Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Viktig melding til abonnentane

Syn og Segn har bytta leverandør for abonnementshandtering og distribusjon no ved inngangen til 2022. Ny leverandør er det nyetablerte Tekstallmenningen – tidsskrift og småforlagssentralen.

Som mange merka seg bytta av abonnementssystem i fjor haust, og då var det mange som vart forvirra fordi det var eit nytt kontonummer. Eg beklagar at det blir ei ny endring etter så kort tid, men eg er sikker på at dette er den beste løysinga for Syn og Segn på sikt.

Tekstallmenningen har fått støtte frå Kulturrådet og har som mål å gjere det lettare å drifte kulturtidsskrift. No har vi overført abonnementet ditt til deira system, og vi håpar at det ikkje skal skape problem for abonnementet ditt.

Den neste fakturaen frå Syn og Segn kjem til å ha eit nytt kontonummer på grunn av denne endringa.  

Med e-postadressa di kan du logge inn på di side her. Der kan du endre betalingsmetode for abonnementet ditt og legge inn kortinformasjon om du ønskjer det. Om du teiknar nytt abonnement, kan vi også bruke VIPPS som betalingsmetode.   

For spørsmål om abonnement, send gjerne mail til kontakt@tekstallmenningen.no

Om du har redaksjonelle spørsmål til Syn og Segn, kan de kontakte meg på astrid@synogsegn.no

Eg håpar de blir fornøgde med Tekstallmenningen!

- ANNONSE -
Exit mobile version