Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Når sosiale medium blir nasjonalsosiale medium: Fascistisk propaganda før og no

«Det finns en idé att högerextremister är bra på sociala medium. Men jag undrar om det i själva verket är såg att det är sociala medium som är bra på högerextremism.»

–          Journalisten My Vingren i filmen «Hacking Hate» (2024).

Av Jonas Bals

«Det var som å vera i 1930-åras Tyskland», sa vennen min, meir resignert enn opprørt – som om han litt trist slo fast eit for lengst etablert faktum. Nokre månader tidlegare hadde han besøkt svigerfamilien sin i Texas, medan den amerikanske presidentvalkampen stod på for fullt. Ettersom Texas er eit valdistrikt som blir rekna som sikkert republikansk, var det relativt roleg der, samanlikna med korleis det var i vippestatane. Likevel hadde han vorte overraska over kor intenst det var; hatpratet og konspirasjonsteoriane fylte alle kanalar. Heime, ute, i bilen, på butikken – overalt vart det ropt ut sinte ord om at Demokratane var fordekte pedofile, som ville kjønnslemleste ungar og viske ut kjønnsskilnader.

Sjølv har vennen min svigerforeldre som nærast er fødde republikanarar. For dei var det uaktuelt å røyste på Demokratane, jamvel i eit val der så mykje stod på spel som i fjor. Og sjølv om dei liker det han fortel frå Noreg, som ideen om eit gratis helsevesen og eit samfunn der du ikkje endar på gata om du blir kronisk sjuk, ville dei ikkje ha noko slikt i USA – då ville det liksom vore kommunisme.

Industrimagnat Henry Ford tok over avisa Dearborn Independent i 1918 og publiserte antisemittiske tekstar fram til avisa måtte leggje ned i 1927.

Menneskemakta bak algoritmane

Årsaka til at amerikanarar tenkjer slik, har utvilsamt med mykje meir enn sosiale medium og tv-stasjonar som Fox News å gjere. Samstundes er det ikkje tvil om at den amerikanske arbeidarklassen dei siste tiåra har vorte utsett for ei propagandamaskin som nesten manglar historisk sidestykke, der avsendaren i den andre enden av megafonen har vore ein overklasse med nær sagt uavgrensa midlar til rådvelde. I eit samfunn der pengar er der pengar er einstydande med ytringsfridom, og der dei offentlege utdanningane mange stader har vore i ein kritisk tilstand i fleire tiår, har propagandaen også fått lov til å verke meir uhindra og skamlaust enn i dei fleste andre demokratiske land.

I tillegg er det mykje som tyder på at ikkje berre bodskapen, men sjølve mediet er ein stor del av problemet, slik My Vingren peikar på i sitatet innleiingsvis, frå filmen Hacking hate. Dei «sosiale media», som vi har gitt eit så misvisande namn at det i seg sjølv må reknast som ein propagandasiger, vil truleg heller ikkje bli betre av dei enorme moglegheitene som er i ferd med å openberre seg i form av kunstig intelligens (KI).

Algoritmane, kaninhòl fulle av konspirasjonsteoriar og narsissistisk nettkultur, har rett nok stor makt, men bak står menneskelege maktforhold– noko vi litt for ofte har ein tendens til å gløyme. Problema våre er skapte av menneske, og kan løysast av menneske. Eit første steg på den vegen er å identifisere kven det er som er problemet, og kva slags teknologi det er dei kontrollerer.

Om det finst noko godt å seie om MAGA-koalisjonen, som i skrivande stund har overteke den amerikanske staten som om det var eit fiendtleg oppkjøp, er det at desse maktforholda no verkar i fullt flaumlys. Sam Altman, Jeff Bezos, Sundar Pichai, Mark Zuckerberg og Elon Musk: Det finst vel ikkje noko betre bilete på «broligarkiet» enn den lange rekkja av tek-milliardærar som stod oppmarsjerte på første rad framfor Trump under innsetjingsseremonien i januar 2025. Det måtte i så fall ha vore eit bilete der også den manglande brikka var med, Palantir-eigaren og J.D. Vance-patronen Peter Thiel. At han ikkje var til stades, seier truleg ein heil del om kva makt han har – og om kor viktig selskapet hans og prosjekt som Palantir Gotham og Palantir Metropolis kjem til å verte framover.

