Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Folket som vart delt i to – ei kort historie om samane

Det er nesten ingen samar att i Russland. Mange har flykta for livet til Noreg og Sverige og kan ikkje reise heim.

Tekst av Emil Askvik Hosøy
Foto av Natalya Saprunova

Publisert i Syn og Segn 04/25

I Noreg er altaaksjonen i 1979 kanskje det fremste symbolet på å fremja samiske rettar, som var den største sivile ulydnadsaksjonen i Noreg. Altavassdraget vart bygd ut, men kampen gjekk vidare. I oktober 1989 vart Sametinget oppretta, med påfølgjande større råderett lokalt for samane i Noreg, og fornya motstandskraft i tiåra som følgde.  

Same året, lenger sør i Europa, fall Berlinmuren, og Sovjetunionen kollapsa snart etter. For dei russiske samane byrja urfolksrettar etter den nordiske modellen å sjå ikkje berre mogleg, men sannsynleg ut.

I dag er det mest ingen russiske samar som snakkar samisk eller driv med reindrift eller andre tradisjonelle handverk. Berre kring 1600 er att av dei sokalla kildinsamane, og talet minkar stadig. Fleire av dei som framleis var att på Kolahalvøya er no drepne på slagmarkene i Ukraina. Korleis kunne det gå så gale? 

– Eg kan sakna heimen min, huset mitt, men ikkje landet eller folka der, seier Andrei Zhvavyi.

Han er frå Lovozero, den største samiske byen i Russland, men lever i eksil i Finland. Dei vanskelege vilkåra i Russland har sendt han og fleire med han på flukt til nabolanda i Norden. Det har òg kome fleire til Noreg, i sommar byrja dei første å få asyl i landet, etter å ha venta i to og eit halvt år.

Omfattande russifisering

For å forstå denne utviklinga, må me forstå minoritetspolitikken i Russland breitt sett. Det meiner Kyle Marquardt, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han har forska mykje på Putin-regimet og krigen i Ukraina.

– Ein viktig ting å forstå er at kring 20 prosent av folk i Russland ikkje identifiserer seg som etniske russarar. Dei fleste av desse gruppene er på mindre enn éin prosent av den russiske befolkninga, så mange av gruppene er ganske små.

Tidleg i sovjetperioden ønskte Sovjetunionen å framstilla seg som anti-imperialistisk, med mål om å oppnå støtte i den særs multietniske befolkninga. Som del av dette prosjektet, sette den sovjetiske regjeringa seg imot det dei kalla «storrussisk sjåvinisme» og støtta den kulturelle utviklinga til minoritetsgrupper. Under Stalin vart mykje av denne same politikken nytta til undertrykking i staden for.

– Stalin reinska ut mange folk med minoritetsbakgrunn frå kulturlivet og intelligentsiaen, og gjennomførte brutale massedeportasjonar av heile folkegrupper. Sjølv etter at Stalin døydde, heldt staten fram med å leggja vekt på å utvikla ein felles sovjetisk identitet, som i stadig aukande grad betydde russifisering.

På dette tidspunktet hadde dei aller største folkegruppene ein heim i eigne sovjetrepublikkar, som til dømes ukrainarane, og desse reiv seg laus då unionen kollapsa. Desse hadde større høve til å ta var på sin særeigne kultur, enn dei som levde innafor grensene til russiske republikken, sjølv om også desse gruppene hadde sine bekymringar.

– I mange russiske regionar såg ein ei aukande frykt for at ein kom til å mista identiteten sin, seier Marquardt om desse gruppene.

Dette vart særskild klårt under Gorbatsjov og Glasnost, då etniske grupper fekk større høve til å lufta sine eigne bekymringar. Mange kravde mellom anna større aksept for kulturelle program og skulegang på sitt eige språk i større grad enn dei tidlegare hadde hatt.

Då heile unionen fall saman få år seinare eksploderte denne nasjonalkjensla over heile Russland, og fleire urfolk og andre grupper tok sakene i eigne hender. Somme oppretta foreiningar for eigne interesser, medan andre erklærte varierande grad av sjølvstende, utan at dette nokon gong vart særskild godt definert.

Marquardt trekk mellom anna fram to republikkar: Tatarstan, som gjekk så langt som å senda diplomatar til utlandet, og Tsjetsjenia som kjempa til seg ein kort periode med uavhengigheit i den fyrste Tsjetsjenia-krigen.

– Eit breitt spekter av ulike grader av sjølvstende oppstod i ulike regionar. Det har vore ei av Putin sine største prioriteringar frå dag éin, å redusera dette lokale sjølvstendet, seier Marquardt.

