Har meir att å lage 

- ANNONSE -

Oddvar Torsheim er 87 år gamal, men tenkjer lite på at det kanskje snart er slutt. – Mor mi vart 100 år og tre månader.  

Publisert i Syn og Segn 02/26

Tekst og foto: Kai Flatekvål 

 
– Kreativiteten er ei kløe som aldri slepper taket. Berre sjå her. 

Oddvar Torsheim peiker på dørkarmen heime i Førde. Eit ukjent tal små lappar, i alle fargar, heng i usystematisk orden.  

– Det er stikkord. Eg skriv ned stikkord heile tida. Og ein morgon seier eg til meg sjølv, at no må eg teikne noko av dette. Dermed set eg meg ned og finn fram alt eg treng.  

Kunstnaren med den særeigne streken blir stille. Blikket glir forbi det store stovevindauget som rammar inn Førdefjorden. Det er mellom desse høge fjella, som stuper skrått ned i fjorden, at sunnfjordingen finn inspirasjonen.  

– Kva ser du på der ute? 

– Ser du at fjella og fjorden ser ut som baksida av ein konvolutt, bryt han ut i barnleg glede. 

– Og så teiknar du det som dukkar opp? 

– Nei, eg utset det til dagen etter, seier Torsheim og set auga i veggen så tapetet skjelv.  

Der inne, bak skjeggstubbane, det vidopne blikket, pulserer det eit sinn som har skapt surrealistiske kunstverk lengre enn han sjølv hadde trudd.  

Den høgreiste, svartkledde sunnfjordingen med det karakteristiske raude skjerfet kring halsen fortel at han treng ein pause.  

– Eg tek ofte ein pause frå dette, fortel kunstnaren og ser kring seg.  

Stova hans er fylt opp med strekteikningar, bunkar med kunst. Bob Dylan kviler på sofaen og ei strekteikning av eit skip ligg på golvet. Små lappar med tusen ord heng overalt. Bøker og papir blanda i kvarandre og ikkje minst eit ukjent tal kaffikoppar. Det let seg nærast ikkje gjere å gå der inne.  

Det er akkurat slik Oddvar Torsheim vil ha det.  

Nei, eg utset det til dagen etter

– Det kjem idear til meg heile tida. Dei forsøkjer å rydde opp her inne, men det vert slik ikkje lenge etter uansett, seier han.  

Men no treng han ein pause. 

Når kunstnaren frå Førde meiner ein pause, meiner han ein tur til Oslo. Der bur dotter hans, Jorunn Torsheim, og dit dreg han når han treng å kome seg vekk frå bygda, kaotisk stove og utsikten til fjorden.  

Den 87 år gamle sunnfjordingen kjem nærast hoppande over gangfeltet, fullstendig urørt av at han for mindre enn to år sidan stupte ikkje langt frå møtestaden vår og knakk hofta. 

– Dei seier at slike som meg ikkje lever lenge etter eit slikt brot, at dei fleste døyr. Men eg sit no her enno, seier Torsheim og gliser.  

Fryktar ikkje etterlivet 

Det einaste synlege teiknet på at det gjekk gale den gongen, er stokken han har tatt i bruk, den òg med ei raud sløyfe med skjeftet.  

– Du har vorte 87 år gammal? 

– Ja, ikkje mykje det, sant? Kvar gong eg går forbi ein 70-åring, tenkjer eg «fy fasan så gamle dei ser ut». 

Torsheim funderer ikkje mykje over at det ein dag er slutt, sjølv for han.  

– Mor mi vart 100 år og tre månader. Ho var skarpsindig, skal eg fortelje deg. Nei, eg grublar ikkje mykje over døden. Eg er rett og slett ikkje særleg skvetten lenger, så det får gå sin gang.  

Han fortel at oppveksten var av det strenge slaget, og ikkje minst kristne slaget.  

– Eg er jo godt bibeltrent og strengt oppdregen. Mor mi kom nok rett inn forbi himmelporten då ho døydde. Eg heldt henne i handa då ho fór, lukkeleg i trua, seier han. 

Torsheim har tidlegare vore open om at den kristne oppveksten skremde vitet av han.  

– Det var jo ein skrekkblanda fryd då ein fekk høyre om helveteselden og alt mogleg. I mine verste periodar såg eg heile Johannes openberring komme dettande ned gjennom lia, kan eg fortelje.  

Livet er eit mysterium. Ein får vere glad ein er fødd

Torsheim fryktar korkje etterlivet eller nokon av evangelia lenger. Han tek det som det kjem. Det skarpe blikket fortel at det framleis er både glød, gnest og galskap der inne.  

Han meiner det er sunt å gruble på alt, både livet og det som kanskje kjem etter. 