Dette var nok noko av det president Joe Biden hadde i tankane då han rett før overføringa av makta til Trump åtvara mot det framveksande oligarkiet og det han kalla «the tech-industrial complex». «Sanninga blir kvelt av løgner som blir fortalde for makt og profitt», sa han i avskjedstalen sin. Som Inga Strümke har påpeika, er det ikkje meir enn fire år sidan Trump vart utestengd frå Facebook (no Meta) då han laug om at valet i 2020 vart stole. «Nå er talepunktene til Metas leder Zuckerberg påfallende likt budskapet til Trump når faktasjekkingen i Meta avvikles», skreiv ho i Aftenposten (09.02.25).

Tek-milliardærane rundt Trump hadde hjelpt han til ein ny presidentperiode på fleire vis: ved å ta han inn igjen på plattformer som X, ved å finansiere valkampen hans, og ved å leggje til rette for ein målretta og demobiliserande kampanje mot nokre av dei viktigaste veljargruppene til Demokratane. Fleire av dei var også involverte i det grundige førebuingsarbeidet som vart gjort i form av styringsdokumentet Project 2025, som skal sikre at Republikanarane aldri må gi frå seg makta att, og som er dreieboka for det gradvise statskuppet vi no ser utfalde seg i USA.

Nokre av desse oligarkane, som tek-kongen Elon Musk (det er den offisielle tittelen hans i Tesla), brukte aktivt teknologien dei kontrollerer, som eit apparat for Trump, medan andre, som Meta-sjef Mark Zuckerberg, tilsynelatande føydde seg litt meir motvillig. «Ikkje lyd på førehand», lyder eitt av råda frå historikaren Timothy Snyder i boka Om tyranni. Tjue ting vi kan lære av det tjuende århundre. Dei rikaste mennene i USA, som har dei sterkaste føresetnadene for å kunne gjere motstand, følgde det rådet i om lag 5 sekund. No er dei alle å rekne som allierte av det fascistiske MAGA-prosjektet.

Desse sigerherrane har ikkje vunne takka vere krafta i argumentet. Dei har vunne fordi dei kan omsetje økonomisk kapital til politisk kapital, og fordi dei har utvikla kommunikasjonsteknologi og kommunikasjonsformer som bryt ned sjølve krafta i argumentet. Ved å «fløyme sona med møkk», som sjefsstrategen Steve Bannon i The War Room har formulert det, har dei ikkje berre sett den fjerde statsmakta, dei frie media, sjakkmatt. Dei har også kapra sjølve demokratiet.

I ein slik radikalt ny og annleis situasjon er det freistande å ty til språklege klisjear som «utan historisk sidestykke». Men slik er det ikkje. For vi har vore her før. Og nokre parallellar er uhyggjeleg slåande. Samtidig ligg det også eit lite håp gravlagt her. For om vi har sett liknande konstellasjonar før, så er det kanskje noko å lære for dei som vil gjere motstand?

Den rabiate antisemitten Mikal Sylten gav ut «Hvem er Hvem i Jødeverden» som vedlegg til Nasjonalt Tidsskrift. foto: rick y. / creative commons

Fascistisk makt over massemedia

I podkast-serien The Last Archive har den amerikanske historikaren Jill Lepore dokumentert korleis amerikanske høgreekstremistar for vel hundre år sidan forstod å bruke radiomediet lenge før dei politiske motstandarane deira gjorde det. Noko liknande hende i fleire europeiske land, der fascistane tidleg tok i bruk nye former for massekommunikasjon, først mot sine eigne befolkningar, og sidan i erobra landområde i og utanfor Europa.