Sjølvstyre i kollaps

I dette kaoset oppstod to organisasjonar som arbeidde for interessene til dei russiske samane. Den eine, Foreininga for Kola-samar (AKS), vart skipa i 1989, og arbeider for samisk kultur og språk på Kolahalvøya. Den andre var Foreiningar for Samar i Murmansk Oblast (OOSMO), som jobbar for det same, og som i hovudsak er basert i Lovozero. Dette er byen i Russland med høgast samisk folketal, og truleg den einaste med ein skule der born kan læra samisk.

Faktisk gjekk det så bra at foreiningane i 2008 føreslo å skipa eit sameting på den nordiske modellen, men alt den gongen var det klårt at oppoverbakken for minoritetsrettar i Russland byrja å verta brattare. Dagbladet, i ei i etterpåklokskapens ljos alt for optimistisk sak, refererte den gong til lokalpolitikaren Jevgenij Nikora i Murmansk, som meinte eit slikt ting ville vera grunnlovsstridig.

– Etniske parlament er uaktuelle i Russland. Det er mogleg å kalla det eit parlament, men det får inga reell makt, sa Nikora den gongen. 1

Det skulle visa seg å stemma. Derimot vart både AKS og OOSMO med i Samerådet, høvesvis i 1992 og 2000, ei samanslutning av samar frå Noreg, Sverige, Finland og Russland, men …

– Det samarbeidet har vore på pause sidan krigen braut ut.

Det seier Áile Jávo, generalsekretær i Samerådet. Ho fortel at arbeidet over grensa har vore ikkje-eksisterande sidan fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022. Det er vanskeleg, både personleg og profesjonelt.

– Å ha ein del av folket vårt me ikkje har kontakt med er vanskeleg. Det er snakk om vener, kollegar. Det er våre brør og søstrer. Fram til krigen hadde me også tilsette på russisk side.

– Korleis var samarbeidet før krigen?

– Då hadde me eit heilt vanleg samarbeid. Russiske side var ein integrert del av vår verksemd, og me hadde tilsette og medlemmar i alle fire land. Heile organisasjonen vår er bygd på dette likeverdige samarbeidet.

Reint bortsett frå at det i dag er vanskeleg å kryssa grensa til Russland, er det også andre grunnar til at samarbeidet er lagt på is. Dei særs strenge spionlovane i Russland gjer det direkte farleg for fleire urfolksaktivistar å ha kontakt med utlandet.

– Det viktigaste for oss er personleg tryggleik. Me veit at Russland har ein del nye lovar mot framande agentar, som dei kallar det, som no også kan omfatta privatpersonar. Kva som reknast som greitt samarbeid er vanskeleg for oss å vurdera, seier Jávo.

– Det finst ein risiko for at eit samarbeid med oss vil falla inn under spionlovene, understrekar ho.

Lovane Jávo refererer til er særskild dei frå 2012, som stipulerer at alle organisasjonar som tar imot økonomisk stønad frå utlandet skal registrera seg hjå styresmaktene. Minoritetsgruppene i Russland var somme av dei fyrste som fekk kjenna desse lovene på kroppen, allereie i 2016, då Rodion Sulyandziga vart arrestert og fekk heimen sin ransaka. Han var leiar for RAIPON, ein organisasjon som arbeider for urfolk sine rettar nord i Russland, som samane og nenetsfolket, og som i dag er fullstendig under statleg kontroll. 2

I dag held Samerådet fram med samarbeidet utan Russland, og ser fram til den dagen krigen er over og relasjonane mellom urfolksgruppene kanskje kan takast opp att.

– Eg lengtar etter den dagen me kan ta opp att kontakt og samarbeid, og eg håpar relasjonane mellom oss ikkje er øydelagde for alltid, avsluttar Jávo. 

Sjå deg ikkje attande

Etter utbrotet av Ukraina-krigen har ting vorte mykje verre. Ikkje berre er samane der no meir eller mindre isolerte frå omverda, på grunn av stengte grenser og kontrollert internett. Fleire frå den vesle folkegruppa er sende til fronten.

– Minst åtte russiske samar er drepne i krigen. Eg trur to framleis kjempar.

Det seier Andrei Zhvavyi, samerettsforkjempar som i dag bur i eksil i Finland. Han flykta frå heimbyen Lovozero på Kolahalvøya for å sleppa unna mobiliseringa i Ukraina-krigen.

– Samane er ein liten nasjon. Åtte menneske er mykje for oss, og sjølv om eg ikkje kjende dei personleg, er det framleis tungt, seier Zhvavyi.

Når han får spørsmål om han saknar landet sitt, dreg Zhavyi litt på det. Han er ikkje heilt sikker på kva han skal seia.