– Det er ikkje skadeleg, nei, men med grublinga kjem migrenen òg. Eg skulle gjerne sloppe han, men eg har funne ut at han er ein del av kreativiteten. Hadde ikkje migrenen vore der, så hadde det kanskje ikkje kome noko frå meg, seier Torsheim. 

Sunnfjordingen er vide kjent for sin surrealistiske og samfunnskritiske satire. Kvinnelege former og humor er ein sentral del av uttrykket når han set penn på papir og stikkord vert til strek.  

– Det er mykje tøys og alvor i teikningane dine. 

– Ja, det er jo mykje tøys i tilværet og, så det vert ein peikepinn på livet. Eg kjenner ein som sa at «eg trudde ikkje mine eigne auge, men dette er livet», fortel Torsheim.  

Han peiker ein stødig finger mot hovudet.  

– Det er mykje som går føre seg her inne. Milliardar av data som skal ut. Mykje tull òg. Det er mykje å dele, men eg er jo ein vasekopp, så då vert kunsten òg slik. Det er ein del av alt saman, seier Torsheim og vert stille. 

Mykje tyder på at samtalen held fram inne i hovudet. Han fiskar fram ei godt brukt skriveblokk og blar i henne. Tusenvis av ord i alle retningar er skribla ned på papiret. Forståelege og uforklarlege bokstavar like asymmetriske som kvinneskikkelsane han er så kjent for.  

– Livet er eit mysterium. Ein får vere glad ein er fødd.  

Måtte kutte drikkinga 

Han har for lengst forstått at plagene i livet er ein del av kreativiteten, eller migrenen, som han sjølv kallar det. 

Den særeigne stilen han har utvikla vart fødd under studietida i grafiske akademiet i Charlottenborg i København. 

– Eg drog dit med ein bunke teikningar. Det var eit lite under at eg kom meg inn der, men i studietida vart eg meir konsentrert om kunsten. Det er ikkje sikkert at eg hadde komme inn der hadde eg søkt i dag. 

Whisky er for lengst bytta ut med brus og svart kaffi. 

– Ja, eg må ha han svart. Sjømann, veit du. 

Det byrjar å verte nokre år sidan han vart kasta ut frå Theatercaféen i fylla.  

– Ja, alkoholen forstyrra alt saman.  

– På kva måte? 

– Ein ser på alt som fantastisk når ein drikk, men det er jo berre tull. Ettersom eg vart eldre, så forstod eg at alkoholen berre var øydeleggande. Rusen er destruktiv. Det vert ikkje noko trykk i livet om ein drikk, så eg slutta, fortel han.  

Det var ei som sette foten ned for drikkinga, som fekk Torsheim til å ta situasjonen på alvor. På ekte alvor. Dotter hans. 

Ho hadde mykje å gjera med at alkoholen gjekk frå ein god kamerat til ein fråfallen kjenning.  

Eg sa ikkje frå til mor mi. Ho måtte reise til Bergen for å finne ut at eg hadde reist av garde

– Eg seier at ei sinna dotter er betre enn ti terapeutar, men det var sunt for meg at ho var sint. Ho sa jo det på den riktige måten. No er det slutt. Det er 25 år sidan, og eg treng ikkje alkohol meir, seier Torsheim.  

Han er ferdig med det han kallar for hurralivet. 

– Alle kompisane mine er jo daude, så det livet er over, seier Torsheim.  

– Har du vore mykje aleine med kunsten din? 

– Om ikkje det var mine eigne bilete at skulle lage, så ville eg ikkje gjort det. Då ville eg heller vore sjømann, seier Torsheim og ler.  

Sunnfjordingen var til sjøs i eit heilt år. Då Torsheim var 18 år fann han vegen til mønstringskontoret i Bergen og fekk seg hyre.  

Eventyret som messegut på dei sju hav varte i eitt år. 

– Eg sa ikkje frå til mor mi. Ho måtte reise til Bergen for å finne ut at eg hadde reist av garde. Eg tok sjansen og fekk meg eit fantastisk år til sjøs, seier Torsheim.  

69 år seinare er det berre minna som er attende frå tida i sjøfarta.  

Etter det har sunnfjordingen sett sitt tydelege preg på norsk biletkunst og samfunnsliv. Frå heimstaden Førde har Torsheim teke teiknepennen fatt og raljert med alt frå etterkrigstida, kjønnsrollekamp, kraftutbygging til samfunnet i det heile.  

Mannen med den gjenkjennelege svarte dressen, raudt skjerf og midtskil, har gjennom sine tolkingar av Beatles- og Bob Dylan-tekstar sett sitt evige preg på norsk, og ikkje minst nynorsk, kunstformidling.  

Han har ikkje starta alle kunstdebattane sjølv.  