At fascistane kom først til mølla for å male, var eigentleg overraskande. Fascismen var ei utprega høgrerørsle, og høgrerørsler var uvande med slikt som arbeidarrørsla og andre sosiale rørsler heldt på med: faner og flagg, massemønstringar og talarar som snakka til folket, ikkje til parlamentet. Fascistane kopierte mykje av dette formspråket og tok det i bruk til sine eigne formål – som paradoksalt nok innebar å slå arbeidarrørsla ned med vald.

Men fascistane tok også bruken av desse kommunikasjonsformene eit steg vidare. I ein slags pervers vekselverknad med det som etter alt å dømme var spegelbiletet deira, nemleg dei russiske bolsjevikane og dei gryande diktatura deira, forstod dei potensialet i mobiliserande mytar og forførande fiendebilete. I tillegg forstod dei ein annan viktig ting, som også vår tids fascistar har raffinert til ein politisk teknologi: at det å ta frå folk trua på uegoistisk idealisme og politisk engasjement både demobiliserer motstandaren og driv folk inn i deira eigne rekkjer. Får du folk til å omfamne kynismen og tru at alle berre er ute etter eiga vinning, – slik dei sjølve er, og kanskje verkeleg trur at alle andre er –, undergrev du samstundes trua på det Jürgen Habermas har kalla ei borgarleg offentlegheit. For om ingen snakkar i god tru, men eigentleg er ute etter å manipulere og dupere, kvifor insistere på fornuft og logikk?

Inspirert av protofascistiske tenkjarar som Georg Sorel og politiske dramaturgar som Gabriele D’Annunzio forstod fascistane dessutan at det som kunne fungere på torget og i gatene, også kunne omsetjast og utnyttast av dei nye massemedia. Det suverent viktigaste for dei då fascismen tok form, var avisene og vekemagasina – og det var nok ikkje tilfeldig at mannen som gav oss Fascismen med stor F, Mussolini, byrja gjerninga si som avisredaktør. Som leiande i «fasci di interventisti», gruppene som ivra for italiensk intervensjon i første verdskrigen, lærte han også mykje om verdien av å meistre gatene gjennom spetakkel og skodespel.

Ein annan som tidleg forstod verdien av å eige og kontrollere dei nye massemedia, var fabrikkeigaren og bilprodusenten Henry Ford. Han sytte mellom anna for at alle som kjøpte ein Model T-Ford, fekk eit eksemplar av Dearborn Independent på kjøpet. Bladet hadde han kjøpt opp rett etter første verdskrigen. Under leiinga hans og med pennen hans vart bladet omdanna til ein antisemittisk kampreiskap, som var fylt til randa med konspirasjonsteoriar og fordommar – mange av dei i form av artiklar han sjølv skreiv. Ford hadde ein eigenutvikla teori om at angelsaksarane var dei verkelege etterkommarane av Israels ti tapte stammar, og at England og USA var det verkelege heilage landet. Denne teorien hevda at Jesus ikkje var jøde, men tvert imot ein nordisk stamfar til germanarane, skandinavane og engelskmennene.

Ford skulda også jødane for å stå bak folkevandringa av svarte folk frå sør- til nordstatane, men det verste var ifølgje han at dei bygde opp fagforeiningar og øydela den frie marknadsøkonomien. Hos Ford og andre amerikanske oligarkar gjekk frykta for framande sosialistiske arbeidaragitatorar opp i ei høgare eining med rasistiske og antisemittiske skremmebilete. Ford publiserte lange utdrag frå «Sions vise protokollar», eit forfalska dokument som gav seg ut for å vere eit hemmeleg møtereferat frå den første sionistkongressen i Basel i 1897, der jødane planla verdsherredømmet sitt. Desse «protokollane» kom ut første gong i Russland i 1903, då dei vart trykte i ei antijødisk bok skriven av mystikaren Sergej Nilus. I åra som følgde, gjorde den russiske tsaren mykje for å spreie dokumentet, og falskneriet vart omsett til fleire språk. Henry Ford var blant dei som bidrog sterkast til å gjere dokumentet til den mest innverknadsrike antisemittiske teksten i verda. Allereie i 1922 vart Fords artiklar samla i boka The International Jew: The World’s Foremost Problem, som med tysk hjelp vart omsett til 16 språk og mellom anna gjengitt i norske Aftenposten.