– Av og til gjer eg det. Eg er fødd i Lovozero, og eg kan sakna heimen min, huset mitt, men ikkje landet eller folka der.

Zhavyi ser i dag på samebyen som ei tvangstrøye for folket sitt. Han meiner dei vart samla der av sovjetiske styresmakter for å kontrollera dei.

– Eg kallar det eit reservat, seier han.

Og kanskje har han rett i det. Under kollektiviseringa av landbruket i Sovjetunionen, vart også reinsdyrflokkane råka. Samane, og andre folkeslag som gjeta reinsdyr, vart sterkt oppmoda om å slå seg til ro, og gjeta dyr frå faste bustader heller enn å leva som nomadar. Det var på denne tida, frå 1950–70-talet, at mange samar busette seg i Lovozero.

I dag er det mest ingen russiske samar att som held på med den tradisjonelle reindrifta, sjølv om det har vore noko arbeid dei siste åra med å gjenoppliva det på tvers av Sibir og Mongolia.

– Eg veit ikkje kor mange som driv med det lenger, men kanskje 10 til 15 personar. Det er eit lite tal. I Lovozero har me også ein del Komi-folk, og det er fleire av dei enn av samane som driv med det i dag.

Dobbel minoritet

Også andre minoritetar merka utbrotet av krigen godt, men somme har klart å halda fram eit moderat samarbeid med partnarane sine i utlandet. Blant dei er dei skeive i Russland. I ni år har dei samarbeidd med norske organisasjonar om Barents Pride, ei pridefeiring i Kirkenes med deltakarar frå både Noreg, Finland, Russland og Sverige.

– Det er heldigvis framleis høve for samarbeid over grensa. Barents Pride er forankra i dette samarbeidet, sjølv om det no er meir rigide visumordningar, mildt sagt, seier Lars Kaupang, leiar for pridefeiringa på grensa. 

Han fortel at trass i vanskane med å passera grensa, kjem det russarar til feiringa kvart år.

– Dei er kjende med risikoen når dei skal attende til Russland. Me har strenge rutinar og planverk i tilfelle det skulle skje noko.

– Korleis har utviklinga vore sidan krigen braut ut?

– Det har vorte vanskelegare. Mange valde å flykta, men mange har også vorte att fordi dei vil kjempa mot undertrykkinga frå innsida. Det er ein rett me ikkje kan ta frå dei, men det er enkeltpersonar me har tilrådd å flykta landet fordi det er for farleg for dei der.

Kaupang seier dei også har hatt noko kontakt med samiske organisasjonar på russisk side, og somme skeive samar der.

– Det er ikkje ei stor gruppe, men dei finst, og me har hatt dei med til Kirkenes. Somme kjem kvart år, medan andre kjem av og til.

Skeive russarar opplever på eit vis dobbel undertrykking. Ikkje berre er dei ein kulturell minoritet, som staten prøver å russifisera. Dei er også ein av dei mest utsette og mest synlege fiendane til Putin-regjeringa. Den skeive eksilrussaren Jelena Kostjusjenko formulerer det slik:

– Når du skal byggja ein god fascisme, treng du indre og ytre fiendar. Som ytre fiende fungerer Europa, USA eller Ukraina heilt fint. Som indre fiende treng du ein synleg minoritet, og me passar perfekt til det.

Russarar og andre soldatar

Dei skeive i Russland vert undertrykte og fengsla i stort omfang. Andre russiske minoritetar har vorte rekrutterte i uproporsjonalt store tal til slagmarka i Ukraina, samanlikna med etniske russarar. Fleire av dei mindre gruppene står rett og slett i fare for å døy ut. Dette gjeld mellom anna inuittar og medlemmar av Tsjuktsji- og Tuvan-folket. Ikkje minst har Telengit-folket lidd store tap, og har i følgje London School of Economics3 mista minst ein prosent av alle medlemmar av gruppa.

Faktisk er rekrutteringa så konsekvent ujamn at somme har vore bekymra for at den russiske hæren med overlegg rekrutterer frå desse gruppene for å verta kvitt dei, eller i det minste redusera talet på dei kraftig.

Dette seier professor Marquardt at det ikkje definitive bevis for. 

– Etter fullskalainvasjonen i 2022 hadde du ein del bevis på det. I den fyrste bølgja av soldatar var det mange minoritetar, men dette er ikkje er ein eksplisitt politikk.

Mange av gruppene kjem frå område i Russland som er fattige eller tungt militariserte, til dømes Kaukasus og grenseområda mot Kina. Særskild Buriyatia og Tuva har sendt mange soldatar i krigen.

I ein artikkel viser forskaren Alexey Bessudnov etter analyse av tilgjengeleg statistikk at rekrutteringa av etniske russarar i desse områda er på linje med tala for minoritetar.

