Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Om Syn og Segn

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg. Det var Arne Garborg og Rasmus Flo som grunnla Syn og Segn i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

Astrid Sverresdotter Dypvik har vore redaktør av Syn og Segn sidan desember 2020. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Syn og Segn har ein tilsett, og det er meg, Astrid Sverresdotter Dypvik.

Eg er historikar med utdanning frå Universitetet i Oslo og Universität Leipzig. Eg er også sakprosaforfattar på Det Norske Samlaget. I 2018 fekk eg Samlagsprisen for forfattarskapen min. Den siste boka mi er «Det mørke Tyskland – ei reise blant høgreekstremistar» (Samlaget 2021).

Før eg vart redaktør i Syn og Segn var eg journalist og skreiv mellom anna for MorgenbladetKlassekampen og Dag og TidNationen er den avisa eg jobba lengst for og der skreiv eg mykje om Noreg, EU og EØS og om matproduksjon, klima og berekraft.

Eg voks opp i Trøndelag og gjekk på ein grunnskole som hadde bokmål som undervisningsspråk. Då eg var elev på Orkdal vidaregåande skole byrja eg skrive nynorsk og eg melde meg også inn Måltrælan, som var eit lokallag i Norsk Målungdom.

Eg er å få tak i på denne e-postadressa: astrid@synogsegn.no

Syn og Segn er medlem i Norsk tidsskriftforening, sjå tidsskriftforeningen.no og i det internasjonale tidsskriftsfellesskapet Eurozine, sjå eurozine.com. Det er Litteraturselskapet Det norske Samlaget som gjev ut Syn og Segn.

Syn og Segn blir gjeve ut med økonomisk støtte frå Norsk kulturrådStiftelsen Fritt Ord og Stiftinga Det Norske Samlaget.

Design og illustrasjonar i Syn og Segn er laga av Björk Bjarkadóttir.

Syn og Segn blir redigert etter redaktørplakaten. Det vil seie at Syn og Segn har redaksjonell fridom, samstundes som vi skal sikre ytringsfridom, pressefridom og informasjonsfridom. Det er redaktøren som er ansvarleg for innhaldet i Syn og Segn.

Vi arbeider etter reglane for god presseskikk i Ver Varsam-plakaten. Den som kjenner seg urettmessig råka, blir oppmoda om å ta kontakt med redaksjonen.