Stig Eikaas-marerittet 

Biletkunstnar Stig Eikaas sin hyllest i granitt av sunnfjordingen har skapt overskrifter, harme og glede. Då Eikaas seint på 1990-talet bestemde seg for å portrettere kjente, vestlandske personlegdommar i grov granitt, vart Torsheim, med sin særeigne stil, eit perfekt motiv.  

Den første statuen av han vart laga i 1998 og plassert i Gloppen Skulpturpark på Byrkjelo, men det var statuen som vart reist nær elvebredda ved Jølstra i 2003, som fekk historia kring Eikaas og Torsheim-statuane til å skyta fart. Denne statuen vart raskt eit lokalt landemerke, der lokale innbyggjarar ofte har kledd statuen opp med ekte skjerf om vinteren.  

Sidan har det vorte fleire granittportrett av Oddvar Torsheim signert Eikaas. Men ikkje alle var like begeistra for Eikaas sin kontinuerlege hyllest til Førde-kunstnaren.  

Dåverande ordførar i Naustdal meinte at kommunen hadde heidra Torsheim nok og peikte på Kyra, ei fleire meter høg, gravid ku, inspirert av Torsheim-biletet «Nedkomst». Kua er laga av kunstnaren Geir Hjetland, er av stål, fire meter høg og veg 1700 kilo. 

I 2002 skildra Bergens Tidende marerittet til kunstnarar og kunstinteresserte i Sogn og Fjordane slik: «At det dukkar opp skulpturar signert Stig Eikaas overalt, i kvar ein tettstad, på kvart eit nes, i alle offentlege rom.» 

Torsheim sjølv liker kunsten Eikaas har laga av han. 

– Ja, eg er svært glad for det han gjorde. Det er trass alt betre å få ein bauta enn ein gravstein, seier han og legg til: 

– Det vart til dei grader bråk om dette, men ingen har stole statuen enno. Eg bad aldri om å få ein statue av meg, men eg er veldig glad for at han står der. 

Pornografien heng på soverommet 

Det er ikkje berre granitt som vert ståande att når Oddvar Torsheim går ut av tida. Tusenvis av teikningar, musikk og bøker vert ståande att som eit prov på eit langt kunstnarleg liv.  

Han har fått sitt eige galleri i Bremanger kommune, nærmare bestemt i fiskeværet Kalvåg. Galleri Torsheim ligg på Knutholmen, som opna dørene i 2024. 

– Kva trur du vert hugsa av det du har laga? 

Torsheim tek oss med på ei rask reise om Edvard Munch og Leonardo da Vinci, kva kunst som vert hugsa og kva som vert gløymt. Sjølv om sunnfjordingen dreg liner frå den eine kunsthistoriske giganten til den andre, er det ein audmjuk Torsheim som får beskjed om å vurdere sin eigen kunst, og kva som kan komme til å stå etter han når den dagen kjem.  

– Eg trur «Susanna frå Sunnfjord» og «Katt og mus» vert hugsa av det eg har gjort. Den siste er noko halvpornografisk og heng i ganske mange soverom, seier Torsheim og humrar.  

Han har fått mykje kjeft for kunsten sin.  

– Ja, mykje kjeft for alt mogleg. Det har jo vorte kalla pornografisk og mykje anna. Men så har det gått litt fort i svingane av og til, så eg har fått oppleve heile pakken av svar, utan at eg bryr meg særleg om det, seier Torsheim. 

Sjølv om det i fleire høve har hagla sinte ord som blasfemi og pornografi, har det òg kome litt skryt hans veg. 

– Ja, i grunn har eg fått mest skryt. 

På spørsmål om Oddvar Torsheim er nøgd, kjem svaret kontant: 

– Nei. 

– Eg er ikkje nøgd. Eg arbeider heile tida. Kvar gong eg lagar eit bilde, så synest eg at eg har fått til noko, men så kjem kløa om at eg må gjere det betre. Den kløa kjem alltid. Kreativiteten er ei kløe som aldri slepper taket, seier 87-åringen med klinkande runde auge, som hadde fått satan sjølv til å skjelve. 

– Då vert eg sur og misnøgd. Eg trudde eg skulle verte ein hyggeleg kar, men det er eg ikkje, då, seier han og ler.  

Torsheim veit ikkje kva han heller skulle gjort, om ikkje kunstkløa var der og pirka borti han heile tida.  

– Eg veit ikkje kva eg skulle vorte. Det er litt seint å verte sjømann att no.  

Oddvar Torsheim innrømmer at han surrar litt, utan at det plagar han nemneverdig. Han retter seg opp når kamera erstattar penn og papir.  

– Før var eg ein langhåra pøbel. No er det ikkje mykje pøbel att i meg, men eg har midtskil, seier han og dreg fingrane over håret.  

- ANNONSE -