– Det er fleire militærbasar der, og det gjer det lettare å rekruttera soldatar, legg Marquardt til.

I tillegg til dette har dei store byane, som St. Petersburg og Moskva, sleppt unna mykje av mobiliseringa, og det betyr ikkje reint lite. Trass i storleiken er Russland eit nokså urbant land, og tre fjerdedelar av folket bur i dag i byar. Men når alt kjem til alt, har årsaka ikkje så mykje å seia, meiner Marquardt.

– Det er ikkje så viktig, i den forstand at mange av desse gruppene er veldig små. Om ein uproporsjonal del av dei vert drepne, får det store konsekvensar.

Ei annleis historie

Men spørsmålet står att: kvifor har Russland vald å slå ned på minoritetane på denne måten, medan urfolk i Norden har fått til samanlikning større rettar?

Ein grunn til det kan truleg sporast til Putin personleg. Sidan han kom til makta har Putin vore særs oppteken av den sovjetiske kollapsen, og kva den har hatt å seia for dagens Russland. Alt i 2005, i sin årlege tale til nasjonen, kalla han samanbrotet «den største geopolitiske katastrofen i det 20. hundreåret». Han sa også at «titals millionar av våre landsmenn hamna utanfor grensene til det russiske territoriet».

Putin legg stor vekt på det han har kalla epidemien av kollaps, som han meiner byrja i Sovjetunionen og spreidde seg vidare til Russland. Her trur Marquardt ein del av kjernen til problemet ligg.

– Putin ser alt dette som ein trugsel mot integriteten til den russiske staten. Eit viktig aspekt for han har vore å fjerna hinder for regional reintegrering, og å driva kulturell sentralisering.

Retorikken til Putin har likevel halde fram med å vera særs annleis. Så seint som i november i år erklærte presidenten at staten etablerer ein urfolksdag som skal feirast i mars. Den samiske aktivisten Andrei Danilov, som sidan 2022 har vore i eksil i Noreg, uttalte til NRK at han oppfatta det som eit hån.

– Med den eine handa arrangerer dei festar for oss, medan med den andre drep dei oss, sa Danilov.

Desse sjølvmotseiingane kjenner også Marquardt att som eit kjennemerke for den russiske regjeringa.

– Statleg retorikk er sjølvmotseiande. Dei framsnakkar det multikulturelle Russland, men i praksis promoterer dei ofte russisk identitet.

Kvifor det er slik er ikkje så lett å forklara, men fleire forskarar, som Botakoz Kassymbekova og Erica Marat, har peika på det imperialistiske tankesettet mange russarar har internalisert, og som går heilt attende til tsartida. Sjølv under Sovjetunionen meinte mange, sjølv dei som var svært kritiske til styresmaktene, at det berre var naturleg at det russiske fekk dominera.

Sjølv forfattaren Alekandr Solzjenitsyn, forfattar av Gulagarkipelet og høglydt kritikar av Stalin, tok til orde for å annektera den nordlege delen av Kasakhstan og meinte at Ukraina ikkje hadde ein eigen kultur. Dette tankesettet gjennomsyrar den russiske staten, og ikkje minst hjernen til Putin, til dags dato.

– Den meir undertrykkande politikken retta mot minoritetar hadde skjedd, uansett kva som hadde hendt med Ukraina. Byrjinga av krigen er ikkje faktoren som fekk det til å skje, men både krigen og russifiseringa er grunnlagt på den same politikken, konkluderer Marquardt.

Ingen av dei me har snakka med under arbeidet med denne saka har våga å spå framtida, men ingen tykkjer ho ser særskild ljos ut. Samane i Russland har alltid hatt det vanskeleg, og er i dag mest heilt isolerte. Talet på dei er søkkande, og sjølv om grensa skulle opna att, er det vanskeleg å sjå at russiske styresmakter kjem til å leggja frå seg ei fleire hundre år gamal politisk linje over natta. Det einaste ljospunktet, om ein kan kalla det det, er at fleire av dei russiske samane har fått innvilga asyl i Noreg, Sverige og Finland. Der har dei høve til å byggja nye liv, samane med andre frå folket.

Notar

  1. https://www.dagbladet.no/nyheter/russiske-samer-vil-ha-egetparlament/65297594 ↩︎
  2. https://www.thebarentsobserver.com/democracy-and-media/indigenous-peoples-activist-detainedin-moscow/102201 ↩︎
  3. https://blogs.lse.ac.uk/crp/2025/08/01/the-arctic-indigenous-peoples-andrussias-war-in-ukraine/ ↩︎

- ANNONSE -
Exit mobile version