Sjølv om det fanst antimodernistiske og kapitalismekritiske straumdrag i den tyske nazismen, var mange av leiarane store beundrarar av den amerikanske kapitalismen generelt, og av Henry Ford spesielt. Adolf Hitler, som elles ikkje var så glad i å framheve andre enn seg sjølv, lét visstnok kontoret sitt dekorere med to andre menn: ein byste av Benito Mussolini, og eit stort portrett av Henry Ford. Ford delte ut hakekorsmerke til alle sine kontortilsette, og på veggane i fabrikkane hans hang det plakatar med bodskapar som «Jødar underviser i kommunisme» og «Jødar kontrollerer pressa». Fabrikken hans i Köln fekk nokre år seinare høve til å nytte seg av den slavearbeidskrafta som vart tilgjengeleg som følgje av dei mange fengslingane i Hitlers tredje rike, og vart ei viktig brikke i den tyske krigsmaskina. Og på 75-årsdagen sin fekk Ford overrekt utmerkinga «Storkorset av ørneordenen», med eit diplom som var underteikna av Adolf Hitler personleg.

Adolf Hitler annonserte på radio 1. februar 1933 at han hadde teke over regjeringsmakta i Tyskland. foto: deutsches bundesarchiv

Hovudfienden er demokratiet

Med støtte frå menn som Ford fekk USA ein rik flora av fascistiske og rasistiske propagandagrupper, og fleire av dei knytte seg tidleg til dei europeiske fascistane. Ein mindre kjend del av denne historia, som eg skildrar i boka mi Våre kamper, er den vekselverknaden som gjekk føre seg mellom amerikanske fascistar på den eine sida, og italienske, russiske og tyske fascistar på den andre. Ein sentral figur i dette arbeidet var den amerikanske aristokraten Madison Grant, som i 1916 gav ut bestseljaren The Passing of the Great Race. Boka var ei populær-«vitskapleg» framstilling av korleis dårlege eigenskapar spreidde seg og øydela samfunn, og ei åtvaring om at «den store rasen» – den nordiske – var på veg mot undergangen sin. Boka er interessant lesnad i dag, ikkje minst fordi ho synleggjer kor lite som er nytt under sola: Demokratiskepsisen, den produserte frykta for ei stor befolkningsutskifting, konspirasjonsteoriane – alt låg føre i ei nokså lik form for eit hundreår sidan.

Det første kapittelet i boka til Grant, «Race and Democracy», slo fast at det var demokratiet som var hovudfienden. Demokratiet, skreiv Grant, hadde ein tendens til å favorisere middelmåtige på kostnad av genialitet, og svekte rasemedvitet. Desse førestillingane spreidde seg raskt over Atlanterhavet og fekk eit særleg sterkt fotfeste i Tyskland, der interessa også var stor for dei amerikanske raselovene, kjende som «Jim Crow». Géza von Hoffmanns bok Die Rassenhygiene in den Vereinigten Staaten von Nordamerika («Rasehygienen i Nord-Amerikas foreinte statar», 1913) gjekk systematisk gjennom lovgivinga og markerte byrjinga på ein gjensidig vekselverknad mellom dei to landa. Ein annan viktig «omsetjar» mellom dei to landa var Theodor Fritsch, som stod bak dei tyske utgivingane av Sions vise protokollar og Henry Fords antijødiske skrifter. Hans Handbuch der Judenfrage («Handbok i jødespørsmålet», 1907), som vart trykt i enorme opplag under det tredje riket, opna med ei hyllest av USA og evna landet hadde til å lære av sine feil. «Amerika, som har vore gjennomsyra av idear om fridom og likskap, har til no tilskrive alle rasar like rettar», skreiv han. No hadde dei innsett at dei måtte avgrense både «negrane og kinesarane», for at rasen skulle overleve.

