parallell til overgangen frå naturtoneskala til temperert skala i norsk musikkhistorie. Etter kvart som orgela begynte å spreie seg i kyrkjene, skal den tempererte skalaen ha blitt så dominerande at naturtonane etter kvart vart oppfatta som falske. Slik kan forståingsrammene for teikna endre opplevinga av det vi høyrer og les.

Eit nytt alfabet

Den andre fasen er språkreforma, sentrert rundt bytet av alfabet frå det arabiske til det latinske i 1928. I realiteten bygger språkreforma vidare på den semiotiske revolusjonen som førte til endra forståingsrammer kring relasjonen språk–tekst, og var startpunktet på ei djuptgåande endring som i og med munnleggjeringa òg innebar ei tyrkifisering av språket. Ertürk ser desse prosessane i ei ideologisk ramme som innebar nasjonalisering av ein skriftkultur som hadde vore meir kosmopolitisk. Språkreforma førte med seg ei intensivert nasjonalisering då kodar oppfatta som arabiske og persiske (ettersom dei historisk sett kom frå dei språka) vart avskaffa til fordel for kodar frå vestlege språk og dei tyrkiske dialektane. Med kodar meiner eg her både vokabular og grammatiske konstruksjonar.

Ertürks perspektiv er interessant fordi det er så radikalt i framstillinga av brot, og fordi ho har eit så tydeleg maktperspektiv i analysen av dei store strukturane som styrer forståinga vår av språket. Det finst fleire variantar av ideen om brot mellom gammalt og nytt og overføring av litterære konvensjonar frå vest til aust. Om ein legg dei saman, får ein eit mektig bilde av kor fjernt det lenge var å skulla omsetja sin eigen «uferdige» litteratur til vestlege språk.

Dette perspektivet blir òg ei understreking av det synet eg presenterte ovanfor, at det er etter kvart som moderne tyrkisk litteratur blir «omsett» frå vestleg førebilde, at han blir omsetjeleg til vestlege språk. Som følgje av den semiotiske revolusjonen i to fasar fell rett og slett forståingsrammene i moderne tyrkisk betre saman med dei i samtidige europeiske språk enn med dei i det eldre osmanske skriftspråket.

Og ja, dei nemnde Hâfez-dikta som utan vidare kunne siterast på persisk i romanen frå 1875, kan dei færraste tyrkarar forstå i dag. Det talar for tanken om eit radikalt brot. Samstundes viser det at desse dikta frå 1300-talet finst i romanen frå slutten av 1800-talet, noko om at prosessen har vore gradvis, og at gamle og nye sjangrar kan eksistere i dei same tekstane. Det talar for at brotet kan tonast ned til fordel for ei forståing av ein overgang som var mindre skarp i kantane.

Å vera omsetjar

Mi erfaring med å omsetja ulike romanar som både er skrivne i og handlar om ulike periodar og kulturar i det mangefasetterte landet Tyrkia, tilseier at eg har vanskeleg for å godta omgrepet «uomsetjeleg». Visst har det skjedd enorme endringar i tyrkisk skriftkultur frå 1850 til i dag, men det har det i andre skriftkulturar òg. Mi oppleving av å omsetja er ikkje at eg riv teksten ut av ein kontekst og flyttar han over i ein heilt annan. Det er snarare ei oppleving av at ulike kontekstar flyt i hop.

Når Tanpınar ser ein parallell mellom å segle på Bosporos og ein norsk fjord, eller Orhan Pamuk flettar inn referansar til både miniatyrbildekunst og islamske klassikarar som Hüsn ü Aşk, Rumis Mesnevi og Den persiske kongeboka, Shahname, viser det at grensene vi gjerne teiknar opp for å teoretisere over dei, ikkje eigentleg er så tydelege. I ein båt på Bosporos gjev det så lita meining å peike på den eine sida som europeisk og den andre som asiatisk.

Derimot kjennest det genuint riktig å seia at litteraturen er som Bosporos, fjorden og havet, ei flate for møte mellom menneske utan faste grenser. Gjennom omsetjing får lesarar høve til å utforske nye krikar og krokar av denne gjenkjennelege flata.

Det siste året, altså det fyrste koronaåret, har eg paradoksalt nok utvida kontaktnettet mitt med lesarane gjennom å opprette profilen Tyrkisk litteratur på Facebook og Instagram. Ein observasjon som er både fin og rar, er alle tyrkarane busette i Noreg som viser interesse for tyrkisk litteratur på norsk. Dessverre er det mange som synest nynorsk er vanskeleg, openbert på grunn av det dårlege opplæringstilbodet dei har fått, men det hindrar dei ikkje i å ønskje seg dei nynorske omsetjingane. Eg har sett det same i Tyskland, at folk med bakgrunn frå Tyrkia gjerne les tyrkisk litteratur i tysk omsetjing. Då har eg tolka det som eit uttrykk for at dei yngre generasjonane les tysk betre enn tyrkisk. Men så viser interessa seg òg hjå folk som er nokså nye i landet. Kan det vera at ein omsett tyrkisk klassikar jamvel for tyrkarar skapar ei bru til tidlegare epokar, som verkar fjerne på grunn av dei omtalte språkendringane og historiske brota dei har opplevd i Tyrkia? Noko som talar for det, er at bøker som dei av Ahmet Mithat har byrja å komma i omsetjing til moderne tyrkisk òg. Men det kan òg vera at omsetjingane blir flater der nykomlingar frå Tyrkia kan invitere inn norske venner så å seia på heimebane.

 

Kjelder

Forfattarbiografiar hjå Store norske leksikon

Omsetjarbibliografiar hjå Norsk omsetjarforeining

Nasjonalbiblioteket

Lokalhistoriewiki

 

Litteratur

Ertürk, Nergis (2011). Grammatology and Literary Modernity in Turkey. Oxford University Press.

Holbrook, Victoria Rowe (1994). The Unreadable Shores of Love. Turkish Modernity and Mystic Romance. University of Texas Press.

Seyhan, Azade (2008). Tales of Crossed Destinies. The Modern Turkish Novel in a Comparative Context. The Modern Languages Association of America (MLA).

Şeyh Galip (2005). Beauty and Love. Oms. Victoria Rowe Holbrook. The Modern Languages Association of America (MLA).

Şeyh Galip (2005). Hüsn ü Aşk. Red. Victoria Rowe Holbrook. The Modern Languages Association of America (MLA).