Raselovene opna raskt døra også for andre typar lovverk mot «lågtståande» grupper av befolkninga, noko som mellom anna gjorde det mogleg å internere og sterilisere «tilbakeståande»: blinde, psykisk sjuke, epileptikarar, folk med medfødde misdanningar, men også svarte kvinner, amerikanske urfolk og white trash. Eit drygt tiår seinare kom fleire av Hitlers leiande juristar til USA for å studere desse lovene, for å vurdere om dei kunne gjere noko liknande mot jødane og andre «raseunderlegne» i Tyskland. Dei beundra Jim Crow-lovene, som dei utan å nøle samanlikna med sine eigne boikottaksjonar mot jødane, og fleire stader innførte dei reglane om at jødar ikkje hadde tilgang til dei offentlege bada, at dei måtte reise seg for «kristne» på trikken, ikkje setje seg på universitetet før alle «ariarar» var sikra sitjeplass, og så vidare. Og inspirasjonen stansa ikkje der. Nokre år seinare, medan dei ekspanderte austover i Europa, kalla leiande nazistar som Hans Frank dei ukrainske jødane for Europas «indianarar».

Ein norsk representant for denne tenkinga var den rabiate antisemitten Mikal Sylten, som frå 1916 gav ut Nationalt Tidsskrift. Sylten var ein propagandist med nase for det som låg i tida, og introduserte hakekorset som symbol før det tyske NSDAP var vorte med barn. Han publiserte med ujamne mellomrom oversikter over jødars adresser og eigedelar i Noreg, og då eit par norske jødar gjekk til sak mot bladet hans, sette han prosessane inn i eit større internasjonalt – og konspiratorisk – verdsbilete. I bladet sitt skreiv han om liknande prosessar mot Ford i USA og mot Fritschs høgreekstreme Hammer-forlag i Tyskland. Han viste til at jødar i New York hadde samla inn to millionar dollar for å danne eit «jødisk forsvar», der halvparten av beløpet var sett av til rettsprosessar mot folk som fremja antijødiske løgner og hat. Sylten hevda derfor at formålet med fondet var å «ad rettsleg vei trakassere alle som vaager at optræ i tale og skrift mot jøderne».

Akkurat som dei italienske fascistane i 1919–22 grunngav dei politiske drapa sine med at venstresida hindra dei i å bruke ytringsfridommen, gøymde også Sylten seg bak ein borgarleg rett han sjølv ville avgrense eller avskaffe. Som kjent fekk Sylten og meiningsfellane hans høve til å gjere nettopp det då Noreg vart okkupert av Tyskland i 1940. Med fleire hundre tusen utanlandske soldatar på norsk jord, standrett, diktatur, dødsdommar og etter kvart folkemord kunne Sylten begeistra erklære at parolen hans frå mellomkrigstida hadde vorte realisert: «Noreg for nordmenn.» Og tyske soldatar, då.

Internettforum som 3Chan, 4Chan og seinare 8Chan og EndChan var viktige stadar for å utvikle «nett-høgre». foto: faksimile

Nettet som frisone for hatmeldingar

I boka mi Kampen fortsetter har eg prøvd å skildre korleis fascismen gradvis bygde seg opp att i tiåra etter den andre verdskrigen, men gong på gong vart slått ned til jorda av antifascistar, tidvis med svært kontante verkemiddel. Den siste gongen ein klarte dette, var i Europa på 1990-talet, kort tid før brorparten av krigsgenerasjonen og tidsvitna døydde. Sidan 11. september 2001 har det gradvis gått frå vondt til verre, forsterka av mellom anna finanskrisa i 2008–2009 og covid-epidemien eit drygt tiår seinare. Éin av grunnane til det handlar om internett, og dei nye moglegheitene for propaganda det har skapt.

Då bladet til Antifascistisk Aksjon skreiv om oppløysingstendensane blant norske nynazistar i 1997, beskreiv dei sjølvsikkert internett som nazismens «siste skanse». Nettet var «en enkel måte for små og isolerte nazisekter til å kunne spre budskapet sitt og bygge opp en drømmeverden, der de kan late som at de er store, mektige og velorganiserte», skreiv bladet. Då hadde det svenske Ariska Kampförbundet nyleg fått seg eit eige domene, og det same hadde ytringsfridomsfundamentalistane i tidsskriftet Flashback. Eigaren deira, Jan Axelsson, etablerte på kort tid eit svært lønnsamt dataimperium som var bygd på alt som kunne provosere og tiltrekkje merksemd – omtrent slik Julius Streicher i si tid hadde gjort bladet Der Stürmer til Tysklands mest populære antisemittiske skandaleblad, med ei blanding av rasisme, porno, dryg humor, personangrep og konspirasjonstenking.

På internett var det vanskelegare å konfrontere og isolere nazistane enn i gatene og på torga. Tidlegare hadde typografar nekta å trykkje nazistisk propaganda, bryggjeri- og vinmonopolarbeidarane boikotta konsertstadene nazistane leigde, og alle antirasistar hadde kunna rive ned naziplakatar på skulen eller i nabolaget sitt. Slikt var ikkje mogleg på internett. Der trong ikkje nazistane å erobre ein pub og byrommet som omgav han, eller leige eit møtelokale for å kunne dele tankane sine med andre sinte og redde menneske. Tvert imot fann dei raskt ut at nokre av dei lettaste å komme i kontakt med var dei som sjeldan gjekk ut. Nettet vart ei frisone der nazistar uforstyrra kunne spreie hatet sitt, direkte retta til ungdommane som dei før hadde måtta oppsøkje fysisk. Eit døme var internettforumet Stormfront, som vart etablert som bulletin board-system (BBS) tidleg i 1990-åra, i samband med ein av valkampanjane til den tidlegare Ku Klux Klan-leiaren David Duke.

Seinare fekk dei følge av mellom andre Vanguard News Network (sett i gang i 2000), The Daily Stormer og eit utal andre nettsider, bloggar og nettforum. Mange av dei starta heilt apolitisk, som til dømes japanske Ayashii World (1996) og etterfølgjaren 2Channel (1998). Frå å leike med dryg humor, drive med ryktespreiing og dele tips om korleis ein kunne få seg kjærast, utvikla dei seg etter kort tid i retning av hets, konspirasjonsteoriar og kvinnehat. Mange blir fastlåste i dette tankeuniverset. Ved hjelp av konspirasjonsteoriane får dei ei kjensle av kontroll dei elles manglar, og kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyrsel. Ei uforståeleg og kaotiske verd får mønster og meining. Samtidig fører konspirasjonsteoriane til at dei i realiteten kjenner seg mindre trygge, og endå meir avhengige av nett-fellesskapa. Ifølgje Asbjørn Dyrendal, professor i religionshistorie ved NTNU, viser forskinga at dei som bruker mykje tid på slike teoriar, er meir prega av einsemd, angst og depresjon enn andre. Dei er mindre tilbøyelege til å tenkje analytisk, og «kjenner seg ofte maktesløse overfor den makten de mener er korrupt», seier han (forskning.no 15.01.21).

Demonstrasjonstog i Pittsburgh, Pennsylvania. foto: mark dixon / creative commons

Gratis falske nyheiter via nettet

Parallelt med at 2Chan tidleg på 2000-talet vart det største nettforumet i verda, voks netto-uyoko («nett-høgre») seg sterke, på ei salig blanding av historierevisjonisme om japanske krigsbrotsverk, antifeminisme og rasisme. I 2003 fekk 2Chan ein amerikansk veslebror i 4Chan (og seinare igjen 8Chan og Endchan). Anonymiteten til brukarane gjorde risikoen for sosiale sanksjonar låg, og det utvikla seg ein internettkultur der det etter kvart vart vanskeleg å skilje dryg humor frå blodig alvor. Mykje av den trakasseringa som før hadde gått føre seg fysisk, flytta over til nettet. Der vart svartskjortene, valden og mobbinga til trolling og truslar, som kanskje ikkje er ei like effektiv form som brannbomber og steinar gjennom folks soveromsvindauge, men som likevel ofte fungerer etter hensikta.

Året etter, i 2004, vart Facebook etablert. Med ei grov forenkling kan ein seie at nettforum som 8Chan og Endchan vart viktige for dei som allereie var radikaliserte, medan Facebook utvikla seg til å bli ein arena der nye (og ofte litt eldre) menneske kunne bli radikaliserte. Facebook vart ein arena der ein kunne fiske etter nye rekruttar, godt hjelpt av algoritmane selskapet utvikla, som dytta brukarane vidare ned i kaninhòlet så fort dei hadde byrja å skli. Samtidig skjedde det ei politisering av den ironiske og normbrytande nettkulturen, til å byrje med i retning av amerikanske libertarianarar som Ron Paul, som gradvis dreidde over til å bli det som skulle bli kjent som «alternativ-høgre», Alt-Right.

På kvart sitt vis har desse nettsamfunna stått sentralt i utviklinga av nye transnasjonale former for høgreekstremisme og fascisme. Mange av dei gøymer seg bak ein ironisk fasade og liberale ideal om ytringsfridom, takhøgd og rausheit. For fascistane som innsåg kva potensial denne nye verda baud på, var det ikkje berre ein billig, nærast gratis måte å spreie propaganda på; det var òg risikofritt. På nettet risikerte dei ikkje bråk og konfrontasjonar om dei stilte seg opp med propagandaen sin, og dei kunne eggje andre til handling i den verkelege verda, medan dei sjølve var på trygg avstand.

I dag er vi i ein situasjon der falske nyheiter, desinformasjon og propaganda er gratis, samtidig som tilgangen til redaktørstyrte medium og kvalitetsinformasjon ofte er bak betalingsmur. Samtidig er tek-kapitalistane som eig vår tids viktigaste offentlegheiter, sjølv vortne fascistar, eller medløparar til fascismen. I tillegg til at fascistar er gode på internett og lykkast i å spreie mykje falsk informasjon, og generelt nyt godt av ein generasjon som er meir vand til å hente informasjon frå bilete og video enn frå tekst, slit vi også med eit grunnleggjande tillitsproblem som truleg vil vekse seg endå større når KI gjer det mogleg å fylle sona med endå meir møkk. For korleis kan vi stole på nokon som helst slags informasjon, dersom brorparten av det som omgir oss, er falskt? Korleis unngå å bli ein kynikar, dersom det er kynikarane som set tonen og dominerer dagsorden? Korleis forklare at eit problem er samansett, dersom alle er samde om at den enklaste forklaringa er den beste? Og korleis argumentere på basis av logikk, fornuft og genuin meinings- og interesseforskjell, dersom dei vi ønskjer å diskutere med, er overtydde om at vi utgjer ein eksistensiell trussel, eller at vi uansett ikkje seier det vi eigentleg meiner?

Alt dette er store og eksistensielle spørsmål, som eigentleg koker ned til éin ting: kontrollen over (meinings)produksjonsmidla. Det gjer ikkje problemet lettare å løyse, men det er der vi må begynne.

Tilrådde ressursar

https://www.aftenposten.no/kultur/i/qP60vL/de-skjuler-seg-bak-kodespraak-og-estetikk-slik-brukes-tiktok-til-aa-spre-nazistisk-ideologi

ISD Global: https://www.isdglobal.org

- ANNONSE -
Exit